mandag 23. november 2009

Ung kristen mann avretta i Somalia

Compass Direct melder i dag at islamistiske ekstremistar den 14. november avretta den 23 år gamle kristne mannen Mumin Abdikarim Yusuf frå Mogadishu, Somalia, fordi han hadde vitna om Jesus for ein 15 år gamal somalisk gut. Yusuf vart den 28.oktober arrestert for denne “ugjerninga” av folk frå terrorgruppa al Shabaab og sett i varetekt . Den 14 november vart liket at Yusuf funnen i ei avsidesliggande gate i Mogadishu, ille tilredd. Fingrane hans vart brekte og fortennene slått ut.

Bøn: Gode Gud, vår Herre Jesus Kristi Far! Me ropar til deg for dei modige tenarane dine i Somalia. Å Herre, gje dei vern mot vald, død og tortur. Dei betalar ein så høg pris for å vera trufast mot deg. Hjelp dei til å vera kloke som slangar og einfelte som duer. Styrk dei mektig ved din Ande, og set dine gode englar som eit mektig vern om dei. Amen

onsdag 18. november 2009

Kristne kidnappa i Colombia

16 kristne Koguiindianarar i Colombia blir haldne som fangar av sine eigne stammefrendar i ein freistnad på å få dei til å fornekta den kristne trua si. Gruppa av truande inneheld både kvinner, menn og born vart fanga under eit møte som var kalla saman av Koguiguvernøren. Samfunnsleiarane ropte skjellsord til dei gjennom ei heil natt, og seinare vart dei tekne med til eit avsidesliggjande område av reservatet og fekk melding om at dei ikkje ville bli sett fri før dei fornekta Kristus. Dei siste rapportane går ut på at to av dei kidnappa borna er alvorleg sjuke. Guvernøren og hans allierte har også audmjuka ikkjekristne leiarar som har støtta det kristne samfunnet og verna dei mot å bli utviste. Det vert rapportert at guvernøren har til hensikt å fangar dei resterande kristne også og tvinga dei til å fornekta trua.

Be om at Jesus er med dei truande venene sine, passar på dei og sørgjer for at dei får fridomen sin attende. Be også om at Herren tek seg av denne guvernøren på den rette måten.

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...