fredag 18. januar 2019

Vietnam: Kristne i Hmongfolket utsett for auka forfølging


Hmongfolket bur i fjellområda i Vietnam. Dei er såkalla "highlanders". Dei siste 30 åra har 300 000 av ei befolkning på 1 million blitt kristne. Vekkinga starta i forlenginga av kristne radiosendingar frå Filippinane på 1980-talet, og under heile denne prosessen har dei truande i folket blitt forfølgt av dei kommunistiske styresmaktene. Pastorar er blitt drepne, andre er blitt nekta medisinsk hjelp ved alvorleg sjukdom.

CCI (Christian Concern Internatiol) melder no om auka press mot dei kristne i hmongstamma. Nyleg vart 33 arresterte i landsbyen Pha Lom, og dei vart oppmoda om å fråsei seg den kristne trua si. Det vart plassert ein stor Budda- statue på ein open plass, og dei fekk valet mellom å bøya seg og tilbe statuen eller bli landsforvist. I 2018 måtte 100 kristne flykta til Thailand.

Lat oss be:
Herre Jesus Kristus! Takk for dine mektige gjerningar i dette folket, og for alle nye som dagleg kjem til tru på deg. Må du grunnfesta dei i Ordet, bøna og kyrkjelyden, og gjera dei standhaftige og motstandsdyktige når bølgene tårnar seg opp og slår inn over liva deira. Amen!


Hmongfolket har fargerike nasjonaldraktar, og likar å pynta seg. 






mandag 14. januar 2019

Baggarafolket i Chad


Folketal: 2 930 000. Over 99% er muslimar. Det er registrert 0,5% kristne. 0,4% er evangelikale. Baggara snakkar arabisk (chaddialekt).

Chad er eit av dei fattigaste landa på jorda. Analfabetismen er svært høg. Dei fleste innafor baggarastamma er nomadar, men nokre bur i byar. Chad er eit vanskeleg land med tanke på misjon, og det krevst hard arbeid for å få fullført misjonsoppdraget i denne nasjonen. Nigerianske truande kan i så måte koma til å spela ei nøkkelrolle.

Gode, allmektige Gud og Far. Sjå i nåde til baggarafolket i Chad. Gjer Jesus kjent for dei. Driv arbeidsfolk ut til din haust. Styrk dei små kristne gruppene, og lat dei vera såkorn i folket sitt, menneske som skaper nytt liv rundt seg over alt der dei bevegar seg. Må du stimulera folket sin lyst til å læra seg å lesa og skriva slik at dei kan lesa ordet ditt på sitt eige språk. Må du velsigna dei med gode beitemarker for dyra, må din fred innta dei, og løft dei opp åndeleg, etisk, økonomisk og kulturelt, og må di kyrkja bli planta i dette folket som eit mektig tre i din hage. Amen!

Map of Baggara, Shuwa Arab in Chad

fredag 11. januar 2019

Kristent iransk ektepar arrastert i Mashhad 6. desember


Amir Taleipour og kona hans Mahnaz Harati, busette i Mashhad, vart arresterte i heimen sin den 6.desember 2018. Dei er no fengsel, og kan ikkje kommunisera med familen. Ekteparet er også blitt nekta juridisk hjelp. Amir og Mahnaz har ei lita dotter som storfamilien no tek hand om.

Presset mot dei kristne i Iran aukar framfor kvar julefeiring, og i år har det vore ekstra ille. Aksjonane ser ut til å vera godt koordinerte i den hensikt å desimera dei kristne samfunna og spreia frykt og redsle.

Gode Gud og Far! Me ber i dag for Amir Taleipour og Mahnaz Harati, at du skal styrka dei mektig med ditt nærvær slik at dei blir ståande faste i trua trass i trengslene dei no er oppi, og lat dei få bera fram eit godt vitnemål om Jesus for sine motstandarar.  Me ber om at dei snart skal få fridomen sin attende, og bli gjenforeina med dottera, resten av familien og kyrkjelyden som dei tilhøyrer.

Herre Jesus! Me ropar til deg for dei mange kristne i Iran at du skal halda motet deira oppe slik at dei ikkje blir styrte av frykt og redsle, men berre av din Ande. Amen!

Dagens unådde: Maghfolket i Burma (Myanmar)


Kjelde: Joshuaproject.net

Magh tyder sjørøvar, noko som reflekterer kva dette folket levde av for nokre hundre år sidan. I dag blir dei helst kalla «arkanese», men sjølv kallar dei seg «marmas» som rett og slett tyder burmeser.
Det er 2 671 000 magh i Burma, og om lag 300 000 i andre land.

Språk: Rakhine.
Deler av Bibelen,  er tilgjengeleg på dette språket både i tekst og lydformat, likeeins Jesusfilmen

Nokre ytterst få av dei er kristne.  

Maghfolket er fattige menneske. Utdanningsnivået er lågt.

Herre Jesus! Me ber om ein ny dag skal renna for dette folket som har levd så lenge i stummande mørker. Du er verdas lys og sol, og me ber om at lyset ditt skal opplysa, varma og forvandla dette folket frå å vera fortapte syndarar til å bli frelste syndarar, rettferdiggjort ved trua på deg. Motiver dei til å læra seg å lesa og skriva, og lat Bibelen bli favorittboka deira. Me ber om at dei unge i maghfolket skal få gå på skule, og at dei skal få sjansen til å ta seg skikkeleg utdanning, og at dette skal vera ein veg ut av fattigdomen for heile folket, og me ber om at det skal vera arbeid å få for dei arbeidsføre.  Herre, tal fast og bestemt til djevelen og krev dette folket utlevert. Må dei få kristne  finna saman for å styrka og næra kvarandre. Hjelp dei å følgja deg tett, og me ber om at du skal fylla dei med Anden og utrusta dei med himmelske gåver slik at dei kan vera kraftfulle Kristusvitner i folket sitt, og lat det bli etablert ei uovervinneleg  kyrkje mellom dei, eit senter for frelse, lækjedom og opplysning. Bibelen seier at du vil ha «medkjensle med dei fattige og trengande, og frelsa dei som er i naud!» Salme 72:13. Amen!


m13207_bm.png

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...