onsdag 26. august 2009

Thakalifolket i Nepal

Thakalifolket tel 17 000 menneske. Religion: Buddhisme, ofte blanda med hinduisme. Thakaliane er delt opp i 4 klanar, og kvar klan har sin eigen gud. Dei driv stort sett med business, og er flinke forretningsfolk. Dei snakkar sitt eige språk og er praktisk tala heilt unådde med evangeliet. Kjelde: joshuaproject.com

Bøn: "Herre Jesus, du som bad di kyrkje om å bringa evangeliet ut til alle folkeslag: Lat ordet om di frelse også nå fram til thakalifolket i Nepal. Me sannar at det er du som er deira sanne Herre, Gud og frelsarmann, og byr alle vonde ånder om å vika bort frå desse kjære menneska og overgje plassen til Jesus Kristus som har kjøpt dei med sitt eige blod. Lat dei få høyra evangeliet forkynt på sitt eige språk, og etabler di kyrkje i dette folket. Legg ansvaret for deira frelse og framtid tungt innover dei kristne i Nepal. Ta vekk all frykt frå hjarto deira, og før dei inn i eit fruktbart misjonsarbeid i denne unådde folkegruppa. Me ber i Jesu namn, amen!"

Askim

Askim bykommune ligg nord i Austfold, har eit areal på 68 km2 og eit folketal på 14705. Kommunen grensar til Glåma der elva går i kraftige stryk, noko som dei har utnytta ved å byggja 3 kraftverk. Askim er såleis ein kraftkommune. Den viktigaste industribedriften er Glava, elles jobbar folk for det meste i servicenæringane.

Når det gjeld kristenliv ser det ut til at Den norske kyrkja er svært aktiv på mange frontar, mellom anna med eit misjonprosjekt i Vietnam. Frelsesarmeen er representert, og likeeins Misjonsforbundet og Den Frie Evangeliske forsamling som har gått saman om å skipa kyrkjelyden "Askim Frie Misjonsmenighet", som m.a. har eit prosjekt mot Karènfolket i Burma.

Bøn: "Himmelske Far! Idag ber me for kraftkommunen Askim. Lat dei som bur der ved breidda av Glåma få erfara di kraft i liva sine. Gje frelse til syndarar, fred til dei urolige og framtid og von for dei som har stranda i liva sine. Lat denne byen vera under din nåde. Hjelp alle som bur der å opna seg for Jesus, venda om til deg og ta imot evangeliet i tru. Takk for alle gode kristne i Askim. Lat dei bli endå meir brennande, endå meir radikale, endå meir ekte og varme i trua si, Jesu sanne læresveinar, lys og salt i lokalsamfunnet, i Jesu namn. Amen!"

mandag 24. august 2009

Nosufolket i Kina

Nosufolket tel 1,2 millionar menneske, og bur for det meste i Sichuanprovinsnen nær Tibet. Dei kjem opprinneleg frå Kaukasusområdet, og snakkar sitt eige språk nuosu. Nosuane har vore laga av hardt materiale, og historia deira er av den bloddryppande sorten. I kampen mot kommunismen fall det 10 kommunistsoldatar for kvar fallen nosuar. Nosuane trur på ein skaparguden Mo`m Apu og på sonen hans Gee nyo som velsignar dei med regn, framgang og lukke. Kristne har freista å nå nosuane med evangeliet i 200 år, og i 1996 kom det første gjennombrotet. I dag er det 12000 kristne nosuar.

Bøn: "Herre Jesus! Me takkar deg for alle kristne nosuar, og for alt godt du har tenkt å gjera i og gjennom dette folket framover. Styrk og utrust dei truanda til frimodig å vitna om Jesus for stammefrendane sine og vinna dei for deg. Me ber om at nosuane skal vigsla liva sine til krig for deg og det gode mot satan og det vonde. Fyll dei med din kjærleik og gjer hjarto deira like mjuke som dei før har vore harde. Amen!"

Joshua Franch og Torstein Moland

I dag ber me om frelse, rettferd, vern, framtid og von for Joshua French og Torstein Moland som er tiltalte for mord i Kongo. Dei står veldig åleine i denne situasjonen, djupt inne i Kongos jungel, og det ser ut til at dei alt er dømde for drapet på sjåføren sin. Men Gud er ekspert på fastlåste situasjonar.

