torsdag 28. februar 2019

Bahamas

På Bahamasøyane bur det 332634 menneske (juli 2018). Alle kallar seg kristne, men svært få kjenner Gud og følgjer Jesus. Alle har ein bibel, men få les i han. Mange kyrkjer manglar pastoral leiing. Turistnæringa har skapt mykje velstand for rike utlendingar, medan dei vanlege innbyggjarane lever i fattigdom. Lengst nede på den sosiale rangstigen er haitianske immigrantar.  Det er regel meir enn unnataket at barn vert fødde utanfor ekteskap, og veks opp kun med mødrene sine. Rusproblemet er omfattande og valdelege ran er vanleg.

Herre Jesus Kristus! Du som kom for å gjera ende på djevelens gjerningar, me ber for Bahamas at du skal intervenera i denne øystaten, gjenopplive kyrkja di, reisa henne opp, fylla henne med din kjærleik, utrusta henne med di kraft, læra henne ditt ord, tala mektig gjennom henne til fortapte syndarar slik at dei vender om frå syndene sine og søkjer di rettferd. Amen!


Fare for krig mellom India og Pakistan


Både India og Pakistan har frå 1947 gjort krav på Kashmir. Illustrasjonskart henta frå Aftenposten.

Hatet mellom India og Pakistan er djupt og ektefølt, og den gamle konflikten mellom landa i Kashmirregionen har blussa opp og ført til regulære krigshandlingar. Bakgrunnen er drapet på over 40 indiske soldatar i eit sjølvmordsåtak i Kashmir for to veker sidan. For første gong sidan 1971 gjekk i går indiske fly til åtak på det dei meiner er ein terroristleir på pakistansk side av grensa mellom dei to landa. Pakistan skaut ned eitt av flya, og tok piloten til fange. Det er stor fare for krig i område, og det er farleg fordi begge landa har atomvåpen.

Herre Jesus! Du er Fredsfyrsten. India og Pakistan treng deg. Ikkje berre for å halda ved like ein ytre fred, men dei treng fred med Gud, og dei treng fred i hjarto sine, og det kan berre du gje dei. Me ber om at du i den akutte situasjonen roar gemyttane, at du gjev dei ansvarlege visdom og vilje til å forhandla i staden for å kriga, at du syner dei veg med tanke på å løysa den gamle konflikten om Kashmir, og at du let kyrkja di i landa ha framgang, at du gjer dei truande misjonale i sin måte å leva på, at du reiser opp sterke tenestegåver i landa, at skarar av menneske kjem til tru på deg, og at nasjonane vert transformerte ved Den heilage andens kraft og nåde. Amen! 

Aserbaidsjan

Areal: 86600 km2 inkludert enklaven Nakichevan som ligg mellom Aremenia og Tyrkia. (22,4% av Noreg) . Folketal: 9,8 mill. Hovudstad: Baku. Innbyggjarane i Aserbaidsjan er 86,6% tyrkarar.  Tyrkiske stammer innvandra til dette området frå Sentral-Asia for omlag tusen år sidan.
Landet er tidlegare sovjetrepublikk. Religion: Islam (shiaislam).

Aserbaidsjan har store oljeressursar under sokkelen i Kaspiahavet. Fortenesta på olja kjem ein liten elite til gode. 40% av befolkninga lever i fattigdom, men det skal seiast at fattigdomen er mindre no enn før landet vart sjølvstendig stat i 1991. Likevel er Aserbaidsjan berykta for korrupsjon, byråkrati og nepotisme, og dagens president, Ilham Aliyev har diktatorisk makt, ein mann som gjer det umåteleg fint for seg og familien sin. Han styrer landet som ein familiebedrift.

Be om at Aserbidsjan skal få gode leiarar med høg moralsk standard og me integritet, og at landet skal ha eit lovverk som er basert på sunne etiske prinsipp, og upartiske dommarar. 
Be om at oljeinntektene skal gå til å byggja landet, og ikkje i lommene på presidentfamilien og korrupte tenestemenn. 

Landet har lege i ein langvarig konflikt med Armenia om Nagorno Karaback, og denne striden har vore utarmande.

Be om at konflikten med Armenia skal finna si løysing og koma til ein avslutning. 

Jordbruket er og har vore ei viktig næring i landet, men denne er no på retur.

Be om at landet skal ha eit variert, godt og sunt jordbruk.

Områder som utdanning, helse og rettspleie lid av store manglar.

