tirsdag 20. desember 2016

Dagens unådde: Dosadh i India

Folketal: 5 338 000. Språk Hindi. Religion: Hinduisme.
Særpreg: Dei er UVANLEG fattige, og manglar i stor grad den kunnskapen som trengst for å klara seg i eit moderne samfunn. Joshuaproject.net fortel at dei lever av insekt som krelar rundt på kyr, og at dei elles er dei tiggarar som prøver å få merksemd ved å syngja. Dei dyrkar eit heilt pantheon av gudar som: Garaya, Baghat, Garam Gossain, Kudra, Barpahar, Manasa, Satbahni, Shiva, Durga, Lakshmi, Sitala og andre, som berre er åndsmakter som held dei fanga i djup elendighet.

Gode Gud! Sjå i nåde til Dosadhfolket, frels dei inn i ditt rike og løft dei ut av fattigdom og fornedring. Tal til dei gjennom kompetente og varme kristne som du sender inn i liva deira, gje dei draumar og syner der du viser dei vegen ut av slaveriet under djevelen til fridomen i Kristus. Gje dei ny sjølvrespekt og sjølvtillit, og ein trong etter å skaffa seg nyttig kunnskap. Me ber i Jesu namn! Amen!.

 

Vietnam 2

  • Kyrkja i Vietnam har desperat trong for leiarar (hyrdar) som kjenner Gud, Guds ord og Guds kraft. Be for framveksten av nye utdanningsinstitusjonar, og be om at pastorar og andre kristne leiarar skal vera bevisste og flinke til å fostra nye. 
  • Pga leiarmangel har det i mange kyrkjer dukka opp alvorlege læreavvik. Be om at Gud skal verna kyrkjelydane mot djevelens infiltrasjon, og utrusta dei til å skjelna mellom det som kjem frå Gud, det som kjem frå menneske og det som kjem frå djevelen. 
  • Be om at Guds rike også skal koma med kraft til det muslimske chamfolket og det buddhistiske khmerfolket. Dei er i praksis unådde. 
  • Andre unådde grupper er: Minoritetsfolka i nord, medlemmer av dei unike religiøse samfunna Cao Dai og Hoa Hao samt alle medlemmene av kommunistpartiet
  • Det er trong for bibeloversetting i 37 språk. Be om at dette behovet skal stettast.
  • Be om at Gud skal nå fram til Vietnams befolkning gjennom ulike medieplattformer som radio, TV, film og Internett.
  • Be om ein sterk interesse for Bibelen og annan kristen litteratur, og om ein effektiv distribusjon av kristne bøker.
Kjelde: Jason Mandryk: Operation World 2010

Berlin etter masseatentatet

Foto: VG
Gode Gud! Me er rysta over det som hende i Berlin i går, over alle som utan det minste forvarsel møtte døden på julemarknaden. Me forstår ikkje korleis eit menneske kan tenkja at han tener deg ved å meia ned skuldlause menneske på den måten som det skjedde. Me berre ropar! Sjå i nåde til Tyskland. Trøyst dei som sørgjer. Må alle skuldige bli tekne og dømde,  og må du bevara tyskarane frå å gje næring til hat i hjarto sine. Herre, miskunna deg. Amen! 

søndag 18. desember 2016

Dagens unådde: Bhuiya, India

Denne folkegruppa som lever spreidd utover i aust-India tel
2 109 000 menneske. Det er mange. Dei er hinduar og snakkar hindi. Det har den fordel av dei har lett tilgang på Bibelen og på all slags kristen litteratur. Likevel er dei eit unådd folkeslag. Det heng ikkje minst saman med at dei er eit analfabetisk lågkastefolk som jobbar med å leggja gatestein og trekkja drosjevogner (rickshaw). Evangeliet må koma til dei den munnlege vegen. Bhuiya har eit rikhaldig gudegalleri som dei tilber, mellom anna Dihwal, Gorraiyya og Bir Bhairon. 0,11% av dei er kristne.

Kjære Jesus, misjonens Herre! Sjå i nåde til bhuiyafolket i India. Må evangeliet bli forkynt mellom dei med kraft og overtyding, skapa tru og omvending i hjarto deira. Løys dei i ditt namn frå alle vonde ånder som held dei fanga i eit åndeleg og moralsk mørkre. Opplys dei ved ditt ord og din Ande, og lat sanninga i evangeliet setja dei fri. Må det blir etablert sterke kristne kyrkjelydar mellom dei som kan vera lys for mange andre i nærområda der dei held til. Amen! 

 

lørdag 17. desember 2016

Vietnam, dag 1

Flatemål: Omtrent som Noreg: 331 653km2. Folketal 90 millionar (18 gongar Noreg). For oss som vaks opp på 50 og 60-talet betyr Vietnam krig. Sør mot nord, kapitalisme mot kommunisme, amerikanarar mot russiskstøtta Viet-kongstyrkar, ein krig som frå 1965 til 1975 kravde hundretusenvis av menneskeliv, og enda med eit totalt nederlag for USA og for dei sørvietnamesiske styrkane. I dag er Vietnam eit kommunistisk eittpartisystem, men opna  i 1986 for marknadsøkonomi, noko som har fått skikkeleg sving på produksjonen. 

Kommunismen er i sin grunn ikkje-religiøs og ateistisk, og dei kristne (9,4%) er stadig utsette for trakassering og diskriminering. Men Gud er ustoppeleg, og kyrkja veks på 2,3% årleg. Alle nye kyrkjer må registrerast av styresmaktene, men ingen går gjennom nålauga, så løysinga blir huskyrkjer.

Kyrkjeveksten har vore størst mellom fjellfolka  (montagnardar) i sør og Hmongfolket i nord. Desse er ikkje etniske vietnamesarar, og har difor av fleire grunnar vore, og er framleis, utsette for forfølgingar. Men det er også framgang for Guds rike blant vietnamesarar, og i jula 2009 samla 40 000 truande seg til ei stor markering i hovudstaden.

Bibelen blir i dag trykt på fleire ulike språk i Vietnam, med styresmaktene si godkjenning.
  •  Be om at Gud gjev kyrkja kjærleik og kraft nok til å møta og hjelpa dei mange, mange elendige i landet som lid av AIDS, som ligg under for narkotika, driv med prostitusjon, og barn som blir utsette for seksuelle overgrep. Her er nauda botnlaus og aukande. 
  • Be om at det ideologiske mørkret som denne nasjonen lever under skal bli fordrive av Guds mektige lys.
  • Be om at folk som blir frelst effektivt skal bli løyst frå fedredyrkinga, som er den sterkaste religiøse og åndelege makta i vietnamesarane sine liv. 
  • Be om at dei unge generasjonane som no veks opp må forstå at dei sanne og varige verdiane i livet ligg i Jesus Kristus og ikkje i materielle goder.
  • Be om at alle nye kristne må bli effektivt disippelgjort, at dei søkjer saman i tette fellesskap og blir utrusta av Gud til kraftfullt å proklamera evangeliet til si aldersgruppe.  
  • Be om at kristne frå "frie" nasjonar må kallast og sendast til Vietnam som "teltmakarmisjonærar." 
  • Det er hundrevis av kristne leiarar som sit i fengsel i Vietnam. Be om at dei frimodig forkynner evangeliet der dei er og fører medfangar og fangevaktarar til Kristus.
  • Be for familiane deira at deira behov også blir møtt. 







Livstidsdomen mot sju kristne indarar skal opp til ny vurdering

Frå venstre: Gornath Chalanseth, Bijay Kumar Sanseth, Bhaskar Sunamajhi, Munda Badamajhi, Sanatan Badamajhi, Budhadeb Nayak and Durjo Sunamajhi

I 2008 vart den indiske hinduleiaren Swami Laxmanananda Sarawasti funnen drepen i delstaten Orissa. Ei maoistisk geriljarørsle tok på seg ansvaret for attentatet, men det begynte likevel å gå rykter om at det var kristne som stod bak, med det resultat at 100 kristne vart drepne i eit opprør, 30 000  måtte flykta til skogs og dei sju som du ser bilete av ovanfor vart mistenkte, arresterte og dømte for drapet, heilt utan prov. Tre av dei dømde er forresten dalitar (kastelause), og fire kjem frå eit indisk urfolk (det er i stor grad folk frå slike grupper som kjem til kristen tru i India).

Den malayiske katolske journalsiten  Anto Akkara har skrive ei bok om dette mordet der han på ein overtydande måte påviser at dei sju som er dømde umogeleg kan vera skuldige. Boka er no omsett til hindi, med det resultat at saka deira skal takast opp til ny vurdering.
  • Be om at rettferda skal sigra, og at dei sju skal få fridomen sin attende og god erstatning for den grove uretten dei har vore utsette for.

Dagens nasjon: Venezuela

Areal 912050 km2 (nesten 3 gongar så stort som Noreg). Folketal: 31 416 000. Styresett: Republikk.
Landet grensar til Colombia, Brasil og Guyana.
Venezuela har verdas største oljereservar. Økonomien i landet er heilt og fullt knytta opp til oljeprisen. Men rikdomen har ikkje kome folk flest til gode, og i 1999 kom  president Hugo Chavez til makta under løftet om å gjennomføra ein sosialistisk revolusjon med betre fordeling av goder og gleder.
Hugo Chavez var ein brautande politikar som talte store ord mot USA og vesten, og som gjorde seg til vens med alle slags diktatorar verda over. Gjerne dei verste.
Sosialime høyrdest bra ut for folk, men resultatet etter 17 år med denne politikken er at produksjonen har gått ned og fattigdomen er berre blitt mykje større, og i dag er det mangel på alle varer i Venezuela, inkludert matvarer, og folket lid både av under og feilernæring.
Hugo Chavez døydde i 2013. Han vart etterfølgd av visepresident Nicolas Maduro som vant presidentvalet etter (alle solemerker) omfattande valfusk, og sidan har landet vore i ei konstant politisk krise. No er høyrer portforbod og millitære maktmiddel mot befolkninga til dagens orden.
84% av befolkninga er tilhøyrer den kristne kyrkja, dei fleste er naturlegvis katolikkar, men det er også over 3,1 millionar protestantar/evangelikale, og denne gruppa er, som elles i Latin-Amerika, i sterk vekst, dvs ein årleg på over 3%.
Men det er også 3,5 millionar menneske i Venezuela som er ikkje-religiøse, og denne gruppa veks snøggast, ja, i følgje Operation World med heile  9,2% kvart år.
Spiritismen har stor utbreiing i Venezuela, og er eit stort åndeleg problem langt inn i kyrkjelydane. Ja, dei fleste "kristne" er involverte i denne ugreia. New Age-rørsla er i framgang og infiltrerer befolkninga. Dyrkinga av fruktbarhetsgudinna Maria Lionza (ei moderne Astarte) er omfattande. Johovas vitner og Mormonarane er også på frammarsj. All denne mørke åndsrøyndomen kanaliserer destruktivitet inn i folkelivet, kulturen, politikken og økonomien.
  • Be om at landet skal bli velsigna med gudfryktige, rettferdige og kloke leiarar med stor evne til å sjå løysingar på dei store problema som landet står andsynes. 
  • Be om at landet skal få ei lovgjeving som tek vare på alle menneske sine elementære menneskerettar, sivilt, politisk, religiøst og økonomisk.
  • Be om at dei kristne kyrkjene tek eit klårt oppgjer med den omfattande avgudsdyrkinga i landet, at leiarane torer å henga bjelle på katten og at djevelens makt over land og folk vert broten i Jesu namn. 
  • Be om at Guds ord skal få makt over menneska
  • Be om at kyrkja skal vera full av Guds kjærleik og kraft, og bli velsigna med leiarar som høyrer frå Gud og som talar Guds ord med truskap og autoritet.
  • Be om at Guds fred skal bli rådande i landet
  • Be om gode skular og gode lærarar for barn og unge
  • Be om at det skal veksa fram eit sunt og variert næringsliv i Venezuela, og at det skal vera meiningsfullt arbeid for alle arbeidsføre.
  • Be om at det skal bli sett inn tiltak for å gje alle dei 30 unådde indianarstammene i Venezuelas indre evangeliet om Jesus
  • Be om at det vert sett i gong bibeloversetting til dei 14 indianske språka som enno ikkje har Guds ord tilgjengeleg. 

