fredag 12. november 2010

Dagens folkeslag: Qashkai i Iran

Gode kjærlege Far, mektige og milde Skapar!

Eg takkar deg for Qashkaifolket. Dei er skapt av deg, og du elskar dei med ein kjærleik større enn det me kan forstå. I generasjonar har du vaka over dei og teke vare på dei med tanke på at dei ein dag skal koma attende til deg og bli barn i ditt hus. For deira skuld sende du Sonen din, Jesus, til verda for å forløysa dei frå alle deira synder og feilgrep, som han viljug sona med sitt eige liv og blod.

Eg ber: Send arbeidarar ut til din haust mellom qashkaifolket. Lat evangeliet om Jesus bli kjent for dei, slik at dei kan venda om og koma til tru på Han, bli løyst frå syndene sine, fødde på nytt ved Den Heilage Ande og fylte av Guds kjærleik og kraft. Gjer dei til eit folk som lovprisar og takkar deg under alle tilhøve. Gjer dei til stolte og oppreiste menneske som følgjer Jesus, og som reiser opp andre som ligg nede i vantru, synd og umoral. Gjer dei til lys og salt i det samfunnet dei tilhøyrer slik at dette kan bli prega av tru, rettferd, ærlegdom og godleik. Lat Ordet ditt gjennomlysa kulturen deira og fjerna alt der som har sitt opphav i demoniske krefter og som på noko vis knyter dette folket til djevelen. Herre, miskunna deg over dei. Amen.

torsdag 11. november 2010

Dagens lovsong, henta frå Salme 113

Halleluja! Eg, tenaren din, lovsyng deg og prisar namnet ditt frå no og til evig tid! Frå sola går opp og til ho går ned, vil eg lova og æra deg, for du er opphøgd over alle folk, og over himmelen er din herlegdom.

Ingen er som du, vår Herre og vår Gud, ingen tronar så høgt og ingen ser så djupt ned, korkje i himmelen eller på jorda. Du reiser den ringe or støvet, og løftar den fattige or søpla, for å setja han hos hovdingar, hjå hovdingar i folket sitt, og du let den barnlause kona bu i huset som lukkeleg mor med sine born. Halleluja!

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...