torsdag 31. juli 2014

Alimujiang Yimiti


Pastor Alimujiang Yimiti er uighur. Han vart arrestert i februar 2008 fordi kinesiske styresmakter meiner han er ein tryggleiksrisiko, og fordi han har hatt kontakt med framanda makter. Harn er dømt til 15 år i fengsel. Kona Gulinuer og dei to barna deira får besøka har 15 minuttar annankvar månad.
Alimujiang er pastor for dei ytterst få kristne uighurar som lever i Xinjiangprovinsen nordvest  i Kina. Uighurane er eit tyrkisk folkeslag. Dei tel 10 millionar menneske, og det store gross er muslimar. Berre 50 er kristne. Det har vore mykje opprør mot styresmaktene mellom uighurane, men det føreligg ingen prov for at Alimujiang har teke del i slikt. Kombinasjonen uighur/kristen leiar er god nok grunn for kinesarane til å fengsla folk.
Den siste rapporten frå Gulinuer er at Alimujiang er blitt veldig tynn og bleik, men at trua hans er sunn og frisk. 
Meir info finn du på http://www.prisoneralert.com/pprofiles/vp_prisoner_185_profile.html
Der kan du også få rettleiing for korleis du kan skriva eit oppmuntringsbrev til Alimujiang.

Gode Far! Takk at du er saman med Alimujiang i fengslet, og at du også forsørger Guliuner og barna deira. Du ser all naud og trengsle, og tek det i di hand. I dag vil me enno ein gong be og rettferd og fridom for Alimujiang og hans familie. Høyr vår bøn og grip mektig inn, i Jesu namn. Amen!

Ebolaviruset herjar i Vest-Afrika


Ebolaviruset er ekstremt smittsamt. 90% av dei som vert smitta døyr. Liberia, Guinea og Sierra Leone er så langt råka. Over 700 er døde. Spreiingsfaren er overhengande. "Leger uten grenser" gjer ein stor innsats for å avgrensa og førebyggja epedemien som i dag er heilt utav kontroll. La oss be:

Vår Herre Jesus Kristus! Må folka i Sentral-Afrika læra deg å kjenna som både lege og frelsar. Dei treng å venda om frå sine synder og fornekta djevelens gjerningar og vesen slik at du kan lega og trøysta dei. Så ber me om effektivt smittevern for alle helsearbeidarar som hjelper dei sjuke.

søndag 27. juli 2014

Kazakhstan


Kazakhstan er med eit flatemål på 2,7 mill kv.km. det 9. største landet i verda. Det bur om lag 16 mill menneske der, 3,5 millionar kazakhar bur i andre land. Over 65 % av befolkningar er tyrkarar (tyrkarane i Tyrkia kom frå sentral-Asia seint på 1200-talet), resten er stort sett russarar. Enorme olje og mineralressursar har gjeve landet ein enorm økonomisk vekst dei siste tiåra. 53,7% av befolkninga er muslimar. Dette er "folkeislam" iblanda shamanisme.  33% ikkje-religiøse medan 13% er kristne, dei aller fleste ortodokse. 0,8% er protestantar. Stadig strengare religionslover har resultert i tilfelle av forfølging av evangeliske kristne. Likevel har det vore ein bemerkelsesverdig stor vekst mellom desse frå null i 1990 til 15000 i 2010. Dei profiterer mykje på einskap mellom dei truande og effektiv nettverkbygging.

Kjære, gode Jesus! Me takkar deg for det gode du er i gong med i Kazakhstan, og at du vil fullføra ditt verk i dette landet heilt til du kjem att i herlegdom for å døma levande og døde. Må du vakta dei truande mot materialisme og begjær. Styrk dei mektig med din Ande slik at din karakter og di kraft kjem til uttrykk i liva deira. Hald motet oppe hos dei når dei får vanskar med styresmaktene, og må dei akta det for ei glede når dei må lida for deg. Må alle som bur i Kazakhstan få evangeliet presentert for seg på ein slik måta at dei har ein reell sjanse til å seia ja til deg og nei til synda og djevelen. Me ber i ditt namn. Amen!
Kazakhstan kan by på høge fjell og vakker natur.


lørdag 26. juli 2014

Japan 2. Ver med og be denne nydelege bøna for landet der sola står opp

Mange kristne drepne i Kenya sist månad

Me tenkjer vanlegvis på Kenya som eit fredeleg land for kristne å leva i. Og stort sett er det sant. Men ting endrar seg. Den 15.juni vart 65 truande drepne i landsbyen Mkepeton. Dette melder www.persecution.net. 50 væpna menn frå den somalisk- islamistiske gruppa Al Shabab storma landsbyen og drog med seg menn, kvinner og barn. Kvinner og barn vart sette fri. Mennene fekk spørsmål om dei var kristne eller muslimar. Dei som svara at dei var kristne, vart skotne på staden.

Den 5.juli dukka mordarane opp i ein nabolandsby. Der drap dei 13 kristne.

