fredag 20. juni 2014

India


A map of India class=
India er verdas største demokrati, og med sine 1,2 milliardar menneske snart den mest folkerike. I dette veldige landet finn me også dei områda på jorda der det lever flest unådde folkegrupper og flest unådde enkeltmenneske. Særleg gjeld dette for dei som bur på dei veldige Gangesslettene i nord. Utfordringane for Guds kyrkje er enorme. I India blir det t.d. snakka 456 ulike språk, 350 millionar menneske frå middelklassen er heilt og fullt utan berøring med evangeliet. 400 millionar er under 15 år. Skulegangen er mangelfull. Kun 30% av 15-åringane kan lesa og skriva. 40% av dei lever under fattigdomsgrensa. I India blir det oppdaga 150 000 nye tilfeller av spedalskheit kvart år, og det er 1000 spedalskkoloniar i landet, og landet har 15 millionar blinde og 40 millionar sterkt svaksynte, for å nemna nokre av utfordringane.

Ingen plassar på jorda er det så stor fattigdom som i India, og ingen plassar finn du så stor avstand mellom fattige og rike. Kastesystemet, som formelt sett er avskaffa og illegalt, lever i beste velgåande og sementerer desse ulikskapane, og hinduismen med sin karmatenking, vekker ingen medkjensle hos dei rike for dei fattige. Det er lagnaden som bestemmer, og alle får som fortent i livet. Hinduismen med alle sine gudar er enormt demonisk. Ved å tilbe demonar, vert folk okkuperte av dei vonde maktene, og trongen for utfriing er enormt i dette landet.

Parallelt med stor fattigdom, opplever India i våre dagar ein eventyrleg økonomisk vekst, og landet seglar opp som eit høgteknologisk stat, særleg når det gjeld IT og romforskning. Dei ligg snart heilt i tet. Landet er også ei atommakt, og spenninga mellom India og Pakistan (som fram til 1947 var ein del av India) er stor og utløyser støtt og stadig ut trefningar i Kashmir.

Men med til den lyse sida høyrer det likevel at trass i motstand frå hinduistiske nasjonalistar og enorme utfordringar, går evangeliet fram med stor fart i India. Det er over 70 millionar kristne i landet, og kyrkja veks med over 5% årleg. Kyrkjeveksten er i dag større enn folkeveksten. Men det er eit problem at veksten skjer mellom dei kastelause (som har alt å vinna på å bli kristne), og evangeliet har hatt liten og ingen appell til dei høgare kastane (som vil halda fast på ein religion som gjev dei privilegier). Tanken om tilgjeving og nåde er heilt fjern for indarane.

India er delt inn i mange delstatar, og dagane framover skal me sjå nærare på dei. Kristendomen står sterkast i sør og nord-aust (der dei mest forunderlege ting har skjedd), men svært svakt i nord og nordvest.

Bøn:
Gode Gud! Idag handlar det om India, dette veldige landet med fleire ufrelste menneske enn nokon anna nasjon i verda. Me takkar deg for alle som i våre dagar kjem til tru på Jesus i India, og for alle dei nye kyrkjene som kvar dag vert planta i dette landet. Må dei nye truande slå djupe røter i deg, og ordet ditt og i fellesskapet, og må dei veksa opp til deg som er hovudet for kyrkja og bli deg lik. Må lyset frå ditt gode ord fløyma over landet og råka folket djupt i hjarto, og me ber om ei vekking som frir nasjonen frå dei mange millionar "gudane" som dei tilber, og som  forvandlar nasjonen til eit Paradis der du er nær med din lækjedom, godleik og di rettferd. Må alle menneske i India bli vurdert som likeverdige, og me ber om at alle barn skal få rett til den same grunnutdanning, og at dette skal skje i praksis. Me ber om at Wycliffe og andre organisasjonar skal starta bibeloversetting i alle språk der behovet er til stades. Me ber i dag mot all undertrykking av kvinner og barn i dette landet, og at all vald mot lågkastekvinner skal straffast hardt. Herre Jesus! Du gav ditt liv for alle indarar. Du sonte syndene deira på krossen. Må ordet om krossen nå dei slik at dei kan bli fridd  frå Satans mørke makt og sett over i ditt rike av lys og glede. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...