lørdag 21. juni 2014

India, Assam



Location of Assam (marked in red) in IndiaAssam ligg i det det nord-austlege India og grensar til Bangla Desh. I denne delstaten bur det 32 millionar menneske på 78400 kv.km. Det er tett. 65% er hinduar. 31% muslimar. 3,7 % kristne. I Assam er det 357 ulike folkegrupper som snakkar 53 ulike språk. Det har ført til djupe konfliktar. Delstaten har mange immigrantar frå Bangla Desh og andre deler av India. Nokre grupper kjempar for å lausriva Assam frå India.
Det har vore drive misjon i Assam i over hundre år, likvel er kyrkja splitta og svak. Dei kristne er lunka og manglar visjonar for det samfunnet dei bur i. Misjonsarbeidet har vore retta mot stammefolka i området, men det er ikkje blitt gjort noko for å nå dei store folkegruppene av hinduar og muslimar.

Bøn:
Kjære Herre Jesus! I dag ber me for Assam. I over hundre år har ordet ditt blitt forkynt i dette området, men fruktene står ikkje i høve til innsatsen. No ber me om at DU skal intervenera i Assam og gjera DINE gjerningar på DITT vis. Må din Andes veldig kraft koma over dine barn i denne delstaten, fylla dei og utrusta dei med himmelsk kapasitet, slik at kva gong dei opnar munnen for å tala, så tenner dei ein eld i dei som lyttar. Gje dei truande visjonar, pågangsmot og tru. Vekk dei opp slik at dei ikkje på nokon måte er fornøgde med status quo. Kall dei til bøn for seg sjølv og for den verda dei lever i, og må menneskers frelse og vel, og ditt namns ære bli drivkrafta i liva deira. Amen!


Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...