tirsdag 10. juni 2014

Bøn for jenter og unge kristne kvinner i Pakistan

Dette er døtrene til Asia Bibi, som fro 5 år sidan vart  dømt til døden i Pakistan for blasfemi.Foto: Foto: ADREES LATIF / Reuters
World Watch Monitor melder at mellom 100 og 700 jenter og unge kvinner frå kristne heimar kvart år vert bortførte av muslimske menn som tvingar dei til å gifta seg muslimsk og gå over til islam.

Når foreldrene melder saka til politiet, blir dei møtt med motsøksmål der kidnapparane seier at jentene har valt det nye livet frivillig, og at foreldrene må straffast for trakassering.

Pakistan er ein apartheidstat. Dei kristne, som oftast er kastelause, har få rettar, og i rettsvesenet veg ein muslims vitnemål dobbelt så tungt som ein kristens. Politiet gjer difor ingenting for jentene sine foreldre, og foreldrene står i fare for sjølve å bli straffa.

Det er eit hav av liding bak alle desse kidnappingane, og me må be:

Gode Gud i himmelen! Stopp i Jesu namn all urett mot dine kjære barn i Pakistan. Du som førte Israel ut av Egypts fangenskap og slaveri, før dei kristne i Pakistan ut av fornedringa. Me ropar til deg om himmelens vern over dei kristne kvinnene i landet. Herre, miskunna deg over dei, og lat fienden mislukkast i sine vonde planar. Amen!

Ingen kommentarer:

Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland

  Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil  inn i ein julemarknad full av folk....