lørdag 10. mars 2012

Umar Mulinde, Nigeria


Biskop Umar Mulinde frå Namasuba i Nigeria vart i desember angrepen av ekstreme muslimar som kasta eit etsande stoff på han som øydela det høgre auga hans. No står også synet på det venstre auga i fare. Han får no behandling i Israel av høgt kvalifiserte legar, og dei vurderer å fjerna det høgre auga i håp om å berga det venstre. (Voice of the Martyrs)

Herre Jesus! Lat tenaren din, biskop Umar Mulinde, få oppleva at du rører ved han med di lækjande kraft og fjernar den øydeleggande effekten av det stoffet han fekk over seg. Velsign og vern kyrkja hans i Namasumba. Takk for det mot og den iver som dei truande i denne byen syner, og eg ber om lyset skal vinna over mørkret i denne byen. Amen.

Badhaifolket i India

Badhaifolket i India tel 514 000 menneske. Dei er muslimar, men trua deira er oppblanda med hinduisme. Språk: Urdu. Dei livnærer seg i hovudsak som snikkarar. Både Bibelen og Jesusfilmen er tilgjengeleg på urdu. (Joshuaproject.net)

Gode Gud! Takk at du har gjeve oss ditt gode ord, og at ordet aldri vender tomt tilbake til deg. Lat også ordet ditt nå fram til Badhaifolket i India. Aus Anden din ut over dei slik at opplever underfulle ting, og slik at dei kan høyra og sjå deg gjennom syner og draumar. Send dine trufaste tenarar til badhaifolket som kan dela evangeliet om Jesus med dei, og fri dei du frå dei vonde åndene som dominerer i liva deira, lat dei læra deg og kjenna som skapar og kjærleg Far som ofra Sonen din for syndene deira, og lat det bli etablert ei levande, sterk og ekspansiv kyrkje i dette folket. Amen.

søndag 4. mars 2012

Godt nytt frå Pakistan

Den kristne barneskulerektoren Saira Khokhar som var meldt til politiet for blasfemi, er sett fri av politisjefen i Lahore. Han finn ikkje det minste grunnlag for klagemåla mot henne som sa at ho skulle ha skjenda Koranen. Det er modig gjort av han å setja henne fri. Den muslimske mobben klarar som regel å få politiet på si side med stygge trugsmål. Dei som vågar å gå mot dei, risikerer liva sine. Lat oss halda fram med å be om at regjeringa får mot til å fjerna den meiningslause blasfemilovgjevinga i landet som definerer all kritikk mot Muhammed og Koranen som blasfemi som skal straffast med døden eller livsvarig fengsel. Mange kristne sit inne og ventar på at saka mot dei skal koma opp. Det tek som regel lang tid.  
I dei fleste tilfella der kristne vert anklaga for blasfemi, er dette vikarierande. Mange gongar handlar det om rett til landområder. Pakistan er framleis langt på veg eit føydalsamfunn, og kristne skal helst ikkje eiga noko, men tena muslimane. Dei er khokhar, dvs. kastelause.  
Sjølv om Saira no er utanfor mistanke, er ikkje faren over. Så mange gongar er andre i liknande situasjonar rett og slett blitt myrda av ekstreme grupper som ikkje risikerer så mykje med det.

Gode Gud! Du gav oss Sonen din til soning for våre synder. Me takkar og ærar deg for det. Takk også for at Saira Khokhar no er sett fri og utanfor mistanke. No må du verna henne og poilitisjefen mot hemnaksjonar frå den muslimske mobben. Set ein stoppar for alle som legg vonde planar mot dei rettferdige.
Styrk og vern kyrkja di i Pakistan. Gje dei alt det som verda elles nektar dei, mot til å stå på for Jesus og visdom i høve til alle som ikkje kjenner deg. Fyll dei kristne  med tru, von og kjærleik, og må evangeliet langsamt trenga gjennom i samfunnet og endra det frå innsida. Amen.

Imragenfolket i Vest-Sahara


Vest-Sahara er okkupert av Marokko.
Imragenfolket tel berre 22000 menneske og lever som fiskarar på Atlanterhavskysten. Dei  har utvikla ein særeigen fangsmetode der dei fiskar moltefisk ved hjelp av tamme delfinar! Slå den!
Dei snakkar hassaniyya, er muslimar og er heilt unådde med tanke på evangeliet om Jesus. Jesusfilmen og lydfil av NT er tilgjengeleg på språket deira. 

Gode Jesus! Me takkar deg for at ein dag skal evangeliet om riket også nå fram til imragenfolket i Vest-Sahara og gje ein stor haust der. Lat det skje i vår tid. Velsign folket på alle livsområde, og lat framfor alle ting Anden din bli aust ut over dei slik at dei forstår at du er Guds Son, og at dei berre kan bli frelst ved trua på deg. Send dei modige pionerane dine til dette folket, dei blant dine som veit kva det betyr å bera krossen sin. Fri folket frå djevelens undertrykking, og stå fram for dei som den store fridomshelten som frir dei frå synd og vondskap, lækjer dei for sjukdom og fyller hjarto deira med ein kjærleik dei før ikkje ante eksisterte. (joshuaproject.net)

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...