onsdag 31. juli 2019

Kazakstan

Areal: 2 724 900 km2. Folketal: 18 mill. Hovudstad: Astana (685000). Største by er Almaty med 1,4 mill., byen der så mange verdsrekordar på skeiser vart sett frå 1960-1980.

Det er 76 ulike folkegrupper i Kazakstan. Dei største er kazakkar, russarar, uigurar, turkmenarar, uzbekarar, ukrainarar og tyskarar.

Landet strekker seg frå Kaspiahavet til Mongolia. Kaspiahavet ligg 132 meter under havet. Det høgaste fjellet i landet, Khan Tangiri Shygngy, ragar 6995 meter over havets overflate. Landsskapet er prega av enorme sletter, men i sør-aust, mot Kirgisistan, ligg dei høge Altaifjella.

I Kazakstan ligg også Baikalsjøen, verdas djupaste innsjø. Ein stor del av verdas ferske overflatevatn er å finna her. Baikalsjøen er elles kjent for å hysa ein heilt spesiell selart.

Styresett: Republikk.

Næring: Olje og gassproduksjonen i Kaspiahavet dannar ryggraden i økonomien.

Religion: Islam (70%), kristendom (26%). Dei fleste kristne er russisk ortodokse. 0,7% av befolkninga er evangeliske kristne.

Kazakstanarar flest blandar islam og shamanisme. Meir ortodoke muslimske land satsar hardt på misjon i landet fordi dei vil reinsa kazakstanarane si tru frå heidenske element. Talet på moskèar har auka kraftig på 30 år frå 46 i 1989 til sikkert over 2000 no.

Det er eit massivt rusproblem blant folk i dette landet. Tilgangen på heroin er stor og prisane er låge.

Men frå ein kristen synsstad er det kjekkare å snakka om vekkinga som no skjer mellom uzbekarane og uigurane. Mange, mange kjem til tru på Jesus, blir fylte av Anden, etablerer kyrkjelydar og sender ut misjonærar til nye byar og landsbyar. Me ser det same fenomenet her som i Mongolia, små nye kyrkjelydar begynnar å senda ut misjonærar rett etter at dei er blitt grunnlagt. Desse folka har forstått kva det handlar om.

I 2011 vart det vedteke ei ny religionslov som legg strenge restriksjonar på dei evangeliske kristne. Det er omtrent blitt umogeleg å registrera nye kyrkjelydar, og dei som samlast utan å vera registrerte risikerer blir straffa med kortare fengselsstraffer og høge bøter.
  • Be om at dette genuinet verket av Den Heilage Ande skal halda fram heilt til Jesus kjem att, og at nye kyrkjelydar skal skipast i alle lokalsamfunn, og at evangeliet skal gjennomsyra heile nasjonen og løfta han opp åndeleg, moralsk og politisk. 
  • Be om at det skal trenast opp nye leiarar som kan ta ansvar for dei truande, og leida arbeidet med å evangelisera og planta nye kyrkjelydar. 
  • 74% av dei kristne er kvinner. Be om at truande menn skal vinna nye menn for Kristus.
  • Be om at dei truande må stå saman og ha stor einskap trass i teologisk og kulturell ulikskap
  • Be om at Bibelen må bli gjort tilgjengeleg på alle levande språk. Av 43 språk føreligg Bibelen, eller deler av han på 14 (2010)
  • Takk Gud for det fantastiske hjelpearbeidet som vert gjort mellom rusmisbrukarar gjennom Agape-ministries, og be om at folk må sjå Guds godleik gjennom dette. 
  • Radiomisjon er viktig i Kazakstan. Be om at programma vert gode, enkle å finna og populære. 
  • Be om at dei truande må stå faste i den aukande forfølginga fra styresmakter, muslimske leiarar og frå familiane deira som ikkje kan akseptera den nye trua deira. 









tirsdag 30. juli 2019

Indiske kristne blir tvinga til å rekonvertera

Reconversion ceremony - Photo: Morning Star News www.morningstarnews.org
Bilde frå rekonverteringsseremonien. Morning Stars News
Den 14.juni vart 12 kristne familiar i byen Mahuatoli i delstaten Jharkhand tvinga gjennom eit rituale som skulle få dei attende til stammereligionen Sama.

Den siste tida har radikale hinduar samarbeida med indisk urbefolkning om å utsletta kristendomen frå delstaten.

Familiane prøvde å melda saka til politiet, men dei ville ikkje registrera henne.

Alle familiane har no flykta frå byen, men to blir halde attende med makt.

Far i himmelen! Du seier om deg sjølv at du er ein Gud som gjev framtid og von til alle som søkjer deg av eit heilt hjarta. Me ber om framtid og von for dei kristne familiane frå Mahuatoli som no er på flukt. Dei har berre deg, Gud. Ingen andre vil koma dei til hjelp. Opna dørar for dei, og pakk dei godt inn i di miskunn. Amen!

mandag 29. juli 2019

Fire kristne menn drepne i Burkina Faso

Den 27. juni gjekk uidentifiserte soldatar inn i landsbyen Bani i Burkina Faso på jakt etter kristne. Dei leita etter personar som gjekk med krossmykker rundt halsen, og fann fire menn: Theophile Ouedraogo, Ernest Kassoaga, og brørne David og Philippe Zoungrana. Alle vart avretta. Dette melder Open Doors internaional. Ekstreme muslimar frå Mali har den siste tida gjennomført slike raid i nabolandet sitt, og sidan februar har dei teke livet av 27 truande. 


  • Be om Guds vern over dei truande i dette landet.
  • Be om at samfunnet elles skal sjå sitt ansvar til å passa på kristne medborgarar.
  • Be om trøyst til alle dei som sørgjer over tapte familiemedlemmer, forsørgarar og vener.
  • Be om at dei kristne skal stå fast i trua midt i stormane som trugar dei.
  • Be om at dei som utøver denne valden skal bli stilt til ansvar for ugjerningane sine.





søndag 28. juli 2019

Jordan

Jordan er ein nasjon som vart grunnlagt som eit arabisk rike då Det osmanske rike fall ved slutten av første verdskrigen. Grensene for "Transjordania" vart dregne av engelskmennene, og må sjåast i samanheng med at jødefolket gjennom Balforerklæringa fekk lovnad om eit heimland på vestbreidda av Jordanelva. Det som i dag vert kalla Vestbreidda (Judea og Samaria) vart ulovleg okkupert av Jordan i 1948, og annektert 1950. Ingen land med unnatak av England godkjende dette.
I 1988 gav Jordan opp alle krav på området, og alle som ser på seg sjølve som palestinske flyktningar kan når som helst reisa til Jordan og få statsborgarskap og fulle rettar. 1,8 millionar har valt denne løysinga. Andre blir att for å ta del i kampen mot Israel.

Jordan var i gamal tid eit rikt jordbruksland. Men ørkenen har overteke det meste. Det er berre 5 km2 med skog att.
I dag lever folk i stor grad av turisme. Klippebyen Petra er den fremste av turistattraksjonane.
Jordan har forresten ein del tekstilindustri og utvinning av fosfat, og utanlandske selskap satsar på produksjon av elektrisitet ved hjelp av svære solcelleanlegg.

Jordan hyser mange hundre tusen flyktningar frå Syria og Irak som er samla i FN-leirar.

Jordan vert i dag styrt ganske diktatorisk av representantar for den hasjmittiske kongsætta.

Arael: 92000 km2.
Folketal:  vel 10 458 413 (juli 2018)
Offisielt språk: Arabisk.
Regent: kong Abdullah II.

Islam er offisiell religion. 97% er muslimar. 2,2% er kristne (i 1980 var det 6,5% kristne, men dei fleste har emigrert), og dei nyt ein viss grad av fridom, men må leva under noko press likevel.

Sidan 1995 har dei evangeliske kyrkjene opplevd ein oppsiktsvekkande vekst. Dei samlast gjerne i mindre grupper for å tilbe Jesus saman. Dei fleste av desse nye truande har tidlegare vore nominelle kristne i tradisjonelle kyrkjesamfunn, men me ser også eit aukande antal MBB`arar (MBB= Muslim Background Believers).


  • Be om at Gud skal fullføra det verket han har starta i Jordan, og at evangeliet om kong Jesus skal gå inn hos folk, helga dei og skapa nytt liv i hjarto.
  • Be om einskap mellom dei truande.
  • Be om at dei nye kristne skal bli grunnfesta i Guds nåde, Guds ord og i Guds kyrkje. 
  • Be om at kyrkja skal ha nok leiarar, og at leiarane skal ha dei rette kvalitetane.
  • Be om at folket ikkje skal tapa religionsfridomen sin
  • Be om at det skal vera stor openheit for kristne misjonærar frå andre land
  • Be om at dei mange fullstendig unådde palestinarane skal få møta Jesus som den frelsar og Herre han er for DEI. 
  • Be om framgang for evangeliet mellom dei mange flyktningane i Jordan
  • Be om effektive måtar å nå dei 300 000 beduinane på
  • Be også om frelse for den vesle gruppa med sigøynarar som bur i landet.
  • Be om effektiv distribusjon av biblar, Jesusfilmen og annan god kristen litteratur
  • Be om at folk skal finna fram til Jesus gjennom TV, radio og internett.



fredag 26. juli 2019

Japan

 

Japan er soloppgangens land. Det er omtrent så stort som Noreg i flatemål, og arealet er fordelt på tre store øyar, Hokkaido i nord, imidten Honshu  (den største) og i sør : Shikoku. Det bur omlag 126 millionar menneske i landet, men folketalet minkar fort no, eit fenomen som med tida kjem til å føra til manglande arbeidskraft og enorme vanskar med å få gjort alt som skal gjerast.

Landet har mange millionbyar. Den største er Tokyo-Yokohama med 36 mill menneske.  Japan var ein gong ei stormakt i Asia, og under siste verdskrigen okkuperte dei deler av Kina, Fillipinane, Indonesia, Oseania og Indo-Kina. Atombombene over Hiroshima og Nagasaki gjorde ein brå slutt på krigen, Japan kapitulerte og landet vart avmilitarisert. Japanarane var i ein elendig forfatning.

Men på rekordtid snudde dei nederlag til siger. Utan militærutgifter kunne dei konsentrera seg om attreisinga, og i laupet av 25 år hadde landet blitt ei økonomisk stormakt i verda, og har vore det fram til i dag. Dei er fattige på råvarer, og må importera det meste som dei bearbeidar til ferdige eksportvarer. Me kjenner alle til den suksessrike japanske bilindustrien, alt innan foto og optikk, skipsindustrien og mykje meir.

Japanarane er i all hovudsak buddhistar og shintoistar. Fedredyrking er vanleg. Dei siste 50 åra har nye religionar som Soka Gakkai sett dagsens lys. Denne har 10 millionar tilhengarar.

Det er  kun vel 500 000 kristne i landet. Evangeliet har aldri fått skikkeleg grep på japanarane slik som tilfelle er med folk i Sør-Korea, og dei siste 40 åra også i Kina.

Likevel blir det meldt om ein gryande framgang fleire plassar no, og det kan me jo takka for. Ikkje minst er det grunn til å leggja merke til at 10% av japanarane ser positivt på kristendomen, og kan sjå på den som eit alternativ for seg.

Det er mange einsame menneske i Japan.

Japan er eit moderne demokratisk samfunn med høg levealder og levestandard.


  • Be om at Guds kraft skal slå ned i kyrkjelydane i Japan, fornya dei kristne og utrusta dei til å vinna landsmennene sine for Kristus. 
  • Be om at dei kristne skal leva som sanne disiplar av Jesus.
  • Be om at det skal plantast nye kyrkjelydar i alle byar og landsbyar
  • Be om einskap mellom dei truande som er splitta opp i hundrevis av ulike kyrkjesamfunn og retingar, og at dei truande må stå saman i evangeliseringa av heimlandet. 
  • Be om at dei religiøse åndskreftene skal måtta vika og  bli avvæpna i møte med Kristus
  • Be for dei mange einsame, at dei skal finna Gud og søkja inn i levande kyrkjelydar.

onsdag 24. juli 2019

Jamaica

Det bur berre 2,8 millionar menneske på Jamaica, denne kariabiske perla sør for Cuba. Landet er vel i dag mest kjent for å fostra lynraske sprinatarar som gleder oss på friidrettsbanen. Hovudstaden på Jamica er Kingston med 520 000 innbyggjarar.

2 mill jamaicanarar har emigrert. 80% av dei med høgare utdanning bur i andre land. Eit land kan ikkje tola slik hjerneflukt lenge.

Over 80 prosent av befolkninga er prostestantiske kristne, det store fleirtalet er nominelle, og kyrkja er på alle vis velutrusta og har ei ærerik misjonshistorie. Men det hindrar ikkje at landet er djupt inne i ei sosial og moralsk krise. Dette botnar ikkje minst i at mektige søramerikanske narkotikakartell brukar Jamaica som transitthamn for kokainen dei skal selja i USA og Europa. Dette resulterer i ein ekstrem høg mordrate, nr. 4 i verda i høve til innbyggjartalet. Korrupsjon er utbreidd, og det er uklåre grenser mellom styrande og kriminelle. Valdtekt og incest er svært utbreidd. Dei viktigaste eksportartiklane er bauxitt til aluminiumsproduksjon, sukker og raggaymusikk.

Turisme er kanskje den største næringa.

Kyrkja på Jamaica har ein stolt mangeårig kristen arv, og lite kjend er den store misjonsinnsatsen jamiacanske kristne gjennom mange år har ytt i andre land. Men det er ingen tvil om at den jamaicanske kyrkja treng både reformasjon og fornying.

 Gode Gud! Du elskar menneska på Jamaica så høgt og inderleg. Kom dei til hjelp. Bryt den dødlege makta narkotikakartella har i landet, fyll kyrkja di med din Ande, reinsa henne frå synd og utrust henne til å bli ein reidskap for dine mektige gjerningar mellom jamaicanarane. Må din standard for livsførsel bli den normale i Jamaica slik at menn lærer seg å verna kvinner og barn, og ikkje forgripa seg og valdta. Må dei bli forma i Kristi bilete. Amen!

tirsdag 23. juli 2019

Italia

Italy Map

I Italia bur det rundt 60 millionar menneske. Men folketalsutviklinga er negativ. Fertitliteten er 1,1% per kvinne. Landet er i flatemål omtrent som Noreg. Landet er eit sentralt medlem av EU, men sterke høgrekrefter vil ha dei ut av unionen. Den nye regjeringa i Italia er EU-skeptisk (for ikkje å seia EU-fientleg).
Dei siste månadane har italienske styresmakter sjokkert oss med å nekta båtar som har plukka opp flyktningar frå Afrika å leggja til hamn i landet.
Det ser ut til å vera liv i gamle fascistiske haldningar.  
Italia er ei økonomisk stormakt bygd på ein rik og variert industri. Bilar og kvitevarer kan nenmast. Denne industrien er stort sett i nord.
Landet er også ei kulturell stormakt, og har fostra dei største kunstnarane verda har sett, det vera seg innafor musikk, biletkunst, litteratur eller arkitektur. 
Men landet har også fostra sin del av verdas despotar, både under og etter Romerriket.
Hovudstaden er Roma. Andre kjende byar er Firenze (renessansehovudstaden), Venezia, Milano, Napoli og Torino.
80% av befolkninga er tilhøyrer den romersk katolske kyrkja. 1,1% er evangelisk kristne. Desse er svært splitta, men det er aukande einskap å spora. Dei fleste evangeliske er av ikkje-italiensk opphav (Aust-Europa, Afrika og Latin-Amerika)

