tirsdag 26. mai 2015

Fransk Polynesia

A locator map of French Polynesia
Folketal: 271400. 251300 kristne. Av desse er rundt 20000 evangeliske. Den katolske kyrkja, som er støtta av franske styresmakter, har vunne terreng dei siste åra, ikkje minst som eit resultat av den karismatiske fornyinga som har fått eit sterkt fotfeste på desse øyane. (Det kan vera grunn til å minna om at denne fornyinga på verdsbasis er større innan den romersk katolske kyrkja enn i protestantiske kyrkjesamfunn). I dag er 25-30% av katolikkane ein del av denne fornyinga. Resten er nominelle kristne. Det har forresten vore spenning mellom dei intellektuelle og dei karismatiske. Dei første meiner at fornyingsrørsla er ny oppblomstring av heidenske krefter.


  • Takk for alt nytt og fornya liv i kyrkja i Fransk Polynesia.
  • Be om ansvarlege, bibeltru, karakterfaste og gode leiararsom elskar Gud og folket
  • Be om fred mellom folk og framgang for Guds rike
  • Be om at dei truande må bli disippelgjort, leva nært Gud, leva misjonale liv og fungera som menneskefiskarar i kvardagen sin



Fransk Guyana

A locator map of French Guiana
Fransk Guiana er eit  oversjøisk fransk administrasjonsområde i Sør-Amerika (som er representert i den franske nasjonalforsamlinga i Paris) I dette biologisk sett rike jungelområdet (med 400 000 registrerte dyre og planteartar), bur det ikkje meir enn 231000 menneske. Desse har, pga støtte frå Frankrike og EU, ein høgare levestandard enn det som elles er vanleg i regionen. Det offisielle språket er fransk, men folk snakkar i stor grad ein blanding av guyanafransk og kreol. Det føregår no ein prosess med å få omsett Bibelen til denne spesielle dialekten. 91% av befolkninga er kristne (romersk katolske), men dei fleste er nominelle og sekulariserte. Skilsmisse blir meir og meir vanleg, likeeins barn fødd utanfor ekteskap. Kristne stammefolk frå nabolandet Suriname driv aktiv misjon i det animistiske maroonfolket. Dei siste åra har mange nye huskyrkjer blitt etablert av pinsevenene, og desse har hatt ein gjennomsnittleg årleg vekst på 5%.

kjerlder: Operation World, www.prayercast.com


  • Be om at bibelprosjektet til Biblica skal lukkast, og at den nye omsettinga skal bli kjøpt, lest og tala sterkt inn i folks liv. 
  • Be om at Guds lover og verdiar igjen blir forstått som forpliktande og gode for folk å leva etter. 
  • Be om gjennomslag for evangeliet i maroonfolket.

mandag 25. mai 2015

Rohingyafolket utsette for fælslege overgrep.


Rohingyafolket er i dag utsett for tung forfølging, og det som ser ut til å bli eit folkemord. Dei er muslimar og budd i det som tidlegare var eit sjølvstendig kongerike, Arakan, i meir enn tusen år. På 1700-talet vart dei erobra av Burma (Myanmar). Men dei har alltid vore nekta burmesisk statsborgarskap, og no driv militærjuntane dei på flukt. Den einaste vegen dei kan flykta er til havs. Der blir dei ofte drivande i vekevis for vind og vær. Mange druknar. Andre døyr av dehydrering og utmatting. Mange stader blir dei avviste. Nokre kjem til Thailand og Malysia der det no altså syner seg at dei vert drepne av menneskesmuglarar og kasta i massegraver. 139 slike er dei siste dagane funne nord i Malaysia. Den største av massegravene kan innhalda levningar etter så mange som 300 menneske.

Kongen over kongane, Herren over herrane! Me ropar til deg for Rohingyafolket i Myanmar, og for alle av dei som er drivne på flukt frå heimlandet sitt: Forbarm deg over dei. Må verda ynkast over dette folket slik at dei kan få liv og rom. Må du gripa mektig inn i denne flyktningekatastrofen, vera til stades i rohingyane sine liv, ta vare på dei, verna dei, leida dei og føra dei til trygg hamn. Du er ein Gud som er kjent for å gje framtid og von. Gje framtid og von til Rohingyafolket, og må nokon av dine trufaste påta seg og gje dei evangeliet, du som lid med dei lidanede, og som gret med dei som gråtande, og som har lidd for oss alle. Må det fælslege som no skjer med dette folket motivera kristne over heile verda til å yta hjelp langt utover det me meiner me har råd til, slik at me kan demonstrera din godleik og sympati i praktisk handling. Og så ber me om at du skal stoppa og straffa dei som påfører dette folket død, liding, sorg og smerte.

