onsdag 20. mars 2024

Ei bøn for Israel under åtak


        Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far!

        Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas land vender seg mot dei.

        Difor, ber me: Hald di mektige hand over Israel og Israels folk. Må dei lukkast i kampen mot Hamas, sigra over dei og nedkjempa terroren.

        Me ber spesielt for dei rundt 100 attlevande israelske gislane i Gaza at du skal berga liva deira, og verna dei mot fysisk og psykisk skade.

        Me ber også om at du skal styrka dei kristne kyrkjelydane og dei kristne synagogane  i Israel. Må dei forkynna Kristus med stort frimot, og må Anden din enno ein gong bli aust ut over Jerusalem og alle byar og landsbyar i landet.

        Herre, velsign og bevar Israel. Lat ditt andlet skina over dei, og ver dei nådig. Løft ditt åsyn på dei, og gje dei fred.


Salme 3 er ei salme for slike tider:

2  Herre, kor talrike mine fiendar er!

Mange reiser seg mot meg.

3 Dei seier om meg:

«Hos Gud er det inga frelse for han.»Sela


4 Men du, Herre, er eit skjold for meg,

du er mi ære, du lyfter mitt hovud.


5 Eg ropa høgt til Herren,

og han svara meg frå sitt heilage fjell.Sela

6 Eg la meg ned og sovna,

eg vakna, for Herren held meg oppe.

7 Eg er ikkje redd ti tusen

som samlar seg mot meg på alle kantar.


8 Reis deg, Herre! Frels meg, min Gud!

Du slår alle mine fiendar på kjeven

og knuser tennene til dei lovlause.


9 Frelsa er hos Herren.

Lat di signing kvila over ditt folk!

Bulgaria

 

Kjelde til tekst og kart: Operation World

Det bur 6 618 615 menneske i Buglaria

78% er ortodokse kristne

1,9 % er evangeliske kristne

15% er muslimar, dei fleste lever i sør-vest .

Folk snakkar bulgarsk. Totalt er det 16 språk. 

Hovudstad: Sofia

Bulgaria er det fattigaste landet i EU. Mange unge reiser frå landet for å finna seg betre betalte jobbar i EU og EØS. 

Korrupsjonen i landet er omfattande, mafiaen  er uvanleg sterk og styrer mykje av næringslivet.

Be om at kristne skal vera lys og salt i samfunnet slik at vonde og uærlege menneske må gje tapt for store kristne leiarar med Kristi karakter som kombinerer makt, rettferd og godleik. 

Be om at kyrkja må få nåde til å syna Guds kjærleik til bulgararane. Rasismen er sterk og vona lita.

Be om fornying av den ortodokse kyrkja.

Be om misjonsfokus retta mot 2500 byar og landsbyar utan ei evangelisk kyrkje.

Be om gode og visjonære kristne leiarar

Be om framgang for evangeliet mellom romfolk (det er fleire)  og tyrkarar (også fleire grupper)

Be om effektiv distribusjon av biblar og kristen litteratur over heile landet.

Be om effektiv misjon gjennom TV og internett. 


mandag 4. mars 2024

Ei bøn for Noreg

 Gode Gud!

Reis opp kyrkja di i Noreg og gjer henne levande, varm, sann, kraftfull og godt synlig for alle. Gje henne velutrusta  og åndsfylte leiarar som elskar deg og sine medmenneske, forkynner ordet ditt med truskap og som lever etter dine bod. 

Må kvar enkelt kristen ta opp krossen sin og følgja deg tett. 

Reis opp apostlar, profetar, evangelistar, hyrdar og lærarar som kan utrusta dei heilage til all god gjerning, og som kan tala inn i samfunnsleiarane sine liv.  

Me ber om kyrkjelydar og kristne som er prega av misjonsiver, Andens kraft, Andens gåver og Andens gode frukter. 

Må ditt mektige ord, det tviegga sverdet,  råka nordmenn djupt i samvitet slik at dei vert forskrekka over syndene sine, tek avstand frå dei, vender seg bort frå dei og famnar deg og di frelse.  

Må du transformera Noreg med Den Heilage Andens kraft.

Må lovene i landet bli harmoniserte med dine lover.

Må barna i mors liv få rettsvern heilt frå dei er avla. 

Må barn og unge få veksa opp i rusfrie heimar

Må alt sunt og ærleg næringsliv gå godt, og alle uærlege og unyttige føretak forvitra. 

Må nye grundarar dukka opp, og ny industri veksa fram. 

Me ber om gode kår for bøndene, og at du vernar dei mot flaum, tørke, ulukker, skade og sjukdom på husdyr. Gje gode vekstvilkår for korn, poteter, grønsaker, bær og anna frukt. 

Ver med fiskarane på havet, alle sjøfolk, norske misjonærer, soldater, diplomater og alle andre nordmenn som gjer teneste i framande land. 

Må Noreg bli kjent for å vera eit land som gjev vern og underhald til enkjer, farlause, innflyttarar, flyktningar og fattige.

Me ber om at Noreg skal bli eit raust og gjestfritt land å bu i. 

Me ber om nye kristne skular på alle utdanningsnivå

Me ber om at kristne skular skal få same økonomiske vilkår som offentlege skular. 

Me ber om eit oppegåande helsevesen som tener folket vel. 

Me ber om politifolk med friske kroppar, klåre hjernar og varme hjarto. 

Me ber om vern mot kriminelle bandar og mafigrupper. 

Me ber om at politi og rettsvesenet skal ha nok ressursar til å handtera oppgåvene sine godt.

Me ber om sterke kristne aviser, og generelt om redaksjonar med høge krav til innhald og kvalitet. 

Vakta grensene våre, og vern oss mot alle former for åtak utanfrå.

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...