tirsdag 29. november 2022

Dagens unådde. Aringa i Uganda

 

Foto og tekst: joshuaproject.net


Denne stamma tel 658000 menneske. 88% av dei er muslimar. 1,8% kristne. Dei lever nordvest i Uganda, og livnærer seg av husdyrhald og jakt. Aringafolket var utsett for slavehandel og grov undertrykking frå 1822 til 1919. Men heilt opp til vår tid har liva deira vore prega av herjande røvarbandar som har påført dei uendeleg med sorg, smerte, fattigdom og naud. Så seint som i 2001 og 2004 vart misjonærar som arbeidde i Yumbe, som er namnet på heimeområdet deira, brutalt drepne av slike bandar.  I dag er det fred og samarbeid som pregar liva deira, og fleire av dei har begynt å handla varer med kundar i Sør-Sudan.
Det nye testamentet er oversett til aringa, og Det gamle testamentet er i ferd med å bli oversett.

Herre Jesus! Me takkar deg for ditt hjarta for dette medherja folket. Dei har lidd stoer tap, og minna deira er mørke. Må ditt lys no fløyma over dei så dei får smaka din kjærleik, di frelse og din lækjedom. Reis opp kyrkja di i dette folket slik at ditt rike vinn terreng og folket kan bli disippelgjort. Me ber i ditt namn. Amen! 



Uganda, del 1

 

Bilde og tekst: operationworld.org


Folketal: Vel 47 millionar fordelt på 67 stammer som snakkar 45 språk. Offisielt språk er engelsk og swahili. Hovudstad: Kampala. 84,7% er kristne. Dei fleste anglikanarar, mange er katolikkar (Uganda var lenge engelsk koloni). 37% er evangelisk kristne. Berre 1% av befolkninga er unådd. 

Mellom 10 ig 15% av befolkninga er muslimar, og desse har ein sterk vekst. Animismen er i tilbakegang reint statistisk. Men folk har mykje animisme med seg inn i kyrkja, og magi, trolldom, fetisjisme og hekseri påverkar måten kristne tenkjer om Gud og verda på, og gjev opning for at vonde ånder dominerer i liva deira. 

Be om at evangeliet om Jesus må vekka gjenklang hos muslimane, at islams framvekst må stoppa opp og at folk vert løyste frå åndsmakter som held dei bundne til falske "gudar", løgntankar og eit syndig livsmønster.  

Vekking og kyrkjevekst har pågått kontinuerleg sidan 1986. Uganda har ei sterk bønerørsle, og det er eit sterkt evangelikalt nærvær i den offisielle ugandiske kyrkja (angelikansk), og det går ei åndeleg fornyingsrørsle over Den romersk katolske kyrkja i landet. Mange reknar landet for å vera den mest kristne nasjon i verda. Offentleg bøn er vanleg både i regjeringa og i rettspleien, og dei fleste er aktive i kyrkjelyd. Den største veksten er å finna mellom pinsevener og karismatikarar. 

Be om at Jesu karakter skal avspeglast i kyrkja og i nasjonen som heilskap. Ein skulle forventa at eit land med så mange aktive kristne skulle reflektera verdiane i Guds rike på ein sterkare måte enn det Uganda gjer. Ofte trengst det vekking i vekkinga. 

HIV/AIDS har vore eit gigantisk problem i Uganda, og mange barn er blitt foreldrelause pga denne epedemien. Styresmaktene har teke tak, og fått redusert talet på nye smitta personar kraftig, aller mest fordi folk har endra seksuallivet og har lært seg å halda det innafor ekteskapet mellom mann og kvinne.  Men no er det på veg opp igjen.

Be om at folk må endra åtferd fordi hjarto deira er endra, at dei rette vala kjem som eit resultat av at folk har fått det rett med Gud. 

Trass i at Uganda har ei så stor og levande kyrkje, er misjon utover landegrensene svært avgrensa. 

Be om at nauda for dei fortapte også i andre land må gripa hjarto til dei truande slik at Uganda blir eitt av dei leiande misjonslanda i Afrika. 







mandag 28. november 2022

 

Kart: Wikipedia


14 av 28 delstatar i India har no innført  strenge antikonverteringslover som råkar kristne, muslimar og andre religiøse minoritetar. Desse lovene vert støtta av det hinduradikale regjeringspartiet BJP som ønskjer at hinduismen skal vera einerådande i landet. Kristne som driv skular og sjukehus vert no mistenkte for å bruka desse institusjonane som lokkemiddel inn i kristendomen. No har 21 menneskerettsorganisasjonar, inkludert Amnesty International, sendt ei fråsegn til indiske styresmakter som fordømmer auka vald mot religiøse minoritetar, hat-snakk og desse antikonverteringslovene som er eit grovt brot på Menneskerettsfråsegna artikkel 18. 

Gode Gud og Far! Me takkar deg for kyrkja i India, og den framgang som ditt rike har hatt i dette landet dei siste åra. No ber me, i Jesu namn, om at all den motstand dei truande møter ikkje skal skremma dei til togn. Fyll dei med Ande og kraft slik at dei forkynner med frimot midt i alle dei vanskane som styresmaktene legg i deira veg. Så ber me om at denne fråsegna som no er sendt til styresmaktene skal gjera så pass inntrykk av dei endrar kurs, og forstår at dei som demokratisk stat må vaka over menneskerettane om dei skal bli rekna med i det gode selskap. 

Turkmenistan

                                       

Bilde og kjelde for tekst: operationworld.org og snl.no

Folketal: 6 118 000 fordelt på 30 folkegrupper som snakkar 9 ulike språk. Hovudstad er Ashgabat. Språk: Turkmensk (som er eit tyrkisk språk)
I 2006 døydde den sjølvopptekne diktatoren Niyazov. Det har gjeve turkmenarane noko større fridom enn dei hadde. Men det er langt att før me kan kalla Turkmenistan eit demokratisk land som respekterer menneskerettane. 
Religion: Islam (92%). Det er 1,8% kristne (russisk, armensk og ukrainsk ortodokse). Talet på etnisk turkmenske kristne har auka frå 2-3 rundt 1990 til 1000 i dag. Desse tilhøyrer den evangeliske familien. Over 63% av befolkninga blir rekna som heilt unådde. 
Dei kristne i landet er stadig utsette for trakasseringar. Dei er pålagde å registrera alle nye kyrkjelydar, men det er nærast umogeleg å få dei registrert, og dei som prøver på å bli "legale", oppnår berre å få fokus retta mot seg, og mange forsamlingslokala deira vert nedstengde. Elles vert pastorar arresterte, slått og idømte høge bøter. Nokre blir sendt i eksil. 
Mange turkmenarar lever i andre land. 2 mill. i Iran, 1 mill i Afghanistan, 340 000 i Irak, 175 000 i Uzbekistan,  130 000 i Syria, 50 000 i Russland og 27 000 Tadjikistan.

50% av turkmenarane er sysselsett i jordbruket. Dette trass i at 90% av landet er ørken. Ryggraden i økonomien er produksjon av olje, gass og bomull, og dei eksporterer elektrisitet frå enorme vasskraftverk.  Alt dette fører til enorme miljøproblem. Elles vever dei uvanleg vakre tepper. 

Be om at styresmaktene skal begynna å respektera menneskerettane, at dei skal slutta å forfølgja kristne og utvikla stadig betre demokratiske institusjonar. 

Be om at dei turkmenske kristne skal slå djupe røter i Gud, bli fylte av Anden og vinna stadig nye menneske for Kristus, og at Guds rike skal veksa eksponentielt. 

Be om at Gud skal vera nær dei kristne i stormen som rasar rundt dei, verna dei mot overgrep og fylla dei med pågangsmot midt i forfølgingane.

Be om at turkmenarane som lever i andre land skal bli nådd med evangeliet om Jesus, at kyrkja i vertslanda skal kjenna på eit ansvar for å nå desse, og lukkast. 

Be om at turkmenarane skal vera eit edrueleg folk der dei vaksne tek seg godt av barna sine og gjev dei ein trygg oppvekst fri frå vald og redsle. 

Be om at det skal vera nok arbeid til folk, at økonomien skal vera i balanse.

Be om at turkmenarane skal få nyta godt av eit ukorrupt og rettferdig leiarskap. 



tirsdag 22. november 2022

Trinidad og Tobago

 

¨

Det bur 1 403 374 menneske i Trinidad og Tobago. Hovudstaden er Port of Spain. To tredjedeler av befolkninga reknar seg som kristne, men sanne disiplar av Jesus er meir sjeldan å treffa på. Hekseri, restar av gamle afrikanske religionar og hinduistisk polyteisme er å finna langt inn i kyrkjene, likeeins stor liberalitet når det gjeld familieliv, seksualitet og samliv. 

Be om at Gud grip inn og reinsar dei kristne og kyrkjene frå synd, okkultisme og vrang lære, og at kyrkjeleiarane vender om og blir kalibrerte på Guds ord. 

Takk Gud for den minoriteten som lever heilhjarta for Jesus. 

Trinidad og Tobago står andsynes store sosiale utfordringar. Det handlar om gjengkriminalitet, narkotikamisbruk og som ein følge av det handel med forbodne rusmidlar, Alkoholisme er vanleg, like eins  kidnappingar, væpna ran og ungdomskriminalitet, og ein høg prosent av barna som kjem til blir fødde av ugifte tenåringsmødre. 

