"Herre Jesus Kristus,
vår øvsteprest, utvald, prøvd godkjent og utpeikt av vår himmelske Far, me ærar
deg.
Du kjenner og forstår alt me som mennesker erfarer kvar dag.
Du kjenner vårt indre, kva som er viktig for oss, kor grensene våre går og kva freistingar me møter.
Du veit om kor veike, syndige og forderva me er, og likevel tek du på deg å stå ansvarleg for oss innfor Far.
Takk for det du gjorde, og gjer, for oss som øvsteprest.
Takk at du er ein mellommann for ei ny pakt der du garanterer tilgjeving for våre synder ved ditt eige blod.
Takk at du skriv lova di i hjarto våre slik at me kan lyda deg og gå på Fars vegar.
Me løfter hjarto våre til deg.
Fyll oss med tru slik at denne nye pakta, som du er øvsteprest for, kan bli vår daglege erfaring.
Reins samvitet vårt frå døde gjerningar, helga oss og vigsla oss gjennom ditt blod til å tena den levande Gud, til å gjera større gjerningar enn dei du gjorde, og til å bli den generasjon som Daniel profeterte om som kjennar deira Gud og utfører store bedrifter.
Gjer oss i stand til å vera ditt kongelege presteskap som bringer forsoning, uttrykker tilgjeving og gjer rettferdige gjerningar fulle av medkjensle og kjærleik.
Lat verda sjå og erfara din kjærleik og nåde gjennom oss.

Amen!"
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar