Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
onsdag 18. juni 2014
Terrorkampanje mot kristne i Iran
Det kjem no meldingar frå Stefanusalliansen om ei ny arrestasjons og valdsbølgje retta mot Irans evangeliske kristne. Blant anna blir huskyrkjeleiarane som alt sit i fengsel ope torturerte, slik at familiane skal sjå kor ille det er med dei og ta informasjon med seg ut til andre. Slik håpar dei på å skremma folk frå å konvertera til kristen tru. Særleg har det no gått hardt ut over Saeed Abedini, Behnam Irani og Farshi Fathi. Dei to første var svært sjuke før den siste medfarten. Det kan stå om livet for dei.
Bøn:
Gode Far! Om me må gå i dødsskuggens dal, skal me ikkje ottast for noko vondt, for du er med oss, din kjepp og din stav skal trøysta oss. Må alle truande som sit fengsla i Iran merka sanninga i dette ordet ditt. Vern dei med din stav og trøysta dei med din kjepp og hald djevelen borte frå dei slik at dei ikkje blir anfekta, men kan vera trygge i deg. Hald motet oppe hos alle kristne i landet slik at dei ikkje let seg skremma av djevelens raseri, men heller fryda og gleda seg over at dette skjer. Så må du la di lækjande kraft verka i kroppane til Saeed Abedini og Behnam Irani, og me ber om at dei som utøver overgrep mot dei skal bli gripne av vitnemålet frå desse mennene og la seg frelsa, i Jesu namn. Amen!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Forfølging i India: Deportasjon av kristne
Den 17. november vart vedtok leiarane i 8 landsbyar i Sukma, eit distrikt i delstaten Chattisgarh at dei kristne i desse samfunna anten måt...
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar