tirsdag 17. juni 2014

Guds Son. GDP 2014, Dag 2


Herre Jesus Kristus, Faren vår demonstrerte sin kjærleik til oss ved å senda Deg til oss slik at du skulle bli ein av oss.
Du var villig til å audmjuka deg sjølv og forlata herlegdomen din, den plassen du hadde saman med Far, for å bli eitt med det du sjølv hadde skapt.
Det er eit mysterium me har vanskar med å forstå.
Me ser hen til deg, og håpar og lengtar etter å sjå Far i deg.
Takk at du gjorde det mogeleg for oss å bli forsona med Han.
Takk at du ved å vera så audmjuk og så villig til å gje deg sjølv som eit offer for oss, har gjort det mogeleg for oss å bli søner og døtre av Far.
Takk for Barnekårsanden, for den nye pakta og for effekten av ditt blod.
Hjelp oss å forstå kva sann audmjukheit betyr.
Hjelp oss å gripa den veldige krafta som ligg i omvending frå synd og den tilgjevinga som er tilgjengeleg for oss menneske, slik at me kan bli fridd ut av Satans hand og frå all forbanning, og bli overført frå mørkret og til ditt rike.
Medan me ser på Deg, du som sit ved Fars høgre hans, dra hjarto og sinna våre mot Deg.
GJe oss del i din guddommeleg natur slik at me kan sigra i det pågande slaget mot vårt eige kjøt, våre eigne vonde lyster og alle freistingane som kjem frå verda rundt oss.
Må kyrkja i vår generasjon som søner og døtre av Gud bli lik Deg.


Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...