onsdag 19. oktober 2016

Unådd folkelsag: Musahar

Musahar er eit kastelaust folk i India. Dei er svært fattige, er i hovudsak analfabetar. Utdanningsnivået er uvanleg lågt. Musahar blir sett ned på av alle i India. Namnet musahar tyder "rottefangarar" fordi dei i naudstider èt rotter og andre gnagarar.

Dei tel 3 millionar menneske.
Musahar tilber familiegudar og landsbygudar.
www.joshuaproject.net

Bøn:
Kjære Herre Jesus! 
Me ber i idag for Musaharfolket i India. Du elskar dei med ein evig kjærleik, du har dei i hjarta ditt, og ømt som ei mor lengtar du etter at dei skal koma til deg slik at du kan få elska dei. Lat det skje, gode Gud. Må mørketida snart vera slutt for musaharfolket, og må lyset ditt fløyma over liva deira. Løft dei ut av synd og sjølvforakt. Gje dei eit komplett nytt liv som Guds barn ved trua på deg som elska dei og gav seg sjølv for dei. Send arbeidarar ut til din haust mellom musaharfolket i India, og lat dei få høyra evangeliet på sitt eige språk. Herre, miskunna deg over dei alle, "du som har medkjensle med dei fattige og trengande, og som frelser deira liv." Amen



 

Saudi Arabia

Saudi Arabia er islams fødeland og faste borg. Landet er verdas største oljeprodusent, og rår over enorme rikdomar. Folketal: 28 millionar. Av dei bur det 4,8 millionar i hovudstaden Riyadh. Den viktigaste byen er likevel Mekka (1,5 mill) som er det religiøse senteret for 1,2 milliardar muslimar. Kvart år kjem det 2 millionar pilgrimar til Mekka på haji, som er ein av islams fem søyler.  92,5% er muslimar, og dei praktiserer wahabbisme, den strengaste versjonen av islam for finst. 5,5% kristne, dei aller fleste utanlandske arbeidarar. Det er ytterst få innfødde saudi-arabiske  kristne, men dei som er har høg kvalitet, og veksten i kyrkjelydane er omlag 7%. Det er mykje i eit land der konvertering kan straffast med døden. Og det skjer.
Saudi-Arabia er eit absolutt monarki. Økonomien blir beskriven som semiføydal. Kvinner har svært avgrensa rettar. Liberaliseringsforsøk vert som regel slege kraftig ned på.
Saudi Arabia har utstrekt bruk av dødsstraff, og mindre brotsverk vert gjerne straffa med avhogne lemmer eller offentleg pisking.
Landet er per i dag i krig med shiamuslimske grupper i Jemen. Her går mykje gamal og eksotisk kultur tapt i bomberegnet, og sivilbefolkninga lid uhyggjelege tap.
Saudi Arabia brukar store pengebeløp på å spreia islam rundt omkring i heile verda.
Etter Nord Korea tronar Saudi Arabia som nr.2 på Open Doors liste over dei landa der forfølgninga av kristne er verst.
Alle grunnleggjande menneskerettar vert krenka på dagleg basis.

Bøn:
  • Be om at Gud skal løysa landet og folket frå islams lenker.
  • Be om at islams mørker skal måtta vika for Guds lys i Jesus Kristus
  • Be om at saudiarane må oppdaga Jesus i Koranen, og at han må openberra seg for dei i draumar og syner.
  • Be om at det skal bli god tilgang på biblar i landet
  • Be om at dei kristne må finna kvarandre, og samla seg for å leva saman som undergrunnskyrkjer.



mandag 17. oktober 2016

Bashgali, Pakistan

Bashgalifolket bur i eit svært uroleg område heilt på grensa til Afghanistan. der Taliban rår grunnen. Kristne er jaga vilt. Bashgali er strenge muslimar. Dei tel berre 16000 menneske, men snakkar åtte språk. Det er ingen registrerte kristne bashgali. Folket er hundre prosent unådd.

