onsdag 18. juni 2014

MENNESKESONEN. GDP 2014. Dag 3



Herre Jesus Kristus, me vil aldri forstå kor mykje det kosta deg å stiga ned og bli eit menneske som oss.
Me vil aldri få kjenna smaken av Guds vreidesbeger som du drakk på våre vegne, men me både vil og kan kjenna DEG.
I den verda som me lever i i dag er det så mange tomme lovnader, så mykje løgn og svik. Du har lova oss at me skal kjenna sanninga, og at sanninga skal setja oss fri. .
Å kor me treng å bli sett fri! Kor verda treng å sjå kva sann heilagdom og gudsfrykt er!
Me lengtar etter at du skal manifistera deg sjølv i oss, forvandla oss, fri oss frå menneskeleg veikskap og utrusta oss med dei guddommelege gåvene.
Mjuk opp hjarto våre slik at vår kjærleik ikkje kolnar når lovløysa aukar.
Aus din kjærleik og di medkjensle ut i hjarto våre slik at kjærleiken vår blir ekte: Vilkårslaus. Skandaløs. Smittande. Ja, slik at me kan elska fiendane våre, eller dei me oppfattar som fiendane våre.
Fri oss frå å vera kritiske og dømande, og frå tunger som forbannar og drep andre.
Rør ved lippene våre med din heilage eld slik at me kan tala oppmuntrande ord, ord med liv og autoritet.
Ta frå oss all frykt, redsle og frå å vera misnøgde, slik at me modig deler dei gode nyheitene med folk.
Opna portane til nasjonane for oss.
Førebu folks hjarte og sinn.

Før oss ut til den haust av sjeler som du lengtar etter. Her er me. Send oss

Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...