mandag 9. juni 2014

Bøn for kyrkja i Nigeria

Ein mann utanfor den øydelagde heimen sin i Baga i Borno

Boko Haram har lyst krig mot kristendomen og Guds kyrkje i Nigeria. Nyleg vart 200 drepne i 3 landsbyaar i delstaten Borno, heilt nordaust i landet. Boko Haram-krigarar hadde på seg ordinære uniformar frå den nigerianske hær, utgav seg for å vilje beskytta dei kristne mot, ja, Boko Haram, samla dei på torget og skaut dei ned. Dette er siste hending i ei lang rekke liknande episodar. I tillegg ranar dei landsbyande og brenn dei til grunnen.

For ein månad sidan kidnappa organisasjonen 200 kristne jenter som dei framleis held i fangenskap. 

Bøn:
Kjære Herre Jesus! Satan har gått til krig mot kyrkja di i Nigeria. Må du stoppa han i hans raseri, må englane dine bli sendt ut for å strida mot Guds barns fiendar, må kvar truande kristen bli bevart hos deg, må ditt rike, som så ofte før,  gå fram midt i motstanden. Me veit at du ler av dei som reiser seg mot deg, bøy desse krigarane inn under din vilje, ver som ein mur mot dei som dei ikkje kan forsera og styr over dei med jernstong. Me ber i ditt eige namn. Så ber me om vern og fridom for dei kidnappa jentabarna. Å, Herre, miskunna deg. Må det også finnast vilje og evne hos dei nigerianske styresmaktene til å verna sivilbefolkninga, og til å finna, nedkjempa, arrestera og straffa alle som utauser blod og gjer seg skuldige i brotsverk mot menneskeætta. Amen!



                     

Ingen kommentarer:

Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland

  Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil  inn i ein julemarknad full av folk....