Bøn: Gode Gud! Bashgalifolket synest å vera heilt unåelege. Men ikkje for deg. Du elskar dei, og dei har ein stor plass i hjarta ditt. Hald di vernande hand over dei, og styr liva deira slik at evangeliet om Jesus Kristus når fram til dei. Sjå i nåde til dei, gode Gud, og lat lyset frå himmelen koma til dei. Bryt den makta islams mørker har i liva deira, og lat din kjærleik og Kristi forsoning blir deira liv. Amen! 

Russland

Russland er, med sine 23 millionar kv.km verdas største land i flatemål. Det stadig minkande folketalet er no på 140 millionar. Av desse er 94 millionar kristne. Dei fleste russisk ortodokse. 1,6 millionar er evangeliske. Om lag 20 millionar rusarar er muslimar. Resten er ikkje-religiøse. Islam veks snøggast.
Den ortodokse kyrkja er nasjonal, og ho held ved like og styrkjer ein veksande nasjonalisme i landet.
Mellom unge menn går nasjonalismen over i valdeleg rasisme og nasjonalsosialisme. Kyrkja viser ingen vilje til å ta eit oppgjer med slike antikristelege straumdrag. 
Landet har stor etnisk diversitet, og foruaten russisk, blir det snakka 134 ulike språk, svært mange i Kaukasusområdet. Dette er gjerne svært kompliserte språk med mange titals kasus, noko som er ei stor utfordring for bibeloversetjarar.
I Kaukasusområdet lever dei fleste muslimske folkeslaga. Mange ønskjer fridom frå Russland, og det har vakse fram mange terrorgrupper i desse områda. 
Russland har enorme naturressursar, olje, gass, mineraler, tømmer og dyrkingsjord. Men den økonomiske utviklinga går tregt, og gjerne bakover, mykje fordi nokre få søkkrike oligarkar eig og kontrollerer det aller meste av desse naturressursane, og produksjonsmidlane tillike. Etter kommunismens fall sikra dei seg på meir eller mindre uærleg vis  kontrollen over det som ein gong var statseigedom.
Korrupsjonen i landet er eventyrleg, fattigdommen og arbeidsløysa likeeins. Dårleg infrastruktur og nedgang i folketalet medverkar også til negativ utvikling for folk flest.
Landet er i dag heilt avhengig av eksport av fossile energikjelder til Vest-Europa.
Politisk lid landet under eit enormt demokratiunderskot. President Vladimir Putin står meir og meir fram som ein tsar som effektivt og brutalt held all opposisjon nede. Han skyr ingen midlar i kampen om å behalda makta.
Menneskerettssituasjonen i landet er kritisk.
Russiske kvinner er på verdstoppen i abort. 
Russland er ein stor kulturnasjon som har fostra mange av dei største forfattarane og komponistane verda har sett, eit stort bidrag til verdsarven.

Bøn.
  1. Be om at Russland blir lækt åndeleg, moralsk, sosialt og politisk
  2. Be om at dei evangelisk kristne skal leva i samsvar med det evangeliet dei trur på, æra Gud med liva sine, vera sterke i Han, fylte av Anden og at kyrkjelydane skal vera  prega av Kristi kjærleik og Guds fred, frie for kiv og konfliktar.
  3. Be om at desse kyrkjene og dei truande må vera misjonale i heile sin veremåte.
  4. Be om at den ortodokse kyrkja må løysa seg frå usunn nasjonalisme, pådømma hat og vald, halda seg til Guds ord åleine og utelukkande søkja Gud og hans rikes interesser. 
  5. Be om at evangeliet skal få makt i folket, løysa dei frå synd og føra dei inn i åndeleg fridom.
  6. Be om at alkoholen skal tapa si makt over russiske menn, slik at dei kan reisa seg og ta ansvar for koner, barn, hus, heim og samfunn. 
  7. Be om juridisk vern for dei ufødde barna i landet
  8. Be om at russiske menn må sjå seg sjølve som eit vern for kvinner og barn.
  9. Be om rettferdig fordeling av landet sine goder og rikdomar
  10. Be om utvikling av sant demokrati
  11. Be om framgang for evangeliet i Kaukasus
  12. Be om stadig fleire bibelomsettingsprosjekt

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...