Be om at Gud skal intervenera med si makt og setja ting i rett skikk i denne nasjonen slik at folk vert edruelege og barn kan veksa opp i heimar med foreldre som elskar kvarandre og som held trufast saman i gode og vonde dagar. 

Be om at narkotikakartella skal bli rulla opp av politi og rettsvesen, og at dei som står for dette svineriet skal bli dømde og få sine rettferdige straffer.

Dei kristne kyrkjene er veldig splitta og fragmenterte. 

Be om einskap mellom dei kristne i Trinidad og Tobago

Ungdom i Oppdrag og Operasjon Mobilisering jobbar aktivt med disippelgjering av dei truande, og dei har som mål å forvandla dei frå å sjå på seg sjølve som mottakarar til å tenkja om seg sjølve som gjevarar. 

Be om at dette arbeidet må lukkast for dei. 

Det er store grupper indiske hinduar og muslimar i landet. Forfedrane deira kom for å jobba i landet på 1800-talet. Ei ny gruppe kom etter at landet reiv seg laus frå England som kolonimakt i 1962. Dei utgjer no 37% av befolkninga. Stadig fleire av dei blir no kristne. 

Be om ein effektiv out-reach retta mot denne viktige gruppa i samfunnet. 







Tonga

 



Øyriket Tonga i stillehavet har vel 106000 innbyggjarar. 95% er kristne. Landet har ein sterk kristen tradisjon, og kyrkjene sender stadig ut mange misjonærar i alle retningar. Hovudstad er Nuku`alofa. Tonga er eit konstitusjonelt monarki. Av 171 øyar bur det folk på 45 av dei. 


Det er mykje rivalisering mellom ulike kyrkjer og kyrkjesamfunn i Tonga

Be om at denne rivaliseringa må ta slutt, og at dei ulike kyrkjene og kyrkjesamfunna begynner å jobba saman for Guds rike, og ikkje halda på med ting som berre favoriserer dei sjølve. 

Tonga er det landet i verda som har prosentvis flest mormonarar. Mormonarane er sentrale i og med at dei er dominerande i næringslivet og har stor økonomisk makt. Dei har også ein tendens til å favorisera sine eigne med tanke på jobbar. Dette lokkar mange kristne over til dette "kyrkjesamfunnet". 

Be om at mormonismen sine løgner må bli avslørte, og at folk skal finna fridomen i Kristus. 

Det er no fleire mennsker frå Tonga i diaspora enn i heimlandet. Deseverre er det mange som taper den kristne trua si når dei kjem utanlands. Dei har hatt for grunne røter i Gud, eller berre vore miljøkristne.

Be om at dei som bur i Tonga blir godt disippelgjort og grunnfesta i Gud, hans ord og hans kyrkje. Be om at dei som har rota seg bort frå Gud blir gjenfunne av den gode gjetaren og hans disiplar. 

Be elles om Guds velsigning over nasjonen, over folket, det politiske leiarskapet og miljøet. 



mandag 21. november 2022

Dagens unådde: Kotokoli i Togo

  

Foto: Kerry Olson

¨Folketal: 294 000. Religion: Islam. Kristne: 0,5%. Evangelisk kristne: 0,0%. Språk: Tem. Bibeloversetting: NT. Kotokoli er lokalisert sentralt i Togo.

Kotokoli er i hovudsak bønder som driv med husdyr og som dyrkar mange ulike vekstar. Tradisjonelt har dei også drive handel. Dei har sitt opphav i det som i dag er Burkina Faso, men flytta sørover på 1600-talet.

Kotokoli har dessutan ein framifrå musikalsk åre. Denne har resultert i mange og lange songar om gamle heltar som dei framfører både titt og ofte. 

Kotokoli treng langtidsmisjonærar, både forkynnarar og folk med medisinsk kompetanse som kan gje hjelp til dei mange sjuke. Det er også trong for lærarar og hjelpearbeidarar av ulike slag. 

Far i himmelen! Du lengtar etter at Kotokolifolket skal koma heim til deg, du som skapte dei og forma dei på så mange vis. Kall, inspirer og utrust kyrkja di i Togo og i andre land til misjonsinnsats retta mot dette folket. Aus Anden din ut over dei slik at dei ser sine synder, og forstår at dei må venda om til Jesus for å få evig liv og barnekår hos deg. Me ber om at det skal etablerast kristne skular som kan gje barna deira grunnopplæring og utdanning. Må dei sjuke i dette folket møta di lækjande kraft både gjennom forbøn og gjennom medisinsk hjelp. Må det bli grunnlagt ei sterk og levande kotokolikyrkje som er som ein lysande by på eit fjell, ein by som ikkje kan løynast. Herre Jesus! Du som byggjer di kyrkje, bygg kyrkja di også i dette folket. Amen! 

Kjelde: joshuaproject.net




Togo

 


Togo har 8 478 242 innbyggjarar fordelt på 58 folkegrupper som snakkar 43 ulike språk. Dette er ein tidlegare fransk koloni, og fransk er framleis administrasjonsspråket. Hovudstaden er Lomè. Togo er eit fattig land, og berre 64% kan lesa og skriva. 45,4% er kristne. 10,7% er evangeliske. 17% er uevangelisert. 

Det er store spenningar mellom dei som bur i sør og dei som bur lenger nord. 

Be om at Gud bryt ned all bitterhet mellom sør og nord, og at han styrkjer den nasjonale einskapen. Be om at landet i val får gode leiarar som alle kan stilla seg bak.

Fattigdomen gjer foreldralause barn  (det er 300 000 foreldrelause barn der, noko som truleg relaterer seg til AIDS-dødsfall) svært sårbare for menneskehandel og prostitusjon, som det er mykje av. 

Be om at trygge vaksne tek ansvar for dei foreldrelause barna, og vernar dei mot den vondskapen som dei kan bli, og blir, utsette for. Be om at alle barn må få gå på skule, læra seg å lesa og skriva, og få den grunnopplæring som er naudsynt for å klara seg i eit ulvesamfunn. 

Be om at alle kvinner som er fanga i sex-slaveri må bli ført ut av denne nedverdigande tilstanden, og  at all menneskahandel og prostitusjon må bli forbode. 

Evangeliet går fram steg for steg i Togo gjennom misjon frå vestlege land, og frå Ghana og Nigeria. Likevel er det forunderleg og sjokkerande få misjonærar i dette vidopne landet der det ikkje er nokon grenser for kva ein kan driva på med av kyrkjeplanting, disippelskap og hjelpearbeid av ulikt slag. 

Be om ny misjonsinnsats frå mange hald i Togo, og at det må veksa fram sterke innfødde kyrkjelydar med sann og solid bibelsk forkynning, og med visjonære leiarar som disippelgjer dei truande og plantar nye kyrkjelydar der evangeliet enno ikkje er kjent. 

Avgudsdyrking, okkultisme og  voodoo har stor innflytelse langt inn i kyrkja. 

Be om at Gud reiser opp leiarar som tek eit oppgjer med denne vondskapen, og som har autoritet til å fordriva dei demoniske maktene i Jesu namn, og at Jesus må reinsa kyrkja si for djupe kulturelle synder knytta opp til gamle åndsmakter som lenge var einerådande i kulturen. 

Islam veks fort fram i Togo, og skulane i landet er i stor grad styrte av muslimar. Oljerike arabiske statar pøser inn pengar i landet, og byggjer opp moskear og islamske senter over alt der dei hjelper fattige folk med livsnaudsynte ting. Det fører ein straum av menneske inn i islamsk tru. 

Be om at kyrkja må få nåde og kraft til å avsløra islams mange løgner, og om at evangeliet skal overvinna islams lære i folks sinn. 

Be om at kristne, etter Jesu ord og føredøme, må aktivt ta ansvar for dei fattige og svoltne dei også. 

Be om at under og teikn skal følgja dei kristne over alt der dei bevegar seg. 

Kristne skuggar unna misjon mellom muslimar. Det er 13 store muslimske folkegrupper som må reknast som heilt unådde. 

Be om at Jesus skal syna seg for muslimane på overnaturleg måte, og at kyrkja må ta misjonsoppdraget på alvor og gjera eit seriøst arbeid for å nå dei muslimske folkegruppene med evangeliet om Jesus Kristus. 

Togo og Benin er dei landa i Afrika som har størst prosentvis unådde animistiske stammer. 

Be om at alle desse folkegruppene også må få ein sjanse til å bli kjende med Jesus, at han skal setja dei fri frå åndsmakter som dominerer liva deira, og at dei må få evangeliet presentert for seg på sine eigne morsmål. Be om at det må bli fart i å oversetja Bibelen til alle levande språk i dette området.

 Kjelde: operationworld.org


fredag 18. november 2022

Tra katolske geistlige arresterte i Eritrea

 I 2002 bestemte eritreiske styresmakter at berre fire trussamfunn skulle vera lovlege i landet. Det var den eritreisk ortodokse kyrkja, den romersk katolske kyrkja, den lutherske kyrkja forutan  sunni islam, ei bestemming som har påført dei mange pinsevenene i landet ufattelege lidingar. Men den siste tida har også romersk katolske biskopar som kritiserer styresmaktene for manglande demokrati, kome i søkelyset, og nyleg vart tre katolske geistlige arresterte og fengsla. 11.oktober:  Mihretab Stefanos, sokneprest i St Mikaelskyrkja Segheneity, 12.oktober: Abba Abraham Habton Gebremaiam, ein prest i Teseney og til slutt Abune Fikremariam Hagos som er biskop i Segheneity som vart arrestert den 15.oktober på flyplassen i Asmara etter ein tur til Europa. Abba Abraham veit me sit i Adi Abeito fengselet i Asmara. Truleg er dei to andre også der. Men ingen veit sikkert. 

Herre Jesus Kristus! Me ber i dag i ditt namn for alle kristne i Eritrea som er fengsla fordi dei trur på deg og vitnar om deg. Styrk dei med ditt nærvær og din nåde. Me ber om rettferd for desse, og me ber om at dei, og dei tre katolske geistlige som no er arresterte snarleg skal setjast fri. Så ber me om at du skal røra ved hjarto til dei som styrer dette landet slik at dei vert totalt forvandla av din kjærleik, vender om frå sin urett og begynner å respektera folk sine grunnleggjande menneskerettar.  


Kjelde: Voice of the Martyrs



Thailand del 1

 



Innbyggjarar: 70 millionar fordelt på 113 folkegrupper som snakkar 85 ulike språk. Hovudstad: Bangkok. Chiang Mai, som er merka på kartet, har mange evangeliske misjonar sine hovudseter.  Thailand er eit buddhistisk land. Berre 1,1% av befolkninga er kristne. 

Thailand betyr "det frie landet". Dei har aldri vore underlagt framande makter. Men trass i at thailendarane går for å vera smilets folk, er dei underlagt mørkets makter, bundne som dei er av buddhisme, fedredyrking, okkultisme og mange synder. 

Be om at thailendarane må få oppleva og erfara Guds barns fridom i Jesus Kristus, og at ei bølge av vekkjing skal koma over landet. 

Kyrkja i Thailand har aldri fått eit genuint thai-uttrykk. Difor opplevest evangeliet og kristendomen framand for vanlege thailendarar. 

Be om at evangeliet skal bli presentert for thailendarane på ein måte som kommuniserer med dei, og som ikkje er hefta med vestleg kultur. 

Be også om at det må fostrast fram sterke leiarar frå thaifolket i kyrkjelydane, at thai-sauene får thai-gjetarar. 

Sexindustrien i Bangkok, Pittaya, Pukhet og Hat Yai er formidabel. Rundt rekna 10% av turistinntektene kjem frå denne skitne verksemda som førerer titusenvis av fattige jenter inn det mest nedverdigande livet me kan tenkja oss, eit liv som ofte endar i ein altfor tidleg død. 

Be om at Herren effektivt må setja ein stoppar for denne businessen, og be om fridom, framtid og håp for alle sexslavar i landet. Be også om at dei som kjøper desse tenestene må kjenna på ei djup skam, venda om frå sine synder og søka nåde og frelse hos Jesus. Styresmaktene er i prinsippet imot sexhandelen, men i praksis støttar dei svineriet. Be om at dette skal endra seg slik at dei set inn dei tiltaka som er naudsynte for å beskytta sin eigen befolkning mot kidnappingar, misbruk og grovt slaveri. 

Det er over ein million barnearbeidarar i Thailand. Barnas rettar vert dagleg krenka på det grovaste. 

Be om at det må bli sett ein stoppar for barnearbeidet i landet slik at dei unge kan gå på skule og få seg skikkeleg utdanning. 

Med 700 000 smitta er HIV eit stort problem i Thailand. 

Be om nåde og lækjedom for dei smitta, og be om at thailendarane må sjå samanhengen mellom denne sjukdomen og måten dei lever på, og læra seg å leva i trufaste ekteskap. 

Be om at kyrkja på finna ein god strategi med tanke på å nå dei 300 000 buddhistmunkane i landet. 

Det er 1,2  millionar flyktningar frå Myanmar i landet. Mange av barnearbeidarane og sexslavane vert rekruttert frå desse ulukkelege menneska som elles må leva heile liva sine i lukka flyktningeleirar. Mange kjem frå kristne folkegrupper som Karen, Chin og Shan.  

Be om styresmaktene må ta FN som flyktningekonvensjon på alvor og gje flyktningane  menneskeverdig behandling. Be om at Herren skal gje desse stakkars menneska framtid og håp, og at han skal beskytta dei mot menneske som berre vil dei vondt. Be om at det må opna seg vegar for dei ut av leirane og til ei betre framtid i andre land. 

