onsdag 27. august 2014

Dagens unådde: Bengkulufolket i Indonesia


Dei rundt 80 000 bengkuluane bur og lever i eit lite område sørvest på Sumatra, som vart tungt råka av tsunamien i 2004. Dei kjem opprinneleg frå Malaysia. Sjølv om dei er muslimar, tek dei vare på mange av dei gamle religiøse førestellingane, og dei gjennomfører seremoniar som skal verna dei mot vonde åndsmakter. Det er mykje redsle for at fæle ting skal skje mellom bengkuluane. Bengkuluane snakkar malaysisk, og har tilgang på Det nye testamentet. Me kjenner ikkje til at det skal vera nokon innan folket som kjenner Jesus.

Herre Jesus! Me ber i ditt namn at du skal fria bengkulufolket frå alle åndsmakter som bind dei fast i redsle, at dei skal forstå av hjarta at dei er elska av den evige Gud, og at du på krossen har fjerna syndene deira og overvunne dødens og djevelens makt. Må nokre av dei mange kristne i Indonesia bli merksame på bengkuluane og gjera det til si oppgåve  å bringa ditt lys til dei, og må dei opna seg for lyset, snu seg bort frå synd og avgudsdyrking, bli fødde på nytt og samla seg til sterke, vitale og misjonerande kristne fellesskap. Amen!



søndag 24. august 2014

Dagens unådde: Siltifolket i Etiopia

Siltifolket tel 1,3 millionar menneske og bur sør i Etiopia, samt i dei store byane. Dei jobbar gjerne som forretningsfolk, og er i hovudsak muslimar. 2% er kristne. Siltifolket har ein lang og ærerik historie som betyr mykje for dei. Likevel, folket er fattig og har stort behov for utvikling innafor utdanning, landbruk, industri, helsestell, matforsyning og handel. Dei snakkar sitt eige språk, og deler av Bibelen er omsett til siltspråket.
 
Kjære Herre Jesus Kristus!
Kom med ditt sterke lys til siltifolket. Riv dei ut av alle førestellingar om at alt er i orden mellom dei og Gud. Må dei forstå at dei ikkje berre gjer enkelte feil i livet, men at heile retninga på livet er feil, og at dei må venda om til deg for å bli frelst. Send dine apostlar til dei og leid dei ved Anden fram til heile sanninga, den sanninga som gjer dei frie. Bygg opp ei sterk, tydeleg og vital siltikyrkje som kan vera eit fyrtårn, ikkje berre for andre i dette folket, men også for andre folk i områda der dei bur. Gje dei lyst til å lære nye ting slik at dei får god utvikling på alle viktige samfunnsområder.



fredag 22. august 2014

Dagens unådde: Chainfolket i Bangladesh.


Chainfolket er etter måten ei lita hinduistisk folkegruppe på 26000 menneske i Bangladesh, eit land med 154 millinoar innbyggjarar der langt over 90% av befolkninga er muslimar. Chainfolket er bønder. Dei legg stor vekt på rituell reinleik. Difor et dei ikkje mat dyrka av muslimar ,eller av folk som er under dei på den hinduistiske rangstigen. Denne stoltheiten vil bli veldig utfordra i møte med evangeliet.Chainfolket snakkar bengali, og har god tilgang på Bibelen og andre kristne ressursar.

Kjære gode Gud! Me ber om at du skal bøya det stolte chainfolket slik at dei forstår at dei er like mykje verd som andre menneske, og at andre menneske er like mykje verd som dei. Kom til dei som den kjærlege far du er for dei, hjelp dei å sjå syndene sine i lys av din karakter, og gråtande koma til deg, sanna dei og be om nåde for Jesu skuld. Må chainfolket bli forvandla av Den heilage ande og bli til eit folk som elskar alle menneske og som formidlar din kjærleik, di kraft og sanninga i evangeliet til andre folkegrupper i India og Bangladesh.. 

torsdag 21. august 2014

Bishoy Armeia Boulos dømt til 5 års fengsel i Egypt.

