lørdag 28. februar 2015

Avarfolket i Dagestan, Russland


Avarfolket lever i Kaukasusområde, og er med sine nesten 1 million menneske ein av dei aller største folkegruppene i Dagestan. Dei var ortodokse kristne frå 500 til 1300-talet, då dei vart introdusert for sunniislam som gradvis overtok sinn og tanke hos dei. I dag er dei veldig trufaste både mot islam og tradisjonelle familieverdiar. Dei er lite mottakelege for evangeliet. Språket deira er avar, og Det nye testamentet er tilgjengeleg på dette språket.

Kjære Herre Jesus! Må avarfolket bli motivert til å lesa Det nye testamentet på sitt eige språk. Må ordet ditt bli etterspurd hos dei og mala Jesus for hjarto deira som Gud og frelsar, og skapa tru, liv og fellesskap. Må du bli så klår og vakker for dei at dei med glede kastar islam på båten for å få tak i den ekte perla, din kjærleik og nåde. Frels dei inn i ditt rike, og bygg opp ei sterk og levande avarkyrkje som kan skina for alle menneske i Kaukasusområdet. Dei treng så inderleg til din fred og di framtid. Amen! 

Bahrain


Bahrain er ein liten øynasjon i Den persiske golf som har gjort seg rik på olje frå gulfen, petroleumsindustri og utskiping av olje og oljeprodukt. Landet er også blitt eit finanssenter med ein enorm internasjonal banksektor. Politisk vert Bahrain styrt av ein sunnimuslimsk kongefamilie som ofte er i konflikt med folket der shiamuslimane er i fleirtal. Omtrent alle innfødde er muslimar. Dei utgjer 81% av befolkninga. Den siste 20 prosenten er framandarbeidarar. Av desse tilhøyrer halvparten til den kristne delen av verda. Det er omlag 1,3 millionar menneske i Bahrain. Dei utanlandske arbeidarane frå andre asiatiske land er underpriveligerte, og underbetalte og lever under heller kummerlige kår. Det er mange kristne kyrkjer i Bahrain. Men desse er for utlendingar. Likevel er fridomen for kristne langt større i Bahrain enn inne på sjølve den arabiske halvøya, og stemninga  meir avslappa med tanke på gjennomføringa av alle slags religiøse reglar. Bahrain fungerer i dag som ein port frå Vesten inn til andre arabiske land.  Sjølv om det kristne nærværet i Bahrain er merkbart, er det svært få kristne bahrainarar. Behovet for evangeliet er desperat. Proselyttering er forbode ved lov.

Kjære Herre Jesus! I dag ber me for alle menneska i Bahrain. Du kjenner dei og veit kva kår dei lever under, og du veit at dei rike er like fortapte som dei fattige. Må du forstyrra djevelens planar med dette landet og fremja dine eigne. Send din mektige Ande over nasjonen, etter ditt ord, fyll kyrkja di med himmelsk kraft og gjer kvar enkelt kristen i landet til eit frimodig og kraftfullt vitne om di oppstode. Må djevelens herredøme i Bahrain bli brote i ditt dyrebare namn, og du innsett som den einaste sanne konge og Gud i landet og i enkeltmenneskes liv. Så ber me om rettferd for dei fattige og undertrykte som lever under slavekår, at dei skal få rett løn for det arbeidet dei gjer samt forsvarlege arbeidsvilkår. Amen.

fredag 27. februar 2015

Mulig masseavretting av kristne lørdag 28. februar. Opprop til bønn fra Stefanusalliansen

Mulige planer om massehenrettelse
IS har bortført flere hundre assyriske kristne nord-øst i Syria. En ubekreftet melding går ut på at de kan henrettes i morgen.

I løpet av de siste dagene har IS bortført over 200 assyriske kristne i Kabor-området, nord-øst i Syria. Disse kan stå i fare for å henrettes i morgen, fredag. Dette ifølge en ubekreftet melding til en høytstående prest i den assyriske kirken, Emanuel Yokhana. Ifølge meldingen skal det ha gått ut en oppfordring fra en moske til folk om å møte opp i morgen for å overvære massehenrettelse av «vantro». Meldingen er ubekreftet, men vi går likevel ut med en oppfordring til å be om at planene om en eventuell massehenrettelse skal stanses.

- Be om at massehenrettelser ikke skal finne sted
- Be om beskyttelse for de assyriske kristne som er bortført
- Be for deres familier
- Be for de rundt 1200 assyriske familiene som har flyktet fra området
- Be om en slutt på IS’ terrorhandlinger

Med vennlig hilsen
Øystein Rauan
Leder av forbønnstjenesten

Aserbaijan


 Aserbaijan er ein oljerik nasjon som ligg ved Kaspiahavet. Landet har altså store naturressursar, men rikdomane kjem berre nokre få korrupte leiarar til del. I følgje prayercast.com lever 40% av befolkninga i fattigdom, og særleg er dei 600 000 internt fordrevne flyktningane i landet i ein vanskeleg situasjon. Dette høge flyktingetalet kjem av den vedvarande, fastfrosne og mangeårige  konflikten landet har hatt, og har, med Armenia om enklaven Nagorno Karabach.

 

Dette strengt muslimske landet har over 8 millionar innbyggjarar. Under 3% er truande kristne. Dei har det ikkje lett. Kristendomen vert sett på som eit uttrykk for russisk imperialisme eller armenst fiendskap. Armenia har jo verdas eldste nasjonale kristne kyrkje.

Gode Far! Me ber om at din kjærleik skal bli proklamert, praktisert og kjend i alle byar og landsbyar i Aserbaijan. Me ber om ei varig løysing på konflikten med Armenia, og at dei armenske kristne skal sjå det som sitt kall å bringa frelse og forsoning til Aserbaijan, snarare enn hat og død. Gje den veksande kyrkja i landet mogne leiarar som kan styrka einskapen, visjonane og frimotet hos medlemmene sine trass i aukande overvaking frå styresmaktene si side. Herre Jesus, du er verdas lys, lat lyset ditt stråla over alle menneske i Aserbaijan. Amen!


Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...