søndag 28. januar 2018

Jebala. Marokko

 Jebalafolket lever i marokkanske fjellområder, og jbal tyder då også "fjellfolk".
Dei tel i følgje joshuaproject.org 1 217 000 menneske. Dei lever i områder som er vanskeleg tilgjengeleg for eventuelle misjonærar, men kan nåast via kristne radiosendingar. Det er ingen registrerte truande kristne i jabalfolket.

Herre Jesus! Du vil at heidningane skal prisa deg saman med ditt folk. Me ber om at evangeliet om ditt rike  skal bli jabalfolket til del, slik at dei ved tru på deg kan bli frelste frå syndene sine, døden og djevelens makt, og bli innlemma i din store familie, den som ein dag skal sameinast med deg i din himmel. Løft dei ut av det moralske og åndelege mørkret dei lever i , og før dei  inn i ditt mektige og underfulle lys. Lat dei få ein smak av din kjærleik, og løys dei frå islams forferdelege lenker. Me ber i ditt namn. Amen!



lørdag 27. januar 2018

Dagens unådde: Aimaq, Afghanistan


Folketal: 192000. Religion: Islam. Språk: Aimaq. Ingen bibeloversetting tilgjengeleg korkje i skriftleg eller munnleg form. Ingen kjende kristne. Dette folket er uvanleg i den forstand at kvinnene i stor grad er likestilte med mennene.

 Herre Jesus! Driv arbeidsfolk ut til din haust i Aimaqfolket i Afghanistan. Frels folket frå synda, dødens og djevelens makt. Må ordet ditt slå djupe røter i dei, og kyrkja di bli etablert der. Motiver dei til å læra seg lese og skrivekunsten, og må dei få tilgang til Bibelen på morsmålet sitt. Amen!


onsdag 24. januar 2018

Gawaria i Inida



Gawarifolket er nomadar eller seminomadar. Det er ingen registrerte kristne gawariar. Det store fleirtalet er analfabetar. Dei snakkar mange ulike lokale språk utanom hindi, som vanleg er i India. www.joshuaproject.org

Herre Jesus! Send arbeidsfolk ut til din haust i Gawarifolket. Frels folket frå synda, dødens og djevelens makt. Må ordet ditt slå djupe røter i folket, og kyrkja di etablert der. Motiver dei til å læra seg lese og skrivekunsten, og må dei få tilgang til Bibelen på morsmåla sine. Amen!



mandag 8. januar 2018

Rawat, India


Kjelde: joshuaproject.org

Rawat tyder prins, og rawatfolket er av høgare kaste. Dei er godseigarar, og har eit positivt syn på kunnskap og utdanning. Dei tilber fleire gudar. Viktigast er familieguden Ashapridebi. Men viktig er også dei regionale gudane Bherujee and Matajee.

Gode Far i himmelen! Må rawatfolket i India bli bada i ditt lys. Driv dine gode tenarar ut for å hausta dei inn i ditt rike. Opna augo deira slik at dei ser deg. Fri dei frå djevelens makt og frå syndas skuld og makt og forvandla av Den Heilage Ande. Etabler di kyrkje i rawatfolket, ei kyrkje som er full av  din evige kjærleik, av lys, og himmelkraft. Amen!



onsdag 3. januar 2018

VERDA ME LEVER I


Verdas befolkning er i dag 7,1 milliardar menneske.
Dei grøne områdene syner kor kristendomen er vel etablert.
Dei gule kor kristendomen stort sett er nominell.
Dei raude områda syner kor folk i hovudsak er uberørte av det kristne evangelium.

I 2015 var 2,3 milliardar registrerte som kristne.
1,8 milliardar var muslimar
1,2 milliardar var ikkje-truande
1,1 milliard var hinduar
500 millionar var buddhistar

Den religionen som veks mest i prosent er islam. Denne veksten kjem i hovudsak av høge fødselstal og ein ung befolkning.
I dei kristne landa er gjennomsnittsalderen og dødsraten høg. Det fører til ein liten tilbakegang i talet på kristne totalt. Kristne i denne samanhengen er personar som identifiserer seg sjølve som kristne utan å ta omsyn til om dei er praktiserande eller engasjerte.
Men det gledelege er likevel at talet evangeliske kristne veks fortare enn talet på nye menneske på jorda.
Det er grunn til å påpeika at i 1960 var det 45 millionar evangelisk kristne i verda. I dag er talet 475 millionar.
Pew Research Center kalkulerer med at det vil bli fødd fleire barn av muslimske foreldre enn kristne foreldre rundt 2035. I statistikken under sett i "krystallkula" og berekna kva som vil skje fram mot 2060. På den tida ser dei at islam og kristendomen vil vera om lag like store.


DAGENS BØN:
Det einaste adekvate svaret for den kristne kyrkja på desse tala er inderleg bøn til Gud og ein ny og seriøs overgjeving til Oppdraget. Be om at Gud skal helga kyrkja si, utrusta henne, reisa einkvar kristen opp til eit kraftfullt vitne og senda arbeidarar ut for å hausta menneska inn i hans familie.

Nunufolket i Kina

Nunufolket i Kina tel berre 62000 menneske. Dei lever avsides, har sin eigen religion og sitt eige språk. Ingen har enno funne strevet verd å fortelja dei om Jesus. Be om at haustens Herre skal senda folk ut for å hausta inn nunufolket.


tirsdag 2. januar 2018

Arbeiderpartiet, regjeringsforhandlingane og Irans folk

I dag ber me
* for Arbeiderpartiet, at Gud skal gje leiarane visdom til å handla rett i ein pressa situasjon, og at Trond Giske skal forstå kva situasjonen krev av han, og at dei alle skal søkja Gud.

* for regjeringsforhandlingane, at forhandlarane skal vera konstruktive og rause med kvarandre, og ha vilje til å ta naudsynte kompromissar.

* for Iran, at demonstrasjonane må føra til reell endring i landet, at prestestyret skal falla, at det ikkje skal bli brukt våpen mot sivile og at det som no skjer skal tena Gud og hans kyrkje i landet.

Be om at kong Jesus skal ta kontroll over dei involverte og situasjonane.

* Be også for ein ny kristen i Iran. Me kan kalla han Amir (hans rette namn kan eg ikkje skriva). Han melder meg og fortel at han er sjuk. Be om at Jesus skal hjelpa han.

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...