Be om at dei styrande må sørga for forsvarleg skulegang for alle barn og unge, at dei skal ha gode lærarar og at det skal vera høg kvalitet på undervisninga. 

2,74% tilhøyrer ei kristen kyrkje, dei fleste er ortodokse. 0,11% er protestantar. Desse veks med over 3% årleg.

Be om at desse små og sårbare evangeliske kyrkjelydane skal slå rot i landet, og på sikt bety ein stor forskjell, be om at Kristus skal bli gjort kjent for alle og nasjonen forvandla ved Den heilage ande. 

Dei siste åra har trakkasering og tildels forfølging av kristne blomstra opp.

Be om at dei truande må halda tett saman og styrka kvarandre i trengslene dei erfarer.




mandag 25. februar 2019

Dagens unådde: Jelgooj, fulanifolk frå Burkina Faso


Folketal: 387 000. Religion: Islam. Språk: Fufulde. 0,3% kristne.
Fulaniane er generelt seminomadar. Dei er strenge i si muslimske tru, og dei har ein tusen år gamal krigersk historie. Dei har drepe mange kristne i Nigeria. Men det gjeld ikkje for den gjengen me skal be for i dag.

Far i himmelen! Bryt ned jelggojfolket sin stolthet. Lat dei møte seg sjølv og sin eigen svakhet, slik at dei blir audmjuke og mottakelege for nåde. Må di kyrkje bli etablert i dette folket, og lat ho bli sterk, vital og misjonal. Lat dei koma til tru på Jesus som Herre og frelsar, bli grunnfesta i din nåde, ditt ord, i bøna og i Guds familie slik at dei kan bli forvandla ved din Ande. Amen! 

Map of Fulani, Jelgooji in Burkina Faso



Austerrike


Areal: 83 855 km2   Folketal: 8 793 370.
Austerrike er med sine høge fjell og djupe dalar eit eldorado for skituristar om vinteren og fjellvandrarar om sommaren. 
Historisk har landet prega Europa politisk og kulturelt meir enn dei fleste andre land. Det mektige og søkkrike Habsburgske monarkiet hadde sitt sete Wien, der 16 av dei største komponistane i verdshistoria som Mozart, Beethoven, Schubert og alle Straussane levde, døydde og vart gravlagde. 
Politikk: Republikk med parlamentarisk demokrati. Politisk bevegar folket seg stadig lengre mot ytterste høgre, som den historiske makkeren deira Ungarn også gjer (og mange andre land i Europa). 
Dei fleste austerrikarane er katolikkar, men ytterst få av dei kjenner Jesus personleg. Religionen er i hovudsak eit rammeverk rundt liva deira, eit skal utan innhald og liv.
Den siste tida har også den katolske kyrkja opplevd nedgang i oppslutninga, særleg pga dei mange, mange seksuelle skandalane som presteskapet har vore involvert i.  
Stadig fleire vert gripne av nyreligiøse tankar.

  • Austerrikarane er åndeleg døde. Be om at Gud skal tala til dei, og at hans ord skal føra dei til sann omvending og skapa nytt liv i hjarto deira. 
  • Be om at presteskapet i den katolske kyrkja skal venda om til Jesus, og bli levandegjort ved hans Ande. 
  • Be om at Gud skal ta godt vare dei evangeliske kyrkjene i landet, fylla dei truande med sin Ande og gjera dei til kraftfulle vitner i nasjonen. 
  • Be om at Kristi kjærleik og Guds ord må sigra over all fascinasjon for buddhisme og andre nyreligiøse krefter.
  • Be om einskap mellom alle i landet som elskar Jesus
  • Be om at Austerrike skal bli totalt transformert av evangeliet og gjennomtrekt av Den heilage ande. 





Tashkent, Uzbekistan - Photo: Wikipedia / Atilin
Tashkent


Ei kristen mor i Usbekistan vart drepen av ektemannen den 9.februar. Drapet skjedde på flyplassen i Tashkent då kvinna prøvde å forlata landet. Ho hadde nyleg teke imot Jesus.

Denne kvinna begynte å få problem då mannen hennar oppdaga at ho hadde blitt kristen og las Bibelen. Mannen reagerte med å låsa henne inne og nekta henne å gå i kyrkja.  Han nekta henne også å møte sonen på to år. 

Til slutt fekk ho flytta saman med sonen til foreldra sine, men mannen held fram med å truga henne, noko som enda opp med mord då kvinna prøve å rømma landet for å skaffa trygghet for seg og sonen. 