I oldkyrkja var kristendomen levande og kraftig i Italia. Men kristendomen vart etter kvart ein formalisert statsreligion, og for det det store fleirtalet i dag har ikkje kyrkjemedlemskapet noko som helst å seia for kva dei trur og korleis dei lever. Nord-Italia er mest sekularisert, og Torino er blitt eit senter for verdas djevledyrkarar. I dag er det mange fleire hekser og trollmenn i Italia enn kristne prestar. Landet er i desperat og djup åndeleg naud, og mistilliten til kyrkja er tynnsliten etter dei mange skesuelle overgrepa mot barn som er avslørte dei siste åra, og for kyrkjeleiinga sin vilje til å skjula ugjerningane.  Men det skal den katolske kyrkja ha: I dag går ho i spissen for å syna folk barmhjertighet, og ho er ikkje redd for å formana til gudsfrykt og utfordra til tru. Pave Frans er ein fin eksponent for dette.
  • Takk Gud for ein rik åndeleg arv i Italia. 
  • Be om at det som måtte vera av liv i røtene skal skyta friske skot, og at katolikkane skal venda seg bort frå helgendyrking, og begynna å hylla og tilbe Jesus åleine. 
  • Be om at prestane i landet skal bli gripne av Jesus, fylte med Den heilage ande og kapable til å forkynna Guds ord på ein slik måte at det grip hjarto og driv folket til omvending og tru. 
  • Be om einskap og mogning blandt dei evangeliske kristne i landet, at dei skal utvikla Gudsrelasjonen sin, lesa sin bibel, halda saman i varme fellesskap og bruka energien sin og liva sine på misjon i sine nabolag. 
  • Be om outreach og kyrkjeplanting i dei mange områda som manglar eit evangelisk innslag. 
  • Be om at mafiaen skal mista makta si, og at leiarane skal bli avslørte, fengsla og straffa. 
  • Be om Guds gjerning mellom dei mange narkomane og HIV-smitta. Dei er MANGE.
  • Be om at Gud skal drive arbeidsfolk ut til hausten sin i Italia, og at dei som tener Jesus mellom dei fortapte skal få Andens kraft og halda motet oppe også når det buttar mot, for det gjer det alltid. 

mandag 15. juli 2019

Iran 2. Massemedia

Før den islamske revolusjon i 1979 var det 500 kristne med muslimsk bakgrunn i Iran. I 2010 var dette talet auka til 100 000. Men nokre meinte då at talet var langt høgare, og det er ikkje usannsynleg at det i dag er 1 million. Den årlege veksten vart i 2010 rekna til å vera 22%. Nyare tal har eg desverre ikkje.

Det er mange grunnar til at dette skjer. Det eine er Guds tidsplan for dette folket. Iran er inne i ei nådetid. Det andre er effekten av kristent satelitt-TV, (m.a. SAT 7 og MOHABAT TV)  kristne radiostasjonar (m.a. Trans World Radio), kristne internettsider, storstilt bibelsmugling (Åpne Dører), eit effektivt bibeldistribusjonssystem basert på kurerar, ei effektiv hemmeleg leiaropplæring i Tyrkia (der m.a. Toronto airport fellowship er involvert) og ein massiv innsats frå misjonsorganisasjonar som Elam Ministries, 222 Ministries, Sohrab books, Persian World Outreach, Iranian Christian International og mange fleire, som i stor grad vert drivne av kristne eksiliranarar.

Det spesielle i Iran er at dei unge er så opne for Jesus. Dei elskar lovsongane som dei kan lytta til på nettet (i den grad det er ope, det er det ikkje alltid).


  • Be om at Gud effektivt skal nå fram til iranarane gjennom dei mange kanalane som til eikvar tid er opne. Styresmaktene jobbar febrilsk med å stengja att denne straumen av liv til det iranske folket, og dei kjøper no inn eit omfattande overvakingssystem frå Kina, Big Brother-landet framfor nokon. Be om at Gud skal leggja hindringar i vegen for dette prosjektet. 
  • Be om at dei ulike misjonsorganisasjonane alltid skal ha tilstrekkeleg økonomi til å driva.
  • Det er stor mangel på biblar i høve til behovet. Be om at Bibelen må bli gjort tilgjengeleg for alle i dette store landet, like eins det beste av annan kristen litteratur
  • Be om framgang for dei mange ulike bibelkorrespondansekursa som vert drivne av misjonane, og at mange skal finna Kristus gjennom desse.
  • Be om at dei mange unge i dette landet finn Jesus gjennom nye lovsongar, og at dei skal bli grunnfesta i Guds ord, i Guds nåde og i Guds fellesskap. 
  • Be om at kristne videoprogram innretta mot barn og unge må bli gjort tilgjengelege for målgruppa. 
  • Be om at Gud reiser opp innfødde kristne forfattarar som kan skriva kristne bøker som talar direkte til iranarane sine hjarto.
  • Be om stor distribusjon av Jesus-filmen. Denne har synt seg utruleg effektiv i over tusen ulike folkegrupper. 

søndag 14. juli 2019

Iran 1

Areal: 1648196 km2. Folketal: 83 024 745 (juli 2018) fordelt på 100 etniske grupper. Det er flest persarar naturlegvis (vel 52%), men også vel 25% tyrkarar (for det meste aserbadjanarar) samt 6% kurdarar. Det blir snakka 79 språk i Iran. Av desse har 4 heile Bibelen tilgjengeleg. 14 andre har NT eller deler av Bibelen. Det nasjonale språket er farsi (persisk). Om lag 4 millionar iranarar lever i land utanfor Iran, dei fleste som flyktningar.

Hovudstad er Teheran med over 7 millionar innbyggjarar.

Iran var i historisk tid ei politisk, religiøs og kulturell stormakt, og alle bibellesarar kjenner namn som Kyros, Dareios og Atarxerxses, kongar som erobra store landområder og gjorde Persia til ei verdsmakt. Denne stordomstida lever i folks minne den dag i dag, og formar måten dei tenkjer om seg sjølv på.

