torsdag 24. mars 2011

Bøn for Kambodsja

Allmektige Gud!

Me ber for Kambodsja, ein av dei fattigaste og minst utvikla nasjonane i heile Asia. Lat dei som bur der finna sin rikdom i deg, Far.

Gje lækjedom for dei djupe såra som vart påført nasjonen etter folkemordet frå 1976-1979.
og me ber om at alle ansvarlege for desse brotsverka vert funne, arrestert og tildelt rettferdig dom i det pågåande rettsoppgjeret.

Me ber mot all den korrupsjon som er så utbreidd i regjeringa. Reis opp leiarar med integritet som reiser seg mot korrupsjonen, og lat ditt sanne Ord regjera i denne nasjonen.

Herre, så ber me for dei fattige og undertrykte. Me veit at du er ein forsvarar for dei svake, og me ber om at du reiser deg i kraft for å fremja rettferd for dei som du elskar.

Herre, me veit at valdskriminalitet er utbreidd i dette landet, og at overfall, kidnapping og menneskehandel er omfattande. Før barn, unge, kvinner og menn som vert selde til fangenskap og prostitusjon rundt omkring på kloden ut i fridom. Me ber også om at kyrkja di skal reisa seg og begynna å elska dei foreldrelause, at du frir desse ut frå slaveriet, lækjer dei og gjev dei fred og forløysing.

Me ber for kongen i Kambodsja, at du leier han i måten å regjera på, og at han skal søkja deg. Me ber også for kyrkja, at du gjev henne gode pastorar. Hausten er stor, men arbeidarane er få, reis opp arbeidarar til å gå ut til alle landbruksområda i Kambodsja, og me ber om at Den Heilage Ande skal blåsa over nasjonen som ein frisk vind, og at du tenner folket i Kambodsja i brann med din Heilage Andes eld, i Jesu namn, amen!

tirsdag 8. mars 2011

Personleg takk og bøn

Kjære Far! Eg er ditt barn. Frelst av nåde, utvald i Jesus Kristus frå æva av. Før eg var avla kjende du meg, og før eg vart til, var eg i dine tankar. Eg er ditt verk, skapt etter din plan, og du elskar meg.

Din nåde er mi gleda, ditt nærvær min styrke!

I kjærleik gav du Sonen din i døden for mine synder og reiste han opp att til mi rettferd. Når eg har han, har eg deg, og når eg har deg, har eg alt. Ingen kan skilja meg frå deg, for du held meg oppe i trua, leiar meg, inspirerar meg, utrustar meg og gjer meg til ein krigar for det gode.

Gje meg eit høgt nivå av tru, fyll meg med Kristi kjærleik, vern meg mot det vonde og bruk meg mektig til dine føremål.

Amen!

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...