Gode Far! Me ber om trøyst og styrke for kvinnas barn og foreldre, og om framtid og håp for dei alle. Må mannen som myrda kona si få fortent straff, men også omvending til livet. Amen!

søndag 24. februar 2019

Australia



Areal: 7 692 300 km2. Folketal: 23 470145 (juli 2018). Australia er verdas tørrast kontinent, ein ørken med meir fuktige og levelege områder langs i kystområda, særleg i aust og sør og i sør -vest.
Hovudstad: Canberra. Største byar: Sidney, Melbourne, Brisbane, Adeleide og Perth.

2,8% av befolkninga er urfolk (aboriginarar), resten har flytta inn dei siste to hundre åra, dei fleste frå England. 7% kjem frå asiatiske land.

Engelsk er offisielt språk. Men det vert totalt snakka 206 språk, dei fleste av aboriginarane.
Bibeloversettingar: Heile Bibelen føreligg kun på engelsk, elles er  NT omsett til 21 språk,  deler av Bibelen til 37 og 13 omsettingar er under arbeid (2010).

Økonomisk står landet sterkt, og er pga store naturressursar eitt av dei rikaste landa i verda. Men etter år 2000 har talet på fattige auka, og desutan er dei økologiske systema svært sårbare. Befolkninga er stadig meir utsett for langvarig tørke, bønder går konkurs, enorme skogbrannar herjar kvart år og det rike Great barrier reaf er i ferd med å døy. Det er ei økologisk katastrofe med uante følgjer for livet i havet.

Politisk er Australia  eit demokratisk monarki innafor Det Britiske Samveldet. Dronning Elisabeth er statsoverhovud. Landet har seks delstatar med kvar sitt parlament og administrasjon, men sentralstyresmaktene ligg naturlegvis i Canberra.

69% er kristne, 24% ikkje-religiøse, resten fordeler seg utover mindre grupper. Dei kristne utgjer ei god blanding av protestantar, aglikanarar og katolikkar. Nedgangen dei siste åra har vore merkbar. Likevel har den kristne trua framleis mykje å seia for politikarane i landet, noko som m.a. motiverte dei for få år sidan å be aboriginarane om tilgjeving for den dårlege måten dei har vorte handsama på gjennom mange, mange år av dei kvite innvandrarane frå Europa.
  • Be om at landet må bli velsigna med leiarar med tru og integritet.
  • Be om at det åndelege tidevatnet i Australia skal snu, at trua skal venda attende til folk og at landet skal bli prega og gjennomsyrast av Guds kjærleik og hans gode lover og verdiar. Sekularistane i landet er agressive i å redusera kristendomen sin innflytelse, og homolobbyen har vore effektive i å få gjennomført kjønnsnøytralitet og likekjønna ekteskap og slike ting. Be om at Gud må setja ein stoppar for alt dette, at han reinser nasjonen frå synd, og om at det skal framstå klåre og kloke røyster i landet som er i stand til å syna kor skapet skal stå.
  •  Kyrkja i landet møter store utfordringar i det å vera relevant. Sjølv om 2/3 meiner seg å vera kristne, er det berre 10% som går jamnleg i kyrkja eller på kristne arrangement. Folk er sterkt influert av New Age og den moderne velg og vrak spiritualiteten der kvar enkelt set saman sin eigen religion med element frå ulike hald. Be om at Guds ord skal forkynnast så klårt og kraftfullt i og frå landets kyrkjer  at hjartans tankar og råd vert avslørte, og at folk kastar frå seg alt som er uekte og velgjer å følgja Jesus Kristus av eit heilt hjarta. 
  • Mange karismatiske kyrkjer har utvikla stor vitalitet, og mange kjem til tru gjennom desse. Be om at elden ikkje skal slokna med spreia seg stadig lenger utover. 
  • I mange protestantiske kyrkjer er det djup splitting pga synet på ordinasjon av kvinner til pastorteneste, og pga ulikt syn på homoseksuell praksis og samliv og på likekjønna ekteskap. Be om at Gud og hans ord skal sigra i desse spørsmåla, og at han må reinsa og helga kyrkja si slik at ho kjem i harmoni med han. 
  • Be om at dei truande i kraft av sine kraftfulle og profetiske liv må bli relevante for dei sekulære materialistane. 
  • Be om at evangeliet skal slå rot mellom minoritetesgruppene i landet: muslimar, jødar, kinesarar, vietnamesarar, flyktningar frå Balkan og andre mennesker frå Sør-Europa.
  • Be om at aboriginarane skal finna lækjedom frå den kollektive smerten som dei ber på etter mange års grov undertrykking, at dei skal reisa seg, få relevant utdanning, bli politisk sterke og få reell innflytelse over liva sine att. 
  • Dei fleste aboriginarar er kulturelt kristne. Be om at dei skal få møte Fars kjærleik og erfara å bli fødde på nytt ved Den heilage ande, og utrusta av han for hans misjon. 












lørdag 23. februar 2019

Fem familiemedlemmer av fengsla kinesiske kristne arresterte etter demonstrasjon

Children of the Early Rain Covenant Church -- Photo: China Aid www.chinaaid.org
   Bilete frå Early Rain Covenant Church. Foto: China Aid

Før jul vart 100 medlemmer av Early Rain Covenant Church i Chengdu arresterte av kinesisk tryggingspoliti. Dei fleste vart sett fri etter kort tid, men kyrkjeleiarane sit framleis inne. Den 15. februar demonstrerte familiane deira utanfor politistasjonen, og 5 av dei vart sjølve arresterte og sett i varetekt.
Det er nye tider i Kina etter at Xi Jinping kom til makta. Kontrollen over kinesiske innbyggjarar er blitt sjukleg, og presidenten utviklar seg til ein Nebukadnesar som krev tilbeding av eigen person.

Herre Jesus! Du, og ingen annan er Gud. Takk for din truskap, og forat du er med alle dine truande i alle trengsler. Styrk desse kinesarane, gjer dei uthaldande og kloke i sin kamp mot styresmaktene og for sine medmenneskes frelse. Me ber om at du skal tukta og jekka ned presidenten slik at han forstår posisjonen sin som eit dødeleg og sårbart menneske, og slik at han underordnar seg ditt herrevelde. Amen! 

Kami i Nepal

Kamifolket i Nepal har vandra inn i den nepalske fjellheimen frå det indiske slettelandet. Folketal: vel 1,2 millionar. Religion: Hinduisme. Dette er eit folk som i stor grad livnærer seg med å smi jern. Språk: Nepali. Heile Bibelen er tilgjengeleg for dei. Evangeliet går sterkt fram i Nepal i desse dagar, og motstanden er aukande. Men me kan jo tenkja oss at kamifolket også blir berørt av den djupe vekkinga som går over store deler av landet. Kjelde: joshuaproject.net

Takk Jesus for kamifolket. På krossen opna du ein veg for dei til Gud. Send dine pionerar til dei for å syna dei denne vegen slik at dei finn fram til Far. Grunnlegg di kyrkje i kamifolket, ei kyrkje som kan skina for andre unådde folkegrupper i Nepal. Me ber i ditt namn, amen!

m17069.png

fredag 22. februar 2019

Berberbeduinar i Mali

Dette nordafrikanske urfolket tel 182000 menneske. Dei lever som nomadar under barske tilhøve, og er ikkje lett tilgjengelege. Desse berberstammene har ein sterkt æreskodeks. Eit munnhell i denne kulturen er slik: "deg er deg mot broren din, deg og broren din mot kusina di, det er deg, broren din og kusina di mot resten av verda." Dei er muslimar, snakkar hassaniyya. Deler av Bibelen er tilgjengeleg for dei. Å satsa på kristne radiosendingar synest vera den beste strategien for å nå dei.

Herre Jesus! Ved din Heilage Ande kan du gjera deg godt forstått for desse menneska, og det ber me om skal skje. Send dine modige pionerar til dei, og aus Anden ut over dei slik at dei forstår ordet ditt og opplever dei realitetane som ditt ord talar om. Løys dei frå islams mektige åndskrefter, og frels dei inn i ditt evige rike. Smelt hjarto deira slik at dei forstår at all hemn har sitt utspring i eit hat som kjem frå djevelen, og lat dei bli forskrekka over seg sjølv og kasta seg på deg for å finna frelse frå synd i deg. Amen! 

 m00009.png



Aruba

Aruba er eit lite ferieparadis på 193 km2 (litt større enn Stord kommune) nord for Venezuela. Det bur 104 000 menneske der fordelt på 9 folkegrupper som snakkar 5 språk. 93% av befolkninga tilhøyrer kristendomen, Dei fleste er romersk katolske. 7,6% tilhøyrer evangeliske kyrkjer. Sjølv om kristendomen står sterkt, er dei fleste kulturelle kristne utan liv i Gud, og mange lever i sine lyster utan tanke for at dei vanærar Gud, skadar nesten sin og påfører seg skuld. Mange er sex og rusavhengige, ei frukt av ein utstrekt festekultur.
Dei kristne er sårbare for det som denne verda har å tilby av nyting, og dei treng å bli grunnfesta i Guds ord slik at dei ikkje blir offer for usunne læresetningar som florerer mellom dei kristne i Latin-Amerika.