Iran vart islamisert på 600-talet, heilt i religionens barndom, og er i dag senteret for sjiaislam, den nest største retningen innan islam. Sjia står i ein gamal og uforsonleg strid med sunni, som er den største retninga. Striden mellom sjia og sunni materialiserar seg som ein strid mellom Saudi Arabia og Iran, og det meste av det som skjer av krigar og konfliktar i Midt-Austen, går langs denne aksen, som t.d. dagens krig i Jemen. Iran blir rekna for å vera ei kraft i den bølgja av terror me har sett i verda dei siste åra.

Etter den islamske revolusjonen i 1979 som innførte prestestyre og eit islamsk religiøst diktatur i landet,  har Iran lege i bitter strid med USA, og til dels heile vesten. Landet har eit omfattande atomprogram. Dei har som mål å skaffa seg kjernevåpen så fort som dei kan, noko som har resultert i ein omfattande økonomisk blokkade frå USA si side.  Akkurat no toppar det seg i Persiabukta. Iran har fysisk gått til åtak på tankskip som seiler gjennom Hormusstredet med olje til vestlege land, og store amerikanske og britiske marinestyrkar samlar seg no for å verna skipsfarten, og situasjonen kan utvikla seg til storkrig.  Det kan bli apokalyptisk.

Iran har også som uttalt politikk å utsletta staten Israel. Etter deira syn ligg verdas einaste jødestat  som ein skamplett på muslimsk kjerneområde. Det er utåleleg, og Israel må bort. Det at iranarane er så hissige på å utvikla atomvåpen må sjåast i denne samanhengen.

Over 98% av befolkninga er muslimar.
Offisielt er 0,55% kristne.
Kyrkja i Iran er langt eldre enn islam, men dei små historiske ortodokse kyrkjene er gjerne introverte, og har ikkje anna mål med det dei held på med enn å ta vare på det dei har.

Parallelt føregår det ei evangelisk vekkjing i landet med dimensjonar langt større enn det me nokon gong har sett i vår tid. Dei mest spennande forteljingane om kva som skjer i Guds kyrkje i verda i dag kjem frå Iran. Huskyrkjene veks med 22% kvart år, og sjølv om dei i tal er små sett i den store samanhengen, er det som skjer med dei så omfattande at det muslimske presteskapet stadig går ut og åtvarar folk mot å slutta seg til dei kristne, som dei framstiller som ein nasjonal tryggleiksrisiko.

Forfølginga av dei evangelisk kristne i Iran er intens, og rundt 3-400 av dei er til eikvar tid å finna i iranske fengsel, og det siste året har lengda på fengselsstraffen auka til det doble, gjerne frå fem til ti år.  Landet ligg på 5. plass på Åpne Dører si World Watch List.

Gud har tydelegvis ein eigen agenda med iranarane i vår tid, og me ser at flyktningar frå Iran er desillusjonerte på vegne av islam, og ingen er så lette å vinna for Kristus som desse. Mange opplever å møta Jesus i syner og draumar.  I Kristkyrkja på Stord har me døypt mange iranarar, og me har sett ringverknadar av vårt arbeid også har spreidd seg til Iran.

Dei økonomiske sanksjonane mot landet har stor effekt, og vanlege folk har lite å rutta med. Dei kjempar for å få endane til å møtast. Dette har resultert i fleire håplause demonstrasjonar dei siste åra som raskt er blitt knuste av styresmaktene.

Ein stor prosent av menneska i Iran er stoffavhengige. Heroinmisbruket er omfattande og øydelegg mange familiar.

  • Takk Gud for alle som i desse dagar kjem til tru på Jesus i Iran. 
  • Be om at dei skal ha Guds fred i hjarto sine midt i fiendeland.
  • Be om at vekkjinga i Iran skal gå fram med uforminska kraft
  • Be om at alle nye kristne skal bli grunnfesta i Gud og forsvarleg disippelgjort
  • Be om at dei truande skal ha tilgang på nok biblar
  • Be om at landet skal bli totalt forvandla av Guds kjærleik, og av evangeliet om Jesus skal finna sin veg til kvar einaste avkrok av landet, og at folk overalt skal læra seg å elska Han som døydde for oss og stod opp for oss. 
  • Be om at prestestyret skal falla
  • Be om at iranarar må læra seg å elska Israel og det jødiske folket, og vera takksame for den arven verda har fått gjennom Israel  (Jesus og Bibelen). 
  • Be om at Iran skal gje opp atomprogrammet sitt, at konflikten med USA skal leggja seg, og sanksjonane mot landet lettast. 
  • Be om at vanlege folk i Iran skal finna fram til evangeliske TV-sendingar. Mange kristne eksiliranarar jobbar med å laga TV-program på farsi som dei sender på satelitt, og stadig finn folk i Iran Jesus gjennom desse programma. 
  • Be om at folk som slit med rus skal få erfara at Jesus kjem og lækjer dei og set dei i fridom og fyller liva deira med kjærleik og meining. 

lørdag 13. juli 2019

Indonesia 3: Sundaøyane i aust

Sumba, Flores, Lembata, Alor og Vest Timor ligg i eit geologisk høgaktivt område der to jordplater møtest og bevegar seg mot kvarandre og dannar ei subduksjonssone, dvs. den eine plata blir pressa ned under den andre. Resultatet vert jordskjelv og vulkanutbrot, og alle desse øyane er, som Bali, vulkanske øyar.

