torsdag 26. april 2018

Ung kristen kvinne brent til døde i Pakistan

Den 22.april vart den 25 årige pakistanske kvinna Asma Yakoob brent til døde fordi ho hadde nekta å gifta seg med ein muslimsk mann. Det var den forsmådde mannen, Rizwan Gujjar som utførte ugjeringa. Slike ting som dette er ikkje uvanlege i Pakistan. Den vesle kristne minoriteten (2%) er undertrykt og ringakta av den muslimske majoriteten. Brotsverk mot kristne fører sjeldan til påtale og domfelling.

Gode Gud! Me ber om at du beskyttar kristne kvinner i Pakistan mot vald, overgrep og tvang. Trøyst og styrk familien til Asma. Må Rizwan Gujjar få ein rettferdig dom, og så ber me om at ditt rike skal koma i Pakistan og at din vilje og ditt lys skal bryta gjennom i dette landet. Amen.

mandag 16. april 2018

Dagens unådde: Lampung Abung, Indonesia

Dette er eit folk med om lag 200 000 individ. Dei er muslimar/animistar (typisk for Indonesia), og bur på Sumatra, den delen av landet som tradisjonelt har ytt mest motstand mot evangeliet og den kristne kyrkja. Dei sitt eige språk: Lampung Nyo. Yrke: Dyrking av ris og pepper, samt fiske. Det er ingen registrerte kristne i dette folket.

Gode Gud! Må evangeliet om riket også bli forkynt for Lampung Abung, og dei du har utvalt til å bli ein del av din familie, bli hausta inn. Me ber om at alt stort og stolt i dette folket som reiser seg mot kunnskapen om Kristus, skal falla i grus, og at folket skal få sjå syndene sine heilt krystallklårt, sørga over liva sine og gå til Jesu Kristi kross med all sin vondskap, og audmjukt be deg om nåde for Jesu skuld. Må du, når den tid kjem, samla dei truande i folket til ei åndsfylt kyrkje med eit kraftfullt vitnemål som skaper tru hos dei alle. Amen!




To tilfeldige kristne skotne og drepne i Quetta (Pakistan) søndag

Denne sørgande kvinna mista mannen sin under åtaket søndag
Etter gudstenesta i Bethel Memorial Metodist  Church i Quetta søndag vart truande på veg ut av kyrkja skotne på av maskerte menn på motorsykkel. To vart drepne og fem alvorleg skadde. IS seier at dei stod bak denne ugjerninga.

Quetta ligg vest i Pakistan mot grensa til Afghanistan, eit området med høg islamistfaktor.

Tidlegare denne månaden vart fire kristne skotne og drepne i den same byen medan dei sat i ein rickshaw på veg til slektningar. Dette var folk på besøk frå Punjab.

I desember 2017 vart ni kristne drepne i eit sjølvmordsåtak under ei gudsteneste i den same kyrkja som er nemnt over. Kjelde: www.dawn.com/news

Lat oss be:
Gode Far i himmelen! Du har ikkje lova ditt folk fritak for forfølging og smerte. Tvert om. Men me ber likevel om at du i tida framover spesielt skal passa godt på dei kristne i Quetta og sparar dei frå fleire tunge tap. Hjelp dei å halda motet oppe, ikkje la seg skremma til tausheit, men frimodig vitna om frelsa i Jesus trass i at det kan koma til å kosta dei dyrt. Og hjelp oss som lever under trygge tilhøve å vera minst like frimodig som desse. Amen! 

lørdag 14. april 2018

Dagens unådde: Wakhi i Tajikistan

Totalt er det 110 000 wakhiar i verda, av desse bur 34 000 i Tajikistan. Resten i Kina, Pakistan og Afghanistan. Desse menneska lever høgt til fjells på utilgjengelege plassar. Dei er sunnimuslimar, men praktiserer likevel mange animistiske ritualer. Wakhifolket har sitt eige språk. Ingen deler av Bibelen er tilgjengelege på dette språket, ikkje skriftleg og ikkje i lydformat. Her trengst det uthaldande bøn og modige tiltak for å nå dei med evangeliet om Jesus.

Kjære Herre Jesus! Me ber for wakhifolket. Du gav livet ditt for dei, og i deg er frelse for kvar einaste ein av dei. Må ditt gode ord nå dei, må din Ande falla på dei, må du løysa dei frå djevelens løgner og islams tunge lenker, og må di kyrkje bli grunnlagt mellom dei der oppe i fjellheimen. Velsing dei med ditt veldige lys, du som ER Guds lys. Amen! 

mandag 9. april 2018

Kina

Kina er med sine godt 1,4 milliardar menneske verdas mest folkerike land. Dei fleste bur langs austkysten. Kina har ein turbulent historie. Det fleire tusenårige keisarriket vart styrta og erstatta av kommunistregimet til Mao Tse Dong i 1949. Han isolerte Kina frå omverda og innførte tusenvis av "folkekommunar" som skulle vera sjølvforsynte med varer og tenester. Det var ein rein katastrofe for landet. Inkompetanse, vanstyre, forfølging og svolt førte til at 40 millionar menneske mista livet i laupet av "det store spranget" og "Kulturrevolusjonen", Mao sine to store politiske prosjekt, frå 1957 til 1976. 

I tillegg innførte han eittbarnspolitikken. Forbodet mot å ha meir enn eitt barn har ført til at 
det i Kina no kvart år vert føreteke 13 millionar abortar, og sidan alle helst skal ha gutar, er det i dag eit manko på 30 millionar kvinner i landet, noko som har ført til eit hav av prostitusjon og sexslaveri. Unge kvinner er blitt ei salsvare, og ufatteleg mange jenter vert kidnappa til denne skitne businessen.

Trass i eittbarnspolitikken har ein del kvinner likevel fått fleire barn. Overskotsbarna er ikkje blitt registrerte, dei får ikkje personnummer og har ingen rettar i samfunnet. Verst stilt er barn av kinesiske menn og nordkoreanske konkubiner.

Eittbarnspolitikken er no formelt oppheva, men den store befolkninga vert stadig eldre, og etterkvart vil mangel på arbeidskraft bli eit stort problem for landet. Vanskeleg å sjå korleis dette skal kunna løysast.

Etter Maos død i 1976 overtok Deng Xiao Ping makta i landet. Det førte Kina inn i ein heilt ny retning. Han gjorde slutt på isolasjonismen og innførte marknadsøkonomi i næringslivet medan han beheldt kommunismen i politikken. Denne endringa gjorde etter kvart Kina til det største eksportlandet i verda, og i dag er landet, nest etter USA, verdas nest største økonomi. Kinesarane produserer eit hav av varer frå klede til supermoderne teknologisk utstyr. Landet har dei siste åra hatt ein økonomisk vekst på nærare 8%, men denne er no på veg ned.

Den nye rikdomen er ikkje jamnt fordelt, men samlar seg i dei store byane. Det er DER det moderne Kina er å finna. På landsbygda er alt som før, og folk lever ofte i djup fattigdom.

Mange fattige flyttar til byane for å jobba, men hamnar fort i slumområder der kriminaliteten er høg.

Kina har eit enormt miljøproblem. Røyk frå koldrivne el-kraftverk og eksos frå mange millionar bilar gjev folk store helseplager. Elles er elvane som kjem frå Himalaya sterkt forureinsa av skadelege kjemikalier og søppel.

Den kinesiske modellen med ei usalig samrøre av politikk og privatkapitalisme har ført til eit svært høgt korrupsjonsnivå. President Xi Jinping har det siste året sikra seg all politisk makt, og han har starta kampen mot korrusjonen med å kasta alle sine politiske motstandarar i fengsel skulda for økonomisk uærlegdom.

I 1949 vart alle vestlege misjonærar kasta ut av Kina. Då var det 2 millionar kristne i landet. Lenge trudde kyrkja i vest at kyrkja i Kina var død. Men då det politiske tøværet starta i 1978, og landet opna seg mot omverda, synte det seg at kyrkja hadde overlevd den maoistiske istida, og alt då vart det snakka om at det eksisterte ei undergrunnskyrkje med 100 millionar kristne. Dette talet var nok betydeleg overdrive, men i dag reknar Operation World med at det er 105 millionar kristne i landet (2010), og at 75 millionar av dei er evangeliske. Den kristne rørsla i Kina er ekstremt ekspansiv, tusenvis av nye menneske kjem til tru kvar dag, og hundrevis av nye kyrkjelydar skipa. Mange kinesiske kristne reiser i dag ut som misjonærar til andre land i Asia, og dei er å finna m.a. i kurdiske områder i Levanten. Kinas undergrunnskyrkje har som mål å senda ut 10% av medlemmene sine for å fullføra misjonsbefalinga i Asia, der mestedelen av verdas menneske bur.

Denne suksessen har ført til at dei ateistiske styresmaktene fører streng kontroll med utviklinga, og forfølginga av kristne blir i desse dagar betydeleg intensivert. Kyrkjer vert jamna med jorda, og kristne leiarar fengsla og tiltalte for politisk undergraving og for å vera ein tryggleiksrisiko. Det siste eg no las var at Bibelen ikkje lenger skulle vera tilgjengeleg på internett. Men dette er dei truande i Kina vane med, og dei veit korleis dei skal handtera forfølging.

Den store vekkinga i Kina vert rekna som utan sidestykke i historia. Men mangelen på biblar har ført til at avvikande retningar har dukka opp der kristendom og gamal kinesisk tru vert sausa saman til ein usmakleg religiøs miks.

Det er 500 ulike etniske grupper i Kina. Han-kinesarane er den dominerande, og desse har ein tendens til å sluka dei andre gruppene, fjerna deira eigenart og assimilera dei i det storkinesiske samfunnet.