Krev frihet for Bishoy!
Bishoy Armeya Boulos saman med advokaten sin


Bishoy Armeya Boulos (tidlegare Mohammed Hegazy) er dømt til 5 år i fengsel for å ha filma og dokumentert overgrep mot kristne frå egyptisk politi si side.
Bishoy konverterte frå islam til kristen tru på starten av 2000-talet. Han gjekk til sak mot staten i 2007 for å få konverteringa godkjent og bli stempla som "kristen" og ikkje som "muslim" i passet sitt.
Denne saka tapte han. Som svar på tiltale, reiste staten sak mot Bishoy og fekk han fengsla. No er det også ei blasfemisak mot han under oppseiling.
Bishoy har no innleida sveltestreik.

Gode Far! Me ber no i Jesu namn om at du må vaka over Bishoy og sjå til helsa og trua hans under sveltestreiken. Me ber også om at saka hans skal takast opp på nytt, at blasfemiklagemåla skal fråfalla, at rettferda skal sigra og at Bishoy skal få fridomen sin attende. Amen!

onsdag 20. august 2014

Madagaskar

A locator map of MadagascarMadagaskar var eitt av dei første landa der nordmenn, gjennom Det Norske Misjonsselskap, dreiv misjon. NMS-misjonærar er der forresen enno. I dag er over 50% av befolkninga på 20 millionar kristne, men mange kombinerer den kristne trua med gamle religiøse førestellingar og seremoniar. Fedredyrking og trolldomskunster er svært utbreidd i heile samfunnet, også mellom mange kristne. Dette gjev rom for at vonde ånder får dominans i folks liv. Det føreligg mange vitnemål om behovet for demonutdriving på M.
Det er stor spenning mellom kristne i landet, og stadig opplever dei at kyrkjelydar vert splitta. Det skjer, som Operation World skriv, skræmande ofte. Likevel veks kyrkjelydane gjennomsnittleg 3% årleg. Det er Guds nåde.

Kjære Herre Jesus! Me takkar deg for dine storverk på Madagaskar gjennom 150 år. Takk for alle som er blitt berørt av evangeliet, og for alle som gjennom dette er blitt frelst. Takk for fridomen som di kyrkje har til å forkynna evangeliet i dette landet. Me ber om at du vaker over denne fridomen slik at han kan vara. Så ber me om at du skal læra kristne å elska kvarandre slik som du Jesus elskar oss, og at du utrustar dei sanne kristne med gåver til å prøva ånder og til å fordriva dei, ikkje berre frå enkeltpersonar, men frå byar, landsbyar landområder som ligg under deira dominans. Gje kyrkja di mange gode leiarar som kan læra folket Bibelens ord, og føra dei inn i sant disippelskap. Amen!
Typiske tre som er å finna på vestsida av øya


mandag 18. august 2014

Dagens unådde: Kachhifolket i India


Kachhifolket i India tel nesten 6 millonar menneske. Dei er grønsaksdyrkande bønder, og tilnærma vegetarianarar. Hinduistar som dei er dyrkar og tilber dei Hanuman, Rama, Krishna, Shiva, Kali og Durga. I det siste er dei blitt mindre profilerte hinduar og nokre har adoptert muslimske skikkar og festivalar som t.d. ramadan. Kachhifolket snakkar hindi, men også 25 andre lokale språk.

Kjære Herre Jesus, verdas frelsar. Me løfta Kachhifolket opp til deg i dag og ber om at du skal senda arbeidsfolk ut til din haust mellom dei. Du er deira skapar og frelsar og rettkomne eigarmann. Riv dei ut av djevelens makt og bedrag. Lat sanninga i ditt ord lysa for dei og visa dei vegen ut av synda og inn i di rettferd. Må du grunnleggja ei sterk og levande Kachhikyrkje, full av himmelsk kraft og godleik, ein plass der folk kan finna frelse frå sine synder, lækjedom for sine sjukdomar og fridom frå dei vonde maktene som bind dei til djevelen og hans lagnad. Velsign dette folket, og lat dei bli mellom dei nasjonane som syng og dansar av glede for deg. Amen!

