søndag 20. mai 2018

Dagens unådde: Bugis i Indonesia

Bugisfolket tel 5,5 millionar menneske og bur sør på Sulawesi.
Dei lever av shipping, fiske, fiskeindustri og gruvedrift. Men alle sektorar treng modernisering og ny finansiering.
Religion: Islam med sterke innslag av animisme.
Språk: Bugis
Heile Bibelen er tilgjengeleg på språket deira.

Kjære Herre Jesus Kristus! Må frelsens gåve bli rekt ut til Bugisfolket i Indonesia, og må dei gripa deg med heile seg og ta deg inn i hjarto sine og erfara fridom og håp i liva sine. Løys dei frå islams lenker og animismens barnelærdom. Amen! 



Etiopia


Etiopia har ein lang kristen tradisjon heilt attende til apostelkyrkja, og ligg som ei kristen øy i eit hav av islam. 
Det bur nesten 100 millionar menneske i Etiopia fordelt på 113 folkegrupper som snakkar 88 ulike språk. 
Landet dekker eit område på 1000 000 km2.
Offisielt språk er amharisk. 
Det er mange fattige menneske i Etiopia, eit resultat av tørke, krig, korrupsjon og duglaust leiarskap. 
Dei siste åra har det likevel vore ein betring i den økonomiske utviklinga. 
60,68% av innbyggjarane er kristne, nesten 20% evangeliske.  
Kyrkjeveksten dei siste 70 åra har vore formidabel. Den austafrikanske vekkinga er ei djup og varig elv som spreier seg ut til stadig fleire folkeslag.
Under forfølginga under Mengistu sitt marxistiske regime frå 1975 til 1991, samla dei evangeliske kristne leiarane deg i Evangelical Churches Fellowship (ECFE) for å leggja opp ein strategisk plan for evangeliseringen av landet. For trass i høg prosent kristne, er det svært mykje avgudsdyrking og synkretisme mellom folk. 
Berre 3% av dei evangeliske kyrkjelydane er misjonale.
Islam trykkjer på. Med Saudi-Arabisk finansiering blir det bygd moskèar over alt, dei grev ut brønnar for folk og tilbyr undervisning, og muslimane prøver å hindra det kristne misjonsarbeidet. Likevel er det ein trend at mange muslimar oppdagar at Jesus er Guds Son og verdas frelsar, og blir kristne. 
70% av alle kristne i Etiopia er under 30 år, men kyrkjene sviktar i disippelgjeringa av desse skarane av unge menneske. 
Språkrikdomen er også ei utfordring, og det krevst mange nye bibelomsettingar. 35 prosjekt er i gong. 17 språk er på vent. 
Det nasjonale bibelselskapet har ein ambisiøs bibelspreiingsplan som treng finansiering. 
  • Be om at landet skal bli spart for krig og konflikt, at det skal koma nok regn og at avlingane skal vera gode. 
  • Be om Gud skal halda fram med å ausa Anden sin ut over Etiopia, at landet skal rekka hendene sine opp til Herren, som me les i Salme 68.
  • Be om at kyrkjene gjev disippelgjeringa av unge truande topp prioritet dei komande åra. 
  • Be om at barna skal få skikkeleg skulegang, og at det skal vera jobbar for dei etter endt utdanning
  • Be om at det skal startast bibelomsettingsprosjekt i alle språk der det er behov. 
  • Be om god finansiering av Bibelselskapet sin plan om å distribuera biblar til alle i landet.
  • Be om at det skal produserast god kristen litteratur som kan nyttast i evangeliseringsarbeidet, og solide bøker som kan utdanna, oppbygga og utrusta dei kristne. 
  • Be om at kyrkja skal reinsast for grådighet, seksuell umoral, maktsykje, konfliktar, avgudsdyrking og synkretisme.
  • Be om at kyrkja skal stå opp mot trykket frå islam, tola forfølging og driva effektiv misjon blant muslimar. 
  • /ul>





onsdag 9. mai 2018

Danmark

I Danmark bur det 5,4 millionar menneske. Kristendomen er majoritetsreligion. 85,3% tilhøyrer ei kristen kyrkje, dei fleste Den danske folkekyrkja. Storparten av desse er nominelle. Ein reknar med at 3,5% av befolkninga er evangelisk kristne (2010). Misjonsbehovet i landet er stort. Eg registrerer gjennom den kristne vekeavisa Udfordringen at det skjer mykje positivt mellom dei evangelisk kristne i desse dagar. Det er mykje fokus på "healing in the street", og det er mange vitnemål om at Gud er ein Gud som elskar danskar og som lækjer og frelser.
Det er stor mangel på kristne leiarar i Danmark, særleg i frikyrkjene.
Folkekyrkja er prega av bibeloppløysande teologi. Ho har mista krafta si. 
Heilt frå 70-talet av har Danmark vore eit liberalt land med tanke på bruk av narkotiske stoff og når det gjeld seksuell umoral. 
Dei siste åra har har innvandringspolitikken blitt blant dei strengaste i Europa. Framandfientlege haldningar brer om seg. 

  • Be om at Danmarks sanne kristne må finna saman og leggja opp ein felles strategi for gjenkristninga av landet sitt.
  • Be om at Danmarks kristne må leva nært Gud, og vera i stadig fornying. 
  • Be om at dei skal representera Guds internasjonale anliggjande på ein god måte.
  • Be om at dei må sjå på flyktningar og innvandrarar som ei naturleg målgruppe for misjon.
  • Be om at Gud må ausa Anden sin ut over det danske folket, reinsa landet frå synd og fylla det med sin kjærleik.






fredag 4. mai 2018

Kroatia

Folketal: 4,2 millionar fordelt på 24 folkegrupper som snakkar 22 språk. Nasjonalt språk: Serbo-kroatisk. 91% i dette landet er kristne, og dei aller fleste tilhøyrer den romersk katolske kyrkja. Berre 0,4% er evangeliske (pinsevener). Hovudstad: Zagreb. Frå 1992 til 1998 var landet djupt involvert i krigen på Balkan. Kroatiske soldatar slost både mot bosniske og serbiske hærstyrkar. Kroatarar utførte krigsbrotsverk, og var utsette for krigsbrotsverk. Såra etter borgarkrigen er enno djupe i folket.  Mange flykta til andre land, særleg tok Sverige imot mange kroatarar.
Den kroatiske økonomien er stor grad bygd opp rundt turisme. 70% jobbar i tenesteytande næringar. 2% jobbar innan jordbruket og 27,6% i industrien (kjemisk, maskin, metall, petroleumsprodukt,  papir, møblar m.m).
Arbeidsløysa har vore høg over lang tid (13,9%). Men økonomien er i betring etter kraftig nedgang i 2008. No er veksten på 6% årleg.
Kroatia har ein rik historie som er synleg over alt.
Under 2.verdskrigen var landet alliert med Tyskland.
Mellom dei unge er det eit omfattande narkotikamisbruk.

Herre! Du som har fått all makt i himmel og på jord, gjer, gjennom forkynninga av ditt ord, og gjennom den kjærleiken som dine truande praktiserer og demonstrerer, for alvor di makt gjeldande i Kroatia . Læk alle hjarter som enno blør etter krigens brutale hendingar og meiningslause tap. Tilgje dei alle synder som pregar liva deira, hat, stolthet, uforsonlegheit, abortinngrep, ytre religiøsitet og meir til. Audmjuk hjarto deira og gje kyrkja kompetanse til å disippelgjera folket. Må du overausa dei unge med din kjærleik og fri dei frå trongen etter rus, og me ber om at narkotiskamarknaden skal tørka bort i Jesu namn. lat næringslivet skal ta seg opp og gje arbeid  og opplæring til dei unge, gje landet eit godt politisk leiarskap som lever for folkets vel og ikkje sine eigne interesser. Må det også vera slik i kyrkja og i næringslivet. Amen!


onsdag 2. mai 2018

Elfenbeinskysten



Innbyggjartal: 22,7  millionar. fordelt på 108 folkegrupper som snakkar 93 språk. I år 1900 var 5% muslimar, men no er denne delen auka til over 42%, og prosenten aukar raskt pga innvandring frå nord. Dette er ei stor misjonal utfordring. Prosentdelen kristne er 33,6. 10,6% er evangelikale. Desse kyrkjene hadde ein oppmuntrande vekst på 1990-talet. Blant dei kristne er det den romersk katolske kyrkja og metodistane som er størst. Berre i hovudstaden er det 3000 kyrkjer. Alle denominasjonar har kvar sitt teologiske seminar.

