torsdag 12. januar 2023

Dagens unådde: Hui i Kina

Foto og tekst: joshuaproject.net

 Hui er ei frontiergruppe. Dei tel vel 13 millionar menneske. 95,5% er muslimar. 0,01% er kristne (evangeliske). Dei snakkar mandarin. Heile Bibelen er tilgjengeleg på mandarin. Huifolket er spreidd utover fleire plassar i Kina, men flest er å finna i nordvest. 

Gode Gud og Far! Du er den rette far for huifolket i Kina. Men dei kjenner ikkje deg. Eg ber: Gjer deg kjent for dei gjennom visjonære og brennande misjonærar som demonstrerer din kjærleik for dei og gjev dei evangeliet om Jesus. Herre, dei treng å forstå at dei ikkje kan bli rettferdige for deg gjennom lovgjerningar, berre ved å ta imot di frelse i Kristus som ei gåve. Aus Anden ut over dei slik at dei forstår at dei er fortapte syndarar, at Jesus er dei einaste vegen til himmelen og deira einaste håp. Amen!

Tunge åtak mot kristne i Nigeria

Foto: Morning Stars News. 
Kjelde: Voice og the Martyrs

Enno ein gong er det Nigeria som står på kartet. På første juledag vart 53 kristne kidnappa, og ein drepen, av fulanibandittar i ein landsby i delstaten Kaduna sentralt i Nigeria. 

I tillegg vart 45 kristne drepne (bilete) den 18 desember, og ytterlager 3 den 23 desember, i den same delstaten.

Å Gud! Vondskapen renn som elvar heilt uhindra gjennom Nigeria og riv med seg barna dine. Grip inn med stor kraft, Gud, og stopp denne valden i Jesu namn! Amen!

torsdag 5. januar 2023

Arabiske marokkanarar i Marokko

 

Folketal: 24 264 000.
Islam: 99,91%
Kristne: 0,09%. Evangeliske kristne: 0,08%

Med ein så låg prosent kristne er dei arabiske marokkanarane rekna som ei "frontiergruppe" som ikkje kan nåast med evangeliet utan hjelp utanfrå. 

Arabarane kom med sine erobrande hærar til Marokko på 700-talet for å leggja området inn under Allahs hegemoni, og der har dei blitt verande. 

Denne store folkegruppa er sunnimuslimar, og lever i stor grad av å dyrka jorda. 

Herre Jesus! Me ber i dag om at du skal senda arbeidarar ut til din haust mellom dei arabiske marokkanarane i Marokko. Me ber også om at dei få kristne som finst mellom dei skal få mot til å vitna om deg for naboar og vener. Me ber om at desse muslimane skal begynna å møta deg gjennom draumar, slik som det skjer mange andre stader i den arabiske verda. Må det ein dag grunnleggjast ei levande og livskraftig kyrkje i og mellom dette folket. Amen! 






onsdag 4. januar 2023

Kristendomen i verda del 2

 Hotspots

Ukraina.

Som me alle veit vart Ukraina overfalt av Russland 24 februar i fjor, og krigen som no har vart i 10 månadar  har kime i seg til å skapa ein langt større og alvorlegare krig. 

Det er viktig å be om at krigen i Ukraina må ta slutt ved at russarane trekker seg attende til internasjonalt anerkjende grenser. 

Nauda i Ukraina har ført tusenvis av ukrainarar til Kristus. 

Takk Gud for at dette skjer, og be om at dei som no har kome til tru slår røter i Gud, veks i nåde og kjennskap til Gud, verta inkorporert i kyrkjelydar og blir bevart hos Kristus heile livet.  

Taiwan

Fastlands Kina trugar med å invadera Taiwan. 

Be om at dette ikkje skal skje. 

Jerusalem 

Alle sine augo er retta mot dette byen som har vore eit stridens eple sidan 1967 då Israel tok kontroll over gamlebyen. Her ligg det også ein kime til storkonflikt. Hos profeten Sakarja les me om at alle verdas makter vil prøva å løfta på dette problemet utan å lukkast. Berre Gud kan løysa dette. 

Be om fred for Jerusalem

Koreahalvøya

Nord-Korea trugar stadig Sør-Korea med atomvåpen. Kristne i sør utgjer 30% av befolkninga. I nord føregår den tyngste kristenforfølginga som er å oppdriva i denne verda i vår tid. 

Be om at regimet i Nord-Korea må falla, og at dei to landa på halvøya blir sameinte. Be om at dei kristne i nord må oppleva Guds spesielle omsorg i ei ufatteleg krevjande tid, og at dei som vert arresterte og internerte pga trua si må få overnaturleg styrke til å bli ståande i stormen. 

Somalia

Somalia er i full oppløysing. Sentralregjeringa har berre kontroll i Mogadishu. Utanfor regjerer krigsherrar, islamistiske terrorgrupper (Al Shabbab)og sjørøvarar. Kristne er under tung forfølging i Somalia

Be om at det somaliske folket skal venda seg mot Kristus, og at han skal gjera det kunststykket det er å sameina desse menneska til ein godt fungerande nasjon. Be om at kristne må blir beskytta av Guds englar, og frimodig forkynna evangeliet for befolkninga elles. 

Afghanistan og Pakistan

Desse landa er høvevis heilt og delvis styrt og dominert av Taliban. Al-Qaeda og IS har også sine terrorgrupper stasjonerte i desse to landa. Forfølginga av kristne er massiv. Særleg i Afghanistan

Be om at desse terroristorganisasjonane skal finna ein mektig motstandar i fredsfyrsten Jesus, og at han skal verna kyrkja si mot alle typar overgrep i desse to landa, og at Guds rike skal gå fram trass i hat og motstand. 

Iran

I skrivande stund demonstrerer folk i over heile landet mot det undertrykkjande shiamuslimske prestestyret. I mange år har det føregått ein sensasjonell kristen vekking i Iran, og inga kyrkje har prosentvis større vekst enn den i Iran. Underfulle ting skjer heile tida, og mange pastorar sit fengsla med lange dommar. 

Be om at presteregimet må falla, at demokrati skal bli etablert, at kyrkja skal veksa med uforminska styrke, at dei som sit i fengsel for trua si dagleg skal få kjenna Guds nærvær. 

Flyktningar

Det er 100 millionar flyktningar i verda. Mange prøver å koma seg til Europa, og tusenvis druknar på vegen over Middelhavet i skrøpelege farkostar, andre hamnar i flyktningerleirar i Thailand, Bangladesh, Jordan, Libanon, Uganda, Malawi, Burundi og Chad . I Syria og Ukraina er det millionvis av internflyktningar. 

Be om at flyktningane i verda skal få vern, mat, utdanning og framtidshåp, som dei har rett på etter konvensjonane. Be også om at kristne skal kjenna på kallet å bringa Jesus og hans lys inn i desse leirane og skapa von i vonløysa. 

Mafiastatar

U stadig fleire land får mafiaorganisasjonar større og større makt. Dette er lovlause, brutale og morderiske menneske som utan å blunka utøver vald mot sine medmenneske for å få kontroll over narkotikaproduksjon, narkotikahandel, jordbruksproduksjon, olje og gassproduksjon, sukkerproduksjon, distribusjon av varer og tenester, naturressursar, vareproduksjon og finansinstitusjonar der svarte pengar vert kvitvaska. Me snakkar her om Mexico, Russland, USA, Italia, Bulgaria, land i Sentral-Asia, Colombia, Kina og mange, mange andre. 

Be om at Gud intervenerer i desse mafiaorganisasjonane og forstyrrar aktiviteten deira, at ukorrupte politifolk og rettsinstansar skal avsløra dei og få dei dømde og bura inne. 

Menneskehandel

Aldri i historia har det vore så mange slavar som i dag. Det er snakk om 40 millionar. Dei er å finna innan sektorar som prostitusjon, restaurantnæring, tekstilindustri og bygg og anlegg. 1,2 millionar barn vert årleg selde til bordell i ulike land. 

Be Gud om at han må forbarma seg over alle som er utsette for fangenskap og alle typar overgrep som her skjer. 

Abort

Det vert utførte 40 millionar abortar årleg i verda. Dette er skuldlaust blod som ropar til Gud frå jorda. Abortpraksisen er ein av grunnane til at gjennomsnittsalderen aukar, og at ein i mange land i dag manglar arbeidskraft og at menn manglar kvinner å gifta seg med (India og Kina), sidan det i mange land er fleire jentefoster som vert drepne enn gutefoster. 

Be om at Den Heilage Ande må opplysa kvart menneske om at abort er mord, og at det blir eit krav frå grasrota om at dei minste av dei små må få det vern som dei fortener. 

Kvinner

Kvinner over heile verda er utsette for diskriminering, undertrykking og vald. 

Be om at det i alle land skal vedtakast lover som forbyr offentleg og privar  at kvinner blir diskriminerte, undertrykte og utsette for fysisk vald. 

tirsdag 3. januar 2023

Kristendomen i verda del 1

Verdas befolkning bikka 8 milliardar i 2022. Dei fordeler seg på over 16000 folkegrupper som snakkar rundt 7000 språk.

32,6% av verdas befolkning er tilknytta ei kristen kyrkje. 

7,9% er evangeliske kristne. 

Det er ein litt mindre prosent i dag enn i år 1900.  

Lyspunktet er at dei evangeliske og karismatiske kristne aukar sin prosentdel år for år, medan "mainline" kyrkjesamfunn taper terreng. Medan Vest-Europa og Nord-Amerika lenge var kristendomen sitt tyngdepunkt, har no dette flytta seg til Afrika og Latin Amerika, og delvis til Asia. 

Trendar:

Store internasjonale bønerørsler for verda har reist seg dei siste åra. 

Store vekkingar skjer i land som lenge har vore berykta for forfølging av kristne som Iran og Myanmar, Vietnam, Kina og Etiopia. 

Misjon blant unådde folkeslag har skote fart dei siste tiåra, ikkje minst som eit resultat av boka Operation World og Joshuaproject med nettsidene operationworld.org og  joshuaproject.net. 

Oversetting av Bibelen til minoritetsspråk har eksplodert dei siste tiåra. 

Misjonen blir meir og meir holistisk. Det er ikkje berre snakk om å frelsa menneske frå synd og fortaping, men å leggja til rette for utdanning, utvikling, helse, velferd og gode liv. 

Nye land overtek hegemoniet som verdas fremste sendarnasjonar, og dei som seilar opp er Etiopia, Mongolia, Nigeria, Kina, Sør-Korea og India. Dette trass i at USA framleis er det landet i verda som sender ut suverent flest misjonærar. Lenge var Noreg fremst i dette "kappløpet" når det gjaldt talet på misjonærar i høve til folketalet. Men me er i dag eit godt stykke nede på lista. 

Fleire muslimar har kome til tru dei siste 20 åra enn til saman på alle dei 1300 åra før år 2000. 

Takk Gud for at kyrkja i all hovudsak klarar å halda tritt med befolkningsveksten. 

Be om at kyrkjeveksten må bli betydeleg større enn befolkningsveksten.

Takk for dei nye bønerørslene som reiser seg. Be om at me som er kristne i Noreg i langt større grad blir ein del av det som skjer. 

Takk for at evangeliet om riket blir gjort kjent for stadig nye folkeslag. Takk for alle nye som stadig melder seg på og engasjerer seg i bibeloversettingsarbeid.  Be om at meir av denne pionerånda skal gripa kristne over heile verda, og at innsatsen for minoritetsfolka skal auka år for år. 

Takk for vekkingane som rullar over land som aldri før har vore berørt av Den Heilage Ande. Be om at vekkingane må auka i styrke og vara ved, og be om at Gud ikkje må gå forbi oss i Noreg og Vesten, men tilgodesjå oss med sitt nærvær. 

Takk for den misjonsånd som fyller kristne i nye "sendeland". Be om at dei skal halda trykket oppe, at nye land skal kopla seg på dette laupet og at kyrkja i Noreg igjen må reisa seg, rekruttera nye misjonærar av ulike typar og bli eit av dei fremste sendelanda i verda igjen. 

Takk for alle muslimar som i denne tida kjem til tru på Jesus, og for at Han syner seg for dei gjennom draumar, syner, under og teikn. Be om at dette må halda fram til Jesus kjem att. Be om at den verdsvide kyrkja skal få ein djup omsorg for den muslimske verda, og strekka seg til det ytterste for å gje dei den einaste bodskapen som kan frelsa sjelene deira.

kjelde: operationworld.org

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...