fredag 23. juli 2010

Mongourfolket i China

Dette vesle folket på kun 47000 menneske er av mongolsk avstamming og dei snakkar sitt eige språk. Det er ingen kristne mongourar i følgje Paul Hattaway, sjølv om den katolske kyrkja tidleg i førre hundreåret dreiv misjon mellom dei. Mongurane er animistar, og dei brukar "kvite" shamanar for å bli friske, og "svarte" shamanar når dei vil bringa ulukke over nokon.

Herre Jesus! Me ber om at mongourfolket skal haustast inn i ditt rike. Løys dei frå alle okkulte krefter som bind dei til djevelen. Send dine velutrusta vitner til dei som kan forkynna evangeliet for dei i Ande og kraft, og lat det bli etablert ei sterk og sunn mongourkyrkje før du kjem att i herlegdom.

Nytt frå Voice of the Martyrs

Nigeria: Den 17. juli vart 8 kristne drepne av muslimske menn i byen Mazzah som ligg midt i landet. Tryggingspolitiet kom til staden, men vart berre ståande og sjå på til åtaket var over.

Gode Gud! Sjå i nåde til dei som har mista sine kjære, og gje dei den trøyst som berre himmelen kan tilby. Hjelp nigerianske styresmakter til å handheva lov og orden i området. Lat illgjerningsmennene bli arresterte og ilagt rettferdig straff. Gje dine barn i Nigeria englevakt, og hjelp dei å elska fiendane sine etter Jesu undervisning og føredøme.

Pakistan: Pastor Rashid Emmanuel (32) og bror hans Sajid Emmanuel (30) frå Faisalabad vart den 19. juli skotne og drepne av maskerte menn i heimbyen sin. Bakgrunn: Den 1. juli vart dei to brørne, som leier United Ministries Pakistan, arresterte for blasfemi mot profeten Muhammed. Under arrestasjonen vart dei konfronterte med eit islamkritisk dokument som bar deira underskrifter. Seinare har skrifteekspertar avvist av dette er Rashid og Sajid sine signaturar. Dokumentet er fabrikert. Under ein fangetransport vart imidlertid brørne drepne etter at store menneskemengder hadde demonstrert mot dei og kravd deira død.

Herre Jesus Kristus, du som måtte tola falske klagemål og namnlaus liding, gje styrke og trøyst til familie og vener av Rashid og Sajid Emmanuel, og hjelp alle kristne i Pakistan til ikkje å bli gripne av lammande redsle når djevelen går rundt som ei brølande løve for å sluka dei. Gje dei overnaturleg kraft slik at dei ikkje sluttar å vitna om Kristus når dei falske klagemåla mot dei strøymer på og talet på martyrar berre aukar. Me ber enno ein gong at paksitanske styresmakter skal fjerna blasfemiparagrafane i lovverket sitt, og at dei kristne skal kunna tena deg utan dette trugsmålet hengande over seg.

Dagestan, Russland: Den 15.juli vart pastor Artur Soleimanov (49) brutalt skoten i hovudet då han skulle setja seg i bilen sin etter eit møte i Hosanna House of Prayer Church i Makhachkala. Han døydde på sjukehus ein time etter attentatet. Pastor Soleimanov var vel kjent som ein dynamisk leiar for den største av alle protestantiske kyrkjer i regionen, ei kyrkje som var kjend for eit omfattande evangeliserings og misjonsprogram. Soleimanov vert omtala av medarbeidarar som ein "vidunderleg kristen bror" og at hans død er "eit øydeleggjande tap for kyrkja i Dagestan." Han let etter seg kone og 5 barn.

Herre Jesus, Gud vår Far, gje kona og borna til Artur Soleimanov all den styrke og trøyst dei treng i sorga etter mann og far, og lat drapsmannen bli arrestert og stilt til ansvar for ugjerninga, og sjå til hans arme sjel. Gode Gud, reis opp nye modige leiarar etter Solimanov slik at hans død blir til mangfoldig liv. Gje dei kristne i Russland alt det motet dei treng for å halda fram med evangeliseringsarbeidet trass i alle trugsmåla som kviler over dei.

