torsdag 29. mars 2018

Kapali, Bangladesh

Kapalifolket er hinduar som delvis lever i Bangladesh og delvis i India. Tala er høvevis 208 000 og 298 000.

Lenge var folket rekna med til brahminarkasten, men har mista denne statusen no.
Dei er i stor grad godseigarar, og dermed velståande. Ingen kristne kapaliar er registrert. Dei er svært hengjevne hinduar.

Kapalifolket snakkar bengali, og heile Bibelen er tilgjengeleg på dette språket.

Gode Gud! Me ber om at Guds rike skal koma også til kapalifolket. Aus Anden din ut over dette folket slik at dei forstår at du er den einaste sanne Gud, at dei sjølve er syndarar og at dei kun kan bli kvitt syndene sine ved å tru på Jesus som Guds Son. 

Vekk folk verda over til å be for  kapalifolket, og send så arbeidarar ut for å hausta dei inn i ditt rike. Herre, miskunna deg over dei i Jesu namn! Amen!



fredag 23. mars 2018

Dagens nasjon: Brunei


Brunei er ein steinrik liten oljenasjon nord på Borneo, ein enklave i Malaysia. Landet vert styrt av ein sultan (som er den nest rikaste kongelege i verda). Det bur 443 593 menneske der. 47000 er kristne, 25000 evangeliske.

Brunei er ein konservativ muslimsk stat, men ikkje mellom dei mest radikale. Kristendomen vert godt tolerert, men det er ikkje lov å misjonera mellom muslimar, og det er forbode for muslimar å konvertera til kristendomen.

Dei fleste i Brunei er etniske malayar. Det er få kristne mellom desse, og dei som er, held trua for seg sjølv. Dei kristne i landet er anten kinesarar eller ikkje-malayiske stammefolk.

Gode Far i himmelen! Lat namnet ditt helgast, rikjet ditt koma og viljen di råda i Brunei slik som tilfelle er i himmelen. Gjer namnet ditt stort i dette landet. Må din stordom og heilagdom rysta dei styrande slik at dei bøyer seg for Sonen sin og tilber han åleine som frelsar og Herre for sine liv. Må dei sjå liva sine i ditt lys og bli levande klår over kva du fordrar av dei, og kva du kan gje dei gjennom Jesus Kristus. Styrk kyrkja di i landet. Fyll henne med din kjærleik og utrust henne med din autoritet og di overnaturlege kraft. Gjer dei truande frimodige, kloke og uovervinnelege. Me ber i Jesu namn. Amen! 


søndag 18. mars 2018

Dagens unådde: Hausafolket i Nord-Nigeria

Hausafolket er eit gamalt kulturfolk sør for Sahara. Historisk hadde dei sin eigen stat. Men denne vart overvunnen av fulaniane på 1800-talet. Det er 416000 hausaer. Dei snakkar sitt eige språk . Hausa er også bibelspråk. Hausafolket driv i hovudsak med handel og vandel. Religion: Islam.

Gode Gud og Far, du som elskar verda med ein evig kjærleik, og som gav oss Sonen din, den einborne, forat me ved å tru på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Denne ordninga har du også etablert for hausafolket i Nord-Nigeria, og me ber om at du skal opplysa dei gjennom evangeliet slik at dei ser sitt desperate behov for den frelse du har preparert for alle menneske i Jesus Kristus. Kall di sterke kyrkje i Sør Nigeria til misjon mellom folka i nord Gje hausafolket ein skikkeleg appetitt på Ordet ditt, og me ber om at det skal grunnleggjast ein livskraftig og produktiv kyrkjelyd i dette folket. I Jesu namn, amen!



lørdag 17. mars 2018

Brasil

Relatert bilde



Brasil er verdas tredje største land i flatemål, og har ei befolkning på rundt 200 millionar menneske. Over 50% kvite av europeisk opphav, 38% er blandingsrase, 6% svarte, kun 0,4% urfolk.
176 millionar er kristne, dei fleste romersk katolske. 50 millionar er evangelikale. I 1960 var dette talet berre 2%. Det flyt ei kontinuerleg evangelisk vekkjing over landet.

