I følge Operation World er Guyana 215 000 kv.km, og har eit heller beskjedent folketal på 761 442 , eit tal som minkar år for år. 401 000 er kristne, av desse er 150 000 evangeliske. Situasjonen er prekær på mange områder. Både Venezuela og Suriname gjer krav på guyansk areal, grensene mellom politiske parti går etter raselinjer, økonomien er sårbar for klimatiske endringar (flaumen i 2005 har hatt langtidsskadeverknader), og mange av dei mest velutdanna rømer landet.
Fleirtalet av dei kristne er nominelle. Synkretisme og avvikande tru er regelen meir enn unnataket. Spiritisme, hekseri, rastafarianisme og utanlandske sekter er veldig vanleg her. Rasistisk islam har også sterk innflyting.
Bøn:
Herre! Må det sanne, reine og ukorrupte evangeliet bli forkynt i kyrkjer , heimar og på gater i Guyana, så folk blir frelst frå synd og befridd frå all åndeleg løgn, okkultisme og falsk religiøsitet. Reis opp kyrkja di i landet slik at ho avspeglar ditt vesen, og bringer Guds rike nær til vanlege folk. Kom med eit varig håp til Guyana, reins landet for rasisme, løft folket moralsk, økonimisk, politisk og åndeleg, lat dei få oppleva ein sann guddommeleg transformasjon og gje dei gode leiarar med rett kompetanse og som elskar deg og folket.
Sjå også
http://prayercast.com/guyana.html
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar