søndag 29. juni 2014

India. Nagaland

Location of Nagaland (marked in red) in IndiaNagaland er i kristen samanheng eit heilt eksepsjonelt område. 93,1% av innbyggjarane er kristne, og staten kan stå som ein representant også for nabostatane Meghalaya og Mizoram som begge har eit stort fleirtal av kristne. Dette er eit resultat av mange års misjonsinnsats, særleg frå baptistane si side, men presbyterianarar og karismatiske katolikkar har også vore i sving. Nagaland vart gjesta av Gud med djuotgripande vekkingar i 1956, 1966 og i 1972. Under èin av desse vekkingane kvilte det ein stor kross på himmelen over Nagaland i lenger tid. Det skapte stor undring og ein intens hunger etter fred med Gud. I dag er det tusenvis av misjonærar frå Nagaland som gjer tenesta for Herren i andre områder av India. Likevel: Stammefeidar og splitting mellom kristne er vanlege problem. Likeeins ser me at namnekristendomen sakte men sikkert spreier seg i kyrkjene. I Nagaland er det 19 teologiske seminar, og det eksisterer ein visjon om å senda ut 10 000 misjonærar frå delstaten. Les meir i Operation World side 435-436.

Bøn:
Takk Gud for ditt store verk i Nagaland, Meghalaya og Mizoram, og for alle nagamisjonærane som er reist ut for å tenna ditt lys hos landsmennene sine. Me ber om at kvar ny generasjon som veks opp i dette området skal koma inn i genuin vekking slik at trua deira ikkje er basert på foreldrene sine erfaringar, men på Guds ord og den personlege erfaringa av krafta i Kristi kross. Må dei forstå i djupet av sine sjeler av fiendskap er djevelskap, slik at dei vender seg bort frå vondskap og søker fellesskap med alle kristne søsken. Amen!

Dåp i Nagaland


Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...