lørdag 18. februar 2012

Sumbawa, Indonesia

Sumbawa er eit unådd folkeslag i Indonesia. Dei bur på Sumbawa, ei øy vest for Java, tel 400 000 menneske, er muslimar og snakkar sitt eige språk. Ingen deler av Bibelen er omsett til Sumbawaspråket. Sjølv om dei er muslimar, praktiserer dei sjamanisme og animistiske ritualer, særleg i kristetider.

 Far i himmelen! Me ber om av Sumbawafolket skal innlemmast i din glade familie. Send dine vitne til dei og lat Den heilage ande koma over dei og snu opp ned på tenkemåten deira. Skap tru i hjarto deira, fri dei frå djevelens makt og reis opp di levande kyrkje midt i dette folket. Amen.

mandag 13. februar 2012

13.02.12


Kristen tenåring kidnappa i Egypt

(Kjelde: Australian Evangelical Alliance Religious Liberty Commission)
Amira Gamal Saber, ei 16 år gamal kristen jente vart kidnappa tidleg i desember frå landsbyen sin. Kidnapparane har tatt kontakt med styresmaktene og sagt at jenta ønskjer å konvertera til islam. Saka har hamna i retten, og egyptisk påtalemakt føreslår for familien at jenta hamnar i ein statleg institusjon inntil ho er 18 og kan bestemma religion sjølv. Foreldra gjev ikkje opp kampen for dottera si, og dei appellerer til riksadvokaten.


Herre Jesus! Må du intervenera i Amira sin situasjon. Set henne fri frå overgriparane. Gje henne og familien hennar den styrken som dei treng for å tola det harde presset dei er oppe i. Hjelp alle truande i Egypt å halda blikket festa på deg. Bevar dei i trua slik at dei ikkje vert motlause, men frimodig deler trua si med andre midt i eit fiendtleg miljø.

søndag 12. februar 2012

12.02.2012


Enshi Miao er ei folkegruppe som nesten er heilt assimilert i den mandarintalande hankinesiske befolkninga. Nokre få held ved like gamle ritualer i samband med gravreinsing, noko som heng att etter gamal fedredyrking.
Enshi Miao tel 623 000 menneske. Nokre ytterst få av dei er romersk katolske kristne. Folket manglar generelt heilt interesse for religion. 

 
Herre Jesus! Ingen er så langt borte frå deg at ikkje du kan nå dei med din Ande. Eg ber for dei få kristne i dette folket at dei fullt ut skal forstå rekkevidda av din død og di oppstode, og leva kristenliva sine i krafta frå Den heilage ande. Lat Enshi Miaofolket møta deg gjennom kristne som elskar dei og som kan aktualisera deg og demonstrera Guds rike for dei. Overtyd dei om synd, rettferd og dom, slik at dei kan venda om til deg og få nyta godene av di frelse. Herre, miskunna deg. 

 

Raid mot iransk huskyrkje  

Compass Direct og Mohabat News melder at ei huskyrkje i Shiraz onsdag i denne veka vart raida av iranske styresmakter, og mellom 6 og 10 kristne vart arresterte.  Berre éin av dei er indentifisert: Mojtaba Hosseini, som også vart fengsla ein kortare periode i 2008, og som nok har vore i søkelyset etter den tid.

 Gode Far! Dei kristne i Iran står framfor ein sterk motstandar. Men du er sterkare, og ingen kan stå seg mot deg. Kom våre iranske søsken mektig til hjelp, du som skapte himmel og jord. Lat ikkje føtene deira vakla, men lat dei stå fast i nåden og i Ordet, og fulle av Ande og kraft frimodig dela evangeliet med sine medmenneske, vinna dei for Jesus Kristus og gradvis forvandla samfunnet frå å vera prega av hat og løgn, til å bli prega av kjærleik og sanning. Bryt du i Jesu namn djevelens makt over denne vakre nasjonen.

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...