Uzbekistan: Styresmaktene i den autonome republikken Karakalpakstan har den siste tida slått kraftig ned på all protestantisk kristen aktivitet. Politiet har raida mange heimar og beslaglagt bøker, CD`ar og DVD`ar i mengder. Berre islam er lovleg religion i området. To kristne leiarar vart arresterte og sat inne i 10 dagar. Ein av dei var Lepes Omarov som i 2003 mista lærarjobben sin fordi han ikkje ville fornekta trua si.

Gode Gud! Vær nær hos dine barn i Karakalpakstan og ellers i Uzbekistan og hjelp dei å halda kjærleiken til Jesus levande, og gje dei kraft til modig å bekjenna Han i kvardagen trass i motstand og trugande åtfred frå sytresmaktene. Lat evangeliet ta skikkeleg tak i dette området slik at det blir forvandla frå innsida.

torsdag 22. juli 2010

Hakkafolket i Kina

Hakkafolket tel meir enn 33 millionar menneske, og dei er på det næraste Kinas urfolk. Det moderne Kinas far, Deng Xiao Ping var ein hakka. John Hattaway i Asia Harvest reknar med at 150 000 av dei er kristne.

Herre Jesus! Me ber for hakkafolket i Kina. Du som gav livet ditt for alle menneske, for at alle som lever ikkje lenger skal leva for seg sjølv, men for deg som døydde og sto opp for dei: gje alle truande i hakkafolket ein sterk kristen identitet og ein djup kjærleik til deg. Forankra dei i ditt ord, fyll dei med din Ande og gjer dei til kraftfulle vitner i sitt eige folk. Lat evangeliet for alvor bryta gjennom i dette folket, og bruk dei som ein mektig reidskap til frelse for heile Kina.

onsdag 21. juli 2010

Kyrkja under krossen: Alimujiang Yimity m/familie

I 2008 vart uiguren Alimujiang dømt til 15 års fengsel for å ha gjeve hemmelege nasjonale opplysningar til utanlendsk etteretning. Dette var fabrikerte skuldingar. Det synest klart at han er arrestert og dømt fordi han har ein sentral stilling innanfor den kinesiske huskyrkjerørsla.

Alimujiang har kone og 2 mindraårige barn som ventar på seg. Dei er i ein ekstremt vanskeleg situasjon, og helsa til Alimujiang er sviktande.




Gode Far i himmelen! Me veit at du ikkje har lova oss anna enn motstand dersom me vil stå opp for deg og det sanne og gode. Likevel ropar me om fridom for Alimujiang slik at han kan få koma attende til familien sin som treng han så mykje.
Og inntil den tid kjem må du ta vare på denne familien på den aller beste måte, og la dei få oppleva under på under i sitt daglege liv.
Bruk Alimujiang i fengslet til å føra medfangane sine frå mørkret og til lyset, frå djevelens makt og til deg. Amen

Drawafolet, marokkanske berberar

Joshuaproject.net gjev opp at dette folket tel 442 000 menneske. Berberane har sitt eige språk med eit alfabet som går 2500 år attende i tid. Men dei arabiske leiarane nektar dei å bruka skriftspråket sitt, noko som er ein vanleg undertrykkjingsmetode her i verda.
Marokko er ikkje noko gjestfritt land der misjonærar uhindra kan bu og jobba, og i 2010 er det blitt enno vanskelegare enn før.
Det er så langt ein veit ikkje nokon truande drawaberberar.

Herre Jesus! Du som gav livet ditt til soning for alle menneske. Lat Ordet om krossen din nå fram til drawaberberane slik at dei forstår at dei både må og kan bli tilgjevne av Gud. Gje hjarto deira opplyste augo slik at dei kan sjå at frelsa ligg i deg åleine, og gje dei å venda om frå syndene sine og erfara at dei blir fødde på nytt gjennom evangeliet som dei høyrer og tek imot. Driv arbeidarar for å så og hausta i dette folket, lat under og teikn følgja dei og feia islam ut av drawafolket sitt liv, og grunnlegg ei levande, sterk og vinnande kyrkje i dette folket. Amen

tirsdag 20. juli 2010

Zekarafolket, marokkanske berberar

Denne stamma tel 66000 menneske, og er ein liten del av den store berberfamilien som er på så mange som kanskje 10 millionar menneske. Berberane er Nord-Afrikas urinnvånarar som vart okkuperte og til dels fortrengde av arabarane på 6 og 700-talet. Før islam kom og skylde over dei, var berberane kristne, og kjende personar som Donatius og Augustin var begge berbarar, truleg også Arius, han som på 300-talet fornekta Jesu guddom og treeiningslæra.

Det var berberane som i si tid erobra dei sørlege delane av Spania og Portugal, dei såkalla maurarane.

I dag er berberane muslimar, så også zekara. Det er ingen kjende kristne i dette folket.

Gode Gud, du som gav Sonen din, den einborne til verda, gjer zekaraberberane motiverte til å ta imot di frelse som ei gåve frå himmelen. Gje dei din Ande slik at dei forstår at Jesus både er naudsynt og tilstrekkeleg for deira frelse og framtid. Velsign dette folket på alle områder, og lat ditt rike koma til dei, din vilje skje mellom dei og ditt namn bli kjent, kjært og æra mellom dei.

kjelde: joshuaproject.net

mandag 19. juli 2010

Unådd folk 19.juli: Bimafolket i Indonesia

Bimafolket bur på Tanggaraøyane aust for Bali. Dei tel 634000 menneske, er muslimar men praktiserer også shamanisme og naturreligion (aminisme). Dei har synt seg mottakelege for evangeliet, og dei er eit folk som berre ventar på Gud.

"Herre Jesus, driv ut arbeidarar for å hausta dette folket inn i ditt gode rike. Aus Anden din over dei og gjer deg til kjenne for dei. Lat Ordet gå djupt inn i dei og setja dei fri frå dei vonde maktene som fangar dei i frykt. Grunnlegg ei sterk kyrkje i bimafolket der dei truande kan bli grunnfesta i Jesus og i fellesskapet. Amen.

kjelde: Joshuaproject.net

søndag 18. juli 2010

Morgonbøn

Velsigna vere du, Gud, som gjev trøyst og nåde, du skal ha pris og ære til alle tider og i all æva. For lyset ditt bryt gjennom som morgonroden i det mørkret syndene våre skaper, og din lækjedom kjem til oss og gjer oss fri. Støtt oss med din Andes rikdom når med frydar oss over dine gåver og den hjelp og frelse som du gjev oss. Opna du lippene våre slik at me kan syngja din pris. Velsigna vere du Gud, Far, Son og Heilag Ande. Velsigna vere du for evig. Amen!

kjelde: Common Worship

Unådd folkeslag 18. juni. Mushunguli, Somalia

Mushunguli tel 50 000 menneske. Dei snakkar mushunguli, og er muslimar. Somalia er som de veit eit land heilt ut av styring. Klanane krigar mot kvarandre om dominans. Det arme landet er eit friområde for terroristar.

Allmektige Gud, du som innset og avset kongar og leiarar, og som styrer tidene: styr tinga slik at mushunguli vert tilgodesett og får del i evangeliet om Jesus. Ta godt vare på dei få truande som måtte vera i dette folket, og gje dei mot til å følgja Jesus av eit heilt hjarta. Hjelp dei å finna kvarandre og ha fellesskap. Før dette folket inn i ditt rike, og grunnlegg ei levande og kraftfull kyrkje mellom dei. Herre, miskunna deg over mushunguli og over Somalia.

kjelde: joshuaproject.net

Unådd folk 17.juli: Khampafolket i Tibet.

Khampafolket i Tibet tel 246000 menneske, og er krigerske og svært okkulte buddhistar.

Herre Jesus Kristus! Du som sigra over satan og hans demonar, bryt hans forferdelege makt over Khampafolket. Send dine tenarar, din Ande og ditt gode ord til dei og fri dei frå syndas, dødens og djevelens makt, og set dei over i ditt rike. Rekk di hand ut og demonstrer din kjærleik for dei ved å gjera under og teikn mellom dei ved tenarane dine sine hender. Grunnlegg ditt rike og di kyrkje i dette folket, ei vital kyrkja som kan bringa håp og liv til folket og omforma dei frå å vera tenarar for mørkret til å bli tenarar for lyset. Amen!

fredag 16. juli 2010

Dagens unådde 16.07: Amdo, Hbrogpafolket i Kina (Tibet)

Hbrogpa tel 684 000 menneske, og tilhøyrer Amdofolket. Dei er buddhistiske gjetarar frå Tibet. Gjennom åra har Hbrogpa lidd store tap i væpna konflikt med kinesiske okkupantar, men matmangel og svolt tek også ofte mange liv. Gjennom dei siste 100 åra har det vore tilløp til åndeleg vekkjing i mellom amdoane, og det er i dag ei lita, men levande amdokyrkje. Berre 0,05% av Hbrogpa er kristne.