torsdag 15. desember 2016

Kristne heimar nedbrent i Øvre Egypt

Mange heimar til koptiske kristne i Al-Nagameesh i Øvre Egypt er blitt brent ned til grunnen av muslimar som trudda at dei hadde omgjort eit samfunnshus til kyrkje. Sidan dei kristne ikkje har eige kyrkje, har dei fått brukt byen sitt samfunnshus til gravferder, vigslar og nokre gongar til bøn. Dette reagerte lokalbefolkninga på, og den lokale mobben gjekk til åtak på hus til dei kristne samstundes som dei kutta av vassforsyninga til områda dei bur i slik at brannvesenet ikkje kunne driva sløkking.


Gode Gud! Alle som vil leva gudfryktig i denne verda skal bli forfølgde, les me i ordet ditt. Takk at du er med dei som må lida for trua si, og det gjeld også dine barn i Al-Nagameesh og i heile Egypt. Støtt dei mektig med din Ande når dei no blir påført stadig fleire problemer. Lær dei å gleda seg over det som skjer, og lat dei få sjå, som så mange gongar før i kyrkjesoga, at forfølginga gjer kristne sterke. Må du halda motet og trua oppe hos dei, og gjer dei modige og sterke, og bruk dei mektig til ditt rikes framgang i Egypt. Amen!

onsdag 14. desember 2016

Jemenittar i Nord-Jemen


Det er over 11 millionar jemenittar i Nord-Jemen. ALLE er muslimar. Ikkje EIN einaste truande kristen er registrert. Kjenner du nauda ved dette? Dei snakkar sanaani-arabisk. Halvparten av Jemen sitt brutto nasjonalbudsjett er knytt til produksjon av den narkotiske planta kat, og det meste vert produsert i nord, i det området som me konsentrerar oss om i dag. Eit underleg fenomen dette her. All bruk av rusmiddel er forbode etter Koranen, men dei mest profilerte muslimane rusar seg så det står etter. Forstå det den som kan. Tygging av kat-planta passifiserer mennene og held familiane nede i den djupaste fattigdom
Det er bortimot umogeleg menneskeleg tala å koma inn i Jemen (som forresten er identisk med Saba i Bibelen, du hugsar sikkert dronninga av Saba som vitja kong Salomo?). Men det er eit håp at evangeliet skal finna fram til svoltne hjarto gjennom radio og TV-sendingar retta mot dei menneska som bur i området.
Det i dag ein djup konflikt mellom nord og sør-Jemen. Den har djupe historiske røter, og handlar i stor grad om konflikten mellom shia og sunniislam. Mange militsgrupper som Houthi og Al-Quaida gjer konfliktbilete svært uoversiktleg, og som om ikkje det skulle vera nok har Saudi Arabia har også involvert seg militært, og det føregår fælslege menneskerettsbrot i dette kulturhistorisk sett ufatteleg rike området. Saudiske bombefly knuser mennesker og bygningar. Åtak på sivilbefolkninga høyrer med til dagens orden.


Min Herre Jesus Kristus! Me ber i ditt namn om at du, ved din Ande, skal ta kontroll over Nord Jemen. Stopp krigsredslene. Gjer dei vonde makteslause, ta deg av dei sjuke, dei skada, og dei fattige. Her er det så mange som ikkje kjenner deg, og som er undertrykte av djevelen. Du vart openberra for å gjera ende på hans gjerningar. Fordriv han frå landet, og løys land og folk frå synd og skam. Må ditt ord nå fram til folk og trengja  inn i hjarto deira, skapa tru i dei, gjera dei til Guds barn, slike som skaper fred. Må lyset ditt fløyma over nord-jemenittane i samsvar med lovnaden din gjennom Jesaja om at det folket som lever i mørkret skal sjå eit stort lys, og at over dei som lever i dødsskuggens land skal lyset stråla fram. Amen!  
 

tirsdag 13. desember 2016

Dagens unådde: Domari. Sigøynarar i Iran

I Iran er det 1 350 000 domarisigøynarar. På verdsbasis over 3 257 000. Desse er, som andre sigøynarar, reisande. Dei flakkar frå plass til plass utan fast adresse. Difor har dei som regel ikkje ID kort, og manglar alle dei rettane andre i Iran har til utdanning og helsehjelp. Mange lever i polygami. Ekteskapa vert inngått internt og ikkje registrert nokon plass. Barna som vert fødde er dermed også utan identitet og dermed utan vanlege rettar. Desse menneska døyr ofte av banale  sjukdomar i enkle, fattigslege kår.
Dei snakkar domari, og refererer seg til islam.
Ingenting av Bibelen føreligg på domari.

Far i himlen! Du har gjennom dei siste tiåra opna dørane dine på vidt gap for sigøynarane, og du har fiska dei inn med not. Må nokre av dei mange som har erfart frelsa i Jesus Kristus ta imot ditt kall til å nå frendane sine i Iran og Irak, slik at også dei kan få høyra at dei elska av Gud på sitt eige morsmål. Må Jesu lys stråla over domarisigøynarane, driva dei ut av djevelens mørkre og forvandla dei barn av den levande Gud. Amen!



30 aserbajdsjanske kristne må betala høge bøter for å ha vore med på bønemøte

Den 27 november braut aserbajdsjansk tryggjingspoliti seg inn på eit "illegalt" evangelisk bønemøte i heimen til Gamid og Ginayat Shabanov i Aliabad. Kristen litteratur og materiell vart konfiskert, 26 av møtedeltakarane arresterte og 24 ilagt ei bot på over 800 USD kvar, ein svimlande sum i dette landet. Hendinga vart kringkasta på statleg TV og beskriven som "ulovleg religiøs aktivitet" frå ei sekt som "spreier ulovlege religiøse doktriner". I Aserbajdsjan er alle kristne møter i heimane ulovlege, og berre registrerte trussamfunn kan samla folk til bøn. Det er truleg ikkje lett (umogeleg?) å få registrert eit nytt legalt trussamfunn hos styresmaktene.

Aserbajdsjan ligg som nr.34 på Open Doors World Watch List over land som forfølgjer kristne.
Kjelde: World Watch Monitor 12.des 2016

Kjære Herre Jesus! Når ein lem lid, lid heile kroppen. Hjelp oss som lever i fridom å kjenna litt på smerten til truande som må betale meir for trua si enn det me må gjera.  Hald di vernande kappe rundt di kyrkje i Aliabad og i heile Aserbajdsjan. Hald motet oppe hos dei truande slik at dei ikkje taper sin kristne iver og tagnar. Hjelp dei også økonomisk slik at dei kjem seg gjennom utfordringane på det området. Fyll hjarto deira med glede og begeistring fordi dei får dela lagnade med deg, fedrane og profetane. Amen!


Dagens nasjon: Usbekistan

Usbekistan er noko større enn Noreg i flatemål: 447,400km2. Folketal: 27,8 mill. Landet ligg mellom Turkmenistan og Kasakstan, og grensar dessutan i aust til Afghanistan og Kirgisistan.
Usbekistan er nesten 100% muslimsk. Det er 208000 registrerte kristne i landet. Av desse er 85000 evangeliske. Det offisielle språket er usbekisk. Det blir elles snakka 38 aandre språk i landet. Usbekistan er sjølvforsynt med olje og naturgass, er verdas 5. største bomullsprodusent og har store mineralressursar. Bomullsproduksjonen krev store vassresursar, og Aralsjøen er snart heilt inntørka pga enorm irrigasjon. Det var Josef Stalin som i si tid fann ut av det skulle dyrkast bomull i Usbekistan, noko som har ført til ein gigantisk økologisk katastrofe.
Landet er eit viktig transittland for narkotika frå Afghanistan. Usbekistan var tidlegare ein del av Sovjetunionen, og etter sjølvstende i 1991 vart det kommuniustiske diktaturet erstatta med eit autokratisk muslimsk diktatur.  Landet har tetta band til Russland. Fattigdomen er stor. Korrupsjonen eventyrleg, og rikdomane svært ujamnt fordelt. Dette har gjeve grobotnen til framveksten av islamsk ekstremisme.
Trass i at dei evangeliske utgjer ein liten prosent av befolkninga, har dei sterk vekst. Dei er stadig under oppsikt, og blir utsette både for trakassering og fengsling, særleg om dei rettar misjonsinnsats mot usbekarar. Russarar og koreanarar kan evangelisera innafor eiga etnisk gruppe. Likevel blir det evangelisert også overfor usbekarar, og Guds rike går fram gjennom trengsler.

  • Be om at Guds barn i Usbekistan skal veksa i nåde og kjennskap til Jesus, vera sterke i skriftene, fulle av ånd og kraft, frimodige og smarte i måten dei evangeliserer på.
  • Be om at nye kristne blir forsvarleg disippelgjort.
  • Be om at dei Gud kallar til lkristent eiarskap skal svara ja og gå inn i tenesta med glede.
  • Be om at alle språkgrupper skal få høyra om Fars kjærleik og nåde på sine eigne språk. 
  • Be om at Gud skal velsigna landet med gode, kloke og rettferidge leiarar som distanserer seg frå ein korrupt livsstil, og som tek eit oppgjer med denne ukulturen som fremjar inkompetanse, og held landet nede i fattigdom.
  • Be om at leiarane skal ta tak i miljøproblema knytta opp til vassmangelkrisa. 
  • Be om at dei unge i landet skal få håp slik at dei ikkje knyter seg opp til ekstreme islamistiske grupper, slik dei i stor grad gjer no. Be om at dei skal finna Jesus og forstå betydninga av hans kross. 


mandag 12. desember 2016

Dagens nasjon: Uruguay








 Uruguay er eit lite land på kun 176,215  med eit innbyggjartal på 3,372,222 . Hovudstsad: Montevideo (1,6 mill).
Dette landet er det mest sekulariserte av alle land i Latin -Amerika. Kun 2,3% går til messe kvar søndag.
Folk flest lever i ein moderne gudlaus røyndom, noko som i følgje Operation World har resultert dei høgaste tala i Latin Amerika med tanke på depresjon blant unge, narkotika misbruk,  sjølvmord, skilsmål og abort.
Befolkninga er sterkt influert av New Age-tankar og sjølvutvikling og slikt, og afro-amerikansk spiritisme er vidt utbreidd.
  • Be om at Den Heilage Ande skal avsløra alle religiøse løgner og nedkjempa dei demoniske kreftene som står bak dei. 
Lenge sto Uruguay evangeliet i mot. Men dei siste 25 åra har ting endra seg.  Talet på evangeliske kyrkjer dobla seg frå 1998 til 2005, det same var tilfelle med medlemstalet. Den årlege veksten er på 3,2%.


  • Be om at veksten skal skyta enno større fart, og at kyrkjelydane skal bli velsigna med gode leiarar som kan leggja til rette for disippelgjering  av nye kristne. 
  • Be også om at dei 20 teologiske seminara og bibelskulane skal få den hjelp dei treng for å kunna gje kyrkjelydane det dei treng. 
  • Be også om at evangeliet skal nå fram til dei unådde jødiske, japanske og palestinske gruppene i folket, og at Gud skal driva arbeidarar ut til sin haust mellom dei. 
  • Be spesielt om at dei velståande som bur fasjonabelt langs Atlanterhavskysten  må bli eksponert for evangeliet, og at Uruguay skal skal bli eit transformert samfunn, til ære for Gud. 
  •  Be om at Gud skal velsigna presidenten og parlamentet i landet med rettsinn og klokskap.
  • Be om håp og livsmot for dei unge i landet, at dei skal kjenna Gud som Far og Jesus som frelsar, ha himmel over liva sine. 
  • Be om velsigning over alt godt og ærleg næringsliv.
  • Be om samhald i ekteskap og heim. 
  • Be om gode skular og gode lærarar for barna
  • Be om Guds rikes framgang mellom studentar og akademikarar.

Dagens unådde folkegruppe: Sudanesiske arabarar i Egypt

Det byr 4,5 millionar sudanesiske arabarar i øvre Egypt, mot grensa til Sudan. Dei har gifta seg inn i tradisjonell afrikansk befolkning, og er slik blitt ganske mørke i huden. Dei er naturlegvis muslimar, snakkar ein sudanesisk arabisk dialekt. NT er tilgjengeleg for dei både i tekst og lyd.

Kjære Herre Jesus! Eg ber i ditt namn om at denne folkegruppa skal rivast ut av det mørke åndelege og moralske fengslet dei lever i. Dei treng å møta deg i din guddom. Aus din Ande over dei, lat dei få sjå syndene sine i ditt lys og gremma seg over kva dei har gjort, og hjelp dei å forstå at berre DU kan berga dei frå synda og gje dei evig liv. Lat alle løgnene om at dei kan kvalifisera seg sjølv for himmelen smuldra vekk i sinnet, og må sanninga i evangeliet stå framfor dei som det einaste sanne alternativet for dei. Amen! 


USA 3

  • Det har vakse fram tusenvis av asiatiske minoritetskyrkjer i USA dei siste åra. m.a. 4000 koreanske, 1000 kinesiske, mange filippinske (dei veks snøggast), vietnamesiske og iranske. Be om at det veks fram ein einskap mellom kyrkjene som er heva over rase og nasjonalitet, at dei blir djupt berørt av Guds Ande, og har fokus på Jesus og misjon.
  • Store immigrantgrupper må reknast som heilt unådde. Be om at dei skal få menighetens fokus  og bli disippelgjort.
  • Det er 5,2 millionar jødar i USA. 250 000 av dei er messianske. Dei samlast gjerne i eigne messianske synagoger. Be om at alle jødar skal forstå at dei ikkje kan bli rettferdige for Gud ved lovgjerningar, men berre ved tru på Guds Son.
  • Talet på muslimar er uvisst. Kanskje så mange som 7 millionar, og det aukar gjennom innvandring. Be om at lyset frå Jesus også skal nå fram til desse menneska.
  • Det er 5,5 millionar frå Sør-Asia. Dei velutdanna og er komne for å jobba og tena pengar, muslimar, hinduar og sikhar er i fleirtal. Nesten ingen av dei har den minske kjennskap til evangeliet. Be om at dei skal bli møtt av den levande Gud og fridd ut frå djevelens makt. Be om at det blir etablert vitale kyrkjer som kan nå inn til desse menneska med Guds ord og Guds kraft. 
  • Be også om at dei store kontingentane med mormonarar og Jehovas vitner skal måtta bøya seg for Jesu guddomsmakt, og bli sett fri frå alle djevelske løgner som styrer liva og tankane deira. 
  • Tradisjonelt er kristendomen blitt identifisert som noko som tilhøyrer kvite middelklassemenneske. Be om at Jesus sprenger alle slike menneskelaga grenser for Guds kjærleik. 
  • YWAM, OM og International House of Prayer har spelt, og spelar, ei sentral rolle i verdsmisjonen. Be om framgang og framtid for desse, og mange andre organisasjonar som balar med det same.

USA 2

  • Mange kyrkjer i USA treng, trass i mange kvalitetar, vekkjing og reorientering. Amerikanarane blandet bibelsk kristendom med ein ekstrem individualisme, kjærleik til pengar, felksibel moral og nasjonalisme. Dette produserer ein kristendom som rettferdiggjer egoisme, umoral og arroganse. Kristne lever ofte som ikkje-kristne vedrørande ekteskap og skilsmål, seksuell umoral og haldningar til det å eiga mykje (havesjuke). Be om at kristne må bli tekne til sides, og bli gjennomlyst av Guds ord og Guds ånd, og at kyrkja må returnera til ein heilag levemåte, slik at ingen støytest bort frå Kristus pga kristnes mangel kristen integritet.
  • Be også mot den store tendensen til oppsplitting av kyrkja i stadig mindre eingingar. Kyrkjene diskuterer mange spørsmål seg i mellom, både dogmatiske og etiske, men ser ut til å oversjå det viktigaste av alle spørsmål: korleis kan me saman på ein effektiv måte bringa evangeliet om Jesus til dei som ikkje kjenner han. Be om at dette må bli hovudfokus for alle kyrkjer i USA.
  • Be om at det skal vera ei sterk misjonal kyrkje innan kvar av dei mange etniske minoritetane i landet. 
  • Det er 38 millionar afroamerikanarar i USA. Enno slit dei med skadeverknadane av tida dei var slavar på bomullsplantasjane i sør, og dei vert framleis utsette for rasediskriminering. Trass i stor framgang, ligg mange svarte framleis under for fattigdom, rus, arbeidsløyse, vald, kriminalitet og familieoppløysing. Svarte fylle amerikanske fengsel, og dei vert lett arresterte, og den siste tida har me sett at politiet lett skyt unge svarte menn til døde. Be om at dei svarte sin status og deira menneskeverd skal bli attreist i heile det amerikanske samfunnet.
  • Likevel er mange av dei største og mest vitale kyrkjene i USA svarte. Be om at dei skal vera i stand til tena befolkninga på ein adekvat måte. 
  • Dei spansktalande er den største av minoritetsgruppene. Mange av dei har konvertert frå katolisisme til evangelisk kristendom. Be om at 50 millionar spansktalande skal få eit gjennomgripande møte med Jesus Kristus, utvikla ei aktiv tru og gjort til sanne disiplar av Jesus.
  • Det var 20 millionar indianarar i Nord-Amerika då den kvite mann kom til kontinentet. No er det 250 000 att. fordelt på 550 stammer Det har vore eit folkemord. Ikkje mindre. Av desse 250 000 er det berre 5% som følgjer Jesus. Mange av dei søkjer attende til indianske religionar. Men be om at alle desse 550 stammene må få møta Jesus som deira spesielle Gud som talar deira språk. Gud har reist opp nokre indianarar til bøn for sine.Be om at denne bønerørsla veks, blir godt kjent og at ho må veksa seg sterk.

søndag 11. desember 2016

25 koptiske kristne drepne i bombeåtak mot Markuskatedralen i Kairo i dag

Dette er det verste enkeltanslaget om koptiske kristne i moderne tid. Etter president Morsis og Det muslimske brorsskaps fall, har presset mot den egyptiske kristne minoriteten auka kraftig på, og det ser ikkje ut til å politiet har vilje til å gje dei effektivt vern. Våre kristne søsken i Egypt treng vår forbøn.

Herre Jesus! I dag ber me om trøyst og styrke for dine forfølgde barn i Egypt, og særleg for dei som i dag har mista sine kjære. Gje dei ditt sterke nærvær akkurat i desse timane som dei er inne i no. Vekk ditt folk verda over til å be for Egypts kristne, og gråta med dei. Gode Gud! Dei koptiske kristne hungrar og tørstar etter rettferd. Må dei bli metta. Dei sørgjer. Må dei bli trøysta. Me ber i Jesu namn. Amen!

torsdag 8. desember 2016

Fengsla algirsk kristen møter alvorlege trugsmål frå medfangar

Slimane Bouhafs vart fengsla 31 juli 2016 for, etter det som er blitt sagt,  å ha karakterisert islam som ei lygn.

Slimane har i lang tid arbeidd aktivt for auka menneskerettar i Algerie, og det er nok grunnen til styresmaktene ville ha han bort frå det offentlege livet.

No har han teke til motmæle i fengslet mot ein imam som har fornærma kristne og den kristne trua etter alle kunstens reglar, og dette har resultert i mange trugsmål retta mot Slimane og situasjonen er farleg for han no.
  • Be om at Gud vernar han mot overgrep.
  • Be om at han skal vera ved godt mot, og ha glede i Gud midt i trengslene
  • Be om at han må gjera så sterkt inntrykk på medfangar og fangevaktarar at dei vender om til Jesus og blir frelst frå syndene sine. 
Kjelde: Martyrenes røst og World Watch Monitor

USA, del 1

USA er verdas tredje største land både i flatemål og folketal, og utan samanlikning verdas mest innflytelsesrike nasjon. Det bur meir enn 340 millionar menneske i landet, og immigrasjonsraten er svært høg. Ein reknar med at det er over 11 millonar papirlause innvandrarar der. Desse blir gjerne utnytta som billig arbeidskraft, og er heilt naudsynte for å halda mange hjul i gang.
USA er ein etnisk smeltedigel, og har vore det sidan "dei kvite" kom dit for 400 år sidan. Landet vart i stor grad bygt opp av dissidentar som vart forfølgde i Europa:  puritanarar, kalvinistar, baptistar, kvekarar og kongregasjonalistar. Dette er bakgrunnen for at dei første menneskerettane med vekt på individet sine rettar til å meina, tru, seia og skriva det ein måtte ynskja vart knesett av den første amerikanske kongressen i 1776.

  • Takk Gud for USA, og be om at landet også i framtida skal ta vare på individet sine grunneleggjane og sjølvinnlysande rettar. 
  • Be om at dei mange, mange papirlause immigrantane må få sjansen til å bli registrerte borgarar i landet, og at dei skal få anstendige løner, slik Guds ord seier at dei skal ha.

Den amerikanske økonomien er den største i verda og motoren i verdsøkonomien.  Men rikdomen er svært ulikt fordelt. Det meste av det som er av verdiar skal vera eigd av ein søkkrik liten elite. Denne tendensen vil på sikt utarma økonomien fordi kjøpekrafta blant vanlege folk blir så liten.

  • Be om at det må gå USA godt også på det økonomiske området, at den nye Trumpadministrasjonen skal verka positivt på produksjonen, og at det skal bli heilt andre fordelingsnøklar enn tilfelle er i dag.
78% av amerikanarane har ein kristen identitet. 29% er i den evangelikale leiren, 20% i den karismatiske, 7% er pentekostale. Alle desse veks for tida, men dei karismatiske mest. Ikkje i noko anna land i verda har kristendomen hatt så stor formande betydning som i USA.

USA hadde i 2010  93500 misjonærar i andre land, og er på topp i verda i så måte.

  • USA har ein rik kristen arv. Det er grunn til å takka Gud for alt det denne betyr for kristne i USA og for kristne verda over. Mange verdsvide vekkjingsrørsler har starta i USA (pinserørsladen,  karismatiske vekkinga, den tredje bølgja og 24/7 bøneteneste). Dei er gjerne holistiske og kreative i sitt uttrykk, og legg vekt på bøn, bibelundervisning, lovsong, barmhjertighet, disippelskap og kyrkjeplanting. 
  • Takk Gud for Billy Graham som har talt evangeliet for 200 millionar menneske verda over, og som tok initiativet til den første Lausannekonferansen for verdsevangelisering  i 1974. Lausannepakta aksellererte den evangeliske misjonsinnsatsen enormt. Det var eit før og eit etter i verdsmisjonen. 
  • Takk Gud også for AD2000 and Beyond, som har sett eit sterkt fokus på verdas mange unådde folkeslag.
  • Kvart år kjem det ut tusenvis av kristne bøker frå kristne amerikanske forfattarar som inspirerer og påverkar kristne i alle land. Mange av oss er djupt takksame for dette. 
  • Be om at Den Heilage Ande framleis må ha eit sterkt nedslagsfelt i USA, til velsigning for alle oss andre.
  • USA er desidert leiande innan bibelsk teologi og teologisk utdanning, med ein rik litteratur som ikkje er å finna i noko anna land.
  • Takk Gud også for den massive misjonsinnsatsen amerikanske kristne har ytt og framleis yt verda over. Utan denne ville kloden sett heilt annleis ut i dag. 
  • Men også i USA er det ein aukande tendens til unge menneske snur Gud og kristendomen ryggen. Be om at denne tendensen skal snu, at kyrkjene finn eit uttrykk som kommuniserer evangelie til den komande generasjonen på ein effektiv måte. 
  • Be også om at misjonstrykket nellom dei truande i USA vert halde ved like, og at det aukar i kraft i åra som ligg framom.
  • Mange kristne kjempar mot store samfunnsvonder som narkotikamisbruk, promiskuitet, pornografi, prostitusjon, kriminalitet, abort, seksuelle overgrep og misbruk av barn. Dei jobbar også for å bekjempa strukturelle synder som fører til djup fattigdom. Be om at dei skal ha Gud i ryggen i dette arbeidet, og at dei skal ha effektivt åndeleg vern når dei utfordrar dei mørke maktene som styrer destruktiviteten.

Arabarar i Libya

Det er 1 781000 arbarar i Libya. 98,1% av dei muslimar, 1,9% er kristne (0,2% evangeliske). Språk: Arabisk. Dei bur i dag i eit djupt splitta og borgarkrigsråka land. Store oljerikdomar vart oppdaga i 1950, og olja gjorde libyarane velståande. Mohammar-al-Ghadaffi styrte landet diktatorisk frå 1969 til 2011, då han vart drepen. Etter det har alt vore kaotisk, og det har runne mykje blod. Mellom anna kontrollerer  ISIL store deler av landet i aust. Libya har til dei grader behov for Fredsfyrsten.

Gode Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! Stopp i Jesu namn djevelens herjingar med arabarane i Libya. Ta makta frå dei vonde, og velsign landet med gode leiarar som let seg påverka av din Heilage Ande. Styrk dei kristne arabarane i trua, fyll dei med kraft frå det høge og gjer dei til standhaftige og effektive vitner om Jesu oppstode. Gjer dei uredde og hjelp dei å halda saman i tette fellesskap som demonstrerer Guds kjærleik for muslimane. Miskunna deg over Libya. Amen! 

 Arab, Libyan in Libya

tirsdag 6. desember 2016

Storbritannia

Storbritannia (GB) består av England, Skottland, Wales, Isle of Man og Jersy (Kanaløyane). Folketalet er godt og vel 65 millionar. 83,8% bur i England. 8,4% i Skottland, 4,9% i Wales og 2,9% i Nord-Irland.
Språk er engelsk. 60 000 i Skottland snakkar keltisk (gælisk), og i Wales er walisisk offisielt språk ved sida av engelsk.  6,3% av befolkninga i GB har asiatisk opphav, 1,9% kjem frå Midt-Austen, 1,4% er etterkomarar etter afrikanske slavar i Karibieb, 0,8% er afrikanarar frå Afrika.

England er ein høgt utdanna nasjon som gjennom historia har prega verdsutviklinga meir enn noko anna nasjon i verda. Gjennom kolonivelde på 1800 og 1900-talet, vart engelsk gjort til verdas fremste kommunikasjonsspråk. 1,4 milliardar av verdas menneske meistrar engelsk i dag.

Det er totalt 15 innfødde engelske sprråk i GB, og i tillegg 200 immigrantspråk i aktiv bruk.
Bibelen er omsett til fem språk. I tillegg er det tre NT-språk og det blir arbeidd med å omsetja Bibelen til enno to språk.

Økonomi: GB er inne i ei postindustriell tid der handel og service er dei viktigaste næringsvegane. GB er verdas femte største økonomi. Etter folkerøystinga er GB på veg ut av EU, som dei har vore medlemmer av sidan midten på 1960-talet.

GB er eit parlamentarisk monarki.

GB har vore ein kristen nasjon i langt over tusen år. Den moderne protestantiske misjonsrørsla starta med den engelske baptisten William Carey, og landet si betydning for verdsmisjonen kan knapt overvurderast. Den er enorm. Metodistvekkjinga med John og Charles Wesley på 1700-talet vert rekna som ei av historias aller største og mest betydningsfulle vekkjingar.

Konflikten mellom protestantar og katolikkar har vore eit ope og blødande sår i nasjonen heilt til vår tid. No ser det ut til at Gud slepp til med sin lækjedom.

Men i dag er landa inne i ei postkristen tid der sekularismen overtek meir og meir av folks tru og tanke. 60% bekjenner kristen tru, dei fleste anglikanske, medan 35% er ikkje religiøse. Det er i dag 2 millionar muslimar i GB. Av dei kristne trussamfunna, er det dei pentekostale som har ein viss vekst, og veksten føregår i hovudsak i mellom immigrantar.