  • Be om at dei som er kulturelt kristne skal få eit personleg møte med den levande Jesus Kristus  slik at dei vender om frå syndene sine, kastar dei frå seg og erfarer den nye fødsel ved Den heilage ande. 
  • Be om at Guds ord skal trenga gjennom hos folk dømma hjartans tankar og råd, skapa djup anger og gråt. 
  • Be om at dei kristne må vera grunnfesta i Guds nåde, Guds ord og i kyrkjelyden, slik at dei ikkje vert offer for djevelens listige åtak. 
  • Be om at Den heilage ande dagleg må reinsa hjarto, tankane og karakteren deira. 
  • Be om einskap mellom dei ulike kristne gruppene slik at Guds verk ikkje vert hindra. 
  • Be om at dei evangelisk kristne må få inngang mellom asiatiske innvandrarar. Der er ei regulær misjonsmark. 

India: Tre kristne alvorleg skada etter at ein mob invaderte eit bønemøte.


Hendinga skjedde 7. februar i landsbyen Chapar i delstaten Uttar Pradesh, ein av dei delstatane der hindutvarørsla står sterkast, og der dagens president kjem frå. Dette melder christiantelegraph.com.

25 menn trampa inn i huset der kristne var samla til bøn og banka dei grundig opp. Kvinner vart ikkje sparte, og bøllene tok biblane til dei kristne og sette fyr på dei. Tre av dei truande fekk alvorlege skadar.

Saka vart meldt til politiet, men dei ville ikkje gjera noko med det. Dei skada vart også nekta helsehjelp.

Far i himmelen! Du som er all trøysts Gud, trøysta barna dine som har vore utsette for vald og grov urett, læk dei skadde og før på ditt vis saka for kyrkja di i Chapar. Me ber om at dei truande der skal vera sterke i deg, prisa og lova deg midt i trengslene og gleda seg over å bli akta verdige å bli forfølgde for ditt namns skuld. Og så ber me om ditt rikes framgang gjennom denne kyrkja. Amen!

torsdag 21. februar 2019

Dramatisk auke i vald mot kristne i India



Talet på valdstilfeller mot kristne i India firedobla seg i tida 2014 til 2017, og tendensen har vore den same i 2018 og fram til i dag. Under parlamentsvalet i 2014 fekk hindunasjonalistar flerital i nasjonalforsamlinga, og det er desse som oppmuntrar til diskriminering og hatefulle handlingar mot kristne. Hindunasjonalistane styrer etter ein ideologi som dei kallar hindutva som har religiøs reinsing av landet som program. Berre hinduismen og buddhismen blir rekna som indiske. Kristendomen og islam må ut av landet.

Kva skjer?  Kristne møter vert avbrotne, kristne vert skulda for å tvangskonvertera folk, pastorar og andre kristne vert skamslegne og skada for livet, kristne vert truga med drap om dei held fram med å halda møter, kristne vert støytt ut frå lokalsamfunna og nekta tilgang til vatn og andre livsnødvendige forsyningar, og kjendisar går ut med hatefulle ytringar mot kristne. Det fører ofte til vald.

Midt oppi dette er politiet heilt passive.  Mange av dei kristne er kastelause, og dermed rettslause.

Gode Gud! Me ber om vern for den kristne befolkninga, og for andre minoritetar, i India.    
Styrk dei truande som dagleg blir diskriminerte på arbeidsmarknaden og der dei jobbar.
Ansvarleggjer styresmaktene i høve til det som skjer. 
Me ber om rettsforfølging mot dei som forbryt seg mot kristne, og me ber om internasjonalt press for å få styresmaktene til å ta det ansvaret som dei etter Menneskerettsfråsegna har for å stansa forfølging mot minoritetar. Me ber også om at India under neste parlamentsval må få leiarar som tek menneskerettane på alvor. Amen! 
     
Kjelde: Stefanusalliansen

Dagens unådde: Adamawa, Kamerun

Adamawa er eit fulanifolk. Dei tel 2 409 000. 1,4% er kristne. 1,2% evangeliske. Resten er muslimar. Språk: Fulfulde. Heile Bibelen er tilgjengeleg på dette språket.

Adamawa bur hovudsakleg i Nigeria, men nokre har emigrert til Kamerun. Fulaniane er stolte menneske som legg vekt på at barna skal elska mødrene sine og syna respekt for dei gamle. Det er også viktig for dei å halda fast på verdiar som generøsitet, ærlegdom og moderasjon.

Identiteten deira er knytt til islam. Dei som blir kristne risikerer å bli støytt ut av fellesskapet.

Kjelde: www.joshuaproject.net

Gode Gud og Far! Sjå i nåde til adamawafolket i Kamerun, eit folk du har skapt til di ære. Send apostlar til dei som kan gjera Jesus kjent for dei ved å forkynna evangeliet for dei i Ande og kraft. Løys dei frå islams lenker og frå alle vonde ånder som bind dei fast under din dom over synda, og før dei ut i Guds barns fridom. Lær dei å tru på Jesus og elska  og prisa han av heile sitt hjarta, og gjer dei til eit lys for alle andre fulaniar i Sahelbeltet. Amen

 Map of Fulani, Adamawa in Cameroon

13 kyrkjer angripne og nedbrente sør i Etiopia. To kristne hardt skada



Dette hende 9. februar i byen Alaba Kulito etter at det hadde begynt å versera eit falskt rykte om at ein moskè hadde brunne ned etter å ha blitt påtent av lokale kristne.

Mange i dette området har den siste tida komen til tru på Jesus og konvertert frå islam. Men dette åtaket ser ikkje ut til å ha samanheng med det.

Kjelde: persecution.net (Voice of the Martyrs, Canada).

Gode far! Me ber om at dei to som er alvorleg skada etter dette åtaket skal bli lækte for sine sår. Me ber om at kristne og muslimar skal leva fredeleg saman i dette området, at kristne frimodig skal vitna om Jesus for sine naboar, og om vern over dei som er sett til å leia kyrkja og misjonsarbeidet der. Amen!

onsdag 20. februar 2019

Armenia

Areal: 29 800 km2
Folketal: 3 038 217
8 millionar armenarar er i diaspora
Hovudstad: Jerevan
Religion: Kristendom

Armenia blir rekna for å vera den første nasjonen i verda som definerte seg som kristen. Det hende i det 4. hundreåret . Kr. Den ortodokse kyrkja i landet har soleis djupe røter, og armenarane er stolte av sitt opphav.

Frå 1915-1917 vart armenarane, i skuggen av den 1. verdskrigen, utsett for folkemord av tyrkarane. 1,5 millionar av dei vart då regelrett masakrerte. Minnene etter desse redslene sit djupt i befolkninga.  Fridjof Nansen berga hundretusenvis armenarar gjennom det berømte Nansenpasset som han gjennom Folkeforbundet fekk laga som eit gyldig internasjonalt pass. Slik kunne armenarar som var truga på livet koma seg i tryggleik i andre land.

I 1920 var landet erobra og annektert av Sovjetunionen, og fekk ikkje sjølvstendet sitt attende før i 1991.

Armenia ligg i ein djup og uforsonleg konflikt med muslimske Azerbadjan om enklaven Nagorno Karabach, samt ein god del mindre områder der fleirtalet av befolkninga er armenarar. Frå 1991 ril 1994 var det regulære krigshandlingar mellom dei to landa. Denne konflikten er uløyst, og det kostar mykje for begge nasjonane.

For å støtta Azerbadjan, stengde Tyrkia grensa mot Armenia i 1993. Det har hindra handel og økonomisk utvikling i landet.

I 2015 inngjekk dei ein økonomisk avtale med Russland, Kviterussland og Kazakhstan, og i 2017 med EU. I 2018 vart den mangeårige statsleiaren Serzh Sargasian bytta ut med Nikol Pashinyan. Dette skjedde etter veker med store demonstrasjonar mot regimet.

Kjelder: CIA World factbook, Operation World


  • Armenarane er i stor grad kulturelle kristne med avgrensa kristen kunnskap.  Men dei er svært mottakelege for evangeliet, og gjennom dei siste åra har kristen innsats mellom dei bore gode frukter. Det gjeld både for dei som bur i heimlandet og dei i diaspora. Be om at armenarane skal få god tilgang på biblar på moderne armensk, og at dei skal bli eit bibellesande folk med ei levande tru på Jesus som frelsar og Herre, og at Anden skal bli aust ut over folket, fornya og forvandla dei som ei frukt av at Guds kjærleik blir aust ut i hjarto deira. 
  • Be om at konflikten med Azerbadjan skal bli løyst, og at partane skal forsona seg med kvarandre og bli støttespelarar i staden for motstandarar. 
  • Be om at landet skal koma seg økonomisk på fote.
  • Be om at barn og unge må få solid opplæring og utdanning.
  • Be om at folket skal leva edrueleg.
  • Be om at radiosendingane frå Trans World Radio skal bli lytta til og føra mange til levande kristen tru. 




Uregistrert menighet under kontinuerlig press

 
Siden starten av 2018 har kinesiske myndigheter innført strenge restriksjoner overfor trossamfunn. Dette har særlig rammet menigheten Early Rain Church i byen Chengdu.

Den 9. desember ble over 100 av menighetens rundt 800 medlemmer arrestert. Blant dem var pastorparet Wang Yi (bildet over) og Jiang Rong. Begge ble anklaget for undergravende virksomhet mot staten. Ved slutten av januar var fortsatt 15 mennesker arrestert, deriblant pastorparet. 9 andre er løslatt mot kausjon mens de venter på rettssak. Da julaften kom, ble kirken konfiskert og omgjort til en politistasjon.

Trakasseringen av kirkens medlemmer pågår fortsatt. Nylig foretok politiet en ulovlig husransakelse, et annet sted ble en kvinne arrestert midt på natta. I januar døde et kvinnelig medlem av hjerteinfarkt. Ifølge menigheten selv var årsaken til dette stress på grunn av langvarig overvåking og trusler fra myndighetene.

Ingen av de arresterte har fått adgang til advokat, noe de har rett til ifølge grunnloven. Flere av advokatene har klaget til myndighetene over at de ikke får møte sine klienter. Noen av de arrestertes familier har også fått frosset sine bankkonti.

Myndighetenes tiltak overfor Early Rain Church er trolig en reaksjon på pastor Wang Yis kritiske uttalelser mot myndighetene, samt en aksjon kirken hadde planlagt i mai, som de ble nektet å gjennomføre. De planla da å holde en minnemarkering for jordskjelvofrene i Chengdu 10 år tidligere, samt minnes ofrene for massakren på Den himmelske freds plass i 1989.

- Be for de arresterte og de som venter på rettssak. Be om at de skal få møte sine advokater. Be om løslatelse og frikjennelse fra falske anklager
- Be for pastorparet Wang Yi og Jiang Rong
- Be om en slutt på trakasseringen av menigheten
- Be om at Early Rain Church kan fortsette sin virksomhet og at medlemmene ikke skal bli skremt fra å delta i menighetens arbeid
- Be om beskyttelse for uregistrerte menigheter i Kina


kjelde: Stefanusalliansen. Foto: Christian Solidary Worldview

tirsdag 19. februar 2019

Kurmanjikurdarar i Tyrkia



Kurd, KurmanjiDet er 8 698 000 kurmanjikurdarar i Tyrkia. 0.01% av dei er kristne. Sjølv om det er ytterst få evangeliske kristne kurmanjikurarar, ser me likevel av Herren har starta med å byggja si kyrkje i dette folket. Det løfterikt. Nesten alle kurmanjikurdarar er kuilturelle muslimar, og dei snakkar kurmanji. Desse tyrkiske kurdarane er naturlegvis det same folket som me finn i Afrinområdet i Syria (som i dag faktisk er okkupert av Tyrkia). (Det er fantastisk å kunna fortelja at nokre av dei i mange år har vore med i vår kyrkjelyd (Kristkyrkja på Stord)). Dei fleste av dei lever i grenseområdet mellom Tyrkia og Iran, og har sidan 1965 søkt attende til sine kurdiske røter, utvikla ein heilt ny nasjonal bevissthet, og søkjer, som alle andre kurdarar, å bli sjølvstendige.

Kjelde: www.joshuaproject.net
Kjære Herre Jesus! Din kjærleik til kurmanjikurdarane er uovertruffen. Ved din død og di oppstode har du teke bort alle syndene deira frå Guds åsyn, og sigra over alle dei krefter som vil øydeleggja liva deira. Me ber om at du skal dra dei til deg,  senda sanne apostlar til dei der dei bur for å forkynna evangeliet for dei og grunnleggja ei sterkt og levande kristen kyrkje mellom dei. Me ber om at du løyser folket frå islams innflytelse og djevelens makt, reinsa dei frå synd, fyller dei med din kjærleik og kraft. 










søndag 17. februar 2019

Usbekarar i Nord-Usbekistan

Denne tyrkiske folkegruppa tel 25 millionar menneske, og utgjer nesten heile befolkninga i Usbekistan. Dei er alle muslimar. Det er forbode for muslimar å konvertera til ein annan religion i dette landet. Språk: Usbekisk. Heile Bibelen er tilgjengeleg for dei både som tekst og i lydformat, Jesusfilmen likeeins. Kjelde: joshuaproject.net

Herre Jesus! Du er den store såmannen. Send dine utsendingar for å så ut ditt gode ord mellom usbekarane slik at dei kan få ein reell sjanse til å ta imot deg som Herre og frelsar og bli ein del av ditt rike. Me ber om at dei usbekarane som alt trur på deg skal finna fram til kvarandre og danna grunnlaget for ei vital og sigrande usbekisk kyrkje. Amen!

m14039_uz.png

fredag 8. februar 2019

Sudanesisk kvinne utsett for alvorlege trugsmål i Egypt


A woman looking at a cross on a church.
Den sudanesiske kvinna Ebtehaj Mostafa kom til tru på Jesus for mange år sidan. I 2005 vart ho arrestert fem gongar på grunn av sitt kristne vitnemål, og valde til slutt å flykta til Kairo. Der møtte ho ein sudanesisk pastor som ho gifta seg med. Dei har ei dotter saman. 

I februar 2017 vart Ebtehaj kidnappa av to menn, ført til ein ukjent plass, bunden til ein stol i eit mørkt rom, og kidnapparane skreik til henne at ho var ei skam for familien, krevde av henne at ho skulle skilja seg frå mannen sin, gje opp kristendomen, returnera til islam og venda attende til familien, som no hadde flytta til Saudi Arabia. Då ho nekta, truga dei med å drepa mannen og dottera hennar. Men Ebtehaj sto urokkeleg fast. Til slutt vart ho valdteken, slegen medvitslaus og kasta utanfor og vart liggjande i ein hjelpelaus tilstand til nokre fann henne.

No er broren hennar komen til Kairo. Under ei gudsteneste kom han inn i kyrkja og synte fram eit bilete av mannen til søstera og kravde at nokon fortalde kor han kunne finna han.

Ebtehaj og dei andre truande i kyrkjelyden er no svært bekymra for kva som kan skje, og dei ber kristne over heile verda om å be for denne familien.

Far i himmelen! Du som oppsedar oss for ditt rike med kross og trengsel, me ber deg: pass godt på Ebtehaj Mostafa og familien hennar no. Forvirra broren og hans medsamansvorne  slik at dei ikkje kan finna fram til dei og utøva skadeverk, i Jesu namn! Amen!

kjelde: persecution.net, Morning Star News


Dagens unådde: Fulakundi i Senegal

Folketal: 1  755 000
Språk: Pulaar
Bibelen: NT i tekst og lyd
Jesusfilmen: Ja
Religion: Islam

Fulakandi er eit nomadisk fulanifolk. Dei økonomiske verdiane dei rår over blir rekna i talet på husdyr. Det er høg analfabetisme i dette folket, men den munnlege tradisjonen er sterk, kunnskapsnivået høgt og dei er eit sosialt og venleg folk som tek trua si svært alvorleg. Me kjenner til høgst ei handfull kristne mellom dei.

Kjære Herre Jesus! I dag ber me for fulakundi i Senegal. Du elskar dette folket, og på krossen betalte du for alle deira synder og misgrep. Sjå i nåde til dei, send ordet ditt til dei og frels dei inn i ditt rike. Openberra deg for leiarane deira gjennom syner og draumar, og førebu dei slik på å møta deg gjennom ordet ditt.  Motiver dei til å læra seg å lesa og skriva slik at dei kan bli kjent med Bibelen, og slik at barna kan klara seg godt i ei verd i stadig endring. Amen!  

kjelde: joshuaproject.net

m11772_sg.png

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...