mandag 7. september 2026

Dagens nasjon: Mosambik

 


Mosambik ligg på austkysten av Afrika, og har 35 632 000 innbyggjarar. 46% er kristne. Dei fleste katolikkar. 11% er evangeliske. 

Hovudstad: Maputo.
Næringsliv: Småskala jordbruk. Naturalhushald. 

Takk Gud for styresmakter som jobbar aktivt for å styrka menneskerettane og demokratiet i landet. Under og etter borgarkrigen (som tok slutt i 1992) har evangeliet spreidd seg med rekordfart til stadig nye folkegrupper. 

Når det gjeld utvikling, er behova i Mosambik framleis store og djupe. 

Be om effektive og praktiske program som kan hjelpe dei som lever i den mest alvorlege fattigdomen. HIV/AIDS er ei stor utfordring, med 12 % av den vaksne befolkninga som er HIV-positive.

Malaria er endå verre, med over 5 millionar tilfelle kvart år. Sjukdomar som diaré og tuberkulose gjer situasjonen endå verre. I tillegg har vald og ekstrem fattigdom ført til at mange menneske er emosjonelt eller psykisk knekte.

Be om at ein effektiv vaksine mot malaria snart må vera tilgjengeleg

Ein nyare trussel er den islamistiske terrorgruppa IS-CAP (Islamic State Central Africa Province), som spreier drap og øydelegging i eit hovudsakleg muslimsk område i nord, og særleg går etter kristne. Samstundes gjer stadig kraftigare syklonar og tørke lidingane i landet verre. 

Be om Guds miskunn over dette hardt prøvde landet!


Dagens norske kommune: Båtsfjord i Finnmark

 



Innbyggjarar: 2100
Kommunesenter: Båtsfjord
Næringsliv: Fiske og fiskeforedling

Kyrkje og kristenliv: Den norske kyrkja (DNK) har 3 gudshus, ei kyrkje og to kapell.
Kyrkjelydsbladet deira fortel om mykje arbeid mellom barn og unge. 
Elles merka eg meg at den kristne bodskapen var vanskeleg å finna i dette bladet. 
Utanom DNK har eg funne ei pinsekyrkje i kommunen: Sion Båtsfjord.

Herre, du veit korleis det står til i Batsfjord, og kor mange av dei som bur der som tilhøyrer deg. Me ber no: Send arbeidsfolk ut til din haust i Båtsfjord. Må alle som bur der få eit levande møte med deg slik at dei avskyr syndene sine og vender om til deg eit heilt hjarta. Velsign barna og unge i kommunen slik at dei kan veksa opp i gode, varme, stabile og rusfrie heimar. Vern alle som har sitt yrke på havet, og lat dei alltid koma heim til familiane sine etter endt turar. Amen! 



lørdag 29. august 2026

Kong Haakon VIII

 

Kong Haakon VIII

Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og me ber om at du skal gje han visdom og styrke til å utøva embetet sitt med truskap, først og fremst i forhold til deg og ditt ord, men også i forhold til folket og dei folkevalde. Me ber om at han skal henta  lys, inspirasjon, kraft og korreksjon ved dagleg bibellesing, og gjer du han til eit godt forbilde for alle som bur her i dette landet. Amen! 

Kong Harald er død

 

Kong Harald 1937-2026

Gode Far i himmelen! Takk for alt du gav oss nordmenn gjennom kong Harald. Han var så omtenksam, humørfylt, trufast, venleg og omsorgsfull. No ber me om at du skal trøysta og styrka dronning Sonja, kong Håkon, prinsesse Märtha Louise og resten kongefamilien i sorga etter ein så god mann, far, bestefar og svigerfar som gamlekongen var.  Må dei i denne tida venda seg til deg av heile sitt hjarta, du som er all trøysts Gud,  Gje kong Håkon  all den styrke og visdom han treng når han no går inn i sin nye gjerning som Noregs konge. Må han vera leida av din Ande, søka visdom i ditt ord, vera tydeleg og klar i sitt kristne vitnemål og lukkast i alt han tek seg fore. Amen! 

mandag 17. august 2026

Dagens norske kommune: Berlevåg i Finnmark

 


Kart: snl.no

Berlevåg er ein liten kommune med kun 860 innbyggjarar. 
Næringsliv: Fiske og fiskeindustri
Så langt eg kan sjå er kyrkje og kristenlivet i kommunen avgrensa til Den norske kyrkja. Berlegvåg kirke har ei FB-side som syner god aktivitet, ein kyrkjelyd som elskar å samlast for å spela brettspel, gå på turar saman, og som er glad i å høyra på Håkon Fagervik. Bra kombinasjonar alt saman. 

Gode Gud! Me takkar deg for alle dine barn i Berlevåg, og alt det gode dei held på med. Hjelp dei å leva i fornying kvar dag, og fungera som Jesu disiplar i kvardagen. Må hjarto deira vera varme, og frimodige i sitt vitnemål, og me ber om vekking og vekst for ditt rike i denne kommunen. Amen! 






mandag 10. august 2026

Dagens unådde folkeslag: Mongolar i Kina (Perifere mongolar)

 

Foto: Montesclelia- Pixabay

Folketal: 5 545 000 

Religion: Buddhisme 

 Språk: Mongolsk 

 Mongolane i Indre Mongolia er kjende for si motstandskraft i møte med harde vintrar og for det djupe bandet dei har til landet og dyra dei held. Tradisjonelt har dei budd i jurter, drive med buskap og trena hestar som står sentralt i livsførselen deira. Born lærer å ri nesten før dei kan gå, og ridekunsten er ei kjelde til stoltheit som går i arv frå generasjon til generasjon. Med så mange som 60 mongolske undergrupper, er kulturen deira mangfaldig. Evangeliet har nådd inn til nokre av desse dei siste 30 åra.

Tenesteutfordringar
Sjamanistiske praksisar står framleis djupt rotfesta blant mongolarane, og formar verdsbiletet og det åndelege livet deira. Desse tradisjonane kan vere hinder for evangeliet og må møtast med vedvarande bøn og trufast vitnemål.

Bibelvers i fokus
«Men dette vil eg leggja meg på hjartet, difor har eg von: Herrens miskunn er ikkje forbi, hans nåde tek ikkje slutt. Kvar morgon er ho ny, stor er di truskap. Herren er min del, seier mi sjel, difor ventar eg på han.» Klagesongane 3,21–24


Be om at medlemmar av denne folkegruppa snart vil ta imot Herrens kjærleik og medkjensle. Be om at dei skal bli ein del av hans arv.

Be om at mongolarane skal søkje Den Heilage Andens kraft i staden for å stole på sjamanar for rettleiing og vern. Be Gud reise opp truande frå kvar mongolsk stamme som ein dag skal stå saman framfor Kristi trone. Be om at JESUS-filmen og andre evangelieressursar vert omsette til mongolske dialektar og vert spreidde vidt, slik at bodskapen om håp når ut til kvar krok av landet deira.

kjelde: joshuaproject.net

Dagens nasjon: Latvia



Folketal: 1 854 000
Største religion: Kristendom (60%). Dei fleste tilhøyrer den lutherske kyrkja. Andre er russisk ortodokse. 

 Etter tiår med kommunisme førte Sovjetunionens fall til eit moralsk vakuum i Latvia, som raskt vart fylt av opportunistiske og negative krefter. Narkotika- og alkoholmisbruk, sexhandel, abort og sjølvmord tok seg kraftig opp, men har heldigvis gått ned etter det. Som medlem av Den europeiske union har Latvia klart seg relativt bra når det gjeld teknologi og utvikling, men det er framleis ei tomheit som ingen velstand kan fylle. Latvia treng forbøn for dei djupare og evige behova i folket

Gode Gud!

Takk for kyrkja di i Latvia. Forny henne ved ditt ord og din Ande. Gjer henne til eit sterkt lys i denne nasjonen, eit lys som kan føra befolkninga til tru på Jesus. Du ser alle dei behova som finst i dette landet. Møt folk der dei er, og vis deg som deira Gud. Me ber om ei omfattande og varig vekking i dette landet, og at du løftar alle som sit fast i synd og elendighet ut av hengemyra, og set føtene deira på fjell. Amen! 

Kjelde: operationworld.org

lørdag 8. august 2026

Dagens unådde folkeslag: Rajaka Dobi i India, Sri Lanka, Pakistan, Bangla Desh og Nepal

 


Rajaka Dhobi tel omlag 13 millionar mennske. 
Dei aller fleste bur i India og er hinduar. 
Det er ikkje registrert kristne frå dette folket. 

Bøn:
Gode Gud! Det er på høg tid at lyset ditt når fram til Rajaka Dhobi, opplyser hjarto deira og frelser dei frå synd, skuld og skam. Løys dei i Jesu namn frå alle løgngudane som dei tilber, og gje dei å bøya seg for deg, du som er den einaste sanne Gud. Reis Rajaka Dhobi opp til å bli eit folk som formidlar din kjærleik, dine sanningar og di kraft til Indias mange fortapte og forkomne. Det ber me om i Jesu namn. Amen! ¨

Kjelde: joshuaproject.net


Dagens nasjon: Kirgisistan

 


Folketal 7 295 000
Hovudstad: Bisjkek
88,7% er muslimar
5,3% kristne. Flest ortodokse
0,7%  er evangeliske kristne
Folkegrupper: 28 
Språk: 9


Regjeringa treng mot, ressursar og til og med mirakel for å få orden på økonomien og samfunnet. Regima som kom etter kommunismen har til no berre ført med seg meir korrupsjon, kriminalitet og fattigdom. Mange folk flyttar frå landsbygda til byane, noko som fører til store slumområde i Bisjkek. Andre reiser ut av landet for å finne arbeid. Be om at kristne må finne gode, lovlege jobbar. Høge tal på alkoholisme, narkotikahandel, spel og prostitusjon skaper store utfordringar. Dei fattige, eldre og funksjonshemma lir mest. 

Kjelde: Operation World

Be om at truande kan møte desse utfordringane, og påverke samfunnet og økonomien på ein positiv måte.

søndag 19. juli 2026

Storbrann i Drammen

 Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. 

Det er vanskeleg å vita kva ein skal be om for dei som er råka. Men i alle fall dette at alle får skikkelege forsikringsoppgjer, og at dei som er trumatiserte får adekvat hjelp. 

søndag 12. juli 2026

Kristen You-Tubar dømt til fem års tvangsarbeid i Egypt



Den egyptiske koptiske kristne YouTubaren Augustinos Samaan har anka dommen på fem år med tvangsarbeid etter å ha blitt dømd for «forakt for religion» fordi han delte evangeliserande videoar om kristendommen på nettet. Saka hans har vekt internasjonal uro for trusfridomen, og mange oppmodar til bøn og rettferd for Augustinos . Lat oss hugse på våre forfølgde brør og systre i Kristus. 

Hebrearbrevet 13,3

Gode frelsar!

Me takkar deg for Augustinos Samaan, og for den tenesta han har fått stå i.

Me ber om at egyptiske styresmakter skal få kjenna på så pass kraftig press frå omverda av dei set han fri frå fangenskap.

Bevar han i trua på Jesus midt i trengslene som er komen over han.

Må det som no har skjedd, føra han nærare deg, og føra til framgang for evangeliet i Egypt. Amen


lørdag 11. juli 2026

Indonesia. Sulawesi

 


Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høglanda. Valdelege konfliktar mellom muslimar og kristne på 1990- og 2000-talet førte til at over 1 000 menneske miste livet.
Kristne opplever å bli urettferdig behandla og strengt straffa. 

Be om at dei må svare på ein Kristus-liknande måte. 

Bibelomsetjing er ei enorm og uferdig oppgåve. 

Be om at innsatsen på dette området skal aukast slik at  det blir sett i gong prosjekt i alle språk der det trengst omsetting.  

Be om at dei mindre nådde muslimske Bugis-, Makassar- og Gorontalo-folka slaø bli tilgodesett med evangeliet. 

Makassar-folket er ei av få sterkt muslimske grupper som har vist noko respons på evangeliet.

Be om at heile folket skal bli gripne av Kristus. 

Kjelde: operationworld.org

Dagens unådde: Hemat Baggara i Chad

 


Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgjengeleg i tekst og lyd, likeeins Jesusfilmen. Dei lever som nomadar, og er vanskelege å nå for misjonærar. 

Me ber, gode Gud, at ditt lys skal begynna å skina for Hemat Baggara, at dine tenarar skal nå ut til dei med evangeliet om Jesus, og at dei skal forstå at di frelse er ei gåve dei må ta imot i tru. Takk at dei har tilgang til Bibelen på sitt eige språk, og me ber om at dei skal oppdaga denne fantastiske boka di slik at dei kan seia med folket ditt at "me med glede vil drikka av frelseskjeldene dine!" Amen! 

Kjelde: joshuaproject.net

Gamvik i Finnmark

 




Folketal: 1000

Kommunesenter: Mehamn

Næringsliv: Fiske og fiskerirelaterte næringar

Det er lite å finna om kyrkje og kristenliv i Gamvik. Kommunen har tre kyrkjer. Ein god del kristent arbeid har vore relatert til Indre sjømannsmisjonen. Mehamn bedehus (reist av Svenn Foyn) og Gamvik kyrkje vart brent ned av tyskarane i 1944. 

Gode Gud! 

Må ditt rike gå fram i Gamvik kommune, og må menneska der bli møtt av ditt kall til omvending og tru. Må dei truande samlast i nære fellesskap, og oppmuntra og trena kvarandre til å leva disippellivet ut i kvardagen. Må barn og unge veksa opp i rusfrie miljø, læra å brødfø seg godt og leva respektfulle liv. Me ber om godt fiske, nok arbeid til folk og god skatteinngang for kommunen. I Jesu namn, amen! 

mandag 22. juni 2026

Lebesby i Finnmark

 



Lebesby er den nordlegaste kommunen i Noreg.
Folketal: 1200
Kommunesenter: Kjøllefjord 
Næringsliv: Fiske og fiskeforelding
Kyrkje og kristenliv: Det er to kyrkjer og eit kapell i kommunen, samt eit bedehus i Kjøllefjord. Det er lite å finna om kvaliteten på det åndelege livet der. 

Herre Jesus! Me ber i dag om at du skal styrka og fornya dei truande i Lebesby. Gje dei gode åndelege leiarar som kan inspirera dei til å leva deg nært, og leva som dine læresveinar. Me vil be om sterke kristne fellesskap og nye kyrkjeplantingar i kommunen.  Må barn og unge i Lebesby veksa opp i gode, trygge, varme og rusfrie heimar. Velsign alt ærleg arbeid, må fiske vera godt, og må fiskarane leva gudfryktige liv. Amen!




tirsdag 9. juni 2026

Tenåringsjenter i Nepal utsette for eggran

Førestell deg å vere 17 år gammal, bli teken med til ein fertilitetsklinikk kvar dag utan at foreldra dine veit om det, og utan å eigentleg vite kva som skjer med kroppen din.

Det var dette som hende med to tenåringsjenter i Nepal.

Dei vart funne gjennom annonser på sosiale medium, kontakta av agentar, og frakta til ein fertilitetsklinikk i Katmandu. Over ti dagar fekk dei daglege hormoninjeksjonar, menstruasjonssyklusen deira vart overvaka, og til slutt vart dei lagde i narkose slik at egga deira kunne bli operert ut.

Sjølv om det ikkje finst spesifikk informasjon om korleis dei henta egga skulle brukast, var det tydeleg at dei skulle nyttast i assistert befruktning.

Eggdonasjon er ofte kommersialisert, der tiltenkte foreldre betaler for egg, og det har vore mykje uro kring den auka risikoen for utnytting i delar av den utviklande verda.

På ikkje noko tidspunkt fekk jentene korrekt eller alderstilpassa informasjon om kva prosedyren gjekk ut på, kva føremål ho hadde, risikoen, eller dei mogelege konsekvensane. Dette er eit brot på Etikkreglane til det medisinske rådet i Nepal, som seier at informert samtykke er eit krav for alle medisinske inngrep, og at for mindreårige er samtykke frå foreldre eller føresette obligatorisk.

Prosedyrene vart gjennomførte utan at foreldra til jentene visste om det på førehand, og identiteten til både jentene og foreldra deira vart endra, og alderen deira vart feiloppgitt i offisielle dokument.

I etterkant fekk familien til ei av jentene utbetalt tilsvarande 69 dollar ...

Jentene hadde det ikkje bra. Dei opplevde kraftige blødingar, tap av matlyst, og psykisk stress. Foreldra deira leverte straks inn straffeklage, men påtalemakta nekta å gripe inn, og sa at det ikkje fanst nokon lov som eksplisitt forbød det som hadde skjedd.

Det svaret var ikkje godt nok. Difor gjekk våre allierte til høgsterett i Nepal.

Dei ber dommarane om å anerkjenne det som vart gjort mot desse jentene for det det er: menneskehandel med barn, seksuell vald, og reproduktiv utnytting. Dei utfordrar òg styresmaktene si unnlatingssynd i å lage eit skikkeleg lovverk som kan verne andre barn mot å oppleve det same.

Retten har allereie innført eit mellombels forbod mot egguttak frå mindreårige medan saka blir behandla. Det er eit steg framover, men det er ikkje rettferd enno.

Rettferd betyr at dei som gjorde dette, blir haldne ansvarlege. Det betyr at Nepal får ein lov som seier at ingen barn nokon gong kan bli behandla slik igjen. Og det betyr at desse to jentene, og alle jenter som dei, veit at nokon kjempa for dei.

Desse jentene fortente å bli verna før noko av dette hende. Vi kan ikkje endre det dei har opplevd, men vi kan sørgje for at saka deira endrar framtida for barn som kjem etter dei.

Det er ADF Internationalt som står bak denne teksten. 

Be om at unge jenter i fattige land skal bli effektivt beskytta mot denne type overgrep. 

mandag 1. juni 2026

Tyskland del 1

 



I Tyskland bur det 84 075 000 menneske. 52,7 prosent er "kristne". 2,1% evangeliske kristne. Hovudstad: Berlin

Millionar av innvandrarar, gjestearbeidarar, studentar og flyktningar har kome til Tyskland sidan 1989. Mange kjem ulovleg, og nokre har samband med internasjonale kriminelle nettverk. Nokre er livskraftige kristne, men dei fleste kjenner ikkje evangeliet. Tysklands generøse openheit (og trongen for større arbeidsstyrke) kom særleg til syne gjennom det store talet på migrantar som kom som følgje av migrantkrisa i 2015 og seinare. Det tyske samfunnet og styresmaktene strevar med å reagere godt på denne enorme tilstrøyminga av menneske, og nokre har reagert med vald eller bitterleik mot innvandrarar, særleg i aust. Likevel er dette ei utruleg misjonsmogelegheit. Be for:

  • Fleire kyrkjer blant mange framande folk (asiatiske, afrikanske, latinamerikanske, europeiske). Kristne tyskarar må gripe denne opne døra til å dele evangeliet! Be òg for innvandrarkyrkjer om å nå ut tverrkulturelt til vertslandet sitt og til andre migrantnaboar.
  • Internasjonale studentar (460 000, eit av dei høgaste tala i verda). Mange kjem til Tyskland utan forståing av evangeliet eller tidlegare møte med kristne.
  • Muslimar (over 5 millionar, frå meir enn 40 nasjonar). Dei bur ofte i nabolag med sine eigne folk, og integrerer seg ikkje i det tyske samfunnet. 4 000–5 000 kjem til tru på Kristus kvart år (og talet aukar), men 1 000 eller fleire etniske tyskarar konverterer til islam kvart år. 
  • Dei minst nådde folkegruppene. Be for arbeid blant dei 2,5 millionane tyrkarane og opptil 1 million kurdarar. Be òg for iranarane (100 000), nordafrikanske arabarar og berbarar (300 000), og bosniske muslimar (285 000). Syriske flyktningar utgjer størstedelen av den nyaste bølgja, og talet låg i hundretusenvis per 2016.
Kjelde: Operation World

Dagens unådde: Kashmirfolket i India og Pakistan

 



Kashmirane bur i Kashmir, det omstridte fjellområdet mellom India og Pakistan. 
Dei tel 8112 000 menneske, snakkar kashmiri og er muslimar. 0,00% er kristne. Heile Bibelen er oversett til kashmiri, og det er ein kjemperessurs med tanke på framtidig misjon i denne folkegruppa. 

Herre Jesus! Gjennom Sakarja sa du at i dei (siste) dagane skal mange (alle) folk bli sameinte i deg og kallast "ditt folk". Me trur og veit at også kashmirfolket snart skal haustast inn. Å Gud, må det skje i vår tid. Driv arbeidsfolk ut til din haust i Kashmir. Aus Anden din ut over dette folket slik at dei ser at du er den einaste levande Gud og frelsar frå synd. Me ber om fortgang i misjonsoppdraget. Me ber om brennande og villige hjarto. Me ber om pionerånd i ditt folk. Velsign Kashmir med fred, politisk og åndeleg. I Jesu namn, amen! 

Kjelde: joshuaproject.net


søndag 31. mai 2026

Porsanger i Finnmark

 

Folketal: 3900
Kommunesenter: Lakselv
Næringsliv: Jordbruk, reindrift, grafisk industri, bygg og anlegg. 
Kyrkje og kristenliv: DNK har to kyrkjer og to kapell. Zion Lakselv er ei pinsekyrkje. NLM er representert med ei forsamling i Lakselv. 
Porsanger har historisk vore kjerneområdet i Noreg for den læstadianske vekkinga. Enno er kristenlivet prega av denne trusretninga. I kommunen blir det halde gudstenester både på norsk, samisk og kvensk. 
Zion er aktivt med i rørsla "Bønn for Finnmark." 