 

søndag 17. august 2014

Ei bøn for dei forfølgde kristne i Irak

Denne bøna for dei forfølgde kristne i Irak sto i avisa Dagen i går. Ho er laga av Åpne Dører. Dei ber oss om å bruka denne på gudstenestene og møtene våre i dag.



Nådige Gud og Far!

Me sameinar røystene våre med kristne over heile verda: Me ropar til deg for dei hundretusenvis av irakarar som i desse dagar vert utsette for brutal forfølging: Lat dei merka at dei ikkje er gløymde.

Me sameinar hjarto våre for dei mange hundertusen som er drivne på flukt og har mista alt dei eig: Gode Gud, Lat ikkje hjarto deira bli råka av redsle og fortviling.

Me sameinar trua vår med kristne over heile verda og ber: Grip inn, Herre, og  lat ikkje hatet sigra.

Me sameinar vona vår med irakarar som manglar mat, vatn, klede og husly, og som er i ferd med å gje opp: Gje visdom og handlekraft til det internasjonale samfunnet, til politiske leiarar og naudhjelpsorganisasjonar. 

Me sameinar vår kjærleik med kristne irakarar som kjempar for å overleva: Jesus, me er lemer på din kropp og brør og søstre i same familie. Lat vår kjærleik bli meir enn tome ord.

Me sameinar tårene våre med Jesu tårer over menneske som elskar mørkret høgare enn lyset: Lat vondskapen avta og nedslaktinga av skuldlause menneske i Irak ta slutt. 

Me sameinar vår vilje med din, Herre, og ber om at du gjer oss til medarbeidarar for fred og rettferd: Gje oss vilje til be, forsaka og arbeida for at verda skal bli ein tryggare plass å leva. Lat ditt folk i alle land leva som lys og salt.

Det ber me om vår Gud og Far! Amen!

lørdag 16. august 2014

Fyrstedøme Lichtenstein

Kart over Fyrstedømmet Liechtenstein
Lichtenstein er eit lite kongedøme i Alpane, klemt inne mellom Sveits og Austerrike. Historisk er det  i røynda ei levning av det gamle tysk-romerske riket. L har eit flatemål på 160 kvadratkilometer, litt større enn Stord kommune der eg bur. Befolkninga er på 36 000 menneske. Dei snakkar alemmanisk,  ein tysk dialekt.

Folk i L lever av industri, handel, finansverksemd og turisme. Landet er kjent for å vera litt av eit skatteparadis, og mange utanlandske selskap er registrerte der.

I L er den romersk katolske kyrkja statskyrkje, og det er grunnlovfesta at kongehuset skal vera katolsk. Dei fleste i landet er då også katolikkar, men det store fleirtalet er nominelle kristne, og eit fåtal har nokon gong fått sjansen til å ta personleg stilling til Jesus Kristus. Likevel: nokre personar i kongefamilien kome til personleg tru gjennom kontakt med den sterke karismatiske rørsla innan den romersk katolske kyrkja.

Kjære Herre Jesus! I dag ber me om at du skal koma som ein etterlengta gjest til menneska i Lichtenstein. Du bar deira synder med deg på krossen like mykje som du bar våre, og me ber om at du skal bli til frelse for dei, slik som du er blitt for oss. Riv ned den tilliten som lichtensteinarane har til det materielle, og lær dei at den sanne rikdomen ligg i evangeliet og i det livet og framtida som berre du kan gje dei. Reis dei opp moralsk slik at dei brukar pengane sine til å investera i ditt rike og bygga opp nasjonar, og samla seg rikdom i himmelen, og ikkje på jorda.

Vaduz slott ligg mellom enorme alpefjell. Storslaått og vakker natur som gjer Lichtenstein til ein vinterferieparadis



fredag 15. august 2014

Libya


Libya er eit land på heile 1,8 millionar kvadratkilometer. Det meste er ørken. Berre 2% er dyrkbart. Det bur 6,6 millionar menneske i landet, dei aller, aller fleste langs kysten. 97% er muslimar, 2,6% kristne.
Etter at Mohmmad al Gaddafi vart styrta i 2011, har landet vore kasta ut i øydande borgarkrig (utan av verda har brydd seg så hardt om det).
Landet er ein stor oljeprodusent, og mykje av striden i dag står om kontroll over desse rikdomane. 
Før opprøret og krigen braut ut, var det aukande interesse i befolkninga for Bibelen og den kristne trua. Mange års iherdig bøn har bore frukt. Djevelen prøver no å riva dette ned.


Gode Gud og Far! Me ber i dag om fred og forsoning mellom stridande partar i Libya, om lækjedom for alle traumatiserte menneske og om attreising av landet. Du som har starta ei god gjerning mellom folk,  fullfør den inntil Jesu Kristi dag. Reis opp kyrkja di i landet til å bli eit fyrtårn som syner folket vegen til frelse, liv, framtid og von, og me ber om liv i djupe åndelege røter frå den første kristne tid. Fyll kyrkja di med lækjedomskraft slik at dine barn kan formidla helse til skada og sjuke menneske. Må interessa for Bibelen, kristen litteratur og kristne radio og TV-program og berre auka på, og me ber om høg kvalitet på desse sendingane, og me ber om at folk skal søka etter deg også på internett og finne deg der. Amen!
Ein oase i den libyske ørken kan stå som eit symbol for den kristne kyrkja i landet

Kristne flyktar frå Karakosh. Kyrkjene utsette for øydelegging


Karakosh  har vorte rekna for den kristne hovudstaden i Irak. Den 7. august vart byen erobra av IS-opprørarar, og dei kristne valde å flykta hals over hovudet til Erbil, hovudstaden i Kurdistan. Det var ein lang marsj i 40 varmegrader gjennom tørre områder utan tilgang på vatn.
100 000 kristne frå Nord-Irak er no på flukt frå ein brutal død. 
I Karakosh gjekk IS-opprørarane inn i kyrkjene, fjerna alle kristne symbol og øydela mange heilt uerstattelege  manuskript. Kjelde: www.persecution.net

Gode Gud! Vern alle dine som er på flukt frå ein fornedrande død. Bu du mellom dei, og  ver ei skystøtte for dei om dagen og ei eldsøyle om natta, og lat dei finna vatn og mat på overraskande stader. Takk at du er ein Gud som gjer under for dine trugne. Så ber me om at fienden skal bli forvirra og sveikka slik at han ikkje kan gjennomføra dei øydeleggande planane sine. Amen!

Ei irakisk kriten kvinne ber i eit kristent senter i Erbil, 27.juni 2014. Foto: AFP

torsdag 14. august 2014

Liberia

Map of Liberia
Liberia er eit vestafrikansk land som grensar til Sierra Leone, Guinea og Elfenbeinskysten. Det vart grunnlagt av frigjevne afroamerikanske slavar i 1847. Dei siste tiåra har landet vore heimsøkt av to øydeleggande borgarkrigar, og i 2003, då Ellen Johnson overtok som president, låg landet nede med knekt ryggrad. Men ho klarte ved hjelp av FN og ein vestafrikansk fredsstyrke å få slutt på kampane mellom rivaliserande stammer, og for dette fekk ho Nobels fredspris i 2011.
Men landet slit med store problem. Akkurat i våre dagar har det ekstremt dødelege ebolaviruset blomstra opp, befolkninga er traumatisert av krig, massakrar og ei vedvarande valdtektsbølge. Folk er fattige, analfabetismen høg ++. Her trengst det lækjedom og forsoning
Det er religionsfridom i Liberia, og kristendomen står sterkt. Men 41% av befolkninga tilhøyrer ulike kultar som praktiserer okkultisme. Det gjev djevelen stort rom.
Landet er rikt på naturressursar. Det skulle borga for velstand, men har resultert i krig av verste sort. Det bur omlag 4,5 millionar menneske i Liberia.

