mandag 9. juni 2014

Ei bøn for den den verda me lever i

I går var "Global Day of Prayer": Kristne i mange land samla seg på stadionar og i større og mindre lokaler for å be for verda, og gjera bot for all den synd som er å finna i våre eigne liv, i kyrkjelyden og i samfunnet som me er ein del av. Her er hovudbøna som vart beden over heile verda i går, og den kan me godt be dagleg.


"Allmektige Gud, Far, Son og Heilag Ande!
Me er samla med truande over heile verda
for å herleggjera deg som skapar over himmel og jord.
Du åleine er heilag og rettferdig.
Me underordnar oss din autoritet.
Me prisar og tilber einaste deg.

Far, me ærar deg!
Herre Jesus Kristus, me ærar deg!
Heilag Ande, me ærar deg!

Far i himmelen,
takk at du elska verda så høgt
at du gav Sonen din, den einborne, Jesus Kristus,
for å døy på krossen for syndene våre,
slik at me kan bli forsont med deg.
Fyll oss med din kjærleik slik at me trufast ber for dei fortapte,
dei som er utan håp, dei hjelpelause og for verda.

Takk Far at du har adoptert oss inn i din familie.

Herre Jesus Kristus!
Du døydde på krossen og
kjøpte oss til Far med ditt eige blod.
Du er hovudet for kyrkja
og Herre over himmel og jord,
må ditt rike blir etablert i alle verdas nasjonar.
Må alle folk, stammer og språkgrupper bli forvandla,
og må rettferda sigra mellom dei.
Må ditt namn bli stort frå sola står opp til ho går ned.

Jesus Kristus, du er Herre over alt.

Nådefulle Gud.
Me har synda,
Verda er fanga i synda si makt.
Hjarto våre sørger over all undertrykking, urett, hat, blodsutgyting og vald.
Me skammar oss over at slikt også skjer i vårt land.
Me sørger over alle som misser livet pga mord, krig og terrorisme.
Heimane våre går i stykker, kyrkjene våre blir splitta pga opprør og stoltheit.
Liva våre er tilgrisa av egoisme, grådigheit, avgudsdyrking og seksuell synd

Nådefulle Gud, tilgje oss våre synder
Aus din nåde ut og læk landet vårt.

Den levande Guds Ande!
Forvandla kyrkja di slik at ho vert lik Jesus Kristus.
Forløys di kraft til lækjedom for dei sjuke,
fridom for dei bundne og til trøyst for dei som sørger.
Fyll oss med medkjensle
for dei heimlause og svoltne,
foreldrelause, enker og gamle.
Gje oss visdom og innsikt i verdas problem
og  å bruka ressursane som jorda gjev til velferd for alle.

Heilga Ande, før oss og leid oss. 

Herre Jesus Kristus,
du gjorde ende på synda, overvann døden overvann Satan.
Ta bort mørkret som ligg over folka.
Hald tilbake vondskapen som  fører til vald og død.
Fri oss frå demonisk undertrykking.
Lat slaveri, tyranni og sjukdom sleppa taket.
Hjelp oss å riva ned festningsverk og ideologiar
som reiser seg mot kunnskapen om Gud.

Allmektige Gud, fri oss frå det vonde.

Herlegdoms konge,
kom og fullfør ditt arbeid i byane, folka og nasjonane våre.
Frå alle kontinent og øyar ropar me ut:

Løft hovudet dykkar, de portar!
Løft dykk det eldgamle dørar
slik at herlegdomskongen kan koma inn.

Kom og fyll jorda med kunnskapen om din herlegdom
slik som havet dekker havbotnen.
Anden og brura seier:

Amen! Kom Herre Jesus!"

 Kjelde: Global Day og Prayer 2014

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...