fredag 21. november 2014

Dargwafolket i Russland



Dargwafolket bur i Dagestan ved vestkysten av Kaspiahavet, 
i det språkrike Kaukasus der islam er den totalt dominerande religionen. Dei tel 400 000 menneske. Språket deira er darowa. Deler av NT er omsett, og Jesusfilmen er også tilgjengeleg.
Historia deira er prega av ei endelaus rekke av okkupasjonar:
Dei har vore underlagt persarane, hunarane, tyrkarane, mongolane og det siste hundreåret Russland. All denne undertrykkinga og brutaliteten har  gjort både dei og andre folk i Kaukasus veldig krigerske. 



Herre, må du gjesta dargwafolket i Russland. Lat rettferdssola gå opp over Kaukasusfjella og lækja folket åndeleg, sjeleleg og sosialt. Bryt islams åk som kviler så tungt over dei. Må himmelen koma nær til dei, di kyrkje bli etablert mellom dei og rikt utrusta som din lekam i Kaukasus. 

søndag 9. november 2014

Kristent ektepar mishandla og brent til døde i Pakistan



 


Overgrepet skal ha skjedd 4.november. Det hadde gått rykter om at Shama Bibi (28) hadde brent sider av Koranen. Det samla seg ein mob som drog henne og ektemannen Shazad Masih (32) ut av huset dei budde i, skamslo dei og kasta dei inn i ein brennande teglsteinsomn. Ekteparet med fire barn budde i landsbyen Chak, 6 mil sørvest for storbyen Lahore. I Pakistan vil truleg ingen bli stilt til ansvar for dette mordet. Det blir ikkje ein gong etterforska. Dette drapet har rysta heile verda, og no blir det vonleg sett flaumlys på Pakistans håplause blasfemilovgjeving, lover som til slutt får vanlege ignorante menneske til å opptre som anklararar, dommarar og bødlar. 

Be om at nokon må ta godt vare på barna deira, og at dei skal få dobbelt att for alt som djevelen no har teke frå dei.
At barna og familien skal erfara Guds nærvær i stormen.
At Gud skal opplysa samvitet til dei som har gjort ugjerninga slik at dei kan venda om.
At blasfemilovene i Pakistan skal bli annulerte av parlamentet, og at andre land skal pressa dei til å gjera dette.
At Guds rike og Guds ord skal gå fram i Pakistan, også som ei frukt av dette martyriet

27.november 2020

I dag ber me for Gjemnes kommune, det kurdiske folket i Tyrkia, for dei gjenlevande etter den sveitsiske misjonæren Beatrice Stockli og for ...