Herre Jesus! Liberia tyder fridom. Må det liberiske folket erfara fridom frå synda, døden og djevelens makt. Me ber om eit stabilt styresett i landet, om ærlege og kloke leiarar som får bort korrupsjon, grådigheit og vald. Må liberiske menn ta deg som forbilete og verna kvinner og barn  mot overgrep, og ikkje vera ein fare for dei slik som dei ofte er i dag. Attreis kyrkja di i Liberia og utrust henne med Andens gåver slik at ho kan avsløra og kasta lys over folks synder, og lækja alle sår og all smerte som synda har påført dei. Me ber om at landet skal få eit justisvesen som fungerer,  at barn og unge skal få nødvendig skulegang, at jordbruk og anna ærleg næringsverksemd skal kunna gje folk arbeid og mat og eit utbygd helsevesen for alle. Skap forsoning og fred mellom alle etniske grupper som tradisjonelt har stått mot kvarandre som svorne fiendar. Reins landet frå avgudsdyrking, og må alle legga frå seg syndene sine og rekka hendene sine mot deg, du som er den einaste sanne Gud og skapar. Amen! 
Liberiske kvinner i glad dans.







tirsdag 12. august 2014

4 unge evangeliske kristne drepne av prorussiske opprørarar i Aust-Ukraina

www.persecution.org melder at 4 unge evangelisk kristne radioarbeidarar nyleg vart slått i hel av prorussiske opprørarar i Slavyansk i opprørsrepublikken Donetsk. Samstundes vart radiosendaren til Far East Broadcasting Company (FEBC), som dei unge jobba som friviljuge ved, rive ned. Dei prorussiske opprørarane ser på evangelisk kristne som legitime mål for terror. Dei ønskjer å oppretta ein reint russisk ortodoks stat i Donetskregionen.

Sjå gjerne denne filmstubben på youtube
https://www.youtube.com/watch?v=iJqrH9oNYvw


Kjære Herre Jesus! Kor dyrebart det er for deg når dine fromme døyr for trua si. Du er hyrdingen som er med oss gjennom dødskuggens dal, og der dekker du bord for oss like framfor augo på fiendane våre. Takk at du no har teke desse venene dine inn til deg. Så ber me om trøyst og styrke for slekt og vener, og om vern over alle sanne truande i Aust-Ukraina, og om at di kyrkje ikkje skal la seg skremma eller tvinga til taushet, men flittig dela det ordet som kan gje djupt falne og fortapte menneske frelse og evig liv. Amen! 


Slavyansk_Rebels
Prorussiske opprørarar er tungt væpna, og vil helst ikkje syne kven dei er. 

mandag 11. august 2014

Libanon

A map of Lebanon class=
Libanon er ein liten miniputstat nord for Israel, den einaste arabiske i Midt-Austen som ikkje offisielt er muslimsk. Over 30% av ei befolkning på 4,2 millionar er kristne , og det er bestemt i grunnlova at presidenten skal vera kristen, statsministeren sunnimuslim og parlamentsleiaren sjiamuslim.
Libanon har gjennom historia vore heimsøkt av mange krigar og okkupasjonar, og har blødd mykje, også dei siste tiåra. I samband med borgarkrigen i Syria har Libanon teke imot over 1 million flyktningar. Det er ei enorm utfordring for nasjonen, ikkje minst for dei kristne der.
Libanon har gjennom historia, heilt frå antikken då dei sjøfarande fønikarane budde der, vore eit handelssenter, og ofte har det hopa seg opp store rikdomar der. Den viktigaste næringa i vår tid er bank og finansverksemd.
Det er full religionsfridom i Libanon, og kristne frå nabolanda reiser gjerne dit for å få opplæring.Dei siste åra har evangeliske kristne demonstrert Guds kjærleik overfor lidande og traumatiserte menneske, spesielt overfor dei syriske flyktningane. Dette har ført mange til frelse og sann tru på Jesus.