Herre, vår Gud og Far! Me ynskjer at Hbrogpa skal bli ein del av din store familie. Lat Jesus bli kjent og kjær for dei, og lat dei få sjå lys i ditt lys. Send dine tenarar for å forkynna evangeliet for dei. Lat dei bli grunnfesta i nåden og i Ordet, og la di kyrkja slå djupe røter i dette folket.

Kyrkja under krossen

Desse bøneemna er henta frå Voice of the Martyrs nyheitsbrev 15. juli.

Nigeria: Den 3. og 4. juli vart 8 kristne brutalt myrda i provinsane Keduna og Plateau. Det var menn frå Fulanistamme som sto bak drapa. Fulaniane er muslimske nomadar som står i konflikt med bufaste kristne i desse områda. I mars drap dei ikkje mindre enn 500 kristne i byen Jos i Plateau.

Herre Jesus Kristus! Gje dei kristne i desse områda vern mot den vondskapen som dei no er utsette for. Trøyst og styrk dei som har mista sine kjære, og gje dine barn mot og kraft til å be for forfølgarane sine. Lat riket ditt koma til dette samfunnet slik at det kan bli forandra frå innsida og bli eit fredeleg området med rettferdige lover.

India: I delstaten Karnataka vart den 40 årige kristne kvinna Amodini livstrugande knivstukken og ille tilredd av 15 hinduistiske menn som ikkje kunne tola at ho delte evangeliet med andre hinduar. Ho ligg på sjukehus, og tilstanden er kritisk.

Gode Gud og Far! Lat di kraft koma over Amodini til snarleg lækjedom. Gje dei kristne i Karnataka det vern dei treng for liva sine, og styrke til å stå i forfølging utan å missa motet. Lat lidingane deira føra til frelse og nytt liv for den vanlege inder.

Iran: Den kristne mannen Ali Golchin (29) har no sete i ei trang einecelle i det berykta Evinfengslet i Teheran sidan 29.april. Hans fysiske og mentale helse er no i ein kritisk tilstand. Faren fekk besøka han den 17. juni, og kan fortelja at Ali berre gret og var heilt nedbroten.

Kjære Jesus! Du som kjenner lidinga betre enn nokon, du som i angst sveitta blod i Getsemane, gje Ali Golchin den hjelpa han så sårt treng. Fyll han med din fred, og lat han få bevara forstanden midt i torturen han er utsett for. Me ber også i ditt namn om at han snarleg må bli sett fri.

torsdag 15. juli 2010

Dagens unådde 15.07: Baggara i nord og sentral-Afrika

Av dei vel 1,5 millionar menneska i dette folket bur dei fleste i Chad. Men dei er også loakliserte i Nigeria, Kamerun og Sudan. Språk: Chad og arabisk. Dei er moderate sunnimuslimar, og lever som nomadar.

Herre Jesus Kristus! Du døydde for alle, for at dei som lever ikkje lenger skal leva for seg sjølv, men for deg som døydde og sto opp for dei. Me ber: Lat baggarafolket bli lagt til ditt rike. Send dine tenarar for å forkynna evangeliet for dei, og gje dei å venda om til deg av heile sitt hjarta. Gje dei ditt vidunderlege og kraftfulle ord, og set dei fri dei frå syndas, dødens og djevelens makt, og forløys dei frå det vonde ved trua på Jesus Kristus.

Kyrkja under krossen

Desse bøneemnene er henta frå Voice of the Martyrs siste nyheitsbrev.

1) Den kristne mannen Behnam Sabti (54) frå Mosul vart drepen av ei bombe plassert under bilen hans 5.juli.
Herre! Gje trøyst og styrke til Behnams familie
. Lat dei skuldige for mordet bli tatt og ilagt rettferdig straff. Gje vern til dei kristne i Nord-Irak, og lat valden mot dei ta slutt slik at dei kan tena deg utan otte.

2) Indonesia. Det er aukande fare for forfølging av kristne i byen Bekasi på Vest-Java. Andreas Sanau er truga på livet, urettvist skulda for massedåp av muslimar.
Gode Gud! Gje dei kristne i Bekasi effektivt vern. Stopp dei som no vil lynsja Andreas Sanau og andre kristne. Lat di kyrkje i Indonesia ha fred slik at dei trygt kan tena deg med iver.

