onsdag 16. september 2009

Hausa, Nigeria


Hausafolket tel 24 millionar menneske, og er den største etniske gruppa i Vest Afrika. Dei lever i den nordvestre delen av Nigeria, og er muslimar. 0,04% er evangelisk kristne. Hausafolket er bønder og bur saman i landsbyar. Dei kristne hausaane vert ofte utsett for sterk forfølging av dei muslimske.

Me ber om at
  • dei kristne er modige vitne om Kristus midt i forfølging og vanskar
  • Gud reiser opp kjærlege kristne som er viljuge til å dela Kristus med sine muslimske stammefrendar
  • Gud vernar dei små gruppene av truande hausaar
  • Gud sender høveleg med regn til hausaområda slik at det blir vatn både til husdyr og avling
  • Gud vil reisa opp ei sterk kristen kyrkje i hausafolket.

lørdag 12. september 2009

I dag ber me
  • om lækjedom for ei kvinne som slit med nervene sine, så pass at ho treng psykiatrisk hjelp
  • for eit ektepar som har store vanskar med sonen sin på 18. Han røyker hasj, vil ikkje gå på skulen, isolerer seg ofte på rommet (der han m.a. driv med brannfarlege ting) og går ut med tvilsame vener. Han terroriserer foreldrene med trugsmål og kraftig stemmebruk, og dei vågar ikkje noko anna enn å etterkoma "krava" hans. Be om at guten vert frelst og fridd ut frå det vonde som har makt over han, at foreldra reiser seg og tek attende kontrollen over sine eigne liv og at Jesus kjem til dei me sine fullkomne løysingar.
  • Zafar Iqbal ringte oss tidligere i går og fortalde om åtak på ei kyrkje i Pakistan etter fredagsbønnen. Muslimane tende på kyrkja og brant ho ned. La oss be om at slike djevelens påfunn bare styrker dei kristne og gjer dei endå farlegere for hans rike enn før.
  • for ei gravid kvinne som er innlagd på Haukeland sjukehus. Ho ventar barn i nov-des, men det ser ut til å vera fare for prematur fødsel. Be om at riene stoppar og at legane får kontroll på situasjonen.
Må Herren styrka deg når du ber, gje deg glede i omgangen med han, fylla deg med visdom og openberring og gjera deg uthaldande i tenesta

onsdag 9. september 2009

Gadarifolket i India

Gadarifolket i India tel vel 6 millionar menneske, og bur i Nord-India, på Gangessletta og området rundt, det minst evangeliserte området på jorda. Det er ikkje registrert ein einaste kristen Gadari. Dei er stort sett fattige, og jobbar for det meste som mursteinsarbeidarar, men nokre er febønder. Gadariane er naturlegvis hinduar. Ein stor prosent av dei er analfabetar. Dei snakkar hindi

Bøn: "Herre Jesus! Send kristne til Gadarifolket som kan fortelja dei om deg. Du elskar desse menneska som du elskar oss. Gje dei frelse for ditt namn skuld. Mjuk opp hjarto deira slik at dei lett kjem til tru. Grunnlegg di kyrkje mellom Gadariane, og lat dei bli eit ljos for andre folkeslag i India. Gje dei lyst til å læra seg å lesa og skriva slik at dei kan lesa Bibelen og andre gode bøker. Løft dette folket ut av fattigdomen, og løys dei frå djevelen sine slavelenker".

fredag 4. september 2009

Akøy kommune

Askøy ligg like utanfor Bergen, det er berre ei bru mellom. Kommunen veks raskt som ein forstad til Bergen, og har idag omlag 25 000 menneske. Det har ikkje vore lett å finna anna kristenliv der enn Den norske kyrkja, men truleg er det mange bedehus der også. Kommunen er kjent for gode jordbær, men dei fleste jobbar anten i Bergen eller i industrien.

Bøn: "Herre Jesus, me ber om at du skal gjesta Askøyværingane med di kraft, di sanning og din nåde. Gje dei kristne i kommunen inspirasjon til å vitna om deg i sitt daglege liv, og lat dei få stå tett saman om dette. Lat det gå denne kommunen godt på alle vis og velsign dei me god økonomi, låg kriminalitet, gode skular, gode kyrkjelydar og godt næringsliv. Amen!"

Kinesiske kristne dømt til lange fengselsstraffer for å hjelpa Nord Koreanske flyktningar

Avisa DagenMagazinet melder i dag at to kinesiske kristne har fått 10 og 7 års fengsel for å ha hjulpe 61 nordkoreanske flyktningar over til Mongolia der dei søkja om politisk asyl i Sør Korea.

Be om at Herren må verna og styrka dei og halda dei oppe fysisk, psykisk og åndeleg, og at dei må få oppleva framgang for Guds rike i fengslet.

Hmufolket i Kina

Folketal: 1 915 000. Språk: Miao. Religion: Etnisk tru. Kristne: 0,25%

Dette folket har gjennom historia vore forakta av andre kinesarar, og dei har vore utsett for rasisme, kalla for menneskehundar og vore skulda for å ha hale. Det har vore drive ein del misjon mellom dei frå 1896, men resultata har vore sparsame, og folket har utøvd aggressiv forfølging mot kristne og drepe mange. Det føreligg ei oversetting av NT frå 1934 og ei salmebok frå 1928, men desse er lite i bruk. I vår tid er det shamanismen som rår grunnen, og dei trur det er shamanen som kan opna himmelens port for dei.

Bøn: ”Å Herre Jesus, Guds mektige Son. Du er den einaste som kan opna himmelens port for oss menneske, og du gjer det for alle som kallar på deg og trur på deg.Gjer deg kjent for hmufolket slik at dei vender seg bort frå shamaane og til deg, som er den einaste som kan frelsa deira sjeler i livet og i døden. Me ropar til deg om nåde for oss sjølve og for dette folket som blir neglisjert at di kyrkje, og som er på veg mot evig fortaping og død. Send du i din nåde arbeidarar ut til din haust i Hmufolket. Frels dei og læk dei djupe hjartesåra deira. Fyll dei med din kjærleik og ta bort frykten dei har for død og dom. Reis opp di kyrkje i dette folket, ei kyrkje som er fylt av di kraft med leirarar som er fylte av dine visjonar. Herre, miskunna deg. Amen!"

torsdag 3. september 2009

Ein lærars daglege bøn

Herre Jesus! Lat elevane mine møte deg gjennom meg i dag slik at dei kan koma til tru og bli frelst. Legg din fred ned i hjarto deira slik at dei er i stand til å ta imot undervisning og ha god læring. Hjelp dei å vera høflege, og handsama kvarandre med respekt. Opna tankane deira slik at dei utviklar god fagleg forståing og får gode resultat. Hjelp meg som lærar å velga stoff og metodar som fremjar god måloppnåing, og hjelp meg å vera ekstra merksam på elevar med faglege vanskar slik at eg kan gjedei gode opplevingar i skulekvardagen.

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...