Herre Jesus! Me takkar deg for ditt nærvær i Libanon, dette landet som så ofte er omtala i Bibelen. Må din kjærleik og di frelse bli kjent for alle i dette landet, og lækja alle djupe sår i befolkninga og fjerna all fiendskap og hat. Må alle religiøse menneske i dette landet få ei djup forståing av at i ditt rike duger ikkje religion, berre tru verksam ved kjærleik. Styrk di kyrkje og fyll henne med kjærleik og medkjensle slik at ho berre går 100% for fred og forsoning. Blås liv i gamle kyrkjesamfunn, og hjelp dei evangeliske å stå saman og elska og støtta kvarandre. Må alle som glorifiserer hatet bli møtt av ditt lys slik at dei skammar seg over synda si, kjem til deg med henne og opplever forvandling i hjarto. Amen!


søndag 10. august 2014

Latvia

Latvia har gjennom historia i all hovudsak vore okkupert og undertrykt av framande makter som russarar, tyskarar, polakkar, danskar og svenskar. Lausreiv seg sist frå Sovjetunionen i 1991. Landet er flatt og skogrikt. Ikkje mange menneske der, berre 2,2 millionar, og av dei bur over 700 000 i Riga. Folketalet er på retur. Landet orienterer seg vestover, og vart medlem av NATO og EU i 2004. Det har gjeve dei ei sterk økonomisk utvikling. Men høg utanlandsgjeld og negatriv handelsbalanse har gjort økonomien veldig sårbar. Latviarane er lutheranarar, men få kjenner Gud. 40% rekna seg som ikkje-religiøse.  30% av befolkninga er russarar (som held fast ved si ortodokse tru), og det er ein merkbar spenning mellom latviarar og russarar i landet. Dette botnar i at då Josef Stalin anekterte landet i 1940, likviderte han femteparten av innbyggjarane og deporterte 100 000 latviske menn til Sibir og erstatta dei med russarar. Dei moralske problema er formidable: alkoholmisbruk, narkomani, valdskriminalitet, korrupsjon, sex-handel, skyhøge aborttal og verdas 4.høgaste sjølvmordsrate. Åndeleg apati og vonløyse pregar befolkninga.Men det er von: Kristne leiarar frå ulike kyrkjer over heile landet kjem no jamnleg saman for å styrka kvarandre åndeleg og moralsk, og prisa Jesu namn. Det vert i dag gjort mykje gjennom TV, litteratur, radio og internett for å nå fram til folket med evangeliet.

Kjære gode Jesus! Menneska i Latvia treng frelse, ankerfeste og nytt livsmot. Send Anden din over dette landet og blås nytt liv i gamle kyrkjelydar, og lat det bli etablert ein stor flora av nye som kan vera fyrtårn for deg både i byar, landsbyar og ute i distrikta. Send ei samvitsvekking slik at folk kan skamma seg over syndene sine og koma til deg med dei og oppleva herleg forløysing. Gjer latviske menn til gudfryktige,  gode og edruelege leiarar som vernar  kvinner, barn og unge mot djevelens list og verdas mange farar, og gje landet kloke, visjonære, sindige og ukorrupte politiske leiarar.  Me ber om forsoning, fred og godleik mellom latviarar og den russiske minoriteten i landet, og om vern og frelse for dei 7000 jødane som bur der. Må alt det som blir gjort gjennom TV, radio og andre media føra mange til tru og teneste for deg. Amen!