Det er 5,3 millionar muslimar i Thailand, 600 000 berre i Bangkok.

Be for muslimane, at kyrkja skal utvikla ein effektiv misjonsstrategi med tanke på å nå dei med evangeliet, og be om at Guds ord må råka dei i hjarta,  og at Anden skal stadfesta Ordet med under og teikn som utvetydig stadfestar for dei at Jesus Kristus er Herre, og at det er Han dei må tru på for å bli frelst. 

Kjelde: operationworld.org




torsdag 17. november 2022

Dagens unådde: Zaramo i Tanzania

 


Det er 1 369 000 zaramoar i Tanzania. Dei er muslimar og snakkar sitt eige språk. Det føreligg ei oversetting av NT til zaramo. Men Guds ord har ikkje smelta hjarto deira enno, og dei er harde og fientlege mot evangeliet om Jesus og mot dei som forkynner det. Her trengst det uthaldande bøn frå mange.

 

Herre, i Salme 117 oppfordrar du alle folk til å prisa deg. Lat denne oppfordringa trenga seg djupt inn i zaramohjarto slik at dei snur seg bort frå allah og tillitsfullt overgjev liva sine til deg, du som har betalt så dyrt for deira frelse.




Kjelde: joshuaproject.net

 

 

 

 


Det bur 61 500 000 i landet fordelt på 150 folkegrupper som snakkar 127 språk. Offisielt språk er swahili og engelsk. 54,1% er kristne. 17% evangeliske. Resten er anten muslimar eller animistar. 
Dodoma er offisiell hovudstad, men Dar es Salam er den reelle hovudstaden. 

Tanzania er ei øy av fred mellom nasjonar prega av uro og brogarkrigar. Landet husar over ein million flyktningar frå nabolanda, og fungerer som ein base for kristen teneste i regionen. Likevel, hekseri blandar seg stadig inn i trua til folk, og overtru og okkultisme har store kostnader og fører ofte til seksuelle overgrep, og i verste fall fører denne praksisen til død for dei som tek del i det. 

Be om at styresmaktene må vera modige nok til å konfronterer det vonde, og at dei får visdom til å leida folket slik at alle kan leva fredeleg saman samstundes som dei tek vare på dei grunnleggjande menneskerettane. 

Den evangeliske befolkninga vaks frå 2,4 millinoar i 1990 til 9 millionar i 2020. Det er ei sterk kyrkjeplantingsrørsle som pregar både lutheranarar, pinsevener og andre kyrkjer som er initiert av afrikanarane sjølv. 

Takk Gud for den iveren dei truande syner etter å vinna sine medmenneske for Kristus og planta nye kyrkjelydar over heile landet. 

Fattigdomen er stor, og dei som gjer teneste i Tanzania må tenkja både på timelege og åndelege behov. Det er snakk om helse, reint vatn, utdanning og utvikling av jordbruket. Den lokale korrupsjonen i er høg og øydeleggjande. 

Be om folk må bli møtt både på sine åndelege og timelege behov, og at kyrkja skal vera på offensiven i så måte. 

Be om at dei som styrer og steller i dette landet må få Guds lys kasta inn over liva sine slik at dei kan ta eit oppgjer med økonomisk uærlegdom, og alt som handlar om at dei brukar makt til eigen fordel. 

Be om at dei kristne i Tanzania må bli disippelgjort, og at kyrkjeplantingsiveren må følgjast av ein enno større iver etter å sjå nye kristne disippelgjort.  Berre 8% av dei truande er menighetskristne, og berre ein del av desse lever som Kristi sanne disiplar. 

Muslimane langs kysten er dei minst evangeliserte, og ber på ein vond arv etter hundreår med arabisk slavehandel som hadde sitt senter på Zanzibar (der Aril Edvardsen var då han døydde for 10 år sidan). 

Be om at det skal bryta ut eit mektig Andens vær over muslimane som bur i Tanzania sine kystområde, at dei skal bli løyste frå gamal djevelskap og frå islams tjukke lenker. 

Dei fleste språka har bibeloversetting på eitt eller anna nivå, mange prosjekt er nett påbegynt og andre må venta.

Be om ein snarleg oppstart av bibeloversetting i alle attverande språk. 

kjelde: operationworld.org



mandag 14. november 2022

Sverige




Folketal: 10 160 000
Folkegrupper: 88
Språk: Svensk
Hovudstad: Stockholm

Sverige har ein rik åndeleg historie med massive vekkingar på 1800 og 1900-talet som førte til ein enorm misjonsinnsats.  Men etter krigen har sekulariseringa vore massiv, og i dag er det berre 23% som trur på ein personleg Gud. Folk i Sverige ser på komfort, underhaldning og individuell fridom som sine viktigaste verdiar. Den svenske kyrkja er alvorleg sveikka av liberal og bibelkritisk teologi, ein tendens som langsamt også bevegar seg inn i frikyrkjene. Det siste no er pastor Niklas Piensoho i pinsekyrkja Filadelfia i Stockholm som meiner at kyrkjelydane må opna for moralsk høgverdig homofili og avvisa den meir umoralske utgåva, alt utan å syna til eitt einaste bibelvers til støtte for synet sitt.