3) India. Kerala. Ein kristen professor ved Newman's College i Thodupuzha, TJ Joseph, skal ha fornærma fundamentalistiske hindustudentar med 2 av spørsmåla i ein test. Dei gjekk til åtak på han etter ei gudsteneste 4.juli og forsøkte å amputera den høgre handa hans. Han vart alvorleg skada, men er under behandling.
Gode Far! Eg ber om lækjedom for TJ Joseph, og om at dei skuldige for ugjerninga mot han vert arresterte og stilt for retten. Sjå i nåde til kyrkja di i Kerala og hjelp dei modig å forkynna evangeliet midt i all motsand ho møter. Lat riket ditt koma og send din Ande for å stadfesta Ordet for folket, avsløra synd og herleggjera Jesus.

4) Pakistan. Lahore. Ein kristen familie klarte å rømma frå ein mobb som ville trenga seg inn i huset deira for å lynsja dei for blasfemi mot Koranen. Familien er klaga for å ha hengt opp ein seilduk med koranvers på i taket på eitt av romma sine. Denne vanhelginga av Koranen er forboden etter §295C i straffelova, og ytste strafferame er døden. Truleg er desse versa påførte av andre som eit påskot for å få familien bort. Slikt skjer ofte i Pakistan.

Far i himmelen! Sjå i nåde til denne familien og gje dei den hjelpa dei treng i redsla som er komen over dei. Hjelp dei å løfta blikket og sjå på deg, du store sigerherre, slik at dei ikkje blir motlause. Me ber også om at den djevelske blasfeminlova skal bli fjerna frå det pakistanske lovverket. Gje di kyrkje i Pakistan å forkynna Jesus med frimot, og rekk ut di hand og gjer under og teikn mellom dei i din tenar Jesu Kristi namn.

onsdag 14. juli 2010

Bohrafolket i India

Over 1 million menneske. Muslimar.

Herre! Sjå i nåde til Bohrafolket i India. Send arbeidarar ut for å hausta dei inn i ditt rike. Gje dei Den Heilage Ande og syn dei herlegdomen din. Bryt djevelens makt over dette folket og alle tankebygningar som reiser seg mot kunnskapen om Kristus. Lat Ordet ditt nå inn til djupet av sjelene deira og overvinna dei. Amen!

Kristen familie myrda i Pakistan. Far og ektemann åleine tilbake.

Compass Direct melder at den kristne politimannen Jamshed Masih frå byen Jhelum i delstaten Punjab, fann kona og dei 4 borna deira brutalt myrda då han kom heim frå jobb den 21. juni. Ein muslimsk mobb med den lokale muslimske leiaren Maulana Mahfooz Khan i spissen sto bak denne ugjerninga. Pakistansk politi er lite viljug til å etterforska morda. Dei er redde for reaksjonar frå det muslimske miljøet.

Bønn: "Herre Jesus! Våre tider er i dine hender. Vær nær hos Jamshed med di trøyst når han no går gjennom dødsskuggedalen, og gje han den styrke han treng for å koma gjennom denne umogelege tida. Gje politiet mot til å etterforska dette brotsverket og slik at mordarane kan bli dømde og få ei rettferdig straff. Amen!"

søndag 11. juli 2010

Bediafolket i India

Denne folkegruppa lever for det meste aust i India og tel 465000 menneske. Dei er fattige, og lever i den djupaste avgudsdyrking. Fleire opplysningar: sjå høgremarg

"Herre, me ber om at du skal senda arbeidarar ut for å hausta bediafolket inn i ditt rike. Bygg ei kyrkje i dette folket, full av guddommeleg kjærleik og kraft. Fri bediafolket frå alle vonde ånder som bind dei til fattigdom og falsk religion. Amen"

Kurdisk familie i djup sorg

Onsdag 7.juli mista ein ung kurdisk mann på 19, busett på Stord, livet i ei drukningsulukke. Be om styrke og trøyst for familien som nett har fått opphaldsløyve i Noreg. Far, mor og 4 søsken er i djup og fortvila sorg. Familien har nærma seg Jesus ei tid. Be om at det som har skjedd gjev dei mot til å ausa ut hjarto sine for Han og overgje liva sine til Han.

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...