Nasjonalmonumentet i Riga

lørdag 9. august 2014

Laos


Laos ligg mellom Thailand og Vietnam, har 7,6 millonar innbyggjarar fordelt på 143 folkegrupper som snakkar 89 ulike språk. Av desse er heile Bibelen omsett til 5, NT til 5 og i tillegg er deler av Bibelen tilgjengeleg på 13 språk. Største folkegruppe er lao-thai. Andre store er mon-khmer og hmong-mien.
Laos har eit kommunistisk regime som kom til makta i forlenging av Vietnamkrigen i 1975. Forfølging av dei kristne har tidvis vore svært brutal. Det har letna litt, men framleis kjem det bølger av arrestasjonar. Men tøffast er det lokalt der kristne vert utsette for sterkt sosialt press. Utbreidd okkultisme generer sterk demonisk motstand. Dei fleste menneska i Laos er buddhistar/animistar, og religionen ser ut til å koma sterkt attende etter mange år med kommunistisk undertrykking og antireligiøs propaganda. 3,4% er kristne, men veksten i kyrkjelydane er på heile 5,7% årleg.  Særleg har responsen vore god i hmong-folket. Det er eit mirakuløst verk av Den heilage ande utløyst av dedikert bøn frå truande som er heilt avhengige av Gud. Likevel er dei aller fleste laotarar totalt ukjende med Jesus og vegen til frelse. Dette botnar i stor grad i språklege barriererar. Det er eit absolutt behov for bibelomsetting i 31 språk, i tillegg kan det vera naudsynt med omsetting til 26 andre.
Det er forbode for utlendingar å driva misjon i Laos, men det vert gjort eit stort arbeid med å nå befolkninga gjennom radio, TV, digitale hjelpemiddel, Jesusfilmen, smugling og spreiing av biblar og annan kristen litteratur.

Gode Gud! Takk for at di frelse når fram til så mange menneske i Laos, og for alle truande i dette landet som tener deg med stor iver trass i alle faremoment. Må lyset ditt nå fram til alle folkegrupper og avkrokar i dette landet, og kyrkja di slå rot i alle byar og landsbyar. Må Bibelen bli tilgjengeleg for folk på morsmålet deira. Utruast kyrkja di med sterke nådegåver slik at under og teikn skjer mellom og gjennom dei kristne, at folk bli fridd ut frå sjukdomane sine og frå demonar som bind og plagar dei, og me ber om at ordet ditt skal trenga gjennom til folk, løfta dei opp og endra deira mentalitet og livsfilosofi. Må alt godt strev med å nå befolkninga i Laos gjennom radio, TV, digitale hjelpemiddel og litteraturspreiing lukkast. Så ber me om at det komministiske regimet skal smuldra opp, og om fridom for laotarane på alle livsens områder.

Det er 5000 buddhistiske tempel i Laos og ei røys med buddhafigurar. Her er den vidgjetne sovande Buddha. Karmatrua har gjeve laotarane eit passivt preg. 


onsdag 6. august 2014

Dagens unådde: Arabarar i Qatar

Qatar har kome i verdas søkelys dei siste dagane då det er blitt klårt at denne vesle, men søkkrike oljestaten finansierer Hamas krigføring mot Israel. Det verkar også som dei sprøytar pengar inn i fleire andre islamistiske grupper som plagar verda i dag. Landet er det også styrt 100% etter dei strenge sharialovene.
Qatar har verdas høgaste BNP per innbyggjar. Den økonomiske veksten er årleg på svimnlande 19%.
Det er berre 337000 faste innbyggjarar i Qatar. Det er desse me skal be for i dag. Ute i den store verda er det over 2 millionar som har røtene sine i landet.
Qatarane snakkar sin eigen arabiske dialekt, og det er stor trong for å få oversett Bibelen til denne.

