tirsdag 30. mai 2017

Acehfolket i Indonesia

Acehfolket i Indonesia tel 3 445 000 menneske, og lever nordaust på Sumatra. Ingen vart så tungt råka under tsunamikatastrofen i 2004 som dette folket. I mange år er acehfolket blitt blanda med mange andre folkeslag, og dei er difor lysare og høgare enn andre indonesiarar. Dei er svært seriøse muslimar, yt evangeliet om Jesus kraftig motstand og er blitt pådrivarar i islamiseringa av Indonesia og andre deler av Søraust-Asia.

Gode Gud! Desse menneska er viktige for deg, og ein dag skal dei falla på kne og sanna at Jesus Kristus er Herre, til Gud ,vår Fars ære. Må denne dagen koma snart. Bryt ned all motstand mot evangeliet som reiser seg i denne kulturen. Fri dei frå djevelens bedrag og lenker. Syn dei at dei er syndarar som ikkje kan gjera opp for seg, slik at dei må sjå hen til Jesus, han som betalte skulda deira på krossen. Send arbeidarar ut til din haust i acehfolket, lat ditt ord få makt over dei, må dine under skje mellom dei og reis dei opp til å bli dine representantar i Indonesia, ein folk som fremjar DITT rike og ikkje djevelen sitt. Amen! 

torsdag 25. mai 2017

Dagens unådde: Luoluopo i Kina

Luoluopofolket lever i det sentrale Kina, ganske konsetntrert i eit område mot vest.
Dei tel i følgje joshuaproject.com 447000 menneske
Språk: Lolopo. 
Religion: Etnisk. 
Ingen bibeloversetting tilgjengeleg for desse menneska. 

Luoluopo dyrkar mange gudar, samt  ei mengt naturånder. Dei er også fedredyrkarar. Overraskande nok trur dei også på ein Gud som har skapt alt, og dei trur at han er nær og tilgjengeleg for dei. I tillegg trur dei på himmel og helvete. Magi spelar ein stor rolle i kvardagen deira. Trass i manglande bibeloversettng, er det nokre truande kristne mellom dei. 

Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord, og luoluopofolket er din rettkomne eigedom. Løys dei frå djevelens makt og syndas lenker, og før dei, ved ditt ord og din Ande inn i ditt fullkome rike, slik at dei tilber Skaparen framfor skapningen. Må alle kristne luoluopoar veksa i nåde og kjennskap til deg, halda saman i nære fellesskap og bera evangeliet til alle i dette folket som lever utan Gud og utan håp i verda. Lat riket ditt koma og viljen din skje i dette folket, slik som han skjer i himmelen. Amen! 












onsdag 24. mai 2017

Dagens unådde folkeslag: Thai i nordaust-Thailand (Isan)

Nordaustthaiane tel 18 millonar menneske.
Dei er buddhistar og snakkar fem ulike språk, men primærspråket er ein variant av thai.
Deler av Bibelen er tilgjengeleg på dette språket.
Thai lever i eit jordbrukssamfunn der mykje dreiar seg om risdyrking.
Trua deira er prega av synkretisme mellom ulike buddhistiske retningar, hinduisme og aninmisme.
Heile tenkesettet deira er svært langt frå det me møter i Bibelen.
Nokre få av dei er kristne, om lag 0,4%. 0,2% er evangeliske.

Gode Far! Du esom elskar verda så at du gav Sonen din, den einborne, for at kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt men ha evig liv, driv arbeidarar ut til din haust mellom thaifolket. Gje dei ditt ord og din Ande slik at dei ser og forstår at det er èin Gud, og ein mellommann mellom Gud og menneske, mennesket Jesus Kristus, at du har skapt dei, at du elskar dei og at dei for Jesu skuld kan koma til deg og få tilgjeving for alle sine synder , barnekår og evig liv.  Må dei få kristne i folket finna saman med kvarandre, dela ordet, be saman og erfara Andens utrustande gjerning, og gjer dei til ei levande innfødd thaikyrkje som går med deg for å disippelgjera heile denne nasjonen. Amen! 

Thai, Northeastern, Isan in Thailand

Dagens unådde folkegruppe: Kurdarane i Irak og Iran


Folketal: 7 828 000
Religion: Islam, Sunni.
Mange blandar inn Zoroastrisk tru (gamalpersisk religion skipa av proftene Zaratustra som levde ein gong mellom 1000 og 500 år før Jesus).
Språk: Sorani
Bibelen: Heile

Kurdarane er ei stor etnisk gruppe som har levd lenge i same region. Dei blir rekna som etterkomarar av medarane levde i dette området i antikkens tid. Media var ein del av det store persiske riket. Kurdarane er indo-europearar. Ikkje semittar. Dei har ei lausare tilknytning til islam enn arabarnane. Mange kurdarar vender seg i desse dagane til Kristus. Dei er skuffa over sine muslimske naboar som har kriga mot dei i generasjonar. Dei er for tida under åtak frå Iran, Tyrkia og ISIL (Daesh), men bit godt frå seg. Etter andre gulfkrigen fekk dei løyst ut eit autonomt område i Nord-Irak. Dette håpar dei skal vera kimen til eit nytt Kurdistan.
I Kristkyrkja på Stord har me hatt æra av å døypa seks soranikurdarar dei siste åra, og no har me fått god kontakt med to nye som også ønskjer nærare kjennskap til Jesus.