Den 7 juli vart Joseph Kangethe og Kenda Masha brent inne i ei kyrkje etter ei bibelgruppesamling. Dei andre i gruppa hadde flykta. Dei to som no er døde prøve å gøyma seg i kyrkja, men islamistane sette berre fyr på henne.

Kjære Gud og Far! Det fell ikkje ein spurv til jorda utan din kontroll. Trøysta dei kristne i Kenya med desse orda, og set mot i dei slik at dei enno ivrigare enn før forkynner evangeliet til høge og låge, svarte og kvite, vener og fiendar. Me ber om at dei kenyanske styresmaktene skal ta plikta si til å verna innbyggjarane sine mot vonde menneske på ramme alvor, og ver du eit vern for dei alle. Me går i Jesu namn imot alle som prøver å knusa di kyrkje med vald og makt. Må du senda ei avmaktsånd over dei slik at dei ikkje kan gjennomføra sine dødelege planar, men sjølve falla i dei grøftene dei grev for andre. I Jesu namn! Amen! 

fredag 25. juli 2014

Siste frå Matyrkyrkja


I går kom den kristne sudanesiske kvinna Meriam Ibrahim med mann og barn til Roma. Meriam var dømt til døden i Sudan for å ha konvertert til kristendomen. Men massive prostestar og bøner frå kristne over heile verda snudde saka. Takk Gud for denne vendinga.

I Juni vart 4 ukrainske baptistar i Slevjansk myrda av prorussiske opprørarar. Dei vart bortførte under ei gudsteneste, og seinare vart funne i ei massegrav. Berre den russisk ortodokse kyrkja er lovleg i opprørarane sine auge. Be om vern for alle evangeliske kristne i aust-Ukraina. Mange er no på flukt.

ISIL har no jaga alle kristne ut av den irakiske byen Mosul, og dei har okkupert eit eldgamalt kloster fullt av gamle verdfulle kristne manuskript. Dei kristne i Mosul fekk beskjed om anten å døy, eller gå over til islam. eit tredje alternativ var å betala skyhøge beskyttelsespengar. ISIL går fram med ein brutalitet som set sjølvaste Al Qaida i skuggen.

11 av foreldra til dei 200 nigerianske jentene som vart kidnappa av Boko Haram for 100 dagar sidan, har døydd av hjarteinfarkt eller andre stressrealterte lidingar i samband med tapet av sine kjære.

Siste: To kristne finske hjelearbeidarar er blitt drepne i Afghanistan. 

Kjære Jesus! Takk for ei endeleg løysing når det gjeld Meriam og hennar familie. Di er æra. Så må du sjå i nåde og verna dei evangelisk kristne i aust-Ukraina, dine barn i Irak og dei 200 kidnappa jentene i Nigeria og familiane deira. Me ber om forvirring og nederlag for ISIL og Boko Haram, og at du skal leida dei som leitar etter dei bortkomne jentene i Nigeria slik at dei finn fram til plassen der dei blir haldne fanga. Må du trøysta og styrka alle dei som sto dei finske hjelpearbeidarane nært. Må ditt rike gå fram og rettferda sigra i Sudan, Irak, Ukraina, Afghanistan og i Nigeria. Amen!

Japan 1

Japan har eit folketal på 127 millionar menneske (2011), men ikkje stort større enn Noreg i flatemål. Folketalsutviklinga er imidlertid negativ, og samfunnet går langsamt inn i forgubbing. Japan har etter krigen utvikla seg til å bli eitt av verdas rikaste land. Dette har skjedd trass total mangel på råvarer. Japanarane har satsa knallhardt på eksport av bilar, båtar, fotoapparat og mange andre industrielle ferdigvarer, og lukkast overmåte godt med det. Dei har i mange år vore leiande innan teknologiutvikling, men har no fått skarpe konkurrentar i Kina, Sør-Korea, India og andre framveksande økonomiar i Asia. Landet vart tungt råka av finanskriser på 90-talet og i 2008, og det er alltid utsett for jordskjelv og tsunamiar. Verst vart det 11.mars 2011 då store deler av austkyrsten vart råka av ei flodbølgje som skylte med seg alt som sto i hennar veg. 28000 menneske vart drepne, byar utsletta og kjernekraftverket i Fukushima øydelagt.
 Dei fleste japanarane hentar livssynet og verdiane sine frå buddhismen og shintoismen, samstunds som dei er veldig sekulære i sin måte å leva på. Mange praktiserer ein eller annan form for fedredyrking.  1,5% av befolkninga er aktive kristne, men stadig fleire syner ei opning haldning overfor den kristne trua. 3% seier om seg seg sjølv at dei har ein kristen identitet, og 10% svarer ja på sprøsmålet om dei trur at dei ein gong kan koma til å bli kristne. Dette er eit resultat av mange års trufast misjonsinnsats frå mange selskap i dette landet.

Gode Far! Din kjærleik til japanarane og kulkturen deira er uovertruffen. Du set dei så uendeleg høgt, og gjennom Jesu død forsonte du dei med deg sjølv. Må sanninga i evangeliet råka hjarto deira på djupet, avsløra den synda som er i ferd med å føra dei inn i det evige mørkret slik at dei legg henne ned ved Kristi kross og opplever tilgjeving og nytt liv i Han. Reis opp kyrkja di i Japan til å representera deg på ein god måte i denne stolte kulturen, og utrust henne for den vekkinga du har planlagt for Japan, og me ber om at japanarane skal ta eit åndeleg leiarskap i Asia. Amen. 