Takk, Gud for ein rik åndeleg historie og arv i Porsanger, og me ber om at dei kristne glørne som måtte vera att i kommunen skal flamma opp, og at befolkninga der blir djupt berørt av evangeliet om Jesus. Fyll dine barn med ånd og kraft slik at dei frimodig vitnar om Jesus i kvardagen. Må Anden kvila over bygdane og hjelpa folket å forstå Guds ord slik at dei kan venda om frå sine synder og bli frelst. Me ber om at Porsanger skal vera ein god kommune å veksa opp i, at heimane skal vera varme og gode, at ektefolk skal halda saman og at befolkninga skal vera edrueleg. Me ber også om gode politiske og administrative leiarar, om eit rikt næringsliv og gode økonomiske kår. Amen! 




Martyrkyrkja: Nye forfølgingar i Chattisgarh, India

 

Bilete: VOM

Om morgonen den 10. mai reiste medlemmar av ei hinduistisk nasjonalistisk organisasjon til Dhamtari i Chhattisgarh for å forstyrre fleire gudstenester, der dei konfronterte pastoren i kyrkjene verbalt og kravde å få sjå identitetspapira deira. I nokre tilfelle var også politiet til stades for å overvake situasjonen.

Angriparane, som er medlemer av organisasjonen Hindu Jagran Manch, skulda forsamlingane for å halde «lækjedomsmøte» som eit skalkeskjul for misjonsverksemd og omvendingsaktivitetar. Dei oppmoda styresmaktene om å handheve den nye lova i staten mot tvungen omvending strengt; lova tok til å gjelde tidleg i april. 

Lovgiving mot omvending i India har ofte vorte brukt til å skremme og trakassere kristne over heile landet. I ein annan hending i same delstat vart ei kristen familie i landsbyen Madgaon brutalt angripen 9. mai av to menn som konfronterte dei truande medan dei hausta mangoar. Som følgje av konfrontasjonen fekk dei fem familiemedlemmene alvorlege skadar og trong medisinsk behandling ved eit lokalt sjukehus.

Dei råka truande fekk høyre av angriparane at dei ikkje hadde rett til å bu i landsbyen på grunn av at dei hadde vendt om til kristendommen. Før dette hadde dei kristne i fleire månader jamleg møtt ulike former for trakassering og trugsmål, inkludert krav om at dei skulle forkaste trua si eller verte drivne bort.

Pastor Simon Digbal Tandi frå Progressive Christian Alliance har peika på ein monaleg auke i åtak mot medkristne i Chhattisgarh sidan den nye lova vart vedteken. «Nesten annan kvar dag høyrer vi om slike hendingar i staten, noko som skaper uro for folket vårt som bur i landsbyane», rapporterte han. Desse aukande åtaka skjer i ein delstat som allereie ligg på andreplass i landet når det gjeld vald mot kristne. 

Lyft i bøn opp den skadde familien i Madgaon, og be Herren om naudsynt lækjedom, trøyst og visdom medan dei no vurderer dei neste stega sine.

Måtte faktisk Guds kjærlege leiing, vern og fred rå over alle kristne i Chhattisgarh, der livet deira blir påverka av den aukande motstanden.

Be om at dei styrande leiarane i India får ei betre forståing av dei mange utfordringane religiøse minoritetar står overfor, og difor vert rørsle til å etablere politikk som vil støtte fridomane og rettane til alle borgarar.

Kjelde: persecution.net

Martyrkyrkja: Tre kristne slakta og 15 kidnappa i Nigeria

 


Tre kristne vart drepne og 15 andre kidnappa då væpna menn gjekk til åtak på ei bønnevake natt til 23. mai. Minst 10 angriparar trengde inn i samlinga i lokalsamfunnet Ori-Oke Ajaiye, som ligg i utkanten av Ikiran i den vestlege nigerianske delstaten Kwara. Det valdelege åtaket skapte utbreidd terror i heile regionen, og fekk landsbybuar til å flykte for å sikre seg.

Delstatspolitiet er sidan sende til området og gjennomfører no ei samordna redningsaksjon. Politimeisteren skildra åtaket som «barbarisk, hjartelaust og uakseptabelt», og forsikra dei råka familiane om at styresmaktene er fullt ut forplikta til å redde dei bortførte og føre dei ansvarlege for retten.

Per siste rapport er identiteten til gjerningsmennene framleis ukjend. Likevel har liknande angrep over heile Nigeria ofte vorte tilskrivne militante islamske medlemer av det nomadiske fulanigjetar, så vel som terrorgrupper tilknytte IS, som ISWAP og Boko Haram.

Nyleg har USA gått saman med styresmaktene i Nigeria om å gjennomføre razziaer mot kjende ISIS-grupper. I helga 16.–17. mai førte eit felles angrep i delstaten Borno til at den framståande ISIS-leiaren Abu-Bilal al-Minuki vart drepen, saman med fleire andre leiande militante. Ein vonar at desse tiltaka vil bidra til å dempe den pågåande valdsspiralen i denne urolege vestafrikanske nasjonen.

Enno ein gong må me klaga til deg over tapte kristne søsken og spørja: Kor lenge skal desse valdelege gruppene kunna halda på og plaga dine barn? Må denne elendigheten snart ta slutt. Må nigerianske styresmakter få det dei treng for å beskytta kristne, og for å arrestera og rettsforfølga drapsmenn. Amen!

mandag 25. mai 2026

Ebolaviruset herjar i Kongo

 Gode Gud og Far! Me ber deg om at du, i Jesu Kristi namn skal stoppa utbrotet av ebolaepedemien i Kongo. 