Både kristne og muslimar er sterkt infiltrert av animisme. Fetisjisme, fedredyrking og anna okkult praksis er i stor grad praktisert blandt folk i kyrkjene, og falsk lære er eit stort problem. Framgangsteologi og fokus på mirakler har ein tendens til å fortrenga forkynninga av dei grunnleggjande kristne sanningane. Jesus som person kjem i skuggen av det folk forventa at han skal gjera for dei.   Dei evangelikale tek no tak i denne utfordringa.

Dei nasjonale kristne har omtrent ingen inngang mellom muslimar pga fientlege haldningar. Muslimane må vinnast av kristne som kjem utanfrå for å leva ut og demonstrera Kristi kjærleik  mellom dei. Dei religiøse frontane følgjer ofte også etniske grenser, og dei etniske konfliktane har vore djupe og blodige. Det er stor grad av religionsfridom i landet, og dette gjev kyrkjer og kristne organisasjonar stor fridom til å verka, og resultata har vore store og gode spesielt på skular og universitet.

HIV/AIDS er eit stort problem. Over 1 million menneske er smitta, dei aller fleste kvinner.


Gode Far! Må ditt rike gå fram i Elfenbeinskysten, og må di kyrkje bli planta og veksa seg sterk og sunn i alle etniske grupper,  byar,  regionar og lokalsamfunn, og må din herlegdom dekka Elfenbeinskysten som vatnet dekker havbotnen.
Aus Anden din ut over alle menneske i dette landet slik at dei kan tru på Jesus, elska han og tena ham med kraft og glede. 
Skap forsoning og fred mellom sør og nord, mellom muslimar og kristne, og må kristne vakna opp og sjå sitt ansvar med tanke på å vinna dei muslimske landsmennene sine for Kristus. Fjern frykten som dei kjenner på, ansvarleggjer dei og hjelp dei å nærma seg sine muslimske naboar. 
Kall dei kristne til å venda om frå okkulte praksisar og fri dei ut av djevelens makt på alle livsområder. 
Gje kyrkjene leiarar med stort format og god karakter, åndsfylte kvinner og menn som kjenner deg, di kraft og ditt ord, og som trufast følgjer deg i alle ting.
Gje 
Elfenbeinskysten gode og rettsindige leiarar som elskar deg, og som i si gjerning hentar inspirasjon, kraft og rettleiing frå Bibelens ord.
Gje landet eit sunt og godt næringsliv og ein blomstrande økonomi, og må dine goder bli fordelt på rettferdig vis.

Må evangeliet nå fram til alle unådde folkegrupper i landet, og Bibelen bli omsett til alle levande språk der omsetting er naudsynt. 
Sjå i nåde til alle som er AIDS-sjuke, gje tru, håp og lækjedom.
Må du gode Heilage Ande setja opp ein bibelsk standard for omgang mellom kvinner og menn, slik at  spreiing av alle veneriske sjukdomar blir stoppa i Jesu namn.
Må alle foreldrelause i landet bli tekne hand om av gode vaksne, og ikkje bli utsette for slaveri og misbruk.
Vern 
Elfenbeinskysten mot krig, naturkatastrofer, hungersnaud og dyrtid. Gje alle menneske i landet del i di lukke, gjer dei til gode og ansvarlige medmenneske, og vern dei mot djevelens vondskap og alle hans lumske planar.
Riket er ditt, og makta og æra i all æva. Amen!





tirsdag 1. mai 2018

Unådd folkeslag: Shanyan i Kina (Tibet)



Shanyan lever i svært vanskelegt tilgjengelege områder i Tibet. Dei er berre 25000 menneske, og er fullstendig neglisjert av den kristne kyrkja.
Dei er buddhistar, og har som alle andre buddhistar svært vanskeleg for å tenkja seg at verda er skapt av ein personleg, allmektig og god Gud som det går an å bli kjent med og få alt godt gratis frå.
Ingen utanforståande anar kva språk desse folka snakkar.

Kjære Far! Sjå i nåde til shanyanfolket i Kina, og lat dei gjennom modige og gode kristne få høyra om Jesus slik at dei kan læra seg å tru på han og elska han av heile sitt hjarta. Løys dei frå buddhismen sine løgner, og lat dei få erfara gleda ved di tilgjeving og krafta i Den Heilage Ande. Amen!

Legg til bildetekst

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...