fredag 27. juni 2014

India. Madhya Pradesh

Madhya Pradesh ligg i hjarta av India. Her er det ein befolkning på 73,5 mill (2011) fordelt på 660 folkegrupper. Over 90% er hinduar. 2,2% er kristne, dei fleste uregistrerte. Denne delstaten var den siste som vart open for kristen misjon. Men det er strenge restriksjonar på i kor stor grad kristne kan påverka andre med tanke på at folk skal venda om til Jesus. Det har vore ein kraftig vekst i dei uregistrerte huskyrkjene dei siste åra (det er etablert meir enn 4000), og her, som elles, er det dei kastelause og utstøytte som kjem til Kristus. Sosial stoltheit er ein alvorleg hindring med tanke på å bli frelst. Slik har det alltid vore. Det krevst mykje bøn for å bryta ned motstanden mot Kristus mellom folk i høgare kastar.
Madhya Pradesh Network har ein klår visjon om å etablera huskyrkjer nær til alle og einkvar i delstaten. Talet på ikkje-hiduistiske folkegrupper er stort, og i nokre av dei er no alle truande kristne. Dei fleste av desse gruppene praktiserer imidlertid ein hinduinspirert animisme med mykje trolldom, saktisme (tilbeding av kvinnleg energi) og Shivatilbeding, og Madhya Pradesh er kjent for erotisk religionsutøving med store tempel fulle av pornografiske skulpturar. Her er det STORE utfordringar.
Hovudsstaden, Bohpal, opplevde i 1984 den største industrikatastrofen som nokon gong har råka eit område. Giftig gass (methyl isocyanat) tok livet av 25000 menneske, og øydela mykje jordsmonn for generasjonar. Kristne har utøvd mykje godleik mellom dei som vart skadelidande etter Union Carbide katastrofen, og det har gjeve dei legitimitet. Les mei i Operation World 2011, side 431.

Bøn:
Herre Jesus Kristus, du som kom for å ta bort verdas synd, må evangeliet få slik makt i Madhya Pradesh av folket snur seg bort frå syndene sine og vender om til deg av heile sitt hjarta. Må kyrkja di veksa inn i alle samfunnslag og bringa lyset frå himmelen til alle slekter, høge som låge. Reis opp ein hær av folk som ber for Madhya Pradesh og for India slik at løgnene i hinduismen blir avslørte og sanninga i Jesus motteken. Må alle dei nye truande la lyset sitt skina for menneska, slik at folk kan sjå dei gode gjerningane deira, og for deira skuld ein dag prisa Far i himmelen. Utrust kyrkja di med gåver til å lækja, slik at det blir tydeleg for einkvar at Guds rike er nær der Guds barn lever. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...