Kjære Herre Jesus! Qatar er eit bolverk for islams kamp mot Israel og di kyrkje i verda, og at djevelen styrer dei som styrer der. Men DU er VERDAS FRELSAR OG LYS.  Må ditt gode ord nå fram til arabarane i Qatar, eta seg inn i dei og døma dei i samvitet slik at dei ser at alt dei held på med som strir mot din kjærleik og plan er synder som fører dei i den evige fortapinga. Riv dei ut av den falske tryggleiken rikdomen skaper hos dei, og før dei inn i ein situasjon der dei bøyer seg ved din kross og ropar til deg om nåde.

tirsdag 5. august 2014

Sør-Korea


I dag og i morgon ber me for Sør-Korea.
Sør-Korea er den 11. største økonomien i verda. Sidan 1953, då landet var på botn etter Koreakrigen, har dei bygd opp ein enorm industriell kompetanse retta mot eksport, slik som Japan også har gjort det. Landet har lite råvarer, men dei menneskelege ressursane er store. Koreanarane er disipinerte og flinke til å jobba målretta.
Over 30% av befolkninga er kristne. Det pågår ei kontinuerleg vekking i dette landet, basert på bøn. Dei truande står tidleg opp kvar morgon og møtest i kyrkjene, eller på spesielle bøneplassar, for å søka og prisa Gud. Dette har resultert i  eit veldig gjennomslag for evangeliet. Denne bønerørsla starta med vekkingar i Pyongyang i 1907. Kristne nordkoreanarar tok vekkinga med seg då dei under krigen flykta sørover. I dag er Sør-Korea eit misjonsland i den forstand at dei sender misjonærar ut til snart alle verdas land. Likevel ser det no ut til av vitaliteten i den kristne rørsla flatar ut og går noko attende. Nokre meiner dette botnar i sjølvrettferd og stoltheit hos mange kristne leiarar som har ein tendens til å måla Guds gunst i personleg framgang, og sjå ned på dei med mindre "suksess". Splittingar basert på personleg ambisjonar har vore som ein pest mellom dei truande dei siste åra.
Landet har nær 49 millionar menneske. Dei som ikkje er kristne er anten buddhistar (23%), eller dei har eit meir konfuciansk livssyn (30%).

Gode Gud! Takk for det VELDIGE og UNIKE du gjennom åra har gjort i Sør Korea, og for all den velsigning som dei truande i dette landet har delt med resten av di verdsvide kyrkje. Må din Ande rettleida dei kristne leiarane i landet slik at dei audmjukar seg innfor deg og kvarandre og ikkje går i djevelens snare.  Må din Andes nærvær framleis kvila over Sør-Korea og gje vekkinga ny fart framover. Velsign dei unge kristne slik at dei får eit djupt personleg forhold til fridomen du har gjeve dei i Jesus Kristus. Gje alle sørkoreanske misjonærar som tener deg i andre land og kulturar alt det dei treng for ånd, sjel og kropp, og for å sjå at ditt rike går fram. Å gode Gud. Ta vare på hjarto, og hjelp dei kristne å ta vare på den fagre skatten, din kjærleik i Jesus Kristus, som ein gong vart betrudd dei. Gje også landet politisk stabilitet, og leiarar med høg moralsk integritet. Amen!
Hovudstaden Seoul er ein storby med nær 10 millionar innbyggjarar.



mandag 4. august 2014

Pastor i drepen saman med 25 andre kristne i Kamerun





Sist i juli drap militante muslimar den lutherske pastoren  Jean Marcel Kesvere (bilete) og 25 andre kristne nord i Kamerun. I tillegg bortførte dei kona åt fungerande statsminister. Truleg er det Boko Haram som har utvida området sitt frå Nigeria til Kamerun. Det er svært urovekkande. Pastor Kesvere etterlet seg kone og 8 barn. Dei kristne i heimbyen hans er i sjokk. 

Kjære Herre Jesus, du som vann over døden og lever i dag. Syn deg som ein levande frelsar og Gud for alle dei som no har mista sine kjære i desse meiningslause åtaka. Å Herre, høyr vårt rop om vern for alle dine barn som stadig lever i livsfare. Du har sagt at me må innstilla oss på å bera krossen og ofra livet, men du har før gjort store under og fridd folk ut av livsfare, og me ber: Gjer det igjen. Me ber i ditt eige namn. Amen! 

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...