mandag 12. august 2013

Kristen pakistaner drepen 27.juli

Isak Masih eigde eit jordstykke som godseigaren Mohammed Luqman ville ha, men som han ikkje fekk. Luqman tok då rett og slett jordstykke som sitt eige og sådde det til med søtmaisfrø. Då Isak Masih gjekk ut på åkeren, saman med to av barna sine, for å sjekka ut dette, vart han omringa av menn på motorsykkel, skamslått og skoten i brystet. Han døydde på staden medan dottera Sayma på 12 prøvde å hjelpa. Politiet kom, men ingen vart arresterte. Dei kristne nekta å graveleggja Isak inntil dei skuldige var arresterte. Etter tre dagar fekk dei lovnad om det, men enno er ikkje hovudmannen teken. Drap på kristne vert sjeldan etterforska og tiltalt i Pakistan.
   
 Gode Gud og Far! Du som kjenner sorg og smerte, kom til familien til Isak Masih med trøyst og lindring. Ber særleg om styrke og lækjedom for dottera Sayma og sonen Irshad (15) som var vitne til ugjerninga. Lat Luqman bli funnen, arrestert, stilt for retten og dømt. Hjelp familien til å tilgje den skuldige, og eg ber om at han skal få møta deg og bli frelst frå alle syndene sine.

Mostafa Bordbar dømt til 10 års fengsel for og å ha truga Irans tryggleik

Domen fall i slutten av juni i ein revolusjonsdomstol i Teheran. Ut frå dokumenta er Mostafa Bodbar dømt for å ha støtta sionismen (alle evangeliske kristne blir rekna som vener av Israel), for å ha late seg døypa og dermed konvertert frå islam til kristen tru, distribuert kristen litteratur (12000 evangelieskrifter), for å ha omsett og dubba fem filmar med kristent innhald, for medlemskap i ei huskyrkje, for å ha halde kristne møter i fleire byar, sendt kristne bøker til ein ven, hatt kontakt med kristne i Tyrkia og Armenia, for å ha lagra 6000 kristne bøker og anna evangeliseringsmateriell i sitt eige hus og for å ha feira jul saman med vener. Alt dette vert vurdert som ein nasjonal tryggleiksrisiko av iranske styresmakter. 

"Herre Jesus! Gje Mostafa Bordbar alt han treng av styrke, trøyst og vern. Hjelp han å ha blikket festa på deg slik at han ikkje misser motet når han tenkjer på den lange domen og møter alskens problem, men blir ståande fast i trua. Fyll hjarta hans med glede og fred, og lat han få ord frå deg under forhøyr slik at han kan vitna om di frelse for domarar og andre autoritetar. Må fengslet han sit i bli fylt av ditt lys, og fangar av alle kategoriar koma til tru på deg. Hjelp dei kristne i Evinfengslet til å finna måtar å halda kontakt med kvarandre på, og når din time er inne, må du opna dørane for dei slik at Mostafa Bordbar og alle dei andre kan gå ut i fridom."

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...