fredag 20. juni 2014

VÅR TALSMANN. GDP DAG 4 2014



"Herre Jesus Kristus, tillitsfullt tek imot din invitasjon til å koma fram for nådetrona .
Takk at ditt offer på krossen opnar veg for oss inn i himmelens lagerrom.
Takk at du ber for oss dag og natt.
Takk for di tilgjeving og nåde som kontinuerleg fløymer over oss frå nådetrona.
Takk at me kan stola på deg som vår talsmann som vernar oss mot alle klagemål frå djevelen.
Takk at han, pga ditt blod, ikkje lenger har nokon sak mot oss.
Me takkar deg for at du vernar oss mot alle planar som fienden smir mot oss.
Hjelp oss å forstå kva tid me lever i.
Opna øyro våra slik at me kan høyra samtalen mellom Deg og Far.
Me kastar alle børene våre for det daglege liv over på deg, i tillit til at Far vår i himmelen veit kva me treng.
Gjer oss i stand til å dela dine bører med deg og arbeida for framgang for ditt rike på jorda.
Me går saman med deg i di forbønsteneste for menneskætta.
Me ber fram for deg behova til dei menneska me har rundt oss: Behovet for frelse frå synd og fortviling; behovet for fred, vern, lækjedom, utfriing og dagleg støtte.
Ver snill og høyr oss når me ber.

Amen!"

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...