Sverige har hatt stor innvandring gjennom mange år, og integreringstiltaka har mislukkast. Det har resultert i vanvittig mykje alvorleg kriminalitet.

Det austerikske  overvakningsorganet «The Observatory on Intolerance and Discrimination against Christians in Europe (OIDAC)» påviste at Sverige er eitt av dei fem landa i Europa der det er vanskelegast å vera kristen. Kanselleringskulturen er omfattande, noko som har resultert i at ein advokat som Ruth Nordstrøm blir rekna som «person non grata» i landet fordi ho har ført rettsleg forsvart for jordmødre  som av samvitsgrunnar nekta å vera med på abortinngrep, og som av den grunn vart oppsagde frå jobbane sine.  Les meir her: https://www.dagen.no/meninger/sverige-et-verstingland-for-kristne/

Sverige er eitt av dei landa i verda som, saman med Noreg, er komne lengst i å fjerna biologisk kjønn som ein juridisk kategori. Normkritikk er den store greia no, og då er det kritikk av gamle normer som handlar om at menneske er kvinne og mann, og at sex tilhøyrer ekteskapet. No er det snart berre snakk om at kjønn er ein sosial konstruksjon, at det er flytande og at alle kan velja mellom mange titals merkelege kategoriar som ingen har høyrt om før.

Be om at det skal stå fram nye kristne leiarar med rik åndsutrustning, leiarar har forstand til å formidla Guds ord med kraft til det svenske folket.

Be om at det svenske folket skal oppdaga at komfort, underhaldning og individuell fridom er tomme verdiar dersom dei ikkje kjenner Gud.

Be om at kristne leiarar må venda om til Bibelen som Guds ord, og slutta å formidla sine eigne tomme tankar.

Be om ei nasjonal vekking som berører alle lag av folket i landet.

Be om at Gud må intervenera i innvandrarmiljøa, frelsa frå synd og dempa spenningar og gemytter, og setja ein stoppar for alle gjengkrigane som til eikvar tid rasar i dei store byane, og som skremmer livet av vanlege folk.

Be om at Gud skal la skodda som har seinka seg over kjønns og samlivssektoren lettar slik at unge menneske igjen kan finna fram i dette viktige landskapet. 

Jødar i Sverige


Det er 15000 jødar i Sverige. Mange av dei er redde å stå fram med sin rette identitet pga aukande antisemittisme i landet. Dette har ført til ein emigrasjonsstraum ut av landet til USA eller Israel.

Far i himmelen! Me ber om frelse og fred for den avdelingen av det kjære folket ditt som bur i Sverige. Må dei få sjå Jesus som den frelsar han er for dei, og ta imot han i hjarto sine og bli dine nådebarn. Herre, velsign dei, bevar dei, lat ditt andlet lysa over dei og ver dei nådig, me ber i Jesu namn. Amen!

 

fredag 11. november 2022

Martyrkyrkja i Myanmar

Under den pågåande borgarkrigen har 92 kristne kyrkjer og utdanningssenter blitt øydelagde av regjeringsstyrkar. Siste åtaket skjedde 3.november på Kachin teologiske seminar. Fire kristne menn vart såra. Det var ingen andre krigshandlingar i området, noko som tyder på at åtaket var planlagt.

Kutkai township, Shan State.

Photo: Wikipedia / Saisanmyint (cc)

Herre! Me ropar til deg om lækjedom for dei fire som vart skada av dette åtaket, og for våre lidande søsken i Myanmar, at du skal styrka dei til å bera krossen sin i denne vanskelege tida, og gje dei det vernet dei treng mot menn som vil dei vondt. Hald motet opp hos dei slik at dei ikkje sluttar å vitna om deg trass i lidingane som blir påførte dei. Amen!

Dagens unådde: Saramaccan i Suriname


Folketal: 32 000
Religion: Etnisk
Kristne: 4%
Evangelisk kristne: 0,8%
Språk: Saramaccan (blanding av engelsk, portugisisk og Vest-Afrikanske språk)

Saramaccan er etterkomarar etter slavar som klarta å rømma frå «eigarane» sine på 17 og 1800-talet. I 2007 fekk dei etter ein hard juridisk kamp sikra seg retten til det landområdet som dei bur på. Dei tilber forfedrar og slangeånder.