Frankrike


Frankrike er eitt av verdas leiande land politisk, økonomisk, kulturelt og militært.
Folketal: 65 mill. 38 mill tilhøyrer eit kristent kyrkjesamfunn. Vel 600000 av desse er evangelisk kristne. Resten er katolikkar. Det er i dag ein sterk vekst innan den evangeliske familie, og det blir planta mange nye kyrkjer. Gjennom det nasjonale konsilet for franske evangeliske kristne (CNEF), har det oppstått ein djup einskap mellom kristne som før sto mot kvarandre. Det gjeld også i høve til den katolske kyrkja.
Rundt 10% av befolkninga i Frankrike er muslimar. Desse har røtene sine i tidlegare franske koloniar, både i Nord og Vest-Afrika. Integreringa har vore lite vellukka, og det er store spenningar i det franske samfunnet som med jamne mellomrom resulterer i gatevald frå arbeidslaus muslimsk ungdom.
Sjølv om kristninga av landet går attende heilt til det andre hundreåret e. Kr., er Frankrike i dag eit gjennomsekularisert land. Frå 1200-talet har det vore reformatoriske vekkingsrørsler i landet (med utgangspunkt i Lyon, som heilt frå Iræneus sine dagar var eit åndeleg kraftsenter) , og desse har vore utsett for blodige forfølgingar. Det toppa seg under Reformasjonen då hundertusenvis av hugenottar (kalvinske kristne som då utgjorde 25% av befolkninga) vart slakta ned av styresmaktene støtta av den romersk katolske kyrkja. Seinare kom den franske revolusjon som hadde som siktemål å reinsa Frankrike frå einkvar kristen påverknad.
I dag er det 37000 kommunar i Frankrike. 35000 av dei har ikkje noko evangelisk kyrkje eller fellesskap. 50 mill franskmenn har ingen link til ei kristen kyrkje i det heile. 80% har aldir teke i ein bibel. CNEF har sett opp som mål å planta èi evangelisk kyrkje per 10000 innbyggjar. Det inneber 4500 nye plantingar.

  • Be om at CNEF skal lukkast med kyrkjeplantingprosjektet sitt
  • Be om at Bibelen skal bli gjenoppdaga og lest av vanlege franskmenn
  • Be om at Bibelens sanningar og verdiar igjen skal bli verdsett av vanlege franskmenn. 
  • Be om at evangeliet må bli forkynt klårt og reint i den katolske kyrkja slik at folk kan oppdaga at Jesus lever, skjøna kva som er rett og galt i Guds augo, venda om, bli frelst frå sine synder, innlemma i eit levande kristent fellesskap, fylt med Den heilage ande og bli gjort til Jesu sigerrike disiplar.
  • Be om om at dei truande skal bli klår over sitt ansvar andsynes muslimane i landet, og at Gud skal opna dørar for dei inn i dei i muslimske miljøa. 
  • Be om at unge menn skal bli kalla til pastorteneste, og at det skal byggast opp solide bibelskular og semninar der dei kan få naudsynt opplæring.
  • Be om at det skal poppa opp nye apologetar som på ein fullgod måte kan samsnakka med franske intellektuelle om Gud.
  • Be om at franskmennene skal bli oppmerksame på den rike kristne arven som ligg i historia deira.
  • Be om at den katolske kyrkja skal ta eit oppgjer med tidlegare forfølging av protestantar.


onsdag 20. mai 2015

Argobbafolket i Etiopia

Argobba
Argobbafolket tel 174000 menneske, og held til i dei sentrale delane av Etiopia. Dei er muslimar, og snakkar sitt eige språk. Ingen deler av Bibelen er omsett til argobba. Likevel er over 4% av dei kristne. Dei fleste ortodokse. 1,5% evangeliske. Folket har historisk vore undertrykt av omkringliggande folk, og hard råka av tørke og hunger. Dei er eit handelsfolk, og har av økonomiske grunnar i stor grad lært seg andre språk, og snakkar flytande amharisk, oromo eller afar. I praksis er dei tospråklege.

Argobba har stor motstand i seg overfor evangeliet. Det er kanskje ikkje så vanskeleg å forstå i og med at dei identifiserer kristendomen med det amharafolket som dei ligg i endelause konfliktar med om økonomi, handel og retten til land. www.joshuaproject.net

Gode Gud! Eg ber i dag for dei truande i argobbafolket, at dei skal leva heilage liv i Andens kraft. Må dei leva som dedikerte etterfølgjarar av Jesus, elska ditt ord og den kristne fellesskapen. Så ber eg om at Bibelen skal bli omsett til argobba slik at folket kan få høyra at du også er ein av dei, og ikkje berre ein Gud for alle andre. Så ber eg om at du skal velsigna folket med nok regn og gode avlingar, og med fred med naboane sine.  Amen!