Gode Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! Sjå i nåde til kurdarane i Irak og Iran. Må det bli langt viktigare for dei å bli medlemmer av ditt rike enn å få etablert sitt eige. Må lyset frå evangeliet fløyma over dei, og din Ande bli aust ut over dei der dei bur. Utrust alle som forkynner evangeliet om Jesus for dei med sterke gåver som beviser at Jesus er Guds Son og den oppstadne og levande Frelsaren. Amen!

tirsdag 16. mai 2017

82 av dei kristne jentene frå Chibok som vart kidnappa av røvarbanden Boko Haram i 2014 vart sett fri i sist veke.

Image result for 82 girls released from Boko Haram
82 av dei 276 jentene som vart kidnappa av Boko Haram i 2014 vart sette fri sist veke (dagar etter at me bad for dei på denne bloggen). Dei er blitt haldne som sex-slavar, og fleire av dei kjem heim med barn. Alle ser alvorlege ut. Dei treng masse lækjedom og rehabilitering. Og NB! barna deira treng å bli aksepterte av samfunnet.
No er det 113  att i fangenskap. Dei som er sett fri får imidlertid ikkje reisa heim til sine eigne. Regjeringa held fast på dei, av «tryggjingsgrunnar» , som det heiter. Observatørar meinar dei har ting å skjula som jentene har kunnskap om.

Med til bilete høyrer det at Boko Haram også har over tusen andre gislar som dei passar på.

Me ber:

Gode allmektige Gud! Enno ein gong ber me om at du skal knusa Boko Haram som maktfaktor i Nigeria, Kamerun og Chad. Må leiarane deira gå under og må alle gislar bli sette fri frå fangenskap og bli sameint med familiane sine. Så ber me i Jesu namn om at dei unge jentene/kvinnene skal få lækjedom for skader som er blitt dei påført på kropp, sjel og ånd, og at dei skal få koma attende til gleda i Gud. Så ber me om at dei skuldlause barna deira ikkje skal bli forkasta av samfunnet, men fullt ut aksepterte som likeverdige borgarar med fulle rettar. Amen!

Rajput av muslimsk tradisjon i Pakistan

Rajput er ei stor unådd folkegruppe i India og Pakistan. Nokre er hinduar og andre muslimar. Rajpufolket i Pakistan tel over 16 millionar menneske, og høyrer naturlegvis til Islam. Dei fleste av dei bur i Punjabregionen aust i landet, og snakkar då også punjabi.
Det nye testamentet er omsett til punjabi.
I følgje joshuaproject.net er rajput eit sanskrit ord for kongeson, og rajputane tilhøyrer då også overklassen. Dei er av høg kaste, og eig store landområder.
Å stola på Kristus fordrar audmjukheit. Rajputane er overlag stolte menneske. Dette er eit hinder for dei. Det trengst mykje uthaldande bøn for dette folket.
Gode Jesus Kristus! Me ber i ditt namn om at du skal audmjuka rajputfolket i Pakistan slik at dei kan bli sanne kongesøner, Guds søner og døtre. Må dei bli disippelgjort av trufaste disiplar som dedikerer livet sitt til dei. Må dei bøya seg for deg, som Josefs brør for Josef, , sanna syndene sine og fullt ut gripa ditt fullbrakte frelsesverk. Løys dei frå vondskap og demonisk dominans, og dra dei til deg, også når dei les Koranen. Etabler ei kraftfull rajputkyrkje som er full av himmelsk kraft og godleik, ei kyrkje som kan vera eit lys for alle menneske i Pakistan.


søndag 14. mai 2017

Mawalud, India

Folketal: 227 000
Religion: Islam, sunni. Hanafiretninga
Språk: Urdu
Heile Bibelen.

kjelde: joshuaproject.net

Mawalud er vandra inn til leveområda sine frå det tørre Dekkanplatået sentralt i India. Mawalud er ikkje landeigarar. Dei har mange ulike yrker. Sjølv om det nok er nokre få kristne mellom dei, er nok evangeliet er heilt ukjent for det store fleirtalet.

Gode Gud! Me ber om at dei kristne mawaludane må byggja bruer av venskap og tillit til frendane sine , og at dei skal fungera som lys og salt mellom dei. Må dei truande ha tilgang til Bibelen, lesa han flittig , blir disippelgjort og utrusta med Den heilage andens kraft og nåde. Må dei stå fram som leiarar for folket sitt, og bringa himmelens lys til dei. Må det bli grunnlagt ei vital mawaludkyrkje som er som ein  synleg by på eit høgt fjell som lyser klårt i samfunnet. Amen!


onsdag 3. mai 2017

Dagens unådde: Sarki i Nepal

Folketal: 362000.
Religion: Hinduisme
Språk: Nepali
Bibelen: Heile

Tradisjonelt er sarkiane skomakarar og skinnarbeidarar. Men i vår tid er det berre nokre få som driv med dette. No finn me dei innan mange ulike yrker.
Dei tilber familiegudar og landsbygudar som Santala Devi, Maidevta og Dat Kali. Deira verdsbilete er totalt annleis enn for ein som tilber den eine sanne Gud, skaparen av himmel og jord. Herre byggjer si kyrkje i regionen. Hans Ande er aktiv, og det er nokre få kristne også frå sarkifolket.

Gode Gud!, vår Herre Jesu Kristi Far Me ber om at sarkifolket skal kjenna på ein djup tomhet ved å tilbe avgudane sine, og at dei skal begynna å hungra og tørsta etter å bli kjent med deg, du som skapte himmel og jord, dei og alle verdas menneske, og som sende Sonen din for å gje oss evig liv.  Send ditt  ord og ditt lys til dei slik at dei ser at dei byggjer liva sine på løgn, og kan venda seg til Jesus, han som er og blir Sanninga og den einaste vegen til Deg, vår Gud og Far. Amen!



Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...