Frå 1965 til 1968 gjesta Gud Vest Timor. I denne tida kom 20% av befolkninga der til tru på Jesus, og det som skjedde der var som henta rett ut frå Det nye testamentet. Forunderlege ting er å lesa om dette i boka til Kurt Koch som heiter "Vekkelsen i Indonesia". Gud gjekk på djupet med folk den gongen, og dei som vart frelste under denne vekkinga, er i stor grad blitt ståande faste i trua seinare. På 1980-talet var det ei liknande vekking på Sumba der talet på gjenfødde kristne auka frå 75000 til 160000.

Gud har også stort innpass mellom flyktningar frå Aust -Timor som lever i leirar i Vest-Timor. Omtrent alle er personleg truande bibelkristne.

Likevel: Trass i at 90% av dei som bur i området er kristne (dei aller fleste romersk katolske), praktiserer dei fleste heidenske ritualer der dei ofrar til ulike gudar. Dette bind dei til mektige åndsmakter.

Av alle dei 65 språka som folk snakkar, har berre ei handfull av dei Det nye testamentet. Men det vert arbeidd med mange nye omsetjingar, og det er grunn til å tru at når folk får Guds ord på morsmålet, vil det føra mange ut i ein ny fridom og inn i ein sunn åndeleg vekst.


  • Takk Gud for alt godt som har skjedd, og som skjer på desse øyane.
  • Be om fortgang i arbeidet med å omsetja Bibelen til dei språka som folka snakkar
  • Be om at Gud skal vidareføra og fullføra det han har begynt på her

fredag 12. juli 2019

Indonesia 2. Bali

Bali er ei øy aust for Java. Den er på 5633 km2, og befolkninga er på 3,55+  millionar. Det blir 630 per km2. (Noreg har 14). Bali er ei vulkansk øy, og jordsmonnet er rikt. Elles er øya mest kjent for turisme og utdanning. Mange unge reiser dit som utvekslingssudentar.

90% av innbyggjarane på Bali er hinduistar, 7% er muslimar og 1,5% er kristne. Bakgrunnen for denne fordelinga er historisk og går attende heilt til det første hundreåret etter Kristus. Då kom indiske sjøfolk og handelsmenn til Bali og etablerte seg der, altså 500 år før islam såg dagens lys.

I Bali kombinerer dei gjerne hinduisme med okkultisme, magi og spiritisme. Det er mange som treng å bli fri frå vonde ånder som har okkupert liva deira. Pga av demoniske makter møter kristne stor motstand og dei blir regelrett forfølgde. Det er vanleg at folk misser jobben og blir gjort arvelause når dei kjem til tru på Jesus.


  • Be om at dei kristne skal sjå og forstå kor viktig det er å stå tett saman.
  • Be om at det skal vera eit rikt åndeleg liv i kyrkjelydane.
  • Be om at dei kristne må følgja Jesus i alle ting, stort som smått.
  • Be om at dei må ha god tilgang til Bibelen, og at dei flittig skal lesa han.
  • Be om at dei skal leva åndsfylte kristenliv, og at under og teikn må skje når dei ber.
  • Be om at dei skal ha Andens kraft til å befri folk for vonde ånder. 
  • Be om velsignelse over dei som forfølger dei kristne.
  • Be om at forfølgarane skal møte Jesus som Herre og frelsar og bli frelste frå sine synder og innlemma i Guds familie.
  • Be om at dei kristne frimodig skal vitna om Jesus for folk, og leva misjonale liv
  • Be om at hinduismen skal missa makta si på Bali, og at alle skal krona Jesus som Herre for liva sine. 

onsdag 10. juli 2019

Huskyrkjer utsette for politiraid i Kina

Police Raid - Photo: VOM Korea www.vomkorea.com
Foto: VOM, Korea

Styresmaktene i storbyen Xiamen (søraust i provinsen Fujan) seier at dei vil sørga for at alle huskyrkjer i byen vert stengde innan det har gått to år. Dette er ein del av ei nasjonal satsing under president Xi. 

Følgjande kinesiske kyrkjer har fått uønska besøk og opplevd arrestasjonar og konfiskering av utstyr den siste tida:
13.juni: Xinzao Church i  Xiamen
16.juni: Xunsiding Church i Xiamen
16.juni: Taiyun Cornerstone Church i Xiangsi
26.juni: Morning Star Church i Beihai
29.juni: Dao En Presbyterian Church i Xushou

Dei fleste arrensterte er sette fri, men ikkje alle. 

Kjære gode Gud og Far! Du har ikkje lova kyrkja di anna enn forfølging medan me fullfører misjonsbefalinga og lever gudfryktig i denne verda, og du ber oss om å innstilla oss på det, ja, vera glade når det skjer. Må det som kinesiske autoritetar no finn på overfor familien din berre utdjupa trua hos dei kristne, og må du utrusta dei med mot og kraft slik at dei gjennom dei problema som blir dei påført, blir enno ivrigare for evangeliet enn før, og erfarer at enno fleire tek imot Jesus som Herre og frelsar i liva sine. Amen!

mandag 8. juli 2019

Indonesia 1

Indonesia har eit samla landareal på over 1,9 millionar km2. Befolkninga er på 254 millionar fordelt på 750 ulike folkegrupper som snakkar 722 ulike språk. Mange av desse språka er lokalisert til Vest-Papua (Irian Jaya). Hovudstad: Jakarta (10 mill)

Wycliffe er inne og jobbar med bibeloversetting i 150 av dei mange språka.