Fujifjellet er eit velkjent landemerke i Japan

torsdag 24. juli 2014

Jamaica


Det bur berre 2,8 millionar menneske på Jamaica, men merkeleg nok, sett i høve til det låge folketalet, spring dei snøggare enn alle andre. Rare greier.  Over 80 prosent av befolkninga er prostestantiske kristne, det store fleirtalet er nominelle, og kyrkja er på alle vis velutrusta og har ei ærerik misjonshistorie. Men det hindrar ikkje at landet er djupt inne i ei sosial og moralsk krise. Dette botnar ikkje minst i at mektige søramerikanske narkotikakartell brukar Jamaica som transitthamn for kokainen dei skal selja i USA og Europa. Dette resulterer i ein ekstrem høg mordrate. Nr 4 i verda i høve til innbyggjartalet.Valdtekt og incest er svært utbreidd.
Dei viktigaste eksportartiklane er bauxitt til aluminiumsproduksjon, sukker og raggaymusikk.
Det er ingen tvil om at den jamaikansce kyrkja treng både reformasjon og fornying.

Gode Gud! Du elskar menneska på Jamaica så høgt og inderleg. Kom dei til hjelp. Bryt den dødlege makta narkotikakartella har i landet, fyll kyrkja di med din Ande, reinsa henne frå synd og utrust henne til å bli ein reidskap for dine mektige gjerningar mellom jamaicanarane. Må din standard for livsførsel bli den normale i Jamaica slik at menn lærer seg å verna kvinner og barn, og ikkje forgripa seg og valdta. Må dei bli forma i Kristi bilete. Amen! 

 
Jamicanske kristne veit å uttrykka sin kjærleik til Jesus.


onsdag 23. juli 2014

12 år i fengsel for kinesisk pastor


Persecution.net melder at pastor Zhang Shaojie i Nanlekyrkja i Kina er dømt til 12 års fengsel samt til å betala ei bot på 100 000 yuan. Han vart arrestert saman med 8 andre i november 2013 for å ha forstyrra lov og orden (dvs halde kristent møte). Tre av dei er sette fri. Pastor Zhang er den første som har fått domen forkynt.

Kjære Jesus! Du bar krossen din, og utfordrar oss andre til å gjera det same. Me ber for pastor Zhang at han skal gleda seg over å få lida for di skuld, og at han i fangenskapet skal få erfara ditt kjærlege nærvær på heilt spesielle måtar. Må han  få vera eit lys for medfangar og fangevaktarar, føra dei til personleg tru  og gjera fengselet han sit i om til ein Herrens katedral. Takk at du har full kontroll over hans situasjon, og at han i din time vil bli sett fri. Ver med familien hans og gje dei alt dei treng for kropp, sjel og ånd. Må også kyrkjelyden hans finna gode folk som kan erstatta pastor Zhang i den daglege tenesta. Amen.

tirsdag 22. juli 2014

Italia


Italia har ei overlag rik og herleg fordtid, og er det landet som saman med Israel og Hellas, meir enn noko anna land har forma den vestlege kulturen. 
Romarriket var i si tid historias lengslevande verdsrike, og fostra store tenkjara, politikarar, diktarar og kunstnarar i fleng. I farten nemner eg Julius Cæsar, Seneca, Cicero og Virgil. I Italia utvikla latin seg som det internasjonale vitskapsspråket. Det skal vera framifrå å uttrykka seg eksakt på.
Italia er også renesanssen  sitt heimland. Her levde og verka Franz av Assisi, Dominicus, Dante Aligiheri,  Leonardo da Vinci, Galileo Galilei, Michelangelo, Savonarola og litt seinare komponistar som Monteverdi (operaens far), Puccini og  Antonio Vivaldi. Kor mykje me har å takka Italia for. Den som i dag  vil oppleva storslagen kunst og arkitektur, reiser gjerne til Italia, Roma eller Toscana (med Firenze).
Av dei store kyrkjefedrane frå antikken som kom frå Italia nemner eg Hieronimus, Ambrosius og i nokon grad også Augustin.
Men det moderne Italia er også heimlandet til fascismen (Benito Mussolini) og mafiaen, og fordi landet dei siste åra, uner Berlusconi, har lidd under eit forferdeleg vanstyre, vart italienarane tungt råka av finanskrisa i 2008. Landet er gjennomsyra av korrupsjon og økonomisk kriminalitet. Forbrytarorganisasjonane har vevd seg langt inn i det politiske systemet.
Det er prisverdig at pave Franz no prøver å ta eit oppgjer med dette uvesenet.
Elles er landet eitt av G7-landa, og er høgt industrialisert, særleg i nord.
Det bur vel 60 millionar menneske i Italia, men talet på italienarar søkk. Italienske kvinner føder berre i snitt 1,2 barn kvar.
Italienarane er naturlegvis katolikkar. 1% er protestantar og evangelisk kristne.