177 er døde dei siste dagane av ebolainfeksjon. Dette viruset er svært smittsamt. Det vil ta to til tre månader å utvikla ny vaksine. Det er viktig at dette stoppar før den tid. 


Helsarbeidarar med fullt smittevernsutstyr

TAKK GUD! DEN FORSVUNNE GUTEN I SVERIGE VART FUNNEN KL 13 I NATT.


 

søndag 24. mai 2026

To-åring sakna i Sverige

 Det er VG som melder dette.

Guten vart sist sett kl 10 i føremiddag.

Be om at guten må bli funnet raskt. 


lørdag 23. mai 2026

Martyrkyrkja.: Dømt til 9 år i fengsel for trua si Iran

Ghazal Morvardi vart nyleg dømt til å sona 9 år i fengsel for trua si, og sit i skrivande stund i det berykta Evin-fengselet i Teheran. Der er det harde kår for kvinner, Overgrep er ikkje uvanleg, for å seia det på den måten. Kjelde: Christian Emergancy Alliance

Gode Gud og Far! Fyll henne med tru, styrke, mot, kjærleik, kraft og glede midt i trengslene, og må saka hennar bli teken opp til revurdering av dommarar som er fanga i eit vondsinna system. Må ho møta på nokre venlege folk som ho kan dela sant fellesskap med, og lat ho få vera ein lys på ein mørk plass.  Amen!  
 

torsdag 21. mai 2026

Seks kristne i Kina arresterte for å driva søndagsskule

 


Kinesiske styresmakter arresterte seks søndagsskulelærar i byen Kaili i Guizhou-provinsen tidleg i mai, og tiltalte dei for å ha "organisert mindreårige i ei verksemd som forsstyrrar offentleg ro og orden, og for å ha lagt til rette for at familiar kan tilbe Gud saman.

Her er namna på dei arresterte: 

  • Wei Yongqiang
  • He Jinbao
  • Quan Xiaolong
  • Long Jian
  • Cheng Yongbing
  • Zhou Guixia (kvinne)

Desse arrestasjonane er ein del av styresmaktene sin "sinifiseringspolitikk" der målet er at alle trussamfunn skal innordna seg verdiane til det kinesiske kommunistpartiet. Difor er det forbode å gje barna ei kristen oppseding,  og fortelja dei om Jesus før dei er 18 år. Styresmaktene veit godt at kristendom og kommunisme er inkompatible storleikar. 


Be om at Gud må fylla dei fengsla med styrke til å stå i situasjonen

Be om at dei må få god juridisk hjelp.

Be for alle kristne i Kina som trufast arbeider for å disippelgjera barn. 

Be om at den kristne vekkinga i Kina skal halda fram med uforminska styrke i åra som kjem

Kjelde: persecution.net

Martyrkyrkja: Kristen lærar bortført, drepen og halshogd i Nigeria

 


Michael Oyedokun, ein kristen mattelærar i Nigeria, vart drepen etter å ha vorte bortført under samordna åtak mot skular i Oriire lokalstyreområde i Oyo delstat.

Ifølgje lokale kjelder storma væpna menn tre skular langs Ahoro-Esinele- og Yawota-aksen nær Ogbomoso 15. mai og bortførte sju lærarar og fleire elevar. Vitne fortalde at gjerningsmennene kom på motorsyklar og flykta inn i skogsområde i nærleiken etter å ha teke offera.

Nokre dagar seinare spreidde det seg ein video på nettet som synte å visa at Oyedokun vart halshogd. Opptaket utløyste protestar i Ogbomoso, der lærarar, ungdom og lokalsamfunn sperra hovudvegar og kravde sterkare vern av skular og bygdesamfunn.

Sikkerheitsstyresmaktene hadde ved rapporteringstidspunktet ikkje offentleg stadfesta det fulle talet på dei som framleis var sakna.

Innbyggjarar skildra Oyedokun som ein trufast lærar og kristen som tente lokalsamfunnet sitt med stort engasjement. Kyrkjeleiarar og sivilsamfunnsgrupper har oppmoda om at dei bortførte må sleppast fri, og at dei ansvarlege må arresterast.

Lokale styresmakter og utdanningsforkjemparar sa at åtaket har auka uroa kring tryggleiken ved skular i delar av Sørvest-Nigeria, der bortføringar for løysesum har vorte meir vanlege dei siste åra.

Ein pastor i Ogbomoso, som tala under ei bønnesamling for offera, bad styresmaktene om å trappe opp etterretningsarbeidet og betre vernet av sårbare lokalsamfunn.

«Når lærarar og elevar bli mål for vald, blir sjølvsagt mange familiar redde», sa ein lokalsamfunnsleiar.

Hendinga har òg vekt minnet om andre drap med religiøs valør i Nigeria, inkludert drapet på collegestudenten Deborah Emmanuel i Sokoto delstat i 2022.

Medan protestane heldt fram, bad innbyggjarar og religiøse leiarar føderale og delstatlege styresmakter om å sikre skulane, redde dei bortførte og stille gjerningspersonane til ansvar.

Familiar, kollegaer og elevar i Oyo delstat sørgde vidare over Oyedokun, samstundes som det vart halde bønesamlingar over heile delstaten for at dei gjenværande gislane skulle kome trygt heim.

Kjelde for denne saka: persecution.org

Gode Gud og Far! Du som ein dag skal tørka bort alle dine barns tårer, tørk tårene til alle som elska Michael Oyedokun. Kom til dei med ditt evige livs håp. Beskytt dei om valdsmenns vonde hensikter. Å Gud, fyll dine barn med styrke til å stå i smerten. Gje styresmaktene i Nigeria vilje og evne til å ta i tu med alle former for islamistisk vald. Me ber i Jesu namn! Amen! 