Argobba in Ethiopia

To pastorar frå Sør-Sudan for retten i Sudan

Dei sørsudanske pastorane Yat Michael og Peter Yein  (bilete) vil bli stilt for retten i Khartoum, hovudstaden i Sudan,  den 31. mai. Dei er tiltalte for ha underminert den sudanesiske konstitusjonen og oppmuntra til krig mot staten. Vert dei kjent skuldige, kan det enda opp med dødsstraff.

Det var i desember i fjor at Yat Michael talte på ei gudsteneste i den presbyterianske kyrkja i byen då tryggingspoliti kom inn i kyrkja og arresterte han. Ein månad seinare skjedde det same med Peter Yein då han stilte opp på politistasjonen for å spørja etter Yat Michael.
david-yein-reith
Peter Yein, også kalla David Yein Reith
 Det er blitt fabrikert prov mot desse to mennene som gjer at situasjonen er overlag farleg for dei.
Det høyrer med til saka at staten har lege i konflikt med denne kyrkja om nokre landområder. Etter desse arrestasjonane er deler av kyrkjebygget rive ned at styresmaktene.
Me må be:

Kjære Herre Jesus ! Styrk desse to modige mennene med ditt nærvær og med di kraft medan dei sit i fengsel og ventar på rettssaka. Må sanninga koma tydeleg og klårt fram under rettsforhandlingane, og all løgn solid avslørt. Takk at du vil gje dei visdom og rette ord når dei talar, og må dei utstråla din glede og din fred. Ta deg også av familiane deira. Amen!

tirsdag 19. mai 2015

Etiopia


I Etiopia bur det 85 millionar menneske. Dei er fordelte på nokre store folkegrupper som tigray og amhara, som er semittiske,  oromo, somali og afar, some er kusittar. 51,5 millionar tilhøyrer kristne kyrkjesamfunn, av desse er 16,7 evangelisk kristne. Resten er ortodokse. Det bur 33 millionar muslimar i landet. Spenninga mellom kristne og muslimar er aukande, og slår i enkelte områder ut med vald mot kristne. I Etiopia blir det snakka 88 ulike språk. 17 språk manglar bibeloversetting. Etiopia er ein av verdas eldste nasjonar med ein lang og ærerik kulturhistorie som strekker seg 3000 år attende i tid. Økonomien er basert på jordbruk, og kaffi er hovudeksportproduktet. Krig og hungersnaud har dei siste åra hindra utviklinga, og mange døyr av underernæring. Det har også sin grunn i at jorda sjeldan får kvila og er svært utarma etter mange års intens dyrking.
Kristne har vore gjennom harde forfølgingsperiodar, først under dei italienske fascistane før og under 2.verdskrigen, og seinare under kommunistpartiet som sat med makta frå 1974 til 1991. Men forfølginga har reinsa kyrkja meir enn å sveikka henne.
Dei siste åra har krig og konflikt med Eritrea og Somalia tært fælt på landet sine ressursar.
Kyrkja har hatt ein eksepsjonell vekst i Etiopia dei siste tiåra. Åndelege vekkjingar rullar over landet og hundretusenvis vender seg til Gud kvart år.  Profetien i Salme 68 om at Etiopia i hast skal strekka hendene sine ut mot Herren går i oppfylling rett framfor augo på oss.
Det er mange analfabetar i Etiopia. Berre 35% kan lesa og skriva.
Mange ting tyder på at landet er i ferd med å forvitra og bli delt opp etter grensene mellom dei store folkegruppene.

Be Gud om at landet skal bera grøde og at dei skal kunna hausta nok mat til befolkninga. I dag er dei heilt avhengige av hjelp utanfrå.

Be om eit klokt og ukorrupt leiarskap, folk som tener folket meir enn si eiga lommebok. 

Be om fred og forsoning med nabofolka

Be om nasjonal einskap

Be om at vekkinga skal halda fram og tilta i styrke

Be om godt leiarskap i kyrkjelydane

Be om at evangeliet om Jesus skal gripa muslimane, slik at dei kan bli hausta inn i Guds rike, og at islam skal bli feidd av banen.

                                   




Bonerate i Indonesia

Bonerate
Denne folkegruppa bur sør på Sulawesi, og er som fiskarbønder nær knytte til havet. Dei er muslimar, men miksar gjerne animisme inn i trua si. Folketal: 13400. Dei har t.d. eit sterkt høve til "havguden" og fryktar vreiden hans. Boneratefolket bur avsides, og det er ingen offentlege kommunikasjonsmiddel som går til deira områder. Dei snakkar sitt eige språk. Ingen deler av Bibelen føreligg på bonerate. Nokre få av dei er kristne.

