Manipur ligg heilt i nordaust-India. Dei som bur i desse litt avlukka statane er ikkje etniske indarar, og her har evangeliet hatt eit heilt anna gjennomslag enn elles i landet. Av ei befolkning på 2,8 millionar menneske i Manipur, er heile 34% kristne. Men langt frå alt er på stell. Namnekristendomen er utbreidd, væpna konfliktar mellom folkegrupper (også kristne) likeeins. Arbeidsløysa er på 30%. Det er utstrekt narkohandel i området (Det gylne triangel), menneskehandel og HIV/AIDS-problematikk.
Bøn:
Herre! Du kan ikkje vedkjenna deg alle som seier herre, herre, berre dei som gjer det Far i himmelen vil. Send ei ny bølgje av genuin vekking inn i di kyrkje i Manipur, slik at alle som rosar seg av namnet ditt blir sanne kristne som tek avstand frå synd og vondskap og vender seg til deg for å bli reine og heile att. Bryt den makta djevelen utøver gjennom narkotika og menneskehandel, syn deg stor og mektig for alle slik at stridande folkegrupper, i frykt for deg, legg ned våpena og søkja fred med deg og kvarandre. Bygg kyrkja di på nytt i Manipur, og bygg ein ny dag for heile delstaten rundt menneske som elskar deg. Amen!
| Under Laiharaobafestivalen tilber kvinner gudar, gudinner og forfedre, og dei dansar framfor gudebilete. Manipur er kjent for dei mange religiøse festivalane sine. Bilete: www.thegreenpastures.com |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar