mandag 28. august 2017

Mauritania



 

Mauritania er tre gongar så stort i flatemål som Noreg, men det bur berre 4 millionar menneske i dette ørkenlandet.
Befolkninga er delt inn i tre grupper: Arabisk talande kvite, arabisk talande svarte og afrikanske stammer i sør som snakkar andre språk.
Dei arabisk talande kvite (berberar) har i lange tider vore dei leiande, og har tidvis undertrykt dei svarte og utsett dei for slaveri, også i vår tid skjer dette.
Mauritania er eitt av verdas fattigaste land. Langvarig tørke og omfattande korrupsjon er to viktige grunnar til dette.
Fransk koloni fram til 1960, og har etter den tid hatt mange militærkupp å stri med.
I mange år var landet ille plaga av ulike terrorgrupper, m.a. Al Quaida og ei gruppe som kallar seg AQIM. Men dette har styresmaktene takla bra, og det har ikkje vore terroråtak sidan 2011.
99,75% er muslimar. 0,25% kristne, altså vel 8000. Om lag 1000 tilhøyrer dei evangelikale kristne. 
Administrasjonsspråk: Fransk.
Talemål: Arabisk (Hassanya).
Totalt vert det snakka 8 språk
Omsetting: Bibelen 1, NT 1, bibel    deler 3.

·       Be om at folket må få ein djup hunger og tørst etter Gud.
·       Be om at Guds kyrkje i landet skal fyllast med kraft frå himmelen, og at dei truande frimodig skal vitna om Jesus, hans frelse og Guds rike.
·       Be om rettsindige og ærlege politiske leiarar.
·       Be om at politiske leiarar må ta avstand frå korrupsjon og juks.
·       Be om gode skular for dei unge
·       Be om politisk stabilitet
·       Be om gode helseteneste. Landet er ille plaga av HIV/AIDS.
·       Be om at slaveri skal bli meldt, pådømt og straffa, og at denne grove synda skal få ein rask avslutning.
·       Be om modige kristne som vil reisa inn i landet som misjonærar.
·       Omtrent heile befolkninga må sjåast på som unådde. Be om at evangeliet om nåden i Jesus Kristus må nå inn til dei og forvandla dei, og at folket skal bli disippelgjort.

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...