Hellas i brann

"Herre, me ber om at brannmannskapa som kjempar mot flammane i Hellas skal få kontroll over brannane som herjar, og me ber om at du skal beskytta liva til dei mennene som held på med farleg sløkking. Gje vindstille vær og nedbør. Ver nær hos dei som har mista hus og heim, og så ber me om at grekarane skal gjera bot for sine synder og venda seg til deg i si naud. Amen!"

onsdag 19. august 2009

Asker

Asker ligg like vest for Oslo, og er ein økonomisk velståande kommune med 53 756 innbyggjarar. Tilveksten i 2008 var 834. På nettsida si profilerer kommunen seg som "mulighetenes kommune". Her er optimismen påtakeleg. Kommunevåpenet førestiller tre askestammer som er beskorne, ein skikk som er vanleg i denne kommunen (askelauv var tilleggsfòr til husdyra i tidlegare tider). Asker har mange selebre personar i skrytegalleriet sitt: Kronprinsfamilien (Skaugum), Arne og Hulda Garborg, Erik Bye, Jens Evensen, Simen Agdestein ++.
Asker er ein typisk jordbrukskommune med sterkt innslag av hagebruk. Dei har litt industri, men fleirtalet jobbar i tenesteytande næringar.
Kristenliv: Statskyrkja har 5 kyrkjelydar. Frikyrkjer: Asker pinsemengihet, Frelsesarmeen, Asker og Bærum Bibelsenter og Josvakirken. Det er eit godt samarbeid mellom kyrkjelydane som m.a. har fellesarrangement i pinsehelgene.

Bøn: "Herre Jesus! Asker har mange og store fordeler. Me ber om at du skal bli den største av dei alle. Gjer dei kristne i Asker til sanne læresveinar og til levande og frimodige vitne om deg, og lat evangeliet ta tak i folk og føra dei til omvending og tru. Du som elskar alle og som gav ditt liv til frelse for alle: lat ditt blikk falla på Asker, og rett ut handa di til frelse. Velsign heimane, og vern familiane mot oppløysing, og lat denne kommunen vera ein god plass for alle innbyggjarane. Amen!"

Jamshidifolket frå Afghanistan

Denne folkegruppa tel 108 000 menneske, og er ein del av Char Aimaq som er ei større gruppe som me finn både i Afghanistan og Iran. Jamshidfolket snakkar tilpassa dari, men har også sitt eige språk ,aimaq, som er i ferd med å forsvinna. Alle er muslimar. Jamshidane er i dag seminomadar som vekslar mellom husdyrdrift (sau) og mursteinsproduksjon. Krig og tørke har øydelagd grunnlaget for økonomien deira og for ein god livsstandard.

Bøn: "Gode Far! Sjå i nåde til Afghanistan og ta makta frå alle vonde ånder som dominerer dette landet. Herre Jesus, du som har fått all makt i himmel og på jord, grip inn til frelse for jamshidfolket. Send arbeidarar ut til din haust i denne folkegruppa. Tal til samvitet deira og gjer hjarto deira mjuke og hungrige etter forsoning og tilgjeving. Aus Den Hailage Ande ut over dei, samla dei i di kyrkje og gje dei evig liv og håp, og lat dei ha si glede i deg og i å tena deg. Herre, miskunna deg. Amen!"

søndag 16. august 2009

Marzieh og Maryam

I vår (tidleg i mars) vart dei to nyomvendte iranske kvinnene Marzieh Amirizadeh Esmaeilabad (30) and Maryam Rustampoor (27) arresterte for apostasi og plassert i det berykta Evinfengslet i Teheran. Der har dei vore gjennom ei særs tung tid med knallharde avhøyr. Det har gått ut over helsa, og dei har gått kraftig ned i vekt. Den 9. august vart dei innkalt til revolusjonsdomstolen for nye intervju om trua deira og oppmoda om å fornekta kristendomen både munnleg og skriftleg. Men dei nekta dette begge to. "Me vil aldri fornekta det me trur på," sa dei. Straffa for apostasi er døden, og me må be for desse to kvinnene:

"Gode Far! Ver nær hos desse to barna dine og ta godt vare på dei medan dei sit i fengsel og erfarer Kristi lidingar. Hjelp dei å halda ut og stå faste i trua på Jesus, også den dagen dei måtte få ein dom mot seg. Aus din kjærleik ut i hjarto deira ved Den Heilage Ande, og fyll dei med ei ufatteleg glede. Så ber me om dei må få fridomen sin attende om det samsvarar med dine planar med dei. Amen!"

fredag 14. august 2009

Tiltakande forfølging

4 somaliske kristne vart den 27. juli bortførte og halshogde av terroristorganisasjonen Al-Shabab i byen Merca nær Mogadishu i Somalia. Desse kristne arbeidde for å hjelpa foreldrelause barn i området, og var tilsette av lokale styresmakter.
8 kristne drepne i same kyrkjelyd i Pakistan 1. august pga rykter om blasfemi mot Koranen.
12 kristne drepne i Nord- Nigeria 26. juli etter konflikt mellom kristne og muslimar.
30 kristne arresterte i Iran første veka av august. 7 sit framleis fengsla.

