torsdag 22. august 2019

Dagens nasjon: Malaysia

Image result for malaysia

Folketal: Godt og vel 30 millionar fordelt på 186 folkegrupper som snakkar 145 ulike språk. Dei fleste folkegrupper er lite evangeliserte.  62% er muslimar, vel 9% er kristne (4% evangeliske. Dei fleste muslimane dyrkar også fedreånder og slike ting, dei er animistar i tillegg til å definera seg som muslimar.

·       Be om at kyrkja i Malaysia skal påta seg ansvaret for dei mange unådde folkegruppene i heimlandet sitt. Den største folkegruppa, malayane, kan me i stor grad rekna som unådde. Kyrkja har ressursane, men manglar ofte motet som skal til for å driva misjon.  Be om at Den Heilage Ande skal gå på djupet med desse folka.

·       Kyrkja har hatt kraftig vekst dei siste åra, særleg mellom dei mange kinesarane i landet, men også i andre minoritetsgrupper. Nokre av dei siste er fullstendig disippelgjort. Be om at denne vekkinga skal vara og auka på.

·       Islamistiske rørsler veks fram på «fastlands-Malaysia». Be om at Gud skal halda eit auga med desse og forhindra at dei får gjera ugagn.

·       Dei evangeliske kristne er som vanleg svært splitta. Be om fornya einskap og samarbeid mellom dei truande i misjonsarbeidet.

·       Unge kristne har lett for å bli dregen mot ein materialistisk livsstil, og forsamlingane blir eldre. Be om forsvarleg disippelgjering av dei unge.

·       I nokre samanhengar er namnekristendomen tydeleg. Be om at Gud skal blåsa sitt liv i dei som berre er kristne på utsida.

·       Rasediskriminering og utnytting av immigrantar er vanleg. Korrupsjon og høg kriminalitet skjemmer landet. Be om at Gud skal forvandla menneska i nasjonen ved å skriva si lov inn i hjarto deira.

·       Dei mektige brukar makta si på å berika seg sjølv. Be om at Malaysia skal få ekte leiarar som er opptekne av folkets vel og ikkje si eiga lommenbok. 25% av befolkninga lever under fattigdomsgrensa.


Dagens unådde: Tanaolifolket i Pakistan



p19466.jpg er eit fjellfolk på 758 000 innbyggjarar som bur i ufatteleg vakre trakter opp mot Himalaya, nord i Punjabprovinsen. Dette er områder som er vanskeleg tilgjengeleg for utanforståande. Dei er muslimar og snakkar eit språk som kallast hindko. Deler av Bibelen er omsett til dette språket, men det er ikkje registrert ein einaste truande kristen tanaoli.

Gode Far! Du har skapt tanaolifolket for at dei skal tilhøyra og æra deg, og me ber om at det no skal vera deira tur til å få høyra evangeliet, og få ein reell sjanse til å ta imot Jesus som Herre og Frelsar. Løys dei frå islams lenker, og lat dei få oppleva fridomen i Jesus Kristus. Amen!
 m19466.png









søndag 4. august 2019

Nye masseskytingar i USA

Det har vore to masseskytingar i USA sist døger, ei i Pafos, Texas, der 20 menneske vart drepne, og like mange hardt skada, og ei i Ohio der visstnok 9 tilfeldige personar skal ha mista livet.

Å Herre Jesus! Sjå i nåde til dei som er råka av desse åtaka. Trøyst dei sørgande, og lat dei få sjå deg. Gje lækjedom til dei som er skada. 
Gode Far! Du veit kvifor dette skjer, du kjenner røtene til denne åtferda. Å Gud, fjern desse røtene i Jesu Kristi namn. Amen! 

Nord Korea

Areal: 122370 km2. Folketal: vel 25 millionar fordelt på 5 folkegrupper. Språk: Koreansk. Religion: 70% er ikkje-religiøse (all religionsutøving er forbode og blir straffa med døden). Likevel har nesten tredjeparten av befolkninga ei slags tru, og det er kalkulert med at 1,48% er kristne. Hovudstaden er Pyongyang.

Etter 2.verdskrigen og den påfølgjande Koreakrigen (1950-1953) vart Koreahalvøya delt i to, Nord-Korea vart kommunistisk med støtte frå Sovjetunonen og Kina, medan Sør-Korea utvikla seg til ein fri demokratisk stat støtta av USA. I nord tok Kin Il Sung makta, og smått om senn kom han til å krevja tilbeding frå undersåttane sine. I dag er det barnebarnet hans, Kim Jung Un som styrer og vidarefører bestefaren sine særs avvikande synspunkt og haldningar.

Denne politikken har gjort Nord-Korea til eit av fattigaste landa i verda, og folket er undertrykt og kontrollert ned til dei minste detaljar. På slutten av 1990-talet døydde over 2 millionar av svolt, og landet er i dag heilt avhengig av matvarehjelp utanfrå, samstundes som styresmaktene utviklar atomvåpen for å smadra hjelparane sine.

Mange kristne i Sør-Korea og Kina (og andre land) gjer stor innsats for å smugla biblar inn i Nord-Korea. Det blir utvist stor kreativitet på dette området.

Mange kristne får lov å koma inn i landet for å driva hjelpearbeid.

Trass i store restriksjonar og skarp forfølging, kjem mange, mange til tru på Jesus Kristus kvart einaste år. Det er eit sjansespel, men i mørkret skin lyset frå Jesus ekstra klårt og folk strøymer mot det.


  • Be om at alle som tek imot Jesus skal bli bevarte i trua, veksa som kristne og at dei skal finna måtar å ha fellesskap på. 
  • Be om at det rådande Kim-dynastiet skal falla
  • Be om at folket skal få fridom
  • Be om at Guds kraft skal koma over nasjonen og løfta menneska opp av hengemyra.
  • Be om at landet skal bli attreist åndeleg, moralsk, politisk, økonomisk og kulturelt
  • Be om at Gud skal ta vare på dei mange tusen kristne som er i plasserte i arbeidsleirar. Det er ingen som lever lenge i ein slik leir.
  • Be om at Gud skal passa på alle dei som prøver å flykta frå landet.
  • Be om at kinesarane sluttar med å senda flyktningar attende til Nord-Korea
  • Be om at alle kreative forsøk på å importera biblar til Nord Korea skal lukkast, og at Bibelen skal bli ei tilgjengeleg bok for alle i dette landet. 
  • Be om at Kristus skal koma til syne i dei mange kristne i landet som driv med hjelpearbeid, og at desse vert beskytta. Det hender dei vert arresterte og ille medfarne. 

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...