lørdag 7. juni 2014

Global bønedag 2014, dag 10



Heilag, heilag, heilag erdu Gud, den allmektige – Far, Son og Heilag Ande.
Store og mektige er dine gjerningar, Herre Gud allmektig.
Rettferdige og sanne er dine vegar, du, kongen over dei heilage.
Kven må ikkje ottast deg, Herre, og æra ditt namn?
For du åleine er heilag. Alle nasjonar skal koma og tilbe framfor deg.
Det er ikkje noko mørkre i deg.
Du er ikkje eit menneske at du skulle lyga.
Alle dine løfter er ”ja” og ”amen” i Jesus Kristus.
Herre Jesus Kristus, du er kongen over kongane og Herren over herrane.
Herredømet kviler på dine skuldrar.
Du er kalla Underfull, Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste.
Ditt herredøme skal ingen ende ha.
Du er kalla Trufast og Sann, og du vil styra over nasjonane med lov og rett.
Me bøyer oss framfor deg og sannar at i alt dette vinn me meir enn siger gjennom deg som elskar oss.
Me er overtydde om at korkje død eller liv, englar eller krefter, korkje det som er eller det som kjem, korkje det som er i det høge eller det som er i det låge, eller nokon skapning, skal vera i stand til å skilja oss frå Guds kjærleik i Jesus Kristus, vår Herre!
Amen.                            

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...