Gode Gud og Far! Aus Anden din ut over saramaccanfolket slik at dei kan bli løyste frå demoniske makter, forkasta avgudane sine, venda om til Jesus og bli frelst. Må det bli grunnlagt ei sterk og frimodig evangelisk saramaccankyrkje som kan vera som ein godt synleg by på ein høgde som folk kan søka ly i. Amen! 

 


Kjelde: joshuaproject.net







torsdag 10. november 2022

Dagens unådde folkeslag: Mongalesiske arabarar i Sør-Sudan

 


Folketal: 213 000. 
2% kristne
0,2% evangeliske kristne
Religion: Islam
Språk: Juba-arabisk
Bibeloversetting: Ingen

kjelde: joshuaproject.net

Herre! Sjå i nåde til dei mongalesiske arabarane i Sør-Sudan, og frels dei i frå synd, skuld, dom og straff. Send Anden til dei og fri dei frå islams løgner og lenker. Møt dei i draumar og syner, og gjer dei godt budde til å ta imot evangeliet frå dine trufaste tenarar. Amen! 

Sør-Sudan

 


Etter mange år med borgarkrig, vart Sør-Sudan grunnlagt 9.juli 2011. Etter den tid har landet vore prega av brutal borgarkrig og medfølgande djup fattigdom. 

Folketal: 11 381 377. Folkegrupper: 78  Språk: 68.    Off.språk: Engelsk

Religion: 62,2% kristne. Evangelisk kristne: 29,5%. Unådde folkegrupper: 7

Hovudstad: Juba

Kjelde:operationworld.org

  • Be om fred mellom dei stridande partane
  • Be om gjenoppbygging av landet
  • Be om godt leiarskap både i kyrkje og samfunn
  • Be om mat, klede, husly, utdanning og jobb for innbyggjarane
  • Be om vekking i kyrkjelydane og i samfunnet
  • Be om at dei kristne må leva liv som er evangeliet verdig
  • Be for dei unådde folkeslaga
  • Be om at nye truande skal bli forsvarleg disippelgjort


fredag 4. november 2022

Sri Lanka

 


CIA world factbook



Sri Lanka har eit areal på 65 610 km2, og ein folkesetnad på vel 23 millionar. 74,9% er singalesarar, 20,4 % tamilar og 9,2% maurarar (etterkomarar etter portugisiske muslimar med røter i Marokko).

Hovudstad: Colombo

Sri Lanka har vore portugisisk, nederlandsk og engelsk koloni, men fekk sjølvstende i 1948. 

Religion: Buddhisme70.2%, Hinduisme 12.6%, Islam 9.7%, Romersk katolske kristne 6.1%, andre kristne 1,3%.

Totalt er det 41 folkegrupper på Sri Lanka.

I 1983 erklærte tamilane sin eigen stat i nord. Dette løyste ut ein skrekkeleg borgarkrig som enda med nederlag for tamilane i 2009. Då hadde 900 000 av dei flykta frå landet og blitt spreidde over heile verda. Mange enda opp i Noreg. Etter borgarkrigen har landet vore prega av korrupsjon og menneskerettsbrot. 

Det siste året har Sri Lanka gått inn i ei djup økonomisk krise. Folk har teke til gatene, og etter vekevis med store demonstrasjonar, gjekk statsministeren av. Litt av problemet Sri Lanka strir med er ei enorm gjeld til Kina som dei ikkje klarer å handtera. 


Sri Lanka treng frelse, forsoning og lækjedom for alle dei sår som krig, hat og fiendskap har påført landet. Be om at Kristi lys skal fløyma over landet, og at hans eige nærvær skal koma og kvila der. 

Mange kristne opplever forfølging, særleg frå buddhistiske munkar si side. Be om at forfølginga må foredla dei kristne, driva dei nærare Jesus og gjera dei meir tydelege på trua si. 

Kyrkja har pga namnekristendom, teologisk liberalisme og manglande misjonering gjennom mange år opplevd tilbakegang. Likevel er det i dag ei gryande vekking mellom dei få evangeliske. 

Be om at Herren skal ta vare på denne vesle elden og næra han så han tek seg kraftig opp. 
Be om at dei kristne i landet skal veksa i nåde og kjennskap til Jesus.
Be om at dei skal mognast slik at dei kan læra seg å skilja mellom sanning og løgn, sunn og usunn lære.
Be om einskap mellom singalesiske og tamilske kristne, og mellom katolikkar og protestantar.
Be om at evangeliet må nå fram til dei 25000 landsbyane der det aldri nokon gong er blitt forkynt.

kjelder: Operation World. CIA world factbook

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...