  • Be om at Gud reinsar og reiser opp kyrkja si i GB til å bli ein tenleg reidskap for evangeliet. 
  • Be om at kyrkja i GB skal bli velsigna med tydelege, varme, kloke og kraftfulle leiarar.
  • Be om sann einskap mellom kyrkjene i GB.
  • Be om at kunnskapen om Guds herlegdom skal dekka heile landet, og at dei sekulære skal bli overvelda av Gud.
  • Be om at kyrkjene skal fyllast av folk som søkjer Gud, og som lovar og prisar han for hans godleik, stordom og frelse i Jesus Kristus 
  • Be om full forsoning mellom protestantar og katolikkar i Nord-Irland, og at Gud i sin nåde vernar Belfast.
  • Be om kristen vekking i dei muslimske miljøa. 
  • Be om at dei ekstremistiske miljøa blir løyst opp
  • GB er ille plaga av omfattande valdskriminalitet, alkohol og narkotikamisbruk, prostitusjon, seksuell normløyse,   kjønnssjukdomar, spelegalskap, spelegjeld, høge aborttal,  og samanbrot i familiestrukturane, Be om at djevelens planar med nasjonen blir forpurra, at britane vender om til Gud og blir åndeleg revitalisert, til velsigning for heile verda. 
  • Be om at ja til livet-rørsla skal breia om seg og at ufødde barn skal få reelt rettsvern.
  • Be om at evangeliet skal få innflytelse i alle samfunnslag, også i parlamentet, og prega lovgjevinga i landet. 
  • Be om at banda til EU skal løysast lett og smertefritt, og at gode avtalar skal etablerast mellom GB og EU.
  • Be om at kongehuset skal stå fram med ein klår kristen profil også etter dronning Elisabeth si tid.
  • Be om Guds signing over dronning Elisabeth
  • Be om at GB skal bli velsigna med eit sterkt og klokt leiarskap, prega av klåre kristne verdiar.
  • Be om at landet også skal bli velsigna på det økonomiske området.


mandag 5. desember 2016

Kasakstansk pastor dømt til to års fengsel

Pastor Yuri Pak vart  3.oktober dømt til to års fengsel for angiveleg å ha ringt landet sin naudtelefon berre på bøll. Klagemålet er grunnfalskt, men betimeleg for styresmaktene. Kasakstan er muslimsk, og kristne kyrkjer er under streng oppsikt.

Gode Gud! Støtt Yuri med ditt nærvær gjennom denne vanskelege tida og styrk han i trua på di omsorg og din kontroll. Må alt som skjer han tena til det gode for han, og må han vera eit lys og ein reidskap for deg i fengslet medan han ventar på å få fridomen sin attende. Må han få sjå at mange medfangar og fangevaktarar vender om til Jesus og opplever frelse og fridom i han. Amen! 



 



Suodi, Kina




Suodi lever i Sichuanprovinsen nordvest i Kina. Dei tel 239000 menneske, og dei har gjennom tidene hatt lite med den kristne evangeliet å gjera. Dei må betraktast som heilt unådde. Likevel er NT omsett til nuosi, som er det språket dei snakkar.  Jesusfilmen er også tilgjengeleg for dei.
Suodi har ein lang valdstradisjon, og har eit djupt fiendskap med nabofolket nosu.
Suodi er tradisjonelle polyteistar, men trur likevel på ein høggud som dei kallar Yasomu.

Far i himmelen! Me ber om at suodifolket skal møta din kjærleik i Jesus Kristus, at du auser din Ande og din fred ut over dei, at dei lærer seg å elska deg, sine neste og sin fiende. Du har ein haust som ventar i suodifolket. Driv arbeidsfolk ut til din haust mellom dei, i Jesu namn, amen!



Turkmenistan


Turkmenistan ligg nord for Iran på austkysten av Kaspiahavet. Berre 1 % av landarealet er dyrkbart. 80% er ørken. Innbyggjartal: 5,2 mill. Flatemål: 488000 km2. Demografi: 82,1% turkmenarar, 9,4% uzbekarar, 2,2% russarar, og 2,2% iranske medarar. 
Økonomien er heilt og fullt basert på olje og gass-produksjon.
Stor fattigdom på landsbygda.
Landet var ein del av Sovjetunionen fram til 1991 då unionen rakna heilt. Etter den tid at Turkmenistan vore sjølvstendig. Saparamut Nijazov regjerte som brutal diktator fram til 2006, og folket følgde han som ein kultleiar. Han brukte store pengesummar på å reisa skulpturar av seg sjølv over heile landet. Bilete av denne mannen er å sjå over alt. Han var ein moderne Nebukadnesar.
Regimet hans var prega av grov korrupsjon, opphopning av rikdom i presidentfamilien og forfølging av opposisjonelle. Også kristne. 
Landet er under islam. Nijazov vart erstatta av Gurbananguly Berdimuhammedov som har halde fram med dei same menneskerettsbrota og den same undertrykkingspolitikken som forgjengaren, om ikkje verre. 
  • I 2010 var det omlag 1000 evangeliske kristne i Turkmenistan, mot maks 2 personar i 1991. Det er grunn til å tru at talet i 2016 sikkert er mykje større. Mangedobla dersom vekstprosenten er stabil. Men eg har ikkje tilgang til sikre tal. men med ein årleg vekstprosent på 40 frå 1991-2010, vil me i 2016 vera oppe i 13000.  Dei fleste evangeliske er russarar, ukrainarar og armenarar. Be om at den vesle flokken skal halda seg nær til Gud og til kvarandre,og erfara Andens mektige kraft i liva sine. Be om at Gud skal gjera dei dedikrete, modige  og uimotståelege midt i ein kvardag prega av forfølging. Fleire pastorar er blitt arresterte, fengsla og ille plaga. Det verkar som forfølginga har ført til stor kristen einskap og gjort dei kristne åndeleg sterke og offensive. Be om at dei skal stå faste i trua, og auka si misjonale slagkraft. 
  • Be om ein omfattande nyplanting av kyrkjelydar over heile landet. 
  • Be om at Gud kallar og utrustar nye åndelege leiarar.
  • Be om at dei kristne i landet skal bli disippelgjort
  • Be om at kristne humanitære organisasjonar skal få tilgang til Turkmenistan.
  •  Heile Bibelen er no for første gang omsett til turkmenst og trykt. Be om ein effektiv distribusjon, stor etterspurnad og godt sal. Be om at Bibelen skal bli lest, og at Guds ord skal forvandla både den enkelte og heile nasjonen. 
  • Be om at islam skal tapa makta si over turkemenske sinn. 
  • Be om at Den heilage ande skal bli aust ut over Turkmenistan, og at heile landet skal blir bada i Guds sterke lys. 

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...