Dagens unådde: Gondhali i India

 



Folketal: 59000
Religion: Hinduisme
Kristne: 0,00%
Språk: Marathi. Heile Bibelen føreligg i omsetting

Gondhali er stort sett bønder. Kvinnene er framifrå flinke til å sy og strikka. Dei dansar og syng til ære for Khandoba og Ellamma. 

Herre Jesus! Du greip ein gong inn i verdas historie for å frelsa heile menneskeslekta frå synd og skuld og skam, og du fullførte prosjektet med glans. Må gondhalifolket endeleg få evangeliet forkynt slik at dei kan koma til tru og bli inkludert i di frelse ,og bli ein del av di framtid. Løys dei frå hinduismens mange åndsmakter, og send arbeidsfolk ut for å hausta inn dette folket, og etablera di kyrkje mellom dei. Amen! 




Nordkapp i Finnmark

 



Innbyggjartal: 2600
Kommunesenter: Honningsvåg
Næringsliv: Fiske, fiskeforedling og turisme. 
Kyrkje og kristenliv: DNK har fire kyrkjer. I Honningsvåg finn med Noregs nordlegaste baptistkyrkje. Det var eit bedehus ein gong i Honningsvåg, men no er dette  selt, renovert og blitt til kulturhus med pub i kjellaren. 

Herre Jesus! Forny kyrkja  di og dei kristne i Nordkapp kommune. Fyll dei med Anden, og gje dei frimot til å vitna for folk om di frelse.  Må dei halda saman i nære og gode fellesskap det din kjærleik og Andens kraft rår grunnen. Må befolkninga i Nordkapp kjenna på ein hunger etter deg i hjarto sine, og ei lengt etter di frelse. Amen! 



tirsdag 19. mai 2026

Dagens unådde: Aghori i India

 Bilde av representantar frå aghori finn du ved å google dette folket. Det kan vera verd ein titt


Aghorifolket tel 71000 menneske.
Religion: hinduisme
Kristne: 0,00%
Aghori lever i eit djupt heidensk mørke, og den guden dei set høgast er Shiva, øydeleggjaren. 
Dei gjennomfører ganske groteske riter i samband med kremasjon av døde slektningar, der dei m.a. smører seg inn med oska etter slektningane sine. Dei demoniske bindingane til djevelens rike er sterke.

Me ber i Jesu namn om at dette folket skal bli sett fri frå vonde ånder og frå synd, skuld og skam. Driv arbeidarar ut til din haust i aghorifolket. Må DenHeilag Ande regjera mellom dei, og  Jesus sigra i liva deira, og må kyrkja bli etablert i folket som eit fyrtårn som kan losa alle inn i Guds familie. Me proklamerer framtid og håp over aghorifolket i Jesu namn. Amen! 

Måsøy i Finnmark

 



Innbyggjartal: 1100gå opp 
Kommunesenter: Havøysund
Næringsliv: Fiske og fiskeforedling. Noko mekanisk industri i Havøysund knytta til vedlikahald av fiskeflåten. 
Kyrkje og kristenliv: DNK har fem kyrkjer. 
Eg har ikkje vore i stand til å finna andre kristne forsamlingar i denne kommunen. 

Gode Far! Me ber om at evangeliet om Jesus skal bli aktualisert for innbyggjarane i Måsøy, ikkje berre som eit godt tilbod, men som eit heilt naudsynt tilbod. Må dei alle forstå at den som har Sonen, har livet, og at den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet. Send arbeidarar ut til din haust i Måsøy. Velsign heimane, og må barn og unge få gleda av å veksa opp i rusfrie miljø. Må fiskeflåten få gode fangstar, og sjå til at både folket der har god økonomi. Amen! 



mandag 18. mai 2026

Martyrkyrkja: Pastor John i Kina har alvorlege helseproblem

 

Pastor John saman med familien på sjukehus. Foto: China Aid

Pastor John frå delstaten Hunan er nett sett fri etter å ha sona ein dom på sju år i fengsel for å ha prøvd å hjelpa folk til å flykta frå Kina. 

Etter å ha blitt sluppen fri syner det seg at han har prostatakreft med spreiing. Han ønskjer seg til USA, men styresmaktene har konfiskert passet hans. 

Far i himmelen! Sjå i nåde til pastor John. Me ber om lækjedom for han i Jesu namn. Rekk ut din mektige arm, og rør ved han med di lækjande hand. Det ber me om i vår Herre Jesu Kristi namn, amen! 

Kjelde: persecution.net

Kachhifolket i India

 




Kachhifolket i India tek 6 956 000 personar. 
Språk: Hindi og 25 andre lokale språk
Religion: Hinduisme
Kristne: 0,00%

Kachhifolket er legg vekt på utdanning, men kvinnene er avskorne frå høgare utdanning.
Dei er vegetarianarar, men dette er i endring. 

Herre Jesus! I dag ber me om at ditt lys skal skina for Kachhifolket i India og losa dei inn i ditt rike. Løys dei frå hinduismens mange falske gudar, og etabler di kyrkje i dette folket. Det ber me om i ditt namn. Amen! 


Hasvik i Finnmark

 


Folketal: 990
Kommunesenter: Breivikbotn
Hasvik utgjer den vestlege del av Sørøya og den nordlege delen av Stjernøya, samt 90 andre mindre øyar. 
Næringsliv: Fiske og fiskeforedling. Reiseliv. Tenesteyting
Kyrkje og kristenliv: DNK har to kyrkjer og eitt kapell. Det er eit sterkt læstadiansk innslag i kyrkja i Hasvik. Den Frie Evangeliske Forsamling har ei forsamling i Breivikbotn. Elles er det lite informasjon å finna om den åndelege tilstanden i denne kommunen. 

