lørdag 20. februar 2016

Armenia



Armenia ligg inneklemt mellom Georgia, Tyrkia, Iran og Aserbadsjan. Landet er delt i to, sjølve Armenia og enklaven Nagorno Karaback, som ligg i Aserbadsjan. Til saman utgjer dei eit areal på 34000 kv.km. Landet ligg i Kaukasusfjella og har mektig natur. Den armenske kyrkja er den eldste nasjonale kyrkja i verda. Rundt første verdskrigen var armenarane utsette for folkemord av tyrkarane, som då var sentrum og krafta i det store ottomanske riket. 1,5 millionar vart masakrerte.

Befolkninga er i dag på vel 3 millionar menneske, av desse 1,1 mill i hovudstaden Jerevan.  97% er armenarar. Restene er kurdarar, russarar, asebadsjanarar og  ukrainarar.

Armenia har som kristen nasjon eit konfliktfylt forhold til sine muslimske naboar Aserbadsjan og Tyrkia. På 1990-talet var landet i open krig med Aserbadsjan om Nagorno Karaback.  Grensa mot Tyrkia er stengt, og vil nok bli det til tyrkarane innrømmer folkemordet frå 1915-17. Det er formelt krigstilstand mellom Armenia og Aserbadsjan, men våpenkvile. På kvar side er det hundertusenvis av flyktningar. Politikken er prega av desse konfliktane, og landet pleier eit nært forhold til Russland. Utanrikspolitisk er situasjonen svært utilfredsstillande. Nagorno Karaback har eit indre sjølvstyre, og godtek ingen forhandlingsløysingar som ikkje dei sjølve har vore delaktige i.

Næringsvegar: Metallforedling, jordbruk og turisme. Men landet er utsett for handelsboikott frå Tyrkia og Aserbadjan, arbeidsløysa er difor høg, emigransjonen av unge menneske likeeins og fattigdomen i landet er omfattande og tærande.

Landet var i si tid ein del av Sovjetunionen, og etter kommunismens fall, har det vore tilnærma religionsfridom i Armenia, men med tett samband mellom Den armenske ortodokse kyrkja og styresmaktene.

Nesten alle i landet er ortodokse kristne, men kristendomen er på vikande front etter ein kraftig vekstperiode frå 1975 til 2000 . Dei ikkje-religiøse vinn no fram i konkurransen. Skularisering. 0,93% er protestantar, og dei har ein vekst på mellom 4 og 5 % årleg. Folket er religiøst, men manglar i stor grad livssamfunn med Jesus Kristus.

Det er stor motstand mot evangelisk kristendom i den armenske kyrkja. 

1) Takk Gud fot at den armenske kyrkja har overlevd gjennom hundreår med forfølging og fåre for utsletting.

2) Be om at Armenia skal få fred med Tyrkia og Aserbadsjan, at Tyrkia skal innrømma folkemordet i førre hundreåret, at handelsboikotten av landet skal ta slutt og at det skal opna seg for handelssamkvem mellom nasjonane. 

3) Be om at leiarane i Den apostliske armenske kyrkja skal venda seg bort frå sin fientlege haldning til evangeliske kristne, vera prega av hans nærvær, og bringa genuint kristent liv og kristen ånd inn i det armenske folket slik at dei ser sitt kristne ansvar for både tyrkarar og aserbadjanarar som treng evangeliet om Jesus. 

4) Be om einskap mellom kristne frå ulike greiner innan den armenske kyrkja, og mellom den nasjonale kyrkja og dei protestantiske kyrkjene som veks fram i landet.

5)  Be om framgang for Det Armenske Brorssamfunn for Kjærleik til Kyrkja., ei evangelisk rørsle inan den armenske kyrkja som jobbar for å spreia Bibelen, gjera Jesus kjend og ta seg av fattige og trengande, særleg foreldrelause.

6) Be om at Gud skal kalla og utrusta leiarar til teneste i alle kyrkjesamfunn. Det er også her STOR manko på leiarar med rett kompetanse og god kvalitet. 

7) Be om at den nye NT-oversettinga skal få stor utbreiing og bli lest med stor interesse av vanlege folk.



fredag 19. februar 2016

Kurmanjikurdarane i Tyrkia



Kurmanjikurdarane i Tyrkia er ei stor folkegruppe som tel 8,2 millionar menneske. På verdsbasis over 14,7 millionar. Dei lever i fjellområda mot grensa til Iran. Dei siste åra har dei søkt attende til sine nasjonale røter, og er i stadig større grad begynt å bruka sitt eige språk (kurmanji). Det er nærast ei nasjonal vekkjingsrørsle mellom dei. Kurdararane har tradisjonelt hatt ein sterk muslimsk identitet, men dette er i endring. Dei er blitt behøring undertrykt og har lide mykje vondt under tyrkarane i hundrevis av år. Dette har undergrave tilliten til islam hos dei. Kurdarane er difor no i ferd med å opna seg for evangeliet om Jesus Kristus. Dei må likevel framleis reknast som ei unådd folkegruppe i dette området av Midt Austen.
Heile Bibelen er tilgjengeleg på kurmanji.
Kurmanjikurdarar har også kome til Noreg, og me som bur på Stord har erfart at nokre av dei har teke imot Jesus som Herre og frelsar.

Gode Gud! Me ber om at du skal fullføra det du har starta på mellom kurmanjikurdarane i Tyrkia. Må skarar av desse menneska koma til tru på Jesus, og me ber i hans namn om at det skal grunnleggjast sterke kurmanjikurdiske kyrkjelydar i Tyrkia, fellesskap som er fulle av Andens kraft og Jesu kjærleik. Må du, ved Den Heilage Ande, forvandla dette folket og gjera dei til eit lys for andre folkeslag i området, og gjera dei til åndelege fakkelberarar som spreier din eld i heile Tyrkia. Så ber om at du skal gje dei eit sterkt vern mot krigens redsler som er så nær dei akkurat i desse dagane. Amen! 

 

onsdag 17. februar 2016

Dagens unådde: Fulanifolket i Nigeria



Fulanifolket finn me over store deler av Nord-Afrika, og i Nigeria tel dei 4,4 millionar menneske. Dei lever som nomadar i Sahelbeltet, og er svært strenge og ortodokse muslimar. I Nigeria står dei bak mange dødlege åtak på kristne, som gjerne er fastbuande bønder. Dei fientlege haldningane handlar både om religion og om krangel om beiterettar. 1,2 % av dei er kristne.
Fulaniane snakkar hausa, og heile Bibelen er tilgjengeleg på dette språket.

Kjære gode Jesus! Me ber i dag for Fulanifolket som gjennom mange hundre år har misjonært for islam. Herre, møt dette folket med ditt ord og din Ande, slå dei til bakken som du gjorde med apostelen Paulus og forvandla dei frå å vera forfølgjarar til å bli dine apostlar. Ta eit godt tak i leiarane deira og gjer deg personleg kjent for dei. Openberr din stordom og ditt kongedøme for dei, tal myndig til dei og før dei frå døden til livet, frå domen til ditt nådefellesskap og lat dei bli totalt forvandla av din kjærleik og nåde. Amen!

mandag 15. februar 2016

Angola



Folketal: 19 millionar. Av desse bur 4,7 millionar i hovudstaden Luanda. 97% av befolkninga tilhøyrer bantustamma. 
Angola rår over ufattelege naturrikdomar. Her er det næringsrik matjord, diamantar, olje og mineralar. Likevel er storparten av befolkninga lutfattig. Må vera noko ramlande gale med fordelinga av godene i den gamle kommuniststaten, som forøvrig framleis er plaga av etterverknaden av mange års borgarkrig. Infrastrukturen er forresten i rask utvikling. 

Angola var portugisisk koloni i 450 år. Dette tok slutt i 1975 gjennom eit kommunistisk kupp støtta av kubanske soldatar. Etter det var landet prega av tærande borgarkrig fram til 2002 der antikomministar, støtta av Sør-Afrikanske styrkar. 

94% av befolkninga tilhøyrer ei kristen kyrkje, og fleirtalet er naturleg nok romersk katolske. Likevel er protestantiske og uavhengige evangeliske og karismatiske kyrkjer i kraftig vekst, og tel i sum over 5,5 millionar menneske. Det utgjer 27% av befolkninga (2010). 

Det er 43% analfabetisme i Angola. Totalt snakkar dei 41 innfødde språk. Administrasjonsspråket er portugisisk. Bibelen eller deler av han er å få på 33 av språka (2010). 

* Takk Gud for forsoningsprosessen som er i gong mellom folk som tidlegare kriga mot kvarandre og hata kvarandre. Kyrkja spelar ei nøkkelrolle her. Be om at prosessen skal føra heilt fram.
* Takk Gud for at landet er i god økonomisk utvikling, og be om at dei fattige må få del i velstandsuntviklinga.
* Takk Gud for den sterke kyrkjeveksten som har vore i landet også gjennom år med krig og stor liding. Dei evangeliske kyrkjene firdobla seg frå 1990 til 2010. 
* Be om at alle landminer må bli funne og destruerte
* Be om at Gud lækjer fysiske, psykiske og sosiale sår som mange års krig har påført befolkninga
* I Luanda er det store leirar med internt fordrivne flyktningar som lever under miserable tilhøve. Mange foreldrelause barn blir selde som sex-slavar, mange blir forletne av famliliane sine, eller dei blir  anklagar for hekseri av slektningane sine for at dei skal bli kvitt dei, Tragediane er mange. Be om at dei vaksne skal begynna å oppføra seg ansvarlege menneske, at styresmaktene skal ta brotsverk mot barn på ramme alvor og setja inn kraftige tiltak mot dette skadeverket. 
* I Angola er religionsblanding heilt vanleg og kurrant, også blant kristne. Be om at Gud skal senda ei vekking i si kyrkje som frir dei truande frå vonde ånder som forvirrar dei og fører dei på avvegar, ei vekkjing som fjernar avgudsdyrking av einkvar sort frå folks hjarto.
* Be om at dei truande skal leva heilage og Kristuslike liv.
* Be om at Guds ord må vera det einaste lyset som dei kristne navigerer etter.
* Be om einskap mellom dei truande. Dei gruppene som no veks sterkast er dei uavhengige som har ein tendens til å isolera seg og dyrka sine særeigne ting. 
* Det er eit desperat behov for mange og gode kristne leiarar. Be om at Gud kallar og utrustar. 
* Be om at alle barn må få realisert retten sin til offentleg skulegang. 
* Be om speriing av kristen litteratur over heile landet. Folket hungrar etter dette. 





Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...