Kjære gode Jesus! Du er misjonens Herre, og du er den som sender ut dine fredsbod. Må også boneratefolket i Indonesia få høyra om din kjærleik og di forsoning forkynt dei på hjartespråket sitt. Løys dei frå vonde ånder som styrer tru og tanke, og for den frykten som dei kjenner for desse. Må lyset frå evangeliet fløyma inn over dei slik at dei forstår at dei er elska, at du er den som har teke bort syndene deira og at du har stått opp og lever i dag for oss alle. Grunnlegg di kyrkje i boneratefolket, eit fellesskap som er fylt av himmel og guddemmeleg kjærleik og kraft. Herre miskunna deg over dei, amen.

mandag 18. mai 2015

Estland

A map of Estonia class=Estland er det nordligste av dei baltiske landa . Landet vart annektert av Stalin og Sovjetunionen i 1939, og fekk fridomen sin attende etter kommunismens kollaps i 1991. I dag er Estland eit representativt demokrati. Det bur 1,3 millionar menneske i landet. 607000 av dei er kristne, 66000 evangeliske. Ekte tru er sjeldan vare.
68% av befolkninga er estlendarar, 25% russarar, 2,1% ukrainarar. Den russiske delen av befolkninga kjenner seg diskriminerte. Her er det eit stort konfliktpotenisale.
Estland har hatt ein stor økonomisk framgang etter at dei vart sjølvstendige i 1991, mest pga vestleg investeringsvilje og EU-medlemskap.
Det er full religionsfridom i landet.
Sjølv om kristendomen er den dominerande religionen, aukar sekularismen meir enn trua blant folk flest. Grådigheit fører til rikdom blant dei priveligerte og aukande fattigdom blant dei som ikkje klarar å hevda seg.


  • Be om kloke og rettskafne leiarar i landet, gode rollemodellar som som løftar fram bibelske verdiar som grunnlag for lovverk og vanlege folks liv.
  • Be om vekking og genuint åndeleg liv mellom dei evangeliske kristne. 
  • Be om at kyrkja i Estland vert attreist og revitalisert, at dei truande får ein ny brann i seg, at dei får ein ny visjon for evangelisering og misjon og at dei vert i stand til å avsløra og avvisa sekterisk kristendom som det er mykje av (t.d. mormonisme). 
  • Be om forsoning mellom russarar og estlendarar.
  • Be om at nokre truande estlendarar vigslar liva sine til å gje evangeliet til den russiske delen av befolkninga. 
  • Be også om at mioritetar som tatarane, muslimane og jødane i Estland skal bli nådd med dei gode nyheitene om Jesus.

Tunnifolket i Somalia

Tunnifolket i Somalia tel 27100 sjeler. Dei bur i den sørlege delen av dette djupt ulukkelege landet. Alle er muslimar, og dei held beinhardt fast på rituala sine, men har ei grunn forståing av innhaldet i islam. Tunnifolket er bønder, og dei bur i landsbyar med sylinderforma hytter med kjegleforma tak av gras. Språk: Tunni. Ingen deler av Bibelen er omsett til tunni.

Gode Gud, far for alle menneske! Du er full av omsorg, omtanke for tunnifolket i Somalia, og di naud for dei går langt utover det me kan forstå. Gje oss ditt hjarte for dei fortapte og forkome slik at me pressar oss til det ytterste for å oppsøka dei og dela evangeliet om Jesus med dei.  Send dine tenarar også til tunnifolket for å gje dei del i ditt ord på deira eige språk. Må Den heilage ande bli aust ut over dei og under og teikn skje mellom dei i din tenar Herren Jesu Kristi namn. Å Gud, utrust oss på nytt for ditt oppdrag, fyll oss med Kristi kjærleik slik at me kryssar alle grenser og murar som verkar uoverstigelege for oss. Også dei som skil oss frå tunnifolket i Somalia. Amen! 

 Tunni in Somalia

torsdag 7. mai 2015

Kypros, den kypriotiske republikk


Etter at Tyrkia invaderte den nordlege delen av øya i 1974, er ho delt i to. I sør bur det grekarar, og i nord tyrkarar. Det internasjonale samfunnet anerkjenner imidlertid ikkje den nordlege delen som autnom og ser på øya som èin udelt nasjon og på den nordlege delen som ulovleg okkupert. Likevel er ulikskapane så store at når me ber, gjer me det i to omgangar. Først for republikken i sør, og så for nordområda.
Folketal: Vel 800 000. Hovudstad: Nikosia (219000). Kristendomen er den største av religionane. Sekularismen veks snøggast. 91,8% av befolkninga er gresk kypriotar. Gresk er offisielt språk, men engelsk og tyrkisk er vidt i bruk. Den tyrkiske invasjonen sette landet tilbake økonomisk. Lever i dag i stor grad av turisme of shipping. Sjetteparten av verdas skip er registrerte på Kypros.  Ressesjonen frå 2012 råka nasjonen tungt.
Det er ytterst få innfødde evangeliske kristne på øya, men mange evangeliske misjonsorganisasjonar har hovudsetet sitt der, og det er mange utanlandske arbeidarar i republikken.

Gode Far! Du ser dei utfordringane som Kypros står overfor.  Folket treng Kristus, og den ortodokse kyrkja treng ei Jesusvekking, og det ber me om at dei må få. Fri dei frå all ritualisme og falsk religiøsitet.Du ser kor lett det er for oss menneske å stola på alt anna enn på Jesus. Må forkynninga av ditt gode ord stå i sentrum også for dei ortodokse slik at di sanning lyser mot dei og dei vender seg bort frå syndene sine, overgjev seg til deg og stolar på Jesus åleine når det gjeld frelsens store sak, som i alt anna her i livet. Så ber me om at du skal styrka dei evangeliske kyrkjene, at du skal gje dei truande eit frimodig vitnemål og opna dørar for dei inn til stadig nye menneske og miljø. Så ber me om ei forening mellom nord og sør, at muren gjennom Nikosia skal rivast ned og den tyrkiske okkupasjonen av nordområda ta slutt.Amen!





onsdag 6. mai 2015

Garoda, hindu i India

Garoda, Hindu 



141000 av garodafolket er hinduar og bur i India. Dei er høgkastefolk, brahminarar, som berre har lov å gifta seg innafor sine eigne sirklar. Dei held seg strengt til vegetarmat. (Mahatma Gandhi var ein garoda). Konene deira er heimeverande, og syslar med husarbeid. Forutan å vera prestar for spesielle folkegrupper (Vankar, Chamara, Khalpa, Nadia, Turi, Tirgar og Shenva), er dei astrologar, og kvar klan er assosiert med èin særskild guddom. Språk: Hindi. Heile Bibelen er tilgjengeleg for dei. 

Få kristne har brydd seg om å nå garodaane med evangeliet. Men i framtida må det satsast på god kristen litteratur retta mot desse menneska. Dette sidan dei er lesekyndige og lesevande. Ingen av garodaane har identifisert seg sjølv som kristen, men det er mogelegvis nokre skjulte truande mellom dei. 

Herre Jesus! For deg er ingen dørar stengde, du som sjølv er døra inn til livet for oss alle. Me ber om at du kallar og sender kompetente truande menneske til garodahinduane for å fri dei ut frå djevelens makt og hausta dei inn i ditt rike. Må ditt ord nå fram til dei og riva ned alle løgnene som dei byggjer liva sine på, sameina dei med Kristus og gje dei ein fast grunn under føtene. Må evangeliet gjennomsyra kulturen deira og gjera dei til sanne åndelege leiarar i India. Amen! 


Garoda, Hindu in India

tirsdag 5. mai 2015

Hotspot: Jordskjelvet i Nepal

Over 6000 menneske er dokumentert omkomne i det store jordskjelvet i Nepal for ei god veke sidan. Dødstalet stig for kvar dag. 30 000 er dokumentert skada. Infrastrukturen er øydelagd. Tilgang på reint vatn er svært avgrensa. Likeeins sanitæranlegga. Det er vanskeleg å få tak i mat. Mange kristne omkom under katastrofen. Skjelvet råka midt i gudstenestetida. Heile kyrkjelydar vart utraderte. Mange har sett i gong hjelpearbeid. Kirkens nødhjelp. Røde kors. Eller du kan støtta den glimrande misjonsorganisasjonen til Paul Hattaway, Asia Harvest, som fokuserer på å gje folk i Nepal nok og god mat. Gå inn på linken

http://asiaharvest.org/nepal-update-1-07-provides-a-hot-meal-to-earthquake-survivors/

Der kan du gje ditt bidrag. Kvart måltid kostar som du ser vel 1 USD.

Kjære Herre! Det fell ikkje ein spurv til jorda utan deg. Det går over vår forstand det som har hendt i Nepal, og mangt av det som skjer heile tida i denne falne verda. Men me vil lova og æra deg uansett kva som skjer. Du er framleis god og di miskunn varer i all æva. Må nepalesarane få oppleva at du er ein Gud som meir enn erstattar alt det djevelen har tatt frå dei. Mange av dine kjære barn vart også brått borte og tekne inn i din herlegdom. Lidinga og sorga i Nepal er så stor, så stor. Kom landet til hjelp, og må alle gode mennesker og organisasjonar som no trør til for å bidra, få stor støtte for det dei held på med, og må denne tragedien opna mange dørar for evangeliet inntil unådde folkegrupper og områder i Nepal. Ditt rikes framgang i landet dei siste åra har vore enorm, og kristendomen i landet er substansiell. Me takkar deg for det, og me ber om at kyrkja di skal få oppleva ditt sterke, lækjande og trøystande nærvær. Amen! 


Cuba



Cuba er den største øya i Karibien. Det bur vel 11,2 mill menneske i landet. Folketalet er synkande.  Etter kommunismens fall på starten av 90-talet har økonomien kollapsa. Grunnen til dette er at handelen med gamle Sovjetunionen stoppa opp, og likeeins den direkte støtta Cuba fekk derifrå. For det andre har landet lidd under USA sin handelsboikott, landet har dei siste åra vore råka av mange øydeleggjande orkanar og til slutt må det også nemnast at det også er ein omfattande korrupsjon i landet. Men sjølv om fattigdomen er stor, er folket likevel lesekyndige, og helsevesenet held høg standard. Og no ser det ut til at USA kjem til å oppheva handelsboikotten, noko som vil betra økonomien i landet munaleg.
Viktigast eksportartikkel er sukker, men no er turismen begynt å bli ei stadige viktigare inntektskjelde.
Narkotikamisbruk og prostitusjon har eit enormt omfang. 
Regimet på Cuba er framleis kommunistisk. Eittpartisystemet forhindrar demokrati, og landet bryt systematisk alle sentrale menneskerettar. Det er kanskje så mange som 500 000 politiske og religiøse fangar i landet. Likevel klarar ikkje dei ateistiske styresmaktene å hindra at Guds rike går fram. Dei evangeliske kristne har ein årleg vekst på over 4%. Dei tel no over 981 000 menneske. Dei dobla seg faktisk frå 1995 til 2010. Dei truande er frimodige og kreative i si misjonering, og mange år med liding har mogna dei og gjort dei sterke i bøn og både kloke og ivrige i sin daglege omgang med andre.
Den største kyrkja er naturlegvis Den romersk katolske med sine 5,4 millonar medlemmer. Mange katolikkar er djupt involvert i spiritisme. Over 3 millionar praktiserer haitisk voodoo.
Hovudstaden er Havanna.

Himmelske Far! Må alle cubanarar bli overvunne og sette fri av krafta i evangeliet. Reins den katolske kyrkja for alle heidensk påverknad. Fri folk frå demoniske makter som dominerer i liva deira. Utrust di kyrkje til å kunna gje dei denne hjelpa. Styrk dei truande mektig med din Ande. Må ditt ord bli spreidd vidt utover og lett tilgjengeleg. Lat internett opna seg slik at cubanarane kan finna Bibelen og Jesus på nettet. Styrk landets økonomi. Stopp havet av abortar. Gje landet ei rettsindig leiing med demokratisk sinnelag, me ber om at kommunismen skal falla og folket få politisk fridom utan at dei truande blir sløve og profaniserte. Må lyset frå evangeliet strøyma over Cuba, og menneska bli grepne på djupet av Kristi kjærleik og forsoning. Må Ordet ditt få makt, mann og kvinne leva i kjærlege ekteskap og barna ha varme og stabile heimar å veksa opp i. Miskunna deg over Cuba. Amen!

mandag 4. mai 2015

Gerafolket i Nigeria

Gerafolket lever i Bauchi-staten nordaust i Nigeria. Dei tel i følgje www.joshuaproject.org  361000 menneske. Alle er muslimar, men trua deira er ei blanding av islam og tradisjonell etnisk religion. Lenge før dei vart muslimar, tilba og ofra dei til høgguden Kpa, og alle familiar hadde, og har,  heilage gjenstandar som representerte Kpa for dei.
Gerafolket lever etter måten morderne liv, dei legg vekt på utdanning og er å finna høgt oppe i regjeringsapparatet. Dugande folk.
Dei snakkar sitt eige språk. Ingen deler av Bibelen er omsett til gera, men folket snakkar også hausa godt, og heile Bibelen føreligg på dette språket. Det fortonar meg som om det likevel føreligg behov for bibelomsetting på gera. Det er registrert nokre få kristne frå dette folket, men dei er sårbare for avvik i trua.

Kjære Herre Jesus! Send arbeidsfolk ut til din haust i gerafolket i Nigeria. Må dei få høyra evangeliet forkynt med kraft, innleving og overtyding på sitt eige språk av truande menneske som elskar dei av hjarta, og som har evne til å finna nøklar inn til denne spesielle kulturen. Stadfest Ordet for dei med under og teikn og mektige gjerningar som du gjer mellom dei i ditt eige namn. Hjelp dei å forstå at du er den Gud (Kpa) dei har lengta etter i generasjonar, og at du vart menneskeson for at dei skulle bli Guds søner og døtre ved trua på deg. Fri dei frå avgudsdyrking, okkulte aktivitetar, djevelens undertrykking og frå nedverdigande synder. Transformer dei ved Den heilage ande til trufaste, glade og lydige disiplar av deg. Må mann og kvinne leva trufast saman i ekteskap, barna veksa opp i varme og trygge heimar og familiar få god skulegang og naudsynt utdanning.
Må det bli planta sterke gerakyrkjer i alle byar, landsbyar og områder der dei bur, forsamlingar fulle av Ande og kraft som kan bringa frelse og lækjedom til alle i dette folket. Forbarn deg over dei i ditt eige namn. Amen!

Kroatia





Folketal: 4.4 million. Hovudstad:  Zagreb (687,000). Kristne 4.1 mill. Evangeliske kristne 19,000.
Kroatar (87.5%), Serbarar (4.5%), Romani (2.3%), Bosniarar (0.5%), Ungarar (0.4%), Albanarar (0.3% ), Slovenarar (0.3%).
Språk: Serbo-kroatisk. Latinske bokstavar.
Landet er fattig og kjempar enno med etterverknadar av mange års kommunistisk styre.  Høg arbeidsløyse (over 12%), og låge lønningar.
Mange slit enno med traumer etter krigen på 90-talet.
Hatet mellom kroatar og serbarar er djupt og inderleg. Her kan dei evangeliske kristne bety noko. I desse lever menneske frå alle etniske grupper saman i kjærleik.
80% av ungdomane i landet rusar seg på narkotiske stoff. 



Gode Far! Må ditt rike gå fram i Kroatia, og må di kyrkje bli planta og veksa seg sterk og sunn i alle byar, landsbyar, regionar og lokalsamfunn, og må din herlegdom dekka landet som vatnet dekker havbotnen.
Aus Anden din ut over alle menneske i Kroatia slik at dei kan snu seg bort frå synda, tru på Jesus, elska han og tena ham med kraft og glede. 

Skap forsoning mellom kroatarar og serbarar. Riv ned alle murar mellom dei, og ta bort hatet i hjarto deira.
Læk alle sår krigen på 90-talet har påført folk. 
Gje Kroatia gode og rettsindige leiarar som elskar deg, og som i si gjerning hentar inspirasjon, kraft og rettleiing frå Bibelens ord.
Må barna få veksa opp i varme og trygge heimar med ein far og ei mor som elskar kvarandre, og som lever trufast saman i ekteskap. 

Gje dei unge i landet ei sterk erfaring av din kjærleik slik at dei ikkje lenger treng å rusa seg kjemisk. Me ber om at alle som produserer, distribuerer og sel narkotika skal bli stoppa i si destruktive gjerning. 
Gje Kroatia gode skular  for barna,  solide utdanningsinstitusjonar for dei unge og eit kompetent og utbygd helsevesen.
Gje landet eit sunt og godt næringsliv og ein blomstrande økonomi, og må dine goder bli fordelt på rettferdig vis.
Vern landet mot krig, naturkatastrofer, hungersnaud og dyrtid. Gje alle menneska der del i di lukke, gjer dei til gode samfunnsborgere og ansvarlige medmenneske, og vern dei mot djevelens vondskap og alle hans lumske planar.
Riket er ditt, og makta og æra i all æva. Amen!





søndag 3. mai 2015

Bania. Kasaundhan i India

Kasaundhanfolket tel 502 000 menneske i India, og er hinduar i sjel og sinn. Dei tilber Ganesha og Lakshmi.
Dei er generelt velutdanna, og tilhøyrer høgare kastar.
Dei er stolte over sin stand og stilling, og tek ikkje imot mat og drikke frå folk som står lågare enn dei sjølve. Dei søker gjerne råd frå brahminarar når dei har behov for rettleiing. Ingen av dei er kristne.
Dei snakkar heile 30 språk, og her vil det krevjast mange ulike kyrkjeplantingar når dei opnar seg for evangeliet i denne folkegruppa. 

Kjære Herre Jesus! Du seier at hausten er stor, men arbeidarane få. Difor: Driv arbeidsfolk ut til din haust i kasaundhanfolket i India. Må evangeliet om deg og ditt rike bli forkynt for dei på deira eigne språk. Må Guds herlegdom stråla fram for dei gjennom ditt ord og di kyrkje. Bryt ned all sosial stolthet som hindrar dei i å audmjuka seg å koma til deg og ta imot di frelse. Riv ned alle tankebygningar hos dei som reiser seg mot kunnskapen om Kristus. Løys dei frå djevelens lenker, og fri dei frå demoniske makter som framtrer som gudar for dei, og gjer dei til ei del av din store familie  ved trua på Jesus Kristus. Amen! 