Herre! Det me ikkje ser, det ser du. Her er det nesten tusen menneske som du elskar, og som du har døydd for. Må bodskapen om Guds nåde i Jesus Kristus nå dei, slik at dei kan gripa deg og tru på deg. Må Anden din begynna å råda over menneska der, og vekka i dei ein djup torst etter Gud. Ver med dei som er på havet, og gje gode oppvekstvilkår for barn og unge i Hasvik. Amen



søndag 17. mai 2026

50 skulebarn kidnappa

 


faksimile frå VG 17.mai 2026

VG skriv i dag at meir enn 50 barn fredag morgeo vart bortførte frå tre skular i byen Mussa i delstaten Borno nordaust i Nigeria. Det forteller lærarar og foreldre til BBC.

De ifleste av de sakna er mellom to og fem år gamle. Vitner fortel at gjerningsmennene brukte barna som menneskeliee skjold mens dei flykta på motorsykler, slik at tryggingsstyrkane ikkje kunne opna eld.

Gode Gud og Far! Vern desse borna mot vidare overgrep frå vonde menn, og lat dei snarleg bli sette fri slik at dei kan koma attende til foreldra sine. Amen! 





mandag 4. mai 2026

Martyrkyrkja: Kenya

 Den 25.april vart sju kristne bønder aust i Kenya drepne av tungt væpna muslimske gjetarar (nomadar), truleg av somalisk opphav. Mange fastbuande vart også skada. Dette liknar på slikt me høyrer frå Nigeria

Herre Jesus! Sjå i nåde til dei som vart råka av dette åtaket, og til kristne i Kenya som er i ein utsett posisjon. Amen!  

To unge kristne youtubarar i Tyskland risikerer 3 år i fengsel for islamkritikk



Niko og Tino, frå den vesle kristne YouTube-kanalen «Eternal Life», er tiltalt for blasfemi mot islam. 
Saka skriv seg frå ein video frå 2024 som kritiserte islam og trakk koplingar til den aukande antisemittismen i Tyskland.
Dei risikerer tre år i fengsel.
Kristne røyster blir i aukande grad avgrensa i Europa.
Be for Niko, Tino og familiane deira medan dei står i denne rettslege kampen.
Be for modige kristne over heile Vesten om å halde fram med å seie sanninga.

Gode Gud! 
Må du ta godt vare på Tino og Niko og familiane deira, og gje dei styrke til å stå i denne stormen som er komen over dei. Må det reisast ein proteststorm over heile Europa mot dette alvorlege åtaket på ytringsfridomen. Amen

Dagens unådde: Jat i India

 



Jatfolket finn du spreidd ut over store deler av India. Dei tek 22 820 000 menneske. Dei snakkar hindi, og har dermed tilgang på heile Bibelen. Dei trur på hinduismens mange gudar. 0,04% er kristne. 0,02% evangeliske kristne.

Jat-samfunnet er svært stolte av opphavet sitt. Dei er kjende som modige, hardtarbeidande menneske som har både ønsket om, og evna til å styre. I dag har dei fleste Jat god utdanning, og nokre har høge stillingar innan akademiske og tekniske  miljø. Jat er vanlegvis fysisk høgare enn naboane sine. På grunn av den kraftige kroppsbygninga deira, saman med ryktet dei har for vald og kontroll over jord og inntekter der dei bur, er dei generelt frykta av andre grupper. Jat høyrer òg til dei mest velståande gruppene i India målt per innbyggjar. Dei verdset nøgdsemd og flid, og blir ofte rekna som gjerrige.

Hinder for tenesta
Jat har ofte eit høgt sjølvbilete. Som eit Jat-ordtak seier: «Menn kan kome og menn kan gå, men eg held fram for alltid.» Denne kjensla av stoltheit og meistring, saman med ein utbreidd sørasiatisk førestelling om at kristendommen berre er for dei nedtrykte, gjer at hjartet til Jat er lukka for evangeliet.

Gode Gud og Far!
Du elskar denne folkegruppa trass i deira urealistiske høge tankar om seg sjølv, og me ber i Jesu namn om at du skal hjelpa dei til å forstå at dei er støv, og at dei er syndarar som treng frelse. Må du vekka i ein genuin interesse for Bibelen hos sentrale personar i dette folket, og me ber om at det skal plantast kyrkjelydar i dei områda der dei bur. Må ditt lys råka dei sterkt og bryta ned stoltheiten som no hindrar dei i å bli kristne. Amen! 

Kjelde: joshuaproject.net






Loppa i Finnmark

 

Folketal: 850. Fråflyttingskommune
Kommunesenter: Øksfjord
Næringsliv: Fiske, fiskeforedling, fiskeoppdrett.
Kyrkje og kristenliv: DNK har 5 kyrkjer i kommunen. Eg har ikkje funne nokon annan kristen aktivitet i kommunen, noko som truleg kjem av spreidd busetnad og få folk. 

Me ber om 
  • at alle som bur i Loppa skal bli nådd med evangeliet på ein slik måte at dei kan koma til personleg tru på Jesus. 
  • samhald i familiane og gode oppvekstmiljø
  • god kommunal økonomi
  • edruelege vaksne



Dagens nasjon: Mosambik

  Mosambik ligg på austkysten av Afrika, og har 35 632 000 innbyggjarar. 46% er kristne. Dei fleste katolikkar. 11% er evangeliske.  Hovudst...