Kina har alltid hatt eit øydeleggjande narkotikaproblem, tradisjonelt med røyking av opium. Narkotikamisbruket er i dag eit formidabelt og kostbart samfunnsproblem som skaper eit hav av kriminalitet og sorg.


  • Takk Gud for vekkinga i Kina og for alle dei truande der
  • Be om at evangeliet skal gjennomsyra og transformer heile samfunnet
  • Be om at dei kristne skal få tilgang til nok biblar å hjelpa seg med
  • Be om gode leiarar for kyrkjelydane
  • Be om einskap mellom dei truande
  • Be om styrke for dei som sit i fengsel
  • Be om at evangeliet også skal nå fram til dei mange unådde folkeslaga
  • Be om kommunismens fall
  • Be om at landet skal bli velsigna med ærlege og rettsindige leiarar med demokratisk sinnelag
  • Be om at det må bli ein slutt på den blodige abortpraksisen, og at barna i mors liv skal få reelt rettsvern og bli tekne godt vare på.
  • Be om rettssikkerhet for Kinas befolkning
  • Be om at narkotikamafiaen skal sprengast, og at folket skal bli edrueleg og finna djupt tilfredsstillelse i Kristus. 
  • Be om at heile befolkninga skal bli berørt av Den Heilage Ande, og at religiøs fridom skal føra til fridom på alle livsområder. 
  • Be om at truande kloke menneske skal seila opp som nye leiarar for landet, og at Gud skal gje sine barn den kunnskapen og visdomen som trengst for å løysa dei mange problema som dette store riket står overfor. 
  • Lytt til denne åndsfylte bøna for Kina:



torsdag 5. april 2018

Dagens unådde: Arabarar i Tunisia


Det er nesten 11 millonar arabarar i Tunisia som ikkje har kunnskap om Jesus og Guds veg til frelse. Dei er muslimar og snakkar ein tunisisk versjon av arabisk. Det nye testamentet er tilgjengeleg på denne dialekten.
Dagens Tunisia var eit kristent kjerneområde dei første 5-600 åra etter Kristus. Det var her kyrkjefedrane Tertullian, Cyprian og Augustin budde og verka. Det var stor kraft over desse folka. Likevel, då den arabiske invasjonen kom med islam på slep i det 7. hundreåret, var det lite att av det åndelege livet og den åndelege dynamikken i kyrkja, og ho fall som eit korthus. Raskt vart Kristus gløymt, og folket fall ned i djupt åndeleg mørker.
Det er få tunisiarar i dag som er merksame på sin gamle kristne arv. Dei tenkjer at kristendomen er eit vestleg fenomen som fremjar umoral. Heilt frå fødselen av får dei inn læresetningar om Gud som står i opposisjon til det Bibelen lærer om vår gode Far i himmelen som i kjærleik sende Sonen sin for å frelsa oss og fri oss frå våre synder med sitt blod, og dei strevar, som alle andre muslimar, med å grunnleggja si eiga rettferd.
Den beste måten å nå dei på er kanskje gjennom TV, radio og internett. Men uthaldande bøn må til for desse, som elles for den arabiske verda.

Gode, gode Far! Me ber for arabarane i Tunisia at dei skal bli berørt av din Heilage Ande slik at dei i djupet av si sjel forstår at dei ikkje kan bli rettferdige for deg gjennom gjerningar, men berre ved å ta imot di rettferdsgåve i Jesus Kristus. Fri dei frå islams løgner, og frå djevelens lenker. Send dine motdige apostlar til Tunisia slik at ditt rikes mektige krefter kan  demonstrerast for folket, løgner bli avslørte, tru skapt, synd tilgjeven og kyrkja di styrkt. Amen!

onsdag 4. april 2018

Dagens unådde: Iu Mien i Kina


Iu Mien er eit fjellfolk som lever på rundt 4000 meters høgd der dei dyrkar jorda. Trass i tøffe levekår, byggjer dei terrassar for risdyrking i stupbratte fjellsider. Familien er viktig, og skilsmål skjer svært sjeldan. Dei lever i eit djupt åndeleg mørker der dei prøver å tilfredsstilla fredreåndene og gjennom ritualer få kontroll på og driva ut ånder som ikkje vil dei godt. Ingen av dei har nokon gong høyrt namnet Jesus.  

Iu Mien tel 1 263 000 menneske. Dei snakkar sitt eige språk, og det føreligg ei bibelomsetting til dette språket.

Lat oss be: Kjære Gud og Far, du som elskar alle menneske med ein evig kjærleik. Må bodskapen om Jesu Kristi frelse nå fram til Iu Mien på  ei slik måte at dei fattar det, grip det, trur det, vender om frå avgudane sine, blir fødde på nytt ved Den Heilage Ande. Må du grunnleggja kyrkja di i dette folket, gjera ho til eit mektig lys i samfunnet, og bringa dei alle inn i din familie gjennom tru og dåp. Amen!




Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...