fredag 30. oktober 2015

Kyrkjer brenn i Acehprovinsen i Indonesia




Acehprovinsen på Sumatra i Indonesia er kjent for å vera strengt muslimsk. Men Guds rike går fram der likevel. Dette vekker motstand i mange konservative muslimar, og militante ungdomar har no teke saka i eigne hender og går rundt og herjar og brenn ned kyrkjer i den sørlege delen av området. Den 13 oktober vart ein mann skoten i hovudet og drepen under eitt av desse åtaka. Han og nokre vener freista å stoppa mobben. Utfallet vart fatalt. Presidenten i Indonesia Joko Widodo har no gått ut og mana til fred og det han kallar "religiøs harmoni."
Dette melder www persecution.net og Christian Solidarity Worldwide

Dei truande i Aceh treng Guds vern no. Be for dei.


torsdag 8. oktober 2015

Prayercast | Portugal

Portugal

 

Portugal har ei utstrekning på 92389 kv.km, mindre enn tredjeparten av Noreg. Folketalet er på 10,7 millionar, men det minkar, slik som i mange andre europeiske land. Portugal var lenge eit fattig diktatur. Landet fekk eit demokratisk vald parlament i 1974. Vart medlem av EU i 1986. Fekk då ein kraftg økonomisk oppsving. Men i 2001 begynte ei ny nedgangstid. Landet er tungt råka av den økonomiske krisa i Europa. 

Portugal er eit land med ein stor historie. Dei første store oppdagingsreisande kom frå Portugal med Henrik Sjøfararen og Vasco da Gama i spissen. Sjølv har eg faktisk vore og sett på Henrik Sjøfararen si grav i det mektige dominikanerklosteret i Santa Maria da Vitoria i Batalha. Hans erobringar starta Portugals kolonisering av mange land i Afrika, Asia og Sør-Amerika. 

Pga kolonitida er portugisisk eit språk som vert snakka i mange land som Brasil, Mosambik, Angola, Guinea Bisseau, Macao, Mombasa, Aust-Timor og deler av India. Altså står me her overfor eit av dei mest strategiske språka å kunna for dei som tenkjer seg ut i misjonsteneste. 

Den katolske kyrkja har omtrent vore einerådande i Portugal i mange hundre år, men i dag er det full religionsfridom, og frå 1960 til 2010 vaks prosenten med evangeliske kristne i befolkninga frå 0,2 til 3%. Det er ein femtendobling.  Grunnen til denne veksten kjem hovudsakleg av innsatsen til brasilianske misjonærar, og den sterkaste delen av veksten er mellom immigrantar. I dag er det ei  kyrkjeplantingsrørsle i dei evangeliske kyrkjene. Størst er utfordringane i så måte i nord og nordaust. Der er den katolske dominansen stor. 

Men alt er ikkje rosenraudt. Mange forsamlingar har opplevd smertefulle splittingar. Det ser ut til å vera ein epidemi i den evangeliske rørsla verda over.

 Folk flest er i dag grepen av individualisme og trongen etter materiell velstand. Mange jobbar dag og natt for å halda hovudet over vatnet. Dette jaget har ført til eit massivt narkotikaproblem. 50% av Portugals unge har prøvd narkotikarus, og det er MANGE tungt avhengige menneske i landet.


  • Takk Gud for at hans rike er i ferd med å veksa fram i Portugal.
  • Be om einskap mellom dei evangeliske kristne, basert på sanne oppgjer og forsoning.
  • Be om at visjonen om å planta nye kyrkjelydar i alle kommunar i landet skal lukkast
  • Be om at nye kristne skal bli disippelgjort og utrusta til å nå nye menneske med evangeliet.
  • Be om gode, varme, kloke og visjonære kristne leiarar.
  • Be om nytt liv i den katolske kyrkja i Portugal
  • Be om at Gud skal gjesta landet og bringa frelse og lækjedom til dei mange som ligg under for narkotika. 
  • Be om at Portugal skal bli ei formidabel misjonsmakt, slik som landet i si tid var ei mektig kolonimakt. 



Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...