 

lørdag 2. mai 2015

Elfenbeinskysten

A map of Côte d’Ivoire class=
Innbyggjartal i 2010: 21,6 millionar. I år 1900 var 5% muslimar, men no er denne delen auka til over 42%, og prosenten aukar raskt pga innvandring frå nord. Dette er ei stor misjonal utfordring. Dei nasjonale kristne har omtrent ingen inngang mellom muslimar pga fientlege haldningar. Muslimane må vinnast av kristne som kjem utanfrå for å leva ut og demonstrera Kristi kjærleik  mellom dei. Dei religiøse frontane følgjer ofte også etniske grenser, og dei etniske konfliktane har vore djupe og blodige. Det er stor grad av religionsfridom i landet, og dette gjev kyrkjer og kristne organisasjonar stor fridom til å verka, og resultata har vore store og gode spesielt på skular og universitet.



Gode Far! Må ditt rike gå fram i Elfenbeinskysten, og må di kyrkje bli planta og veksa seg sterk og sunn i alle etniske grupper,  byar,  regionar og lokalsamfunn, og må din herlegdom dekka Elfenbeinskysten som vatnet dekker havbotnen.
Aus Anden din ut over alle menneske i dette landet slik at dei kan tru på Jesus, elska han og tena ham med kraft og glede. 
Skap forsoning og fred mellom sør og nord, mellom muslimar og kristne, og må kristne vakna opp og sjå sitt ansvar med tanke på å vinna dei muslimske landsmennene sine for Kristus.
Gje
Elfenbeinskysten gode og rettsindige leiarar som elskar deg, og som i si gjerning hentar inspirasjon, kraft og rettleiing frå Bibelens ord.
Gje landet eit sunt og godt næringsliv og ein blomstrande økonomi, og må dine goder bli fordelt på rettferdig vis.
Vern
Elfenbeinskysten mot krig, naturkatastrofer, hungersnaud og dyrtid. Gje alle menneske i landet del i di lukke, gjer dei til gode og ansvarlige medmenneske, og vern dei mot djevelens vondskap og alle hans lumske planar.
Riket er ditt, og makta og æra i all æva. Amen!

Abdulfolket i India



Abdul  


Det er 31000 abdular i India. Dei er alle muslimar. Språk: maithili, men alle skjønar urdu. Abdul er lågkaste, og lever av almisser forutan at dei underheld som gatesangarar. Ingen kristne registrert.

 Bøn:
Herre, send arbeidsfolk ut til din haust i abdulfolket. Må dei få høyra evangeliet fortalt og forkynt med kraft og overtyding på sitt eige språk. Stadfest Ordet for dei med  dei under og teikn som skal følgja alle  som trur, og ved å dela ut Den heilage ande etter din vilje. Fri dei frå avgudsdyrking, okkulte aktiviteter,  djevelens undertrykking og frå nedverdigande synder, og transformer dei til dine glade og trufaste disiplar Må det bli planta sterke abdulkyrkjer, og må desse vera fyrtårn i lokalmiljøa som syner alle abdular vegen heim til farshuset. Herre, forbarm deg over dei og gje dei frelse, nytt liv og ny mentalitet, me ber i ditt eige namn. Amen!


 Abdul in India

fredag 1. mai 2015

Costa Rica

A map of Costa Rica class=
Costa Rica er 51100 kv km stort, med eit folketal på  4 639 827. Landet ligg i Mellom Amerika. Det store fleirtalet tilhøyrer den romersk katolske kyrkja. 14-15% er evangelisk kristne. Desse kyrkjene har ein gjennomsnittleg vekst på 3,7%.. Den karismatiske vekkinga står sterkt i den katolske kyrkja i landet, og dette har fornya gudstenestelivet i kyrkjelydane. Folket er åndeleg orientert, og mange er fanga av spiritisme og okkuklte aktivitetar. Dette er ei stor utfordring for kyrkja. I nord er mange flyktningar frå det fattige Nicaragua. Desse er også eit stor utfordring for kyrkja i landet.
Etter kvart som kyrkja har mogna, har meir og meir av misjonærane sitt ansvarsområde overført til dei nasjonale kristne. Desse er i ferd med å forma ei holistisk teneste der dei legg vekt på hjelp til dei fattige, sjuke, utslegne og til barn i risikosonen. Det formar seg også nokre interessante partnerskap, T.d. sender. Christ for the City no ut korttidsmisjonsteam både i heimlandet og til andre land.

Me takkar deg, Gud, for dine mange undergjerningar i Costa Rica, og for den store framgangen for ditt rike i landet. Må di kyrkje i landet halda seg sunn og vera velsigna med godt leiarskap. Utrust dei truande med kraft og gåver til å handtera alle utfordringar som møter dei i kvardagen, og gje dei klåre visjonar og mål for kva du vil dei skal gjera framover. Må du i særleg grad sjå til dei mange unge i landet, gjera deg kjent for dei, fri dei frå alt som bind dei og føra dei inn i et dynamisk og gledefullt disippelliv. Amen! 

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...