Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
onsdag 25. februar 2026
Alta kommune i Finnmark
mandag 16. februar 2026
Dagens unådde folkeslag: Bairagi i India
Høgsterett grip inn i forsvinningssak i Malaysia
mandag 9. februar 2026
Oppdatering
VG melder at begge som gjekk gjennom isen har mista livet.
Me ber om styrke og trøyst til familiane og venene deira.
To gjennom isen i Tysvær, kritisk skadde
Gode Gud! Miskunna deg over desse to, og berg dei frå døden. Amen!
lørdag 7. februar 2026
Kongehuset og politisk leiing i kneståande
Dei siste dagars hendingar treng eg ikkje repetera her. Kongehuset er i store vanskar med kronprinesse Mette Marit sin omfattande kontakt med seksuallovbrytaren Jeffery Epstein, sonen hennar Marius er i fengsel og må dagleg møta i retten tiltalt for grove brotsverk og dessutan har kronprinsessa ein alvorleg lungesjukdom. Når det gjeld utanrikstenesta er tidlegare statsminister og president i Europarådet tiltalt for grov korrupsjon, og det vil koma meir. Ektepareet Mona Juul og Terje Rød Larsen sit m.a. djupt i klisteret, alle AP-folk.
Gode Gud, vårt Noregs Gud! Me ropar til deg. Toppane våre sviktar. Synda synest å ha fått overtaket i liva deira. Lenge har dei løfta opp som prisverdig det som du dømmer. Ja, dei har etablert løgner i lovverket, og slik held dei sanninga nede i urett. 8.oktober 2023 vart kongen nekta å kondolera Israel for tapet av 1200+ medborgarar, og i ettertid har dei fordømt landet for å forsvara seg mot terror, og heilt utan grunn har dei skulda det for folkemord. Med sorg har me også vore vitne til at framande religionar med tilhøyrande åndskabinett har kome inn i kongefamilien, okkultisme, spiritisme og buddhisme. Du har vore vitne til at dei har forlate deg, du vår faste borg og kjelde til alt godt, og dei er blitt åndeleg blinde, og gjer skammelege ting. Me ropar til deg om at kongehuset og vårt politiske leiarskap skal venda om frå avgudsdyrking, ateisme, uørlegdom, ureinskap og hovmot, og at dei skal ta imot frelse frå di hand som ei gåve. Attreis harmoni i kongehuset, moral , klarsyn og sann autoritet i politisk leiing Høyr vår bøn i kong Jesu navn, Amen!
Dagens nasjon: Mosambik
Mosambik ligg på austkysten av Afrika, og har 35 632 000 innbyggjarar. 46% er kristne. Dei fleste katolikkar. 11% er evangeliske. Hovudst...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...