Landet er delt opp 17500 større og mindre øyar. Klimaet er tropisk, og landet ligg i eit geologisk uroleg område der vulkanutbrot og jordskjelv er vanlege fenomen. Dei siste åra har 200 000 menneske mista livet pga naturkatastrofar.

Landet har demokratisk styresett som ser ut til å fungera relativt bra, sjølv om korrupsjon og nepotisme dominerer i det politiske og økonomiske livet.

1/6 av menneska lever under FN si fattigdomsgrense (som er svært låg). Avstanden mellom fattig og rik er enorm.

Indonesarane livnærer seg av jordbruk, fiske, skogsdrift (avskoging er eit formidabelt problem med  eit stort og uoppretteleg skadepotensiale), klesproduksjon, oljeutvinning, handel og vandel og andre servicenæringar. Landet har store uutnytta mineralførekomstar.

Landet har vore kolonisert av Portugal, Nederland, England og Japan sidan 1511, men vart sjølvstendig etter 2. verdskrig.

Indonesia er verdas største muslimske stat. Men over 15% er likevel kristne.
Omlag 80% er muslimar og resten hinduar og animistar. For dei fleste muslimane sitt tilfelle er trua deira ei blanding av islam, okkultisme og animisme, såkalla "folkeislam".

Kristendomen går fram mange stader i landet, og har ein gjennomsnittleg vekst på 1,6% per år. Vekkinga på 1960-talet hadde nytestamentlege dimensjonar.

Framgangen for evangeliet har dei siste åra forårsaka motstand både frå muslimske styresmakter og mektige okkulte krefter. Rundt år 2000 vart 3000 kristne drepne av islamistar på Ambon, og liknande åtak har me også sett på Sulawesi. Lenge levde dei ulike religiøse gruppene i fred med kvarandre, men i dag blir kristne stadig utsette for forfølging og trakassering, og dei møter restriksjonar med tanke på å byggja kyrkjer, og nokre nye kyrkjer er vorten rivne av styresmakter som fann ut at ikkje alle prosedyrar var følgde til punkt og prikke.


  • Be om at Gud skal styrka kyrkja si i Indonesia på alle nivå, og be særleg om gode leiarar.
  • Be om at alle nye kristne skal bli forsvarleg disippelgjort.
  • Be om at alle kristne skal leva nær til Gud, og leva oppofrande liv.
  • Be om ein tydeleg misjonsvisjon mellom dei kristne. 
  • Be om kraftfulle misjonstiltak retta mot alle dei mange unådde folkegruppene, særleg på Sumatra. 
  • Be om at forkynninga av Guds ord skal vera sunn, og ikkje vera prega av slagsider. 
  • Be om at dei truande skal vera utrusta med gåver til å avsløra vonde åndsmakter som prøver å infiltrera kyrkjelydane.
  • Be om at dei truande skal ha nok tilgang til biblar, kristen litteratur og andre opplæringsressursar.
  • Be om at Gud skal vaka over, og styrka demokratiet i landet.
  • Be om at det skal setjast i gong bibeloversetting i alle språk der det er behov.
  • Be om at dei kristne skal ha styrke til å stå fast i alle stormar, og møta hat og vald med kjærleik og kløkt. 
  • Be om at styresmaktene i landet skal ta ansvar for dei fattige slik at dei kan få seg naudsynt utdanning med tanke på at dei kan betra levekåra sine og med tanke på at landet kan utvikla seg.  

søndag 7. juli 2019

Gtsang, tibetanarar i Kina


Gtsang (Git-sung) lever i det sentrale Tibet, som forresten vart okkupert av kinesarane i 1950. Det er 764000 av dei. 1000 i diaspora. Religion: Buddhisme (lamaisme). Språk: Tibetansk. Heile Bibelen er tilgjengeleg for dei. 

Tibetanarane blir strengt overvaka av kinesarane. Under kulturrevolusjonen frå 1966 til 1974 vart all religion og religionsutøving strengt forbode. I 1979, under Deng Xiao Ping, vart det ein viss religionsfridom. Men i våre dagar, under presidenten Xi, ser me ei kraftig forverring igjen.

Gtsang lever på "verdas tak", i Himalaya med stupbratte fjell og djupe dalar og skral infrastruktur. Ikkje mange misjonærar får ideen om å reisa inn dit. 
Det er forresten ei lita gruppe truande i Gtsang-folket. 

Herre Jesus! På krossen representerte du denne folkegruppa like mykje som alle oss andre. I deg har dei full forløysing for alle sine synder, barnekår hos Gud og evig liv. Me ber, må ditt mektige frelsesverk bli gjort kjent for dei, og gjera så sterkt inntrykk på dei at dei vender om til deg av heile sitt hjarta, og kan erfara Andens mektige forvandlande verk i liva sine. Styrk dei få truande gtsangane slik at dei står sterke i alle stormar. Fyll dei med kjærleik og visdom, og utrusst dei me sterke gåver slik at dei kan introdusera Guds rike for sine eigne på nytestamentleg vis. Amen! 



Norsk familie påkøyrd av tog i Danmark i går

Ein far på 34 og ein son på 7 omkom i ulukka. Mor og dotter overlevde.

