mandag 23. juli 2018

Martyrkyrkja 23.juli

Ramil Bet-Tamraz frå Teheran, sonen til ein profilert pinsepastor i Iran, er arrestert og dømt til 4 månader i fengsel for sitt engasjement i den illegale huskyrkjerørsla i løandet. Han var også i fengsel i 2016, og vart sett fri etter at det vart betalt 33000 US dollar i løysepengar for han. Dette melder World Watch Monitor i dag.

Gode Gud! Gje Ramil den styrken han treng for å bli ståande i deg, og tena deg med truskap midt i forfølging, smerte og trengsler. Takk for din uendelege truskap, i Jesu namn, amen!

PLATEAU i NIGERIA.
A clickable map of Nigeria exhibiting its 36 states and the federal capital territory.

I juni månad vert 233 nigerianske kristne drepne av Fulanikrigara i Plateaustaten sentralt i Nigeria. Det siste halve året er talet på drepna mykje større. Desse muslimske "gjetarane" framstår no på nivå med Boko Haram i brutalitet og blodtørstighet.

Gode Jesus! Me ropar til deg for våre kristne søsken i Nord-Nigeria, alle som er blitt råka av denne valden, alle som sørger og alle som er redde for liva sine. Gode Meister! Miskunna deg over dei, vern dei og lat redslene, sorgene og lidinga ta slutt. Me ber i ditt eige dyrebare namn! Amen!

Italia

I Italia bur det rundt 60 millionar menneske. Men folketalsutviklinga er negativ. Fertitliteten er 1,1% per kvinne. Landet er i flatemål omtrent som Noreg. Landet er eit sentralt medlem av EU, men sterke høgrekrefter vil ha dei ut av unionen. Den nye regjeringa i Italia er EU-skeptisk (for ikkje å seia EU-fientleg).
Italia er ei økonomisk stormakt bygd på ein rik og variert industri. Bilar og kvitevarer kan nenmast. Denne industrien er stort sett i nord.
Landet er også ei kulturell stormakt, og har fostra dei største kunstnarane verda har sett, det vera seg innafor musikk, biletkunst, litteratur eller arkitektur.
Men landet har også fostra sin del av verdas despotar, både under og etter Romerriket.
Hovudstaden er Roma. Andre kjende byar er Firenze (renessansehovudstaden), Venezia, Milano, Napoli og Torino.
80% av befolkninga er tilhøyrer den romersk katolske kyrkja. 1,1% er evangelisk kristne. Desse er svært splitta, men det er aukande einskap å spora. Dei fleste evangeliske er av ikkje-italiensk opphav (Aust-Europa, Afrika og Latin-Amerika)

I oldkyrkja var kristendomen levande og kraftig i Italia. Men kristendomen vart etter kvart ein formalisert statsreligion, og for det det store fleirtalet i dag har ikkje kyrkjemedlemskapet noko som helst å seia for kva dei trur og korleis dei lever. Nord-Italia er mest sekularisert, og Torino er blitt eit senter for verdas djevledyrkarar. I dag er det mange fleire hekser og trollmenn i Italia enn kristne prestar. Landet er i desperat og djup åndeleg naud, og mistilliten til kyrkja er tynnsliten etter dei mange skesuelle overgrepa mot barn som er avslørte dei siste åra, og for kyrkjeleiinga sin vilje til å skjula ugjerningane.  Men det skal den katolske kyrkja ha: I dag går ho i spissen for å syna folk barmhjertighet, og ho er ikkje redd for å formana til gudsfrykt og utfordra til tru. Pave Frans er ein fin eksponent for dette.
  • Takk Gud for ein rik åndeleg arv i Italia. 
  • Be om at det som måtte vera av liv i røtene, at dei skal skyta friske skot, og at katolikkane skal venda seg bort frå helgendyrking, og begynna å hylla og tilbe Jesus åleine. 
  • Be om at prestane i landet skal bli gripne av Jesus, fylte med Den heilage ande og kapable til å forkynna Guds ord på ein slik måte at det grip hjarto og driv folket til omvending og tru. 
  • Be om einskap og mogning blandt dei evangeliske kristne i landet, at dei skal utvikla Gudsrelasjonen sin, lesa sin bibel, halda saman i varme fellesskap og bruka energien sin og liva sine på misjon i sine nabolag. 
  • Be om outreach og kyrkjeplanting i dei mange områda som manglar eit evangelisk innslag. 
  • Be om at mafiaen skal mista makta si, og at leiarane skal bli avslørte, fengsla og straffa. 
  • Be om Guds gjerning mellom dei mange narkomane og HIV-smitta. Dei er MANGE.
  • Be om at Gud skal drive arbeidsfolk ut til hausten sin i Italia, og at dei som tener Jesus mellom dei fortapte skal få Andens kraft og halda motet oppe også når det buttar mot, for det gjer det alltid. 



fredag 20. juli 2018

Israel

I dag ber me for Israel.
Israel har eit areal på vel 20 000km2 (som Hedmark fylke) og eit folketal på 8 millionar.
Då landet vart grunnlagt som eit heimland for jødar i 1948, meinte mange at gamle profetiar i Bibelen vart oppfylte. Det er også mi tru og meining.

Hovudstad er Jerusalem, byen som alles auge er retta mot, Davids by,  Jesu eigen by, steinen som heile verda prøver å løfta på, ein by som ligg Gud på hjarta, byen som Jesus Kristus ein dag vil koma attende til.  Etter 6-dagarskrigen i 1967 er gamlebyen annektert av Israel, noko som gjer byen til eit strides eple i verdspolitikken.

Det er 12000 messianske jødar i Israel. Kyrkja veks år for år, men det gjer også forfølginga av dei kristne.

75,5% av befolkninga er jødar. 20,4% er arabarar. Desse har fulle statsborgarlege rettar, men ikkje verneplikt.

Det er enno høg immigrasjonsrate til Israel. Jødar under press frå heile verda kjem attende til fedrane sitt land.

Israel er ein høgteknologisk nasjon som er langt framme når det gjeld forskning og utvikling innan industri (forsvar), jordbruk og medisin.

Israel har måtta forsvara seg mot arabiske åtak i 1948, 1956, 1967, 1973 og 1982. I dag er landet truga av palestinsk Hamas i sør, iranstøtta Hizbollah i nord og spenninga på grensa mot Syria aukar pga borgarkrigen der. Regulæra iranske styrkar opererer i dette grenseområdet. Enorm eldkraft kan når som helst utløysast mot Israel.


  • Takk for at evangeliet om Jeshua Messias har slått røter i Israel, og for alle dei åndsfylte messianske kyrkjelydane i landet.
  • Be om at dei skal bli bevarte i trua, bli leida av Anden og alltid har reine samvit. 
  • Be om at heile Israel og det jødiske folket skal anerkjenna  Jeshua (Jesus) som sin einaste rette konge og frelsar.
  • Be om at landet og folket skal bli verna mot åtak og terrorhandlingar, og elles bli godt i varetekne. 
  • Be om at palestinarane både i Gaza og i Judea og Samaria skal bli kjende med Fredsfyrsten, og at israelarane og palestinarane kan samlast som eitt folk under èin hyrding. 

torsdag 12. juli 2018

India: 20 kristne alvorleg skada

20 menneske vart alvorleg skadde 2.juli etter at hinduar frå 25 landsbyar gjekk til åtak på eit tillyst bønemøte der det var 150 kristne til stades. Mange av dei skadde hadde beinbrot. 10 motorsyklar vart også øydelagde, likeeins møblar og instrument i kyrkjerommet. Landsbyleiarane har no levert inn anmeldingar av dei kristne leiarane med falske klagemål om ulike kriminelle handlingar dei skal ha gjort seg skuldige i.

Gode Gud! Me ber i Jesu namn om lækjedom for dei som vart skada i dette åtaket. Hjelp dei kristne i området  å halda tett saman, og trøysta og oppmuntra kvarandre. Set mot i dei slik at dei kvar einaste dag tek krossen sin opp, vedkjenner seg Jesus og modig vitnar om han. Må alle falske klagemål mot dei kristne leiarane falla til jorda, og me ber om at dei som har skada folk og eigedom skal bli arresterte og bli stilt til ansvar for gjerningane sine, og me ber om at dei skal innrømma syndene sine, venda om til deg og bli sanne kristne. Amen!

tirsdag 10. juli 2018

Kamerun

Det bryggar opp til borgarkrig i Kamerun mellom dei engelsktalande og fransktalande innbyggjarane i landet. Dette melder Mission Networks News i dag. Siste helga i mai drap regjeringsstyrkar 24 opprørarar. Valden er eskalerande. Be om at Jesus skal koma med sin fred og ta kontroll over heile situasjonen. Det er mange bibeloversetjarar og misjonærar i Kamerun. Dei er sårbare og engstelege. Be om vern for desse.

lørdag 7. juli 2018

Indonesia

Indonesia er eit veldig øyrike med eit samla flatemål på 1,9 millionar km2, og eit folketal på 257,5 millionar menneske. Det er verdas største islamske stat. Hovudstad er Djakarta med sine 10 millionar innbyggjarar. Dei største øyane er Borneo, Sumatra, Irian Jaia (Ny-Guinea vest), Java, Sulawesi, Ambon og Timor. Det blir snakka 722 språk i landet, av desse 257 på Irian Jaia. Berre 29 språk har heile Bibelen, 64 NT, 125 deler av Bibelen og 150 omsettingsprosjekt er påbegynt (2010).
Over 80% er muslimar, over 16% kristne (5,6% evangeliske).

I 1973 las eg "Vekkelsen i Indonesia" av den tyske teologen Kurt Koch. Den greip meg sterkt. Senteret for vekkinga var, slik eg forstod dette, vest-Timor.  Vekkinga braut ut på 1960-talet, og var eit særprega verk av Gud som sprengde grensene for fantasien. Det er mykje okkultisme i Indonesia, og dei mørke kreftene veldige. Under vekkinga vart desse kreftene utfordra og overvunne, og okkulte gjenstandar som trollmenn gjekk med i kroppane sine svall ut gjennom huden på dei, og djevelens tenarar vart trufaste etterfølgjarar av Jesus Kristus. Her las eg elles om folk som gjekk på vatnet, vatn som vart til vin, døde som stod opp, store og omfattande helbredelsar, synd som vart avslørt, språkgrenser som ikkje lenger eksisterte, evangelistar som vart forflytta av Gud i Anden frå den eine plassen til den andre og heile folkgrupper som vart frelst og løyst frå synd og elende.

Framleis flammar dette vekkingsbålet opp her og der, og det gjer også forfølginga av dei kristne. Det går hand i hand. På 1990-talet kom det islamistar frå land i Midt-Austen og drap 3000 kristne på Ambon, og liknande hendingar har også skjedd på Sulawesi.


  • Takk Gud for hans nærvær i Indonesia, og for alt godt han har gjort og framleis gjer i landet.
  • Be om at Jesus skal kronast til konge i alle folkegrupper over heile landet
  • Be om at dei enno mange unådde folkegruppene i Indonesia skal bli nådde med evangeliet om Jesus, og at Anden skal hjelpa dei å forstå og tru at Jesus Kristus er Guds Son og heile verdas frelsar. 
  • Be om fortgang i bibeloversettingsarbeidet, og om at alle språk skal bli bibelspråk innan år 2025. 
  • Be om at Gud skal fri menneska frå alle dei vonde åndene som styrer liva deira inn i synd og undergang. 
  • Be om at Gud skal avsløra islam for indonesarane som ein tom, kraftlaus og løgnaktig religion 
  • Be om gode leiarar for kyrkjelydane
  • Be om at alle nye kristne skal bli godt disippelgjort
  • Be om at dei truande må vera fulle av Andens kraft, og vera modige vitner om Jesus i kvardagen. 



onsdag 4. juli 2018

Be for dei 12 fotballgutane i Thailand og trenaren deira

Thailand savnet fotball-lagDet er så enormt stort at dei bortkomne gutane i Thailand er funne der djupt, djupt inne i fjellet. Men det ser ut til at det må setjast inn litt kraftig bøn for å få dei ut derifrå. Be om at regnet som er meldt ikkje skal koma, at hjelpemannskapa får ut nok vatn slik at gutane trygt kan koma seg ut til familiane sine.

Uttarakhand, indisk delstat

Uttarakhand vart eigen stat i år 2000, og har vel 10 millionar innbyggjarar. Berre 35000 (0,35%) av dei er kristne, dei fleste metodistar. Uttarakhand er med sine mektige gudefjell eit pilgrimsmål for mange, mange  hinduar. I byen Rishikesh finn me yogasenteret som The Beatles besøkte i 1968, noko som verkeleg for alvor kom til å introdusera og implementera austleg religion og filosofi i vesten.

Befolkninga i Uttarkhand tilhøyrer høgare kastar. Dei har gjerne god utdanning, og må disippelgjerast på ein annan måte enn t.d. dalitane, dei kastelause som i stor grad er analfabetar.

85% av befolkninga er hinduar. Det er mykje animisme blanda inn i trua til folk, og dei fleste driv med eitt eller anna okkult.

Gode Gud og Far! Me ber om at du skal styrkja kyrkja di i Uttarakhand og utrusta henne til å bli eit kraftfullt vitne om Jesu frelse, hans død og oppstode. Må hinduane forstå at avgudsdyrkinga fører dei til evig fortaping og død, slik at dei vender om til deg av hjarta og blir dine barn av nåde. Gje kyrkja di kompetanse til å kommunisera evangeliet til folk på ein måte som gjer at dei grip det  og blir forløyst frå syndene sine ved det. Må under og teikn følgja dei som trur når dei vitnar og forkynner. Bryt den makta dei vonde åndene har over folks liv, og reins menneska for ei himmelsk framtid. Amen! 

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...