Offisielt språk: Portugisisk. Totalt snakkast det 193 språk i landet.
Styresett: Republikk

Politisk slit Brasil med enorme korrupsjonsskandalar, uendelege rettsoppgjer, mafiaverksemd, politiske drap og masse ustyrleg rot.

Mange brasilianarar lever i stor fattigdom i favelaer, slumområder i dei store byane som blir styrt av kriminelle. Drapsraten her er skyhøg, seksuelt misbruk av kvinner og barn likeeins, jenter vert tidleg mødre til barn utan fedre som tek ansvar for noko som helst, og salg og bruk av narkotiske stoff , og med all den frykt og moralsk desorientering som følgjer med, dominerer folks kvardagsliv her.

Økonomi og næring: Jordbruket, industri og turisme. Brasil har dei siste åra utvikla seg til ei økonomisk supermakt. Både jordbruk og industri trugar den for heile verda verdfulle regnskogen. Store deler av atmosfærens ogsygen vert produsert i Amasonasregnskogen. Her finn me også det største artsmangfaldet av planter og dyr i verda.

Brasilianarane er på godt og vondt åndeleg opne. På minussida må nemnast at mange, mange er henfallen til og avhengig av spiritisme og andre okkulte aktivitetar. Dette fører til betydeleg grad av demonisering blant vanlege folk. Dette er eit stor naud.

Dei evangelikale er sterke i Gud, og bøna er berande i liva deira. Dei samlar seg kvart år til store Global Day of Prayer-arrangement (1.pinsedag) og Jesusmarsjar. Og her ligg håpet for dette landet. Brasil er dei siste åra vorten eit leiande misjonsland.

Kjære gode Gud! Me takkar deg for alt godt du gjer i Brasil, og alt det fantastiske som har skjedd med di kyrkje dei siste 70 åra. Me takkar deg for brennande hjarter og stor iver. Me ber: Ta godt vare på dei truande og bevar dei mot falsk lære og gje dei forstand til å ta på seg din rustning slik at dei kan stå fast i deg til du kjem att for å døma levande og døde. Hjelp dei å ta vare på iveren, grunnfest dei i nåden, bøna, Ordet og fellesskapet, og som gode disiplar, disippelgjera heile nasjonen. Så ber me om at landet skal få sterke og rettsindige leiarar, at Anden sin skal ausast ut over alle menneske, at dei kriminelle skal falla ned for føtene dine , venda om frå si dårlege ferd og læra seg å leva rettferdige liv. Amen!





torsdag 15. mars 2018

Opprop til bøn for Afrin

Kjære bønevener!

Pastor i Credokirken i Bergen, Per Ove Berg har vore i Syria. Han ville inn i Afrinprovinsen med hjelp, men vart stoppa av syriske regjeringssoldatar. I Afrin er dei sivile i krysseld mellom regjeringsstyrkane og tyrkiske invasjonsstyrkar. Lidingane er enorme no. Afrin er ein kurdisk enklave i Syria, og etter at kurdarane hadde nedkjempa ISIS, vender no dei andre stridane partane seg mot kurdarane for å knekka dei. Mange ISIS-terroristar har fått jobb i nye hærar. Det er ingen løyndom at Nato-landet Tyrkia i årevis har støtta ISIS. Dei er ekstremt brutale, fortalde Per Ove Berg meg i ein telefonsamtale i går kveld. No er det tid for å be for Afrin, eit område som ligg oss i Kristkyrkja tungt på hjarta då nokre av våre medlemmer kjem derifrå, og familiane deira er framleis i regionen. Dei kjem seg ikkje ut. Folk gøymer seg i fjellholer no. Lat oss be om at Gud skal pressa hærane attende, og set opp eit vern for dei sivile. Krig er djevelskap, og Jesus er openberra for å gjera ende på djevlens gjerningar. Det skjer når hans folk ber.

Gode Gud! Sjå i nåde til alle menneske som no er inneklemte i Afrin og står i fare for å mista liv og eigedom. Stopp i Jesu namn alle overgrepa frå den tyrkiske og den syriske regjeringshæren. Vern folk mot kuler, bomber og granatar, vern barna mot varige skader på kropp og sjel og kvinner mot seksuelle overgrep, og send dine mektige englar for å pressa fiendehærane attende. Me ber om fred og fridom for folket i Afrin, og framfor alt at dei skal bli kjent med kong Jesus og oppleva frelse for sjelene sine. 

Følg linken under og lytt til CBN sitt intervju med Per Ove B erg


 http://www1.cbn.com/cbnnews/world/2018/january/pastor-pleads-for-protection-and-prayers-as-syrian-town-endures-attack

Bilderesultat for Afrin

søndag 4. mars 2018

Kviterussland

Kviterussland ligg utan naturlege grenser på det nord-europeiske slettelandet. Her er det grøderik jord og mykje god skog.
Areal: 207600 km2.  Folketal: mindre enn 9 500 000.  Det er kraftig minkande.
Landet grensar til Ukraina. Russland, Latvia, Litauen og Polen, og var i si tid naturlegvis ein del av Sovjetunionen, og vart kasta ut i ifrivillig sjølvstende då Sovjetunionen gjekk i oppløysing i 1991.  I dag er landet rekna for å vera Europas siste diktatur, og president Aleksander Lukasjenko styrer lmed hard hand i nær kontakt med Russlands Vladimir Putin. Her er ingen opposisjon lovleg, og menneskerettane har ingen reell verdi.

Demografi: 83,7% er kviterussarar, 8,3% russarar, 3,1% polakkar, 1,7% ukrainarar, 0,1% jødar og 3,1% andre. Før krigen var det 400 000 jødar i landet. Nesten alle vart utrydda under holocaust, og dei som var att, emigrerte i stor grad til Israel.

Språk: Kviterussisk og russisk. Dei fleste brukar russisk i dagleg tale.

Religion: 80% russisk ortodokse, 14% romersk katolske og 2% protestantar. 4% tilhøyrer ikkje-kristne trusretningar.

På papiret er det religionsfridom, men i røynda vert alle utanom dei ortodokse kyrkjene diskriminerte.

Økonomi og næring: Jordbruk og industri (80% under statleg kontroll). Heil avhengig av handel med Russland. Landet er enno prega av Tsjernobylkatastrofen i 1986 då eit kjernekraftverk i Kiev, Ukraina eksploderte, og store mengder radioaktivt materiale gjekk opp i røyk og fall ned i lokalmiljøet og over store deler av nord-.Europa, og i særleg grad i Kviterussland. Mange har døydd av kreft pga strålinga.

Den levande kyrkja i Kviterussland veks sjølv om folketalet minkar. Det ser ut til at forfølging og diskriminering har motsett effekt av det som var tiltenkt.

Bøn:

Gode Gud! Me ber om at alle som kjenner deg i Kviterussland skal vera gode kristne som frimodig deler trua si med andre. Hjelp dei å halda seg nær til deg i Bibel og bøn, og til å halda saman i tette og varme fellesskap. Fyll dei med din Ande og utrust dei med dine nådegåver, spesielt profetgåva,  slik at dei blir effektive menneskefiskarar, og slik at dei kan byggja kvarandre opp i trua.  Me ber om at folket skal kjenna på ein djup hunger og tørst etter deg, vår Gud, og søkja til dine kyrkjer for å bli frelst frå sine synder og drikka av dine kjelder. Me ber også om at diktaturet må falla, at landet skal få seg eit levande demokrati med kloke, gudfryktige, rettskafne og rettenkande leiarar.  Gje lækjedom til dei som enno er sjuke pga radioaktiv stråling, og gje kyrkja di å kraft til å lækja dei sjuke. Må styresmaktene reversera den liberale abortlova, og leggja til rette for at folk igjen vil ha barn. Me ber om tolmod for alle truande som er utsette for diskrinminering, og at dei trass i urett handsaming, frydar og gleder seg i deg. Og til slutt ber me om einskap mellom alle sanne kristne i landet. Amen. 




Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...