Gode Gud! Me ber i dag for dei mange millionar italienarar som er lukke inne i falske førestellingar om at dei kan vera frelste utan å elska og tena Jesus, om at du vekker dei opp av den åndelege søvnen og gjev dei ei sann og levande tru. I tidlegare tider sende du mektige profetar som Savonarola til denne nasjonen. Gjer det igjen. Må dei få møta deg gjennom eit mektig ord frå himmelen som kløyver ånd, sjel marg og bein, og som dømer hjartans tankar og råd, og som gjev dei sann omvending til Livet. Må Paulus brev til romarane igjen bli populært lesestoff i dette landet, og få bestemma retningen på folks tru, tanke og lisvførsel. Me ber i Jesu namn, amen.

mandag 21. juli 2014

Dagens unådde: Koyafolket i India


Koyafolket tel 836000 menneske, og held til nord i Andra Pradesh. Dei er har si eiga folketru, men tilber også fleire hindugudar. Mange av gudane deira er feminini. "Moder jord" er den viktigaste.  Språket deria er og telugu, men dei snakkar også 50 andre språk innan denne gruppa. Det er ei stor utfordring. Bibelen er omsett til telugu, men det hjelper berre eit stykke på veg.  Dei trur korkje på himmelen, helvete eller reinkasnasjonen. Alt stoppar ved døden. Koyafolket er for det meste bønder.

Gode Gud, du som var i Kristus Jesus og forsonte verda med deg sjølv, må Koyafolket få klåre tankar om at dei er syndarar som treng frelse, slik at dei vender om og let seg forsona med deg. Velsign dette folket med ditt merkbare nærvær, og jag alle vonde åndsmakter bort frå dei. Ta kontroll over tankane deira. opplys dei og bring dei inn i din familie. Må me snart få høyra om ei sterk og vital koyakyrkje der du bur og gjer dine undergjerningar. Amen! 

 

søndag 20. juli 2014

Kristne i Laos tiltalte for mord etter å ha bedd for ei sjuk kvinne som seinare døydde av sjukdomen

Forfølginga av kristne tek mange ulike former. Denne er veldig spesiell. Pastor Kaithong og fire av venene hans i provinsen Savannakhet i Laos er tiltalte for mord etter å ha bedd for den sjuke kvinna "Chan". Etter å ha blitt betre frå sjukdomen i april, og etter saman med familien å ha konvertert til kristendomen, fekk ho tilbakeslag og døydde i den 21 juni. Familien ville ha ei kristen gravferd, men vart nekta det av lokale styresmakter. Dei arresterte Kaithong og tvang gjennom ein buddhistisk gravseremoni. No er forbedarane fengsla.
Kommunistiske Laos har 7,6 millionar menneske. 3,2% av dei er kristne, og den kristne kyrkja har ein årleg vekstprosent på over 5. Det er svært mykje.

Kjære Herre Jesus! Takk at du er med pastor Kaithong og venene hans også medan dei sit i fengsel. Ja, særleg då. Styrk dei mektig i deira indre menneske med di kraft og din Ande. Må du gje dei uimotståeleg visdom i møte med anklagarane, og me ber om rettferd og fridom for desse. Må den nyomvende familien til "Chan" stå faste i trua på Jesus, og gje dei fellesskap, oppfølging og god disippelopplæring. Amen!

Israel



Den moderne jødiske staten vart etablert i 1948 som eit resulatat av mange års innvandring av jødar som flykta frå pogromar i Europa, og av Holocaust under den andre verdskrigen. I lys av Bibelen ser mange på staten Israel som ein del oppfylling av profetiske ord i Esekiel 20,32-34 og 36,16-24, samt kapittel 37 om dei døde bein i dalen. Dette er også min posisjon: Israel er eit guddommeleg mirakel, og jødane er Guds utvalde folk.
I Israel er interessa for evangeliet sterkt aukande, og det blir stadig etablert nye messianske kyrkjelydar i landet, slik også mellom jødane i diaspora. I følgje Romarbrevet 11 skal ein dag heile Israel bli frelst. Og i Apostelgjerningane 3,20 les me at Jesus skal koma attendetil vår verd når jødefolket ein dag vender om frå syndene sine. Denne sentrale posisjonen i Guds historie gjer Israel til eit utpeikt mål for djevelens gjerningar. Det ser ut til at krig, hat, terror, motstand og utslettingsforsøk er ting dei må leva med fram til den store vekkingstida som skal koma over heile Midt-Austen (Jesaja 19,18-25). I dag er det 7,2 millionar menneske i dette vesle landet (ikkje større enn Hedmark fylke), og berre 0,5% av dei er kristne, dei fleste av arabisk opphav. Operation World 2011 reknar med vel 12000 messianske kristne jødar. Konflikten mellom jødar og palestinarar er smertefull og fastlåst. Men kristne jødar og palestinarar går no, gjennom National Evangelical Commitee, i spissen for forsoning mellom dei to folkegruppene. Det som skjer er omtala som "ein stille revolusjon". Les meir i Operation World 2011 side 478-481

Vår Herre Jesu Kristi Far, Israels Gud! Israelsfolket er din augnestein. Dei er elska for fedrane si skuld, og du har halde handa di nådig over dei, og ført dei gjennom mange naudsår i diaspora og attende til det landet du gav Abraham, Jakob og Isak. Openberra Sonen din, Jesus, for dei enno ein gong. Må dei få sjå at det var for deira skuld han vart krossfesta, at det var deira synder han bar, at straffa låg på han for at dei skulle få fred, at dei ved hans sår har fått lækjedom. Må dei forstå at dei ikkje kan bli rettferdige for deg gjennom lovgjerningar, men berre ved tru på han som du kallar "Herren, vår rettferd." Gje dei også å forstå at deira unike livskall er å bringa din nåde og herlegdom ut til til alle folkeslag på jorda, at dei er utvalde ikkje for si eiga skuld, men for di skuld og for den fortapte verda si skuld. Miskunna deg over dei, i Jesu namn, amen.

lørdag 19. juli 2014

Irland


Irland har vel 5 millionar innbyggjarar, og har ein ærerik kristen historie. Landet vart kristna rundt år 400 e.Kr av St. Patrick (ei særeigen soge du gjerne kan lesa om på Wikipedia), og i Middelalderen var det irske, keltiske munkar som misjonerte Nord-Europa. Seinare vart landet grovt undertrykt av norske vikingar og seinare (i 700 år) av England. Oppnådde sjølvstende i 1921. Landet er i dag i all hovudsak katolsk, men ei sterk evangelisk rørsle veks fram i landet og tilfører kristenlivet nye friske impulsar. Den katolske kyrkja er i tilbakegang, og incestskandalane som er avslørte den siste tida har brote ned folks tiltru til kyrkja. I dag vert det ordinert få nye katolske prestar. Økonomisk vekst på 90-talet og tidleg 2000-talet, kollapsa i 2008-09 då bustadbobla sprakk. Det førte til økonomisk nedgangstider. No er det betring å spora.

Kjære Jesus! Me takkar deg for alt Irland har betydd for kristninga av Europa. No ber me om at det skal koma nytt liv i gamle røter. Reis opp kyrkja di i landet, og før presteskapet til reell omvending og djup sjølverkjenning vedrørande dei seksuelle skandalane som har skjedd. Må religiøsiteten bli erstatta med sant åndeleg liv. Må folk sjå forbi kyrkja og oppdaga Deg og det behovet dei sjølve har for frelse og lækjedom. Aus Anden din utover dine truande i Irland og over alle menneske, og gjenoppliv misjonskallet som du har lagt på denne nasjonen. Gje også landet ein sunn og oppegåande økonomi, vern barn og unge mot svik og skade og før dei på dine gode vegar.  Amen! 

Tre kristne arrestert i Iran


Den 5.juli vart Mohammad Roghangir, Suroush Saraie og pastor Matthias Haghnedjad (selfiebilete) arresterte av iransk tryggingspoliti i heimen til Matthias i Bandar-e Anzal . Politiet konfiskerte også biblar og annan kristen litteratur. Desse mennene har alle vore fengsla fleira gongar, og Mohammad Roghangir har ein dom på 6 år over seg som han har anka. Det er grunn til å sjå den siste arrestasjonen i lys av denne domen. Kjelde: persecution.net

Gode Gud! Me takkar deg for desse uredde mennene, for den trua som bur i dei og for truskapen mot deg og ditt ord som dei demonstrerer. Må du styrka dei i lidinga og fylla dei med din herlegdom. Må du stråla gjennom dei slik at politiet og anklagarane også får sjå ditt lys i dei og koma til tru på Jesus. Ta deg også av familiane deira og gje dei alt dei treng for liva sine. Amen!

fredag 18. juli 2014

Irak

Kart over الجمهورية العراقيةAj-Jumhuriyah Al-'Iraqiyah كۆماری عێراقKomara Iraqê

Irak er eit land i oppløysing. Lidingane har i mange tiår vore ubeskrivelege. Det vil ingen ende ta. Etter ISIL`s store framgang dei siste vekene, er Irak delt i to, eitt sunnimuslimsk og eitt shiamuslimsk område. Hatet mellom sunni og shia er enormt, og ikkje lett for  å forstå for oss uinnvigde, men det er ein mektig motivasjon til å gå til krig i Allahs namn. Allah blir i det store og heile oppfatta som ein gud som favoriserer hatet, og akkurat  det er eit kardinalproblem i dagens verd. Vanskeleg å sjå kor dette vil enda. Av dei nesten 32 millionar menneske som bur i landet, var det i 2011 1,6% kristne. I dag er det færre. Hundretusenvis har flykta frå bomber, drap, terror, krig og forfølging. Midt i dette står den anglikanske presten Andrew Canon White (bilde under)  som ei bæresøyle for Guds kyrkje i Bagdad. Få andre pastorar har opplevd å få 1500 av medlemmene sine drepne. White kan reisa kor han vil, men han blir hos folket sitt.


    
Kjære gode Jesus! Mørkret er så tett i Irak. Hatet så øydeleggande. Må ditt lys trenga gjennom til menneska. Kyrkja di er lutra. Må den resten som er att vera berarar av din herlegdom, og bringa håp til menneske som har mista trua på det meste.  Gje landet eit stabilt og demokratisk styresett, og stopp islamistane sin frammarsj i landet. Herre, alt ditt starta i det gamle Mesopotamia. Her openberra du deg for Abraham og her gav du Esekiel og Daniel mektige openberringar. Må du enno ein gong bygga ditt rike på ruinanen av menneska sitt rike. Amen!

Dagens aktuelle

I dag ber me om
  • trøyst og styrke for alle som vart råka av flystyrten i Ukraina.
  • at sanninga om denne tragedien skal koma for ein dag
  • at dei skuldige skal bli stilt til ansvar og få rettferdig straff
  • fred og forsoning i Ukraina
  • sinnsro for tilsette i Malaysian Airline.
  • at IDF skal finna og destruera rakettar i Gaza
  • vern over dei sivile som er utsette for livsfare idette området
  • at Hamas makt skal bli broten
  • varig og fruktbar fred mellom Israel og palestinarane

mandag 14. juli 2014

Iran

Kart over جمهوری اسلامی ايرانJomhūrī-ye Eslāmī-ye Īrān

Denne strengt shiamuslimske staten med ein så lang og ærerike historie, har eit folketal på over 75 millionar menneske. Etter den islamske revolusjonen i 1979, har det vore strengt forbode å konvertera til kristen tru. Berre dei tradisjonelle armenske kristne har rett til å driva kristent arbeid, men ikkje retta mot muslimar. Men trass i dette: INGEN PLASSAR I VERDA HAR DEN EVANGELISKE KYRKJA SÅ STOR PROSENTVIS VEKST SOM I IRAN. Dette er berre eit av Guds store og vidunderlege mirakel i vår tid. Gud har ein eigen agenda med det iranske folket no. Desillusjonerte av brotne lovnadar frå ayatollaher, imamar og mullaher vender dei seg i tusental til Kristus. Det skjer i Iran, og med dei mange millionar iranarane som lever i eksil. (Også i Kristkyrkja på Stord har me fått gleda av å døypa fleire iranarar). Men forfølginga er skarp og brutal. Mange pastorar sit i fengsel med dommar på opp til 8 år. Deriblant Saeed Abedini som er amerikansk statsborgar. Andre som kan nemnast er Farshi Fathi og Behnam Irani. Sistnemnde og Abedini er forresten svært sjuke etter lang tids brutal tortur.

Bøn:
Herre Jesus! Me takkar deg for dine under i Iran, og for den kyrkja av brennande kristne som du er i ferd med å byggja opp i denne nasjonen. Takk at du held auga med mektige motstandarar, og at dei ikkje kan gjera meir mot dine enn det du bestemmer. Må dine barn i Iran med kløkt og frimod lova ditt namn, tala om din stordom, forkynna din godleik og kunngjera dine gjerningar for sine medmenneske. Må evangeliet bre seg frå sjel til sjel med stor fart, og me ber om at alle som blir vunne for Kristus også blir fostra som disiplar som ser på seg sjølve som menneskefiskarar. Sjå til alle dine som lid overlast og sit fengsel. Vern liv og helse, og gje dei i din time fridomen attende. Me ber i Jesu namn. Amen!

fredag 4. juli 2014

India: Øygruppene vest og aust for det indiske faslandet

India map with flag
I tillegg til 28 delstatar på fastlandet, har India også herredøme over 2 øygrupper, Andaman og Nicobarøyane i Bengalbukta aust for Sri Lanka, samt Lakshadweep som er nokre koralløyar i Det arabiske hav vest for det indiske fastlandet. Desse øygruppene ligg administrativt direkte under sentralregjeringa i Dehli. Det gjer også 5 enklavar i 5 ulike delstatar. I vårt bøneopplegg er desse medrekna under den delstaten som omgjev dei. Til saman utgjer desse 7 sentralsyrte områda The Seven Union Territories (som på dårleg norsk vert: dei sju einskaplege territoria).

Her konsentrerer me altså om øygruppene. Når det gjeld Andaman og Nicobarøyane er 20% av befolkninga på vel 436000, kristne. Ser me imidlertid på urbefolkninga (som ikkje er etniske indarar), er 90% av dei kristne. 68% av befolkninga er hinduar og 8% muslimar. Dei fleste av dei 300 folkegruppene må reknast som unådde. Andaman og Nicobarøyane vart kraftig råka av tsunamien i 2004. Øydeleggingane var enorme.

Dei vel 73000 menneska som bur i Lakshadweep er nesten 100% hengjevne muslimar og fullstendig unådde med evangeliet. Kristen misjon er både uønska og uloveleg på øyane.

Bøn:
Herre Jesus, du er døra, og ingen dørar er stengde for deg. Der du opnar, kan ingen stenga. Me ber deg om at du skal senda arbeidarar ut til din haust på Lakshadweepøyane og opna alle dørar som er naudsynte. Må Bibelen bli gjort tilgjengeleg for menneska der, og bodkapen om Jesu død og oppstode begynna å eta seg inn i sinna deira. Må namnet ditt helgast, riket ditt koma og viljen din bryta gjennom hos dei i ditt namn, og me ber om at all den kraft som Gospel for Asia legg ned i å nå dei unådde på Andanam og Nicobarøyane skal bera rike frukter både der og i andre land. Amen! 

På desse øygruppene er det mange idyllar



torsdag 3. juli 2014

India. Vest Bengal

Vest Bengal er eitt av verdas mest folketette områder. Over 96 millionar menneske lever der på 10 000 kv.km. 3 mill av dei er illegale, uregistrerte flyktningar frå Bangladesh. Staten strekker seg frå Indiahavet til Himalaya. Hovudstaden er Kolkata (Calcutta), der Mor Theresa sin hjelpeorganisasjon har sitt hovudsenter. Fattigdomen i Kolkata er ekstrem. Over 1 million menneske bur på gata. Mange av dei er barn. Sjukdomar florerar, og folk døyr ute utan at nokon, bortsett frå kristne "samaritanarar", gjer så mykje med det. Kolkata er oppkalla etter gudinna Kali som står for øydelegging. Mange menneske vert øydelagde i denne byen.

Bøn:
Gud, vår gode Far. Hjarta ditt brenn for kvart einaste menneske i Vest Bengal, og du sørger over fattigdom, underernæring, feilernæring, sjukdomar, miskunnsløyse, likesæle, undertrykking, utbyting som råkar menneska som bur der. Sjå i nåde til dei. Bryt Kalis makt over denne Kolkata. Herre Jesus, du som har fått all makt i himmel og på jord, overta kontrollen over byen. Møt menneska der med di sanning, din nåde og di guddommelege hjelp,  og gje han eit nytt namn. Må di kyrkje reisasst opp og bevissgjerast med tanke på å nå ut til folket med evangeliet og proklamera din siger over synda, døden og djevelens makt. Amen!


Dyrelivet er rikt, og mest kjend er vel den bengalske tigeren.

India. Uttarakhand

Kart over Uttarakhand
Fjellstaten Uttarakhand vart sjølvstendig i år 2000. Dei som bur her, 10 millionar menneske, snakkar kumaoni og garwahali, eigne indoeuropeiske språk. Det er 0,6% kristne uttarakhandarar. Religion, tradisjon, åndsmakter og kastesystemet reiser seg som store barrierar som hindrar evangeliet å bryta gjennom i folks liv. Dei meiner dei har fått som oppgåve i verda  å syna folk vegen til gudane. Høgt åndeleg sjølvmedvit er ikkje så bra med tanke på å ta imot Guds frelse i Jesus Kristus. Det rår stor grad av religionsfridom, og det er både teologiske seminar og bibelskular der.

Bøn:
Å Herre Jesus, du som elskar menneska i Uttrarakhand, og som  bar syndene deira med deg opp på krossen, du som sonte dei med ditt eige dyrebare blod, og som lengtar etter menneska som ei mor etter sitt bortkomne barn. Å Herre, send arbeidarar ut til din haust i Uttarakhand. Fyll dine utsendingar med den kjærleiken du har for menneska, og utrust dei med dine nådegåver slik at dei kan dela evangeliet med autoritet og varme. Smelt ned alle barrierar som reiser seg mellom uttarakhandarane og deg slik at dei ser sanninga, kvittar seg med syndene sine i ditt namn og uhindra strøymer inn i ditt rike, og lat dei bli ei folkegruppe som verkeleg kan syna menneska vegen attende til Gud. Amen!

Nanda Devi er Inidas høgste fjell, 7816 moh.

onsdag 2. juli 2014

India. Uttar Pradesh


Uttar Pradesh er med sine 202 millionar menneske den mest folkerike i India. Her bur folk tett, over 800 per kv.km. Staten femner store deler av Gangessletta, og som før nemnt, dette er jordas minst evangeliserte område. 81% er hinduar, 18,5% muslimar og berre 0,3 % kristne. Det åndelege mørkre er så tett i denne staten at det må mobiliserast til mykje bøn med tanke på at Guds lys skal trenga gjennom til folk. Dei menneskelege behova i denne staten er umåtelege. Svolt, infeksjonssjukdomar (m.a. rikeleg med polio), elendig helsestell, forureining, underernæring, feilernæring, you name it. I tillegg er dei politiske leiarane korrupte, ansvarslause og heilt elendige. Også i Uttar Pradesh har det vore sterk vekst mellom dalitane, men også utbrot av forfølgingar. Eit kjent mønster.

Bøn:
Gode Jesus, du som er Herre over himmel og jord. Dei aller, aller fleste i Uttar Pradesh har aldri høyrt namnet ditt. Dei veit ingenting om ditt frelsesverk, og lever i stummande mørkre. Må ditt lys trenga gjennom til dei, opplysa dei og føra dei heim til Gud. Me ber om at kvar enkelt kristen skal bli disippelgjort, grunnfesta og fylt med Andens kraft og nåde. Gjer dei til dine uimotståelege vitner som modig deler evangeliet med folk, lækjer sjudomane deira og frir dei frå demonane som har innteke dei. Må din kjærleik lysa ut frå kyrkja di slik at nytt liv blir født overalt der dei kristne bevegar seg. Gjer dei kloke som slangar og enkle som duer, og gjer dei fryktlause for deg. Amen!

I Uttar pradesh, som over alt i India, er det store tempelkompleks der indarar tilber tomheit.

India. Tripura

Location of Tripura (marked in red) in India
Tripura er ein liten stat som ligg nesten som ein enklave inn i det austlege Bangladesh. Han er  berre 10 500 kv.km. i flatemål, og folketalet er på 3 650 000 (1012) fordelt på 284 folkegrupper. Ulovlege immigrantar  frå Bangladesh er i stort fleirtal. 5,5% er kristne. 85,6% er hinduar, 8% muslimar og 3,1% buddhistar. Det er stor spenning mellom ulike folkegrupper, og det har vore  mange trefningar. Dei kristne er å finna mellom dei opprinnelege innbyggjarane. Dei bengalske innflyttarane er omtrent heilt unådde. Dei tilber gjerne den populære gudinna Tripura Sundari. Detnne tilbedinga er ein del av shaktismen. Stadig er kristne utsette for forfølging og diskriminering i Tripura.

Bøn:
Gode Gud! Hjelp dei kristne i Tripura å leva reint og konsistent midt i dei vanskane som dei er utsette for, og hjelp dei å elska kvarandre, søkjer saman i tette fellesskap og ta vare på den kristne einskapen. Hald visjonen om å vinna heile Tripura for Kristus levande hos dei, og utrust dei til å vera kraftfulle og effektive vitne om Jesus og hans frelse i kvardagen sin. Styrk Tripura Prayer Network slik at dei lukkast i å etablera bønegrupper for vekking og nytt liv over heile staten. Amen!

Hiduane tilber gjerne udinna Tripura Sundari. Denne gudinna tilfører tilbedarane "shakti", guddommeleg kvinneleg energi

tirsdag 1. juli 2014

India. Tamil Nadu

Location of Tamil Nadu (marked in red) in IndiaTamil Nadu har ei befolkning på 70,5 millionar menneske fordelt på 510 folkegrupper. 85% snakkar tamil, eit språk som ikkje høyrer heime i den indoeuropeiske språkgreina, slik som hindi, urdu, farsi og m.a. norsk. Offisielt er 6,1% kristne, men talet er truleg nærare 20%. 88% hinduar (offisielt). Tamilane har ein rik kristen tradisjon i denne staten, og mange av Inidias misjonsinitiativ har starta mellom desse. Kyrkja har dei siste åra hatt ein stor vekst mellom dei kastelause. Trass dette er det fleire unådde folkegrupper, det handlar om folkegrupper i nord-vest, høgkastefolk og muslimske tamilar.

Bøn
Takk gode Gud for dine gjerningar i Tamil Nadu. Me ber om at evangeliet skal gjennomsyra heile samfunnet og også nå fram til høgkastefolka, dei muslimske tamilane og folkgruppene i nord-vest. Må dei nye truande i staten bli bevarte, grunnfesta og utrusta med Andens gåver, og me ber om at kastesystemet skal smuldra bort under påverknaden av sanninga i evangeliet. Amen!

Mamalapuramtemplet frå 800-talet står på Unesco si verdsarvliste

India. Sikkim

Kart over Sikkim
Sikkim er ein liten stat som ligg samanklemt mellom Nepal og Butan. Folketalet er på beskjedne 630 000+ fordelt på 88 folkegrupper. Staten har dei siste åra nytt godt av omfattande religionsfridom, i motsetnad til tidlegare tider med tune forfølgingar. 6,7% av befolkninga er kristne, 61 % hinduar og 28,1% buddhistar. Denne fridomen har ført til stor akrivitet frå alle religiøse (samt maoistar) grupper å vinna seg nye tilhengarar. Sikkim er tradisjonelt buddhistisk. No opplever kyrkja at mange buddhistiske munkar vender seg til Kristus. Fleire titals nye kyrkjelydar vert grunnlagde kvart år, og talet på kristne aukar fort.

Bøn:
Herre! Takk for den fridomen kyrkja di i Sikkim nyt med tanke på å forkynna evangeliet og vinna menneske for deg. Må dei ta vare på denne unike tida og gje alle i delstaten ein reell mulegheit til å ta positiv stilling til Jesus Kristus som Herre og frelsar. Fyll kyrkja di med din kjærleik og med Andens kraft, og gjer henne til eit markant fyrtårn i dette vesle samfunnet, og må ho alltid ha augo sine vende oppover og utover og ikkje falla i freisting. Gje henne apostlar, profetar, evangelistar, hyrdar og lærarar av høg kvalitet som hjelper henne til å halda seg på rett kurs. Amen! 

Sikkim er ein del av Himalayamassivet med høge, fagre fjell.

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...