Herre Jesus Kristus! Kven kan bera noko slikt som dette? Må du, i ditt namn, pakka denne mora og dottera hennar, og alle dei næraste, inn i din fred, og gje dei den trøysta som du er åleine om å kunna gje folk i den djupaste sorg og pine. Amen!

lørdag 6. juli 2019

Jordskjelv i California

Related image

To kraftige jordskjelv har råka California det siste døgnet. Det siste med styrkegrad 7,1 var elleve gongar sterkare enn det første. Folk er redde. Skadane er store. Jordskorpene som berører kvarandre i dette området har flytta seg ein meter sidelengs i høve til kvarandre.

Gode Gud! Me ber om at California sin befolkning skal venda seg til deg med sin redsel og søka frelse, fellesskap og fred hos deg, du, den einaste sanne Gud. Og så ber me om at dei som no desperat treng hjelp, skal få denne raskt. Amen!

Pingdi Kina


Pingdifolket tel 1,48 millionar menneske. Dei er risbønder som bur i eit område sør i Kina som sjeldan er besøkt av utanforståande. Det lever ei gamal legende i pingdifolket om at dei ein gong ein gong i fjern fortid, før dei reiste "over havet", kjende og tilbad Skaparen. Tin Zay. Det vil vera naturleg for dei som vil forkynna evangeliet for pingdifolket å ta utgangspunkt i denne forteljinga. Pingdifolket snakkar xiang, og dei har tilgang til deler av Bibelen på språket sitt.
Religion: Animisme. Det er nokre få kristne mellom dei. Desse vert sett på som framande, også av sin eigen familie.

Herre Jesus! I dag ber me for dei få truande i pingdiar: at dei skal ha tilgang til ditt ord på sitt eige språk, at dei skal lesa det flittig, at dei skal halda tett saman, at dei skal leva som kraftfulle disiplar av Jesus og at dei skal vera fulle av Kristi kjærleik. Så ber me om at heile folket skal bli gjesta av deg, at pingdifolket skal forstå at den Gud dei trur på som skapar av himmel og jord, også måtte bli eit menneske, at du måtte døy på ein kross for å opna ei kjelde av tilgjeving og liv som også dei kan drikka av. Amen!



Dagens unådde: Nosu Yinuo i Kina


Folketal_: 672000. Språk: Nosu. Bibelomsetting: Heile Bibelen tilgjengeleg.
Nosu Yinuo har ei fortid som brutale krigarar og slavehandlarar. Då kommunistane kom til makta rundt 1950, vart dei avvæpna. 
Nosu Yinua lever avsondra og tungt tilgjengelege i dalfører. Språket er komplisert. Joshuaproject meiner det KAN finnast nokre få kristne mellom dei. Minnet om storflaumen lever enno mellom dei, og dette KAN vera ein kopling for dei som vil forkynna evangeliet om Jesus Kristus for dei.  

Gode Gud og Far! Må Nosu Yinuo læra å kjenna Sonen din og finna sin frelsesgrunn i han. Send Ordet ditt til dei og Anden din over dei slik at dei kan koma til tru, bli frelst frå sine synder og opptekne i din lovsyngande kyrkjelyd. Amen! 





mandag 1. juli 2019

India 8, Orissa

43 mill innbyggjarar fordelt på 799 ulike folkeslag. Religion (offisielle tal): 94,4 % er hinduar. 3% kristne, truleg er talet langt høgare. Dei fleste kristne er anten kastelause indarar eller ikkje-indiske stammefolk (som santalane). Språk: Oriya (83%).

Orissa er den delstaten der forfølging av dei kristne har vore mest intens dei siste åra. Bakgrunnen for dette har vore ein kraftig kyrkjevekst. Det er eit betydeleg demonisk trykk mot kyrkja, evangeliet og misjonen i Orissa.


  • Mange kristne er analfabetar. Be om ein skikkeleg boost i lese og skriveopplæringa av dei kristne.
  • Be om at dei truande i Orissa etter kvart skal bli sterke i Skriftene og veldige i kraft. 
  • Be om at dei skal løfta seg over fattigdomsgrensa, starta med næringsverksemd og bli eit lokomotiv i Orissas økonomi, at dei skal bli hovud i samfunnet og ikkje hale. 
  • Be om at dei skal engasjera seg politisk og bringa Gud inn i styringa av staten.
  • Be om ein sterk visjon i kyrkja for å nå dei unådde (det er dei fleste) med evangeliet.
  • Be om eit godt og visjonært leiarskap i kyrkja. 
  • Be om einskap mellom dei truande i delstaten.



Dagens unådde: Rajput Ponwar, India


Folketal: 1 236 000. Språk: Hindi. Religion: Hinduisme.
Rajput er sanskrit og tyder "kongssøner". Ponwar er namnet på eit dynasti som går attende til middelalderen. 
Rajput var krigarar, og tiølhøyrde den nest høgaste kasten i India. Den dag i dag er mange av dei å finna i dei militære styrkane. Elles er rajputfolket velståande godseigarar eller sjølveigande bønder. 
Kjelde: www.joshuaproject.net

Herre Jesus! Må ordet ditt nå fram til sentrale representantar av dette folket. Bryt ned stoltheiten dei har i hjarto sine slik at dei skammar seg over syndene sine og vender om til deg av heile sitt hjarta. Me ber om at dette folket skal bli fullstending forvandla av din kjærleik og nåde, og erfara Andens himmelkraft i liva sine. Gjer rajput til åndelege krigarar i ditt rike, menneske som reiser seg mot vantru, avgudsdyrking hat og urett, og som får vera med å bringa deg inn i livet til mange i India. Amen! 

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...