Bøn: "Herre Jesus! Du vart sjølv motsagt, forfølgd, arrestert, torturert og drepen, prøvd i alt slik som dine lidande vener. Trøyst og styrk dei som no sørgjer etter tapet av sine kjære. Gje dei håp og mot til å møta morgondagen. Hjelp dei å tilgje sine skuldmenn, og til å sanna trua på deg og vitna om deg trass i frykt som dei må kjenna på. Lat ditt nærvær vera over dei, og lat dei få erfara at du er ein Gud som gjer under for oss menneske. Ta deg av dei som står bak desse ugjerningane, frels dei inn i ditt rike og lat dei måtta stå til ansvar for brotsverka sine. Vern alle kristne i desse landa mot overgrep, og gje dei ikkje tyngre bører enn dei kan bera. Herre, miskunna deg. Amen!"






tirsdag 11. august 2009

Dagens bønn fra Harald Ersland


Herre, du som har innviet meg til å være din hellige offerprest, hjelp meg til å ta mitt embete på alvor. Allerede i dåpen innviet du meg til det, da du gjorde meg til ett med Kristus, min yppersteprest, og lot meg gå i hans navn og ledet av hans hånd like fram til ditt alter. Hjelp meg, Herre til å bære fram bønnens offer med trofasthet, å holde den hellige ilden brennende og aldri la din lov bli taus. Hjelp meg til å ofre meg selv, mitt gamle menneske og mine synder, mine evner og mine muligheter, hver eneste dag hele mitt liv på ditt alter som et helt offer, fullstendig overlatt i dine hender. For Jesu skyld. Amen.

søndag 9. august 2009

Dagens bønn fra Harald Ersland

"Min Herre og Frelser, det er så mye jeg trenger å be deg om. Det er så mye jeg føler jeg ikke kan og ikke forstår. Men til sist blir det bare en ting jeg virkelig behøver, en eneste ting som er svar på alle spørsmål og hjelp i alle vansker, og det er du selv. Når jeg har deg og vet at du er hos meg, da kan jeg klare alt det andre. Da blir det flokete enkelt og det vanskelige lett, ja enda det umulige kan lykkes. Derfor ber jeg nå bare: Vær meg nær. Herre, lær meg igjen og igjen hvor mye jeg har fått for intet og fortsatt får uten å ha fortjent det. Hjelp meg å huske på det nettopp i den stund jeg har noe usnakket med en annen. Når jeg blir sint og forarget, hjelp meg da straks å huske hvor mange grunner du har til å være sint på meg, og likevel lar meg leve i stadig tilgivelse. Jeg kunne ikke leve uten den. La den gjennomtrenge meg, slik at det er en del av min natur å gjøre som du gjør og heller lide enn gjengjelde ondt med ondt. Amen!"

Murao, India

Muraofolket i India bur stort sett på Gangessletta. Dette området vert rekna for å vera eitt av dei minst evangeliserte områda i verda. Det er 2 240 000 menneske i denne folkegruppa, og ingen er kristne. Dei lever i det tettaste mørkret, utan Gud og utan von i verda. Muaroane er hinduar, og dei snakkar hindi.

Bøn: "Gode Gud, du som har bede oss om å forkynna din herlegdom for alle nasjonar og kunngjera dine gjerningar for alle folk, send arbeidarar ut til din haust i muraofolket. Opna hjarta ditt for dei og lat ljoset frå din herlegdom strøyma over dei. Fri dei frå demoniske bindingar, frå synd, skuld og skam, og lat Jesus bli hjartevenen deira. Herre, miskunna deg over dei og oss alle. Amen!"

Må Jesus styrka deg når du ber og gje deg tru og innsikt i sin vilje!

lørdag 8. august 2009

Arendal

Arendal kommune, som ligg på grensa mellom Sør - og Austlandet, har 40000 innbyggjarar. Sjølve byen har ein historie som går tilbake til 1500-talet, og har gjennom åra vore prega av sjøfart, jernutvinning og trelast. I dag er det elektronisk industri, silisiumindustri og mekanisk industri (dekksmaskinar) som pregar den eksportretta næringa i kommunen.

Arendal har eit mangfaldig kristenliv og ein rik kristen tradisjon. Det har vore mykje godt åndeleg liv i denne byen. Den norske kyrkja har 9 kyrkjer, men elles er Nordmisjon, Baptistkyrkja, Frelsesarmeen, Metodistkyrkja, Frikyrkja, Pinsevenene, Misjonforbundet, Den katolske kyrkja og Adventistane forutan at Evangelietkirken (www.evangeliekirken-arendal.no) og Sørlandskirken (www.sorlandskirken.no) held til der.

Særleg behov: Arendal har dei siste åra periodevis vore plaga av eit nynasistisk ungdomsmiljø.

Bøn: "Herre, me ønskjer å sjå Norge forvandla av di kraft, og i dag ber me for Arendal: Lat det skje også der. Aus din Ande ut over denne byen og kall folket til omvending, tru og etterfylging. Ta tak i dei unge i byen, løys dei frå all urett og før dei inn til ditt hjarta. Fyll kyrkja di i Arendal med Den Hailage Ande, og hjelp alle truande der å fungera godt som kristne i nabolag, på jobb og på skule slik at dei vitnar om deg både med orda og liva sine. Knytt sterke band mellom alle truande i Arendal, og hjelp dei å stå tett saman for å fremja dine planar for denne byen. Herre, miskunna deg. Amen!"

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...