Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
torsdag 12. juni 2014
Dagens unådde: Badhaifolket i Pakistan
I Pakistan er det i følgje joshuaproject.net kun 6700 badhaiar. Dette hinduistiske brahminarfolket for det meste heimehøyrande i India der dei forøvrig tel 6,2 millionar. Frå gamalt av er dei vorten rekna som heilage og guddommelege, og slik er det enno. Dei snakkar sindhi, og heile Bibelen er tilgjengeleg på dette språket både i tekst og i lydformat. Dette gjeld også Jesusfilmen. Badhaiane er svært sjølvmedvitne, og stoltheiten er ein hindring for dei med tanke på å finna Gud og bli frelste. Det trengst mykje bøn for å bryta ned motstanden mot Gud i dei og smelta hjarto deira.
Bøn:
Ja, det ber me om Far, at du skal møta dei i ditt velde slik at dei ser sant på seg sjølve, at dei er små og heilt avhengige av deg for å leva og av Jesus for å leva evig. Må dei kasta seg ned for deg og be om nåde for sine liv. Kom til dei på overnaturleg vis og skap i dei ein sterk hunger etter å lesa i Bibelen. Send din Ande og dine tenarar til dei slik at dei kan møta den oppstadne Jesus, bøya seg for han, lukka han inn i hjarto sine og og sanna til di ære at Han åleine er Herre. Gode Gud! Gjer dei til sanne åndelege leiarar i